Innstilling fra næringskomiteen om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2002 og fisket etter avtalane i 2000 og 2001

Dette dokument

Til Stortinget

1. Sammendrag

1.1 Innleiing

Ein omfattande del av norsk fiske (målt i vekt) skjer på bestandar som vi deler med andre land. Dette var bakgrunnen for at Regjeringa forhandla fram rammeavtalar som både gav fiskekvotar til dei landa som utvidinga til 200 n. mils økonomisk sone fekk verknad for frå 1. januar 1977, og som tok vare på tradisjonelle norske fiskeinteresser i dei økonomiske sonene til andre land.

Etter FN sin havrettskonvensjon har kyststatane suverene rettar til å utnytte ressursane i havet innanfor dei økonomiske sonene. Dei kyststatane som deler ein eller fleire fiskebestandar skal samarbeide om regulering og vern av bestandane.

1.2 Dei ulike fiskeriavtalane for 2002

I tråd med dei etablerte rammeavtalene fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land.

Dei viktigaste bilaterale forhandlingane for 2002 er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er også ført forhandlingar med EU på vegne av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU på vegne av Sverige om ein avtale om svensk fiske i Noreg si økonomiske sone. I tillegg har Noreg ført kvoteforhandlingar med Polen.

Noreg har også samarbeid om gjennomføring av trepartsavtala med Island og Grønland om regulering av lodde og med Island om kvotebytte og oppfølging i tråd med Smottholavtala.

Det er også gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland.

Noreg tek vidare del i forhandlingane om makrell både i forhold til trepartsavtala mellom Noreg, EU og Færøyane og i forhandlingane om internasjonale makrellreguleringar. Noreg er dessutan med i forhandlingane om etablering av eit internasjonalt forvaltningsregime for kolmule.

I fiskeriforhandlingane med Russland om ei kvoteavtale for 2002 vart partane samde om å føre vidare avtalen som dei inngjekk året før om ein totalkvote (TAC) for norsk arktisk torsk på 395 000 tonn, medrekna 40 000 tonn murmansktorsk for kvart av åra 2001-2003 og kvoten på 40 000 tonn norsk kysttorsk for kvart av åra. Med den treårige kvoten forventar partane å redusere fiskepresset og byggje opp gytebestanden i perioden. I alle høve vil torskebestanden framleis vere utanfor føre-var grensen som er sett for fiskedødelegheit. Difor har Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen no sett ned ei arbeidsgruppe som skal utarbeide forslag til langsiktige forvaltingsstrategiar for mellom anna norsk arktisk torsk.

På møtet i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen hausten 2000 vart partane samde om å opne for kommersiell fangst av kongekrabbe frå sesongen hausten 2002/vinteren 2003. På kommisjonsmøtet hausten 2001 blei det fastsatt ein totalkvote på 400 000 krabbar for denne sesongen, fordelt med 300 000 krabbar til Russland og 100 000 til Noreg.

Eit hovudfokus for samarbeidet mellom Noreg og Russland om forvaltning og kontroll i Barentshavet i 2002 vil vere å føre vidare arbeidet med felles omrekningsfaktorar for fiskeprodukter. Partane skal også mellom anna føre vidare arbeidet med løysingar på problema med bifangst av kongekrabbe i andre fiskeri.

Situasjonen for fleire av botnfiskbestandane i Nordsjøen er framleis svært dårleg, og då særleg for nordsjøtorsken. Noreg og EU vart i kvoteavtalen for 2002 difor samde om å halde fram med det felles arbeidet med å forbetre beskatninga av botnfisk.

Noreg og EU inngjekk i 2001 ei ny treårig avtale om forvaltning av nordsjøsild. Denne avtala byggjer på dei same prinsippa som avtala frå 1997.

I 1999 vart Noreg, EU og Færøyane samde om ei trepartsavtale for forvaltning av makrell i Nordaust-Atlanteren. Med denne avtalen aksepterte Noreg og EU at Færøyane er kyststat til makrellen. NEAFC vedtok for 2002 ei regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn med ein kvote på 66 400 tonn makrell for dette området. Island har sett fram ein formell reservasjon mot denne reguleringa.

EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland har sett ein totalkvote for norsk vårgytande sild i 2002 på 851 500 tonn. Dei fem landa vil avgrense sitt fiske til 850 000 tonn. Den norske kvoten er på 484 500 tonn. NEAFC har for 2002 sett ein kvote på 76 500 tonn norsk vårgytande sild for områda utanfor nasjonal jurisdiksjon. Kvoten er ein del av det totale uttaket av norsk vårgytande sild vedteke i tråd med fempartsavtala for 2002.

Med verknad frå 1996 vedtok NEAFC ei multilateral avtale for fiske av uer i Irmingerhavet. Noreg er etter denne avtala tildelt ein kvote på 3 596 tonn i 2002, som i 2001.

Rekefisket ved Flemish Cap (NAFO område) har sidan 1996 vore regulert gjennom talet på fartøy som kan delta i fisket og det samla talet på døgn som fartøya kan fiske. Det vert no vurdert om ein skal gå over til å kvoteregulere dette fisket. Noreg har sidan 1993 fiska reker i dette området.

Noreg har også i 2001 vore representert i ulike møte i regionale og globale forvaltningsorganisasjonar. Noreg er no medlem i SEAFO (South East Atlantic Fisheries Organsation) ein regional fiskeriorganisasjon som vart formelt oppretta 20. april 2001.

1.3 Kontrollordningar

For å kunne nå målsettinga for ressursforvaltninga, trengst det informasjon om og kontroll med alt ressursuttak i norske jurisdiksjonsområde. Ein sentral del av det norske systemet for kontroll og handheving er fysisk kontroll med all fiskeaktivitet. Dette inneber kontroll på alle nivå, til havs, under landing og ved omsetjing av fiskefangstar.

Kystvakta har ansvaret for kontrollen på havet, i første rekkje utanfor 4 n. mil. Frå 1996 er Kystvakta utvida med ei Indre Kystvakt som skal gjennomføra fiskerioppsynet innanfor 4. n. milsgrensa.

Fiskeridirektoratet står for kontroll ved landing av fangstar, og har også ein viss kontroll på sjøen i spesielle område og i spesielle fiskeri. Det er etablert lokale fiskerioppsyn langsmed kysten i regi av Fiskeridirektoratet. Direktoratet har også ansvar for kvotekontrollsystemet både for utanlandske og norske fartøy. Dei ulike salslaga har eit kontrollansvar i samband med omsetjing og eksport av fisk.

Ein viktig del av kontrollen går føre seg under ut­øvinga av fisket. I denne fasen blir det kontrollert at fisket skjer med riktig reiskap, til rett tid og på rett område.

For å føre kontroll med utanlandsk fiske i Noreg si økonomiske sone etablerte Fiskeridirektoratet i 1977 eit kvotekontrollsystem som er basert på bruk av edb. Databasen inneheld mellom anna opplysningar om fiske- og fangstaktiviteten til utanlandske fartøy og er ein viktig reiskap for kontroll i norske jurisdiksjonsområde.

Kystvakta har direkte tilgang til dei opplysningane som er lagra på databasen i kvotekontrollsystemet. Opplysningane vil under kontroll på feltet bli halde opp mot opplysningane som går fram av fartøyet si fangstdagbok, eventuelle sluttsetlar og innhaldet i lasterommet eller lastetankane på fartøyet. Kvotekontrollsystemet er ein særs viktig reiskap i det kontrollarbeidet Kystvakta gjennomfører.

Eit viktig nytt framsteg i kontrollsamanheng er etablering