Innstilling fra utenrikskomiteen om Noregs deltaking i den 56. ordinære general­forsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 55. generalforsamling

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Hovudtrekk og aktørar - ei samla vurdering

Terroriståtaket på USA 11. september prega gjennomføringa av den 56. generalforsamlinga sterkt. Kampen mot internasjonal terrorisme vart det mest omtala temaet og den viktigaste saka under Generalforsamlinga. Utanriksminister Jan Petersen sa under hovudinnlegget i generaldebatten 11. november at terroriståtaket ikkje berre var retta mot uskuldige menneske, men òg mot dei verdiane FN byggjer på. Han la vekt på den internasjonale solidariteten i kampen mot terrorisme og at terrorisme må nedkjempast med alle tilgjengelege middel, m.a. politiske, diplomatiske, rettslege, finansielle og militære. Han forsikra vidare at Noreg vil delta i denne kampen. Han peikte på at FN er verdssamfunnet sin beste reiskap for å løyse konfliktar, og meinte at kampen mot internasjonal terrorisme ikkje må få skuve til side andre globale utfordringar eller endre dei ambisiøse målsetjingane frå tusenårsforsamlinga året før.

Debatten i Generalforsamlinga var prega av svært stor grad av semje. Alle land, med unntak av Irak, kom med ei klar og sterk fordømming av terroriståtaket på USA. Hovudbodskapen frå Generalforsamlinga var at internasjonal terrorisme mest effektivt kan nedkjempast gjennom internasjonalt samarbeid. Tryggingsrådet vart av dei aller fleste talarane rosa for å ha teke raske og resolutte avgjerder.

Men debatten om terrorisme viste òg at det er klare motsetningar mellom ei lita gruppe islamske land og fleirtalet i forsamlinga i synet på dei grunnleggjande føresetnadene for ei heilskapleg juridisk ramme mot internasjonal terrorisme. I den vidare oppfølginga i 6. komité si arbeidsgruppe for FNs allmenne konvensjon mot terrorisme kom gamle motsetningar klart fram i dagen, sjøl om dei vart nedtona i debatten i Generalforsamlinga. Drøftingane køyrde seg som tidlegare fast på sentrale punkt, til dømes definisjonen av terrorisme og avgrensinga av verkeområdet til konvensjonen. I desse drøftingane stod den islamske gruppa fast på at konvensjonen må gjere unntak for legitim fridomskamp mot framand okkupasjon. Som bakteppe for desse haldningane ligg Midtausten-konflikten og dessutan spørsmålet om "statsterrorisme", eit omgrep som i denne samanhengen er mynta særleg på Israel.

Den 56. generalforsamlinga var i ein viss mon prega av at dei store orda i generaldebatten stod i motsetning til måtehald i det praktiske arbeidet. Gjennomgåande var denne tendensen sterkare dette året enn på lenge. Samtidig var det ein meir lågmælt tone i diskusjonane, og land og grupper vakta seg for å setje motsetningar på spissen.

Dei underliggjande årsakene til terrorisme fekk liten plass i dei samla diskusjonane og rådslåingane i FN-systemet i løpet av hausten. Dette hadde m.a. samanheng med at situasjonen kravde at FN og Tryggingsrådet raskt sette i verk tiltak mot dei ansvarlege. Dette var òg ei klar forventning frå amerikansk side. USA la frå første stund stor vekt på at FN måtte ha ein sentral plass i koalisjonsbygginga retta mot terrorisme. Fleire kom likevel indirekte inn på behovet for å gjere noko med tilhøve som kan gje grobotn for terrorisme.

Arbeidet i komiteane gjekk dette året stort sett bra sjølv om ein ikkje kan peike på dei store resultata. Ein hadde ikkje saker som verka direkte splittande. I 2. komité var det eit svært godt samarbeid mellom alle grupper når det gjaldt treårsgjennomgangen av FNs operasjonelle aktivitetar. Dette er ei svært positiv og gledeleg utvikling, sedd i lys av den striden og dei vanskane ein hadde tre år tidlegare. Framleis er det ei gruppe land i G-77 som ønskjer å avgrense det sivile samfunnet og dei frivillige organisasjonane si deltaking i FN-systemet, men slike motsetningar òg var dempa ned under denne Generalforsamlinga. Ein tendens denne gongen var at amerikanske særstandpunkt i nokon mon har blokkert semje.

Reformarbeidet har stort sett stått i stampe. Oppfølginga av Tusenårserklæringa har ikkje kome ordentleg i gang, av fleire grunnar. Kampen mot internasjonal terrorisme har i nokon mon overskygd dette arbeidet òg. Dessutan er oppfølginga avhengig av framdrift i prosessar som ligg utanfor Generalforsamlinga. Særleg viktig her er Konferansen for finansiering av utvikling i mars 2002 og Verdstoppmøtet for berekraftig utvikling i august/september 2002.

Resolusjonen om andre fase av gjennomføringa av Brahimi-rapporten representerer eit ytterlegare steg når det gjeld å forbetre FNs evne til å planleggje og gjennomføre fredstryggjande operasjonar. Sjølv om Generalsekretæren fekk godkjent berre 122 av dei 216 nye stillingane til sekretariatet som han hadde gjort framlegg om, innebar dette likevel eit monaleg og gledeleg lyft.

FNs økonomiske situasjon ved utgangen av 2000 viste for tredje året på rad ei forsiktig positiv utvikling. Etter forhandlingar som strekte seg over tre månader, vedtok Generalforsamlinga FNs regulære budsjett for 2002-2003 på 2,63 mrd. amerikanske dollar (USD). Dette var ein auke på 92 mill. USD i høve til budsjettet for 2000-2001, men innebar ei nedskjering på 75 mill. USD i høve til Generalsekretæren sitt opphavlege framlegg. Det var særleg EU, Canada, Australia og USA som gjekk inn for nedskjering, og dei grunngav det med at det trongst meir effektivisering og innsparingar.

Heller ikkje under den 56. generalforsamlinga førte arbeidet med reform av Tryggingsrådet til noko resultat. Det peikte seg ikkje ut nokon reformformel med sjanse til å få stort nok fleirtal i Generalforsamlinga.

Drøftinga i Generalforsamlinga av spørsmål knytte til hav og havrett var òg under denne Generalforsamlinga ein viktig arena for å profilere Noreg som ressursnasjon med viktige interesser på det marine området.

Noreg heldt òg denne gongen ein høg profil under Generalforsamlinga. Det var ein fordel for delegasjonen at ein gjennom medlemskapen i Tryggingsrådet kunne sjå sakene i ein større samanheng, ikkje minst samanhengen mellom handsaminga av viktige spørsmål i Tryggingsrådet og FNs andre organ.

1.2 Dei sentrale aktørane

Under den 56. generalforsamlinga stod Noreg på lina med å halde eigne innlegg, men slutta seg òg til EU-innlegg i ei rekkje tilfelle. Som i tidlegare år søkte Noreg også å medverke til kompromiss og å utnytte dei tradisjonelt gode kontaktane til ei rekkje viktige utvik­lingsland for å minske motsetningane mellom industri- og utviklingsland. Det vart halde svært få nordiske innlegg under Generalforsamlinga fordi dei nordiske EU-medlemmene i dei fleste sakene var bundne av felles EU-innlegg. Det gode nordiske samarbeidet vart likevel ført vidare under Generalforsamlinga i form av tette samråd frå sak til sak. Noreg hadde òg nær kontakt med andre leiande industriland som Japan, USA og Canada frå sak til sak.

EU står no fram som ei sentral forhandlingsgruppe i FN-systemet og opptrer med omsamde forhandlingsposisjonar og talar med ei røyst. EU sine standpunkt og haldningar ligg som regel nær dei norske. I Tryggingsrådet er det derimot ikkje tilsvarande samordning. Her ser ein ofte at dei EU-landa som er faste Tryggingsrådsmedlemmer, ikkje ønskjer felles EU-posisjonar.

USA var svært aktiv under Generalforsamlinga, først og fremst for òg multilateralt å byggje ein koalisjon mot internasjonal terrorisme. Det er såleis von om at Bush-administrasjonen vil leggje større vekt på FN-samarbeidet i amerikansk utanrikspolitikk enn mange observatørar hadde trudd før Generalforsamlinga.

Dei faste medlemmene av Tryggingsrådet, USA, Storbritannia, Frankrike, Russland og Kina, spelar i kraft av posisjonen sin der alltid ei viktig rolle i dei andre organa i FN. Kina har ein sentral posisjon mellom utviklingslanda og opererer både innanfor og utanfor G-77. Russland legg mykje prestisje og ressursar i Tryggingsrådsarbeidet og søkjer aktivt å gjere innverknaden sin gjeldande i dei andre organa.

G-77 heldt under Generalforsamlinga fram lina frå året før med større grad av forhandlings- og kompromissvilje. Den felles kampen mot internasjonal terrorisme har medverka til dette. Ein unngjekk i stor grad konfrontasjonar og fastlåste forhandlingssituasjonar. Det er òg ei interessant utvikling på gang innan G-77, der regionale og andre interessegrupper (likesinna land) i gruppa i større grad opptrer friare i høve til det gamle kravet om berre ei G-77-røyst i forhandlingane.

1.3 Reform av Tryggingsrådet

Debatten under den 56. generalforsamlinga gav ingen vesentleg framgang i spørsmålet om utviding av Tryggingsrådet. Likevel kunne ein notere framsteg i arbeidsmetodane som Rådet nyttar. Stadig fleire møte vert no haldne i open sesjon. Det avteikna seg vidare ein klar tendens i retning av at Rådet opnar for diskusjonar om særlege emne, også tema som tradisjonelt ikkje har vore på Rådet sin dagsorden, i skjeringspunktet mellom konflikthandtering, humanitære spørsmål og utvikling.

1.4 Nedrusting og internasjonal tryggleik

Arbeidet i 1. komité og røystinga følgde tradisjonelle liner. Terroråtaka 11. september sette monaleg preg på sesjonen. Fråveret av ein Ny Agenda-resolusjon gjorde sitt til at det vart mindre debatt om kjernevåpen enn på sesjonane i 1. komité dei tre tidlegare åra. Russland la fram ABM-resolusjonen sin denne gongen òg. Som tidlegare og til liks med andre allierte lét Noreg vere å røyste på resolusjonen. USA røysta denne gongen mot Japans resolusjon om kjernefysisk nedrusting og mot eit prosedyrevedtak om å føre opp CTBT på dagsordenen for neste generalforsamling. Resolusjonen om Minekonvensjonen, som Noreg la fram saman med Nicaragua og Belgia, samla denne gongen endå fleire medframleggsstillarar enn sist. I debatten om dei to handvåpenresolusjonane vart det uttrykt monaleg støtte til handlingsprogrammet frå FN-konferansen om sommaren. Resolusjonane vart vedtekne utan votering.

1.5 Regionale konfliktar

Handsaminga av Midtausten-spørsmålet var prega av det høge spenningsnivået i regionen, og konflikten mellom israelarar og palestinarar medførte harde og uforsonlege utspel i Generalforsamlinga. Noreg opprettheldt røystemønsteret sitt frå året før, bortsett frå i tilfellet med resolusjonen om ei fredeleg løysing på Palestina-spørsmålet, der Noreg valde å la vere å røyste ettersom resolusjonen ikkje i tilstrekkeleg grad tok omsyn til ønsket om å verne både israelske og palestinske sivile mot valdelege aksjonar.

Utanom handsaminga i Generalforsamlinga sitt plenum av dagsordenspunktet om fremjing av varig fred og berekraftig utvikling i Afrika og samarbeidet mellom FN og OAU, har det knytt seg særleg interesse til handsaminga av spørsmålet om kva rolle diamantar spelar i konfliktar i Afrika. I 2000 var Noreg medframleggsstillar på konsensusresolusjonen som legg opp til at det vert etablert eit globalt sertifiseringssystem for diamantar. Vona er at eit slikt registreringssystem skal medverke til å auke stabiliteten i Afrika ved å gjere det vanskelegare å finansiere væpna konfliktar med sal av diamantar. I løpet av 2001 vart det gjort viktig framgang i dette arbeidet.

Koplinga mellom ulovleg diamanthandel og væpna konfliktar har òg stått på dagsordenen til Tryggingsrådet i samanheng med konfliktane i Den demokratiske republikken Kongo, Angola og Sierra Leone.

Tryggingsrådet brukar mykje tid på spørsmål knytte til Afrika. I 2001 gjekk det med særleg mykje tid til å handtere konfliktane og FN-operasjonane i Den demokratiske republikken Kongo og Sierra Leone, samt Etiopia-Eritrea.

Med demokratiske regime i Jugoslavia (FRJ) og Kroatia var det i 2001 ei positiv utvikling i konfliktar på Balkan, der FN har fredstryggjande operasjonar. Dette gjeld både i Kosovo og i Bosnia-Hercegovina. FNs mangeårige operasjonar i Kypros (UNFICYP) og Georgia (UNOMIG) spelar enno viktige stabiliserande roller i sine respektive konfliktområde.

Situasjonen i Afghanistan vart, saman med kampen mot terrorisme, ei hovudsak for FN under den 56. generalforsamlinga. Generalforsamlinga vedtok ein resolusjon som, i motsetning til tidlegare år, kunne fokusere på den positive utviklinga i samband med at det repressive og kvinnefiendtlege Taliban-regimet vart fjerna fordi det støtta Usama bin Laden og al-Qaida-nettverket hans. FN har ei heilt sentral rolle i oppfølginga, i form av ein FN-operasjon som skal støtte interimsregjeringa i arbeidet med å stabilisere og rehabilitere Afghanistan. Noreg spelar ei viktig rolle som medlem av Tryggingsrådet, som formann i støttegruppa for Afghanistan (ASG), som troppebidragsytar til dei multinasjonale operasjonane for å medverke til tryggleik i Afghanistan og som monaleg bidragsytar til humanitær innsats og anna hjelp, som må ventast å halde fram i overskodeleg framtid.

Det vart teke viktige steg mot fullt sjølvstende for Aust-Timor i 2001, mellom anna ved val på ei grunnlovgjevande forsamling og innsetjing av ei fullstendig austtimoresisk overgangsregjering.

1.6 Fredstryggjande operasjonar

Oppfølginga av tilrådingane i den såkalla Brahimi-rapporten prega mykje av arbeidet omkring fredstryggjande operasjonar i Generalforsamlinga i 2001. Ei ytterlegare styrking i form av nye stillingar til sekretariatet si avdeling for fredstryggjande operasjonar vart vedteken. Det var òg semje om særleg å styrkje funksjonar som leiing, strategisk planlegging samt informasjonsinnhenting og analyse. Andre problemstillingar som stod høgt på dagsordenen, og der det òg vart gjort viktige framsteg, er samarbeidet mellom Tryggingsrådet og dei troppebidragsytande landa, samt arbeidet med å etablere mekanismar for å redusere deployeringstida for fredstryggjande operasjonar.

1.7 Økonomiske og sosiale saker

Sesjonen i 2. komité følgde denne gongen eit noko uvanleg mønster. Dette skuldast delvis omleggingar i arbeidsprogrammet som følgje av terroråtaka på USA, men òg at det var semje om å ikkje substanshandsame dagsordenspunkta om økonomiske spørsmål (globalisering, handel og utvikling, gjeldslette, internasjonal finansiell arkitektur) i lys av at desse tema vert handsama i prosessen med å førebu FN-konferansen om finansiering av utvikling (FFD) i Mexico i mars 2002. På utviklingssida vart fokus retta mot treårsgjennomgangen av FNs operasjonelle aktivitetar, oppfølging av Konferansen om dei minst utvikla landa (MUL) i Brussel i mai 2001, samt resolusjonen om fattigdomsnedkjemping.

Generalforsamlinga vedtok ein omfattande resolusjon om FNs hjelpeverksemd. Hovudfokuset for FN på dette området skal vere å kjempe mot fattigdom og å oppnå måla frå FNs tusenårserklæring og dei store FN-konferansane. Det vert lagt vekt på å konsolidere og vidareutvikle FNs samordningsmekanismar på landnivå grunna på sterkare mottakarstyring, og integrering i mottakarlandet sine strategiar, m.a. for fattigdomsnedkjemping.

1.8 Miljø- og ressursspørsmål

Med omsyn til miljø og berekraftig utvikling vart hovudvekta lagd på førebuingane til Verdstoppmøtet for berekraftig utvikling (WSSD), som skal haldast i Johannesburg i august/september 2002, og oppfølging av spesialsesjonen av FNs generalforsamling i juni 2001 om busetjingsspørsmål (HABITAT). Det vart vedteke å setje i verk ein større informasjonskampanje i samanheng med WSSD, som skal finansierast med ein kombinasjon av interne omprioriteringar og frivillige bidrag. Noreg fekk gjennomslag for at deltaking frå dei minst utvikla landa skal prioriterast i samband med økonomisk støtte til deltaking i konferansen.

1.9 Menneskerettsspørsmål

Opptakten til handsaminga av menneskerettsspørsmål var òg prega av 11. september og kampen mot terrorisme. Aktørane vart meir forsiktige og til dels uvisse på korleis dei tradisjonelle "blokkene" ville opptre og korleis forhandlingsklimaet allment sett ville utvikle seg.

Mange av dei mest omstridde resolusjonane vart skuva ut til slutten av sesjonen. Dette gjaldt m.a. resolusjonane om menneskerettar og terrorisme samt land­resolusjonen om Afghanistan. Ein urimeleg stor del av arbeidet vart difor konsentrert mot slutten av sesjonen. Atmosfæren var likevel konstruktiv, og mindre konfrontatorisk enn ein kunne frykte. Fleire delegasjonar syntes å føretrekkje konsensus og viste som oftast stor fleksibilitet. Det var likeins ein større tendens til å forsvare tidlegare oppnådd semje enn å ta nye steg. Det var ikkje noko større initiativ eller steg som dreiv menneskerettsagendaen framover. På den andre sida var det heller ikkje noko substansielt tilbakesteg.

1.10 Humanitære spørsmål, inkludert minetiltak

FNs avdeling for humanitær hjelp (OCHA) og FN allment vart rosa for måten FN hadde handtert den humanitære krisa i Afghanistan på. Andre tema som gjekk igjen i innlegga, var behovet for å betre responsen på dei humanitære appellane, betre samordning innan FN og mellom FN og andre humanitære aktørar, betre tryggleik for humanitært personell, internt fordrivne og behovet for rimeleg balanse mellom respons på naturkatastrofar og komplekse kriser. Tendensen frå tidlegare år der særleg einskilde utviklingsland understrekar behovet for respekt for nasjonal sjølvråderett i arbeidet med å møte humanitære behov og påpeiker behovet for større fokus på naturkatastrofehjelp, var merkbar under debatten denne gongen òg. Desse skilnadene mellom innlegga frå utviklingslanda og innlegga frå gjevarlanda syntest likevel noko mindre markerte enn tidlegare. Frå mange hald vart det oppfordra til å ikkje la merksemda om Afghanistan føre til at ein gløymer behovet for å yte hjelp til andre humanitære kriser òg, ikkje minst i Afrika.

Resolusjonen om minetiltak er i hovudsak grunna på tidlegare konsensustekst. Dei mest kontroversielle tema i denne resolusjonen er omtalen av landminekonvensjonen og kva prioriteringar som skal liggje til grunn for FNs landminetiltak.

1.11 FNs finansar

FNs økonomiske situasjon ved utgangen av 2001 viste for tredje året på rad ei forsiktig positiv utvikling for det regulære budsjettet. Medlemslanda si gjeld til FN var likevel 2,2 mrd. USD, og av dette var 1,9 mrd. USD gjeld til FNs fredstryggjande operasjonar. Det vart vedteke eit budsjett på 2,625 mrd. USD for neste toårsperiode. Dette var 92 mill. USD meir enn budsjettet for 2000-2001, men innebar ei nedskjering på 75 mill. USD i høve til Generalsekretæren sitt opphavlege budsjettframlegg. For budsjettåret 1. juli 2002 til 30. juni 2003 vart det vedteke eit førebels toårsbudsjett for krigsforbrytardomstolane for det tidlegare Jugoslavia og Rwanda på høvesvis 242,7 mill. USD og 192,3 mill. USD.

1.12 Juridiske spørsmål

Respekt for folkeretten og den internasjonale rettsordenen er grunnleggjande føresetnader i FN-pakta og i FNs institusjonelle system. At dei to internasjonale ad hoc-straffedomstolane for krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskja i høvesvis det tidlegare Jugoslavia og Rwanda vart oppretta, og at statuttane for Den internasjonale straffedomstolen (Roma-vedtektene) vart vedtekne, inneber store framsteg når det gjeld styrking av folkeretten gjennom internasjonal institusjonsbygging.

Frå norsk side har ein aktivt støtta straffedomstolane for Rwanda og det tidlegare Jugoslavia og at det snart vert oppretta ein permanent, internasjonal straffedomstol, med breiast mogeleg støtte.

Den internasjonale straffedomstolen vil medverke til å førebyggje masseovergrep og til langsiktig fred og forsoning etter konfliktar. Domstolen byggjer på prinsippet om at statane har det primære ansvaret for å straffeforfølgje dei alvorlegaste internasjonale brotsverka, og ein ventar at han vil få ein vesentleg funksjon som spore til at statar tek dette ansvaret alvorleg.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Haakon Blankenborg, lederen Thorbjørn Jagland, Jens Stoltenberg og Gunhild Øyangen, fra Høyre, Julie Christiansen, Inge Lønning, Oddvard Nilsen og Finn Martin Vallersnes, fra Fremskrittspartiet, Morten Høglund og Christopher Stensaker, fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Bjørn Jacobsen, fra Kristelig Folkeparti, Jon Lilletun og Lars Rise og fra Senterpartiet, Åslaug Haga, mener meldingen gir en god gjennomgang av FNs 56. generalforsamling. Komiteen vil understreke FNs unike rolle som konfliktløser og fredsskaper i det internasjonale samfunn. Likeså vil komiteen fremheve FNs viktige arbeid med å fremme menneskerettigheter samt økonomisk og sosial utvikling.

Komiteen har med glede merket seg at Nobels Fredspris for 2001 ble tildelt FN og generalsekretær Kofi Annan.

Komiteen tar til etterretning at terroristangrepet mot USA 11. september sterkt preget gjennomføringen av den 56. generalforsamling, og at kampen mot internasjonal terrorisme ble det mest omtalte temaet og den viktigste saken.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Sosialistisk Venstreparti, har merket seg at USA fra første stund la stor vekt på at FN måtte ha en sentral plass i koalisjonsbyggingen rettet mot terrorisme.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti mener at kampen mot terror etter 11. september fikk en for svak forankring i FN, og at FN i for liten grad fikk legge premisser for denne. Disse medlemmer mener at USA etter 11. september synliggjorde en manglende vilje til å satse på FN som instrument for fred og sikkerhet.

Komiteen viser til at Talibanregimet nektet nok en gang å etterkomme Sikkerhetsrådets krav om å stanse terroristnettverket til bin Laden, og at dette utløste selvforsvartiltak etter FN-pakten, en rett Sikkerhetsrådets resolusjon 1368 slo fast.

Komiteen viser til at det repressive og kvinnefiendtlige Talibanregimet ble fjernet. Komiteen mener at FN har en viktig rolle i oppfølgingen, i form av en FN-operasjon som skal støtte interimsregjeringen i arbeidet med å stabilisere og rehabilitere Afghanistan.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Sosialistisk Venstreparti, viser videre til Norges viktige rolle i dette arbeidet: som medlem av Sikkerhetsrådet, som formann i støttegruppa for Afghanistan, som troppebidragsyter og bidragsyter til humanitær innsats.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti mener at Norge i Afghanistan er i en uheldig dobbeltrolle, ved at vi både er tungt involvert i det humanitære arbeidet og ISAFs arbeid for å sikre trygghet og stabilitet på den ene siden, og på den annen side deltar i operasjon Enduring Freedom. Disse medlemmer mener at Norge burde konsentrere sitt bidrag omkring de humanitære og sikkerhetsmessig oppgavene.

Komiteen vil peke på det problematiske i at spørsmålet om Vest-Sahara og en folkeavstemning vedtatt av Sikkerhetsrådet i 1991 trekker ut i tid.

Når det gjelder den spente situasjonen i Midtøsten vil komiteen peke på det positive i at Sikkerhetsrådet de siste månedene i økende grad har klart å enes om klare resolusjoner. Dette gjelder prinsippet om to stater, samt krav til partene. Komiteen vil peke på at det er viktig at resolusjonene blir gjennomført av partene og at FN vurderer nye tiltak for å sikre gjennomføring.

Komiteen mener det er viktig at det blir en fremgang i dette spørsmålet, dersom FN skal ha en troverdig rolle i slike spørsmål.

Komiteen støtter at det arrangeres en internasjonal fredskonferanse for Midtøsten som foreslått av USA, EU, Russland og FN.

Komiteen vil understreke betydningen av at USA, Russland, EU og FN står sammen om videre initiativ som også arabiske land kan stille seg bak.

Komiteen har merket seg at oppfølging av den sentrale Brahimirapporten tok et skritt i retning av å forbedre FNs evne til å planlegge og gjennomføre fredsbyggende operasjoner, og komiteen synes det er positivt at FNs økonomiske situasjon er forsiktig bedret, men mener at det fortsatt er behov for å styrke FNs økonomi. Komiteen understreker betydningen av at alle medlemsland oppfyller sine økonomiske forpliktelser overfor FN.

Komiteen viser til at Norge aktivt har støttet straffedomstolene for Rwanda og det tidligere Jugoslavia og at det snart blir opprettet en slik permanent internasjonal domstol i FNs regi.

Komiteen mener at respekten for folkeretten og internasjonal rettsorden er grunnleggende forutsetninger i FN-pakten, og mener at den internasjonale straffe­domstolen kan medvirke til å forebygge masseovergrep og til langsiktig fred og forsoning etter konflikter.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

St.meld. nr. 20 (2001-2002) - om Noregs deltaking i den 56. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 55. generalforsamling - vedlegges protokollen.

Oslo, i utenrikskomiteen, den 16. mai 2002

Thorbjørn Jagland

leder

Gunhild Øyangen

ordfører

Åslaug Haga

sekretær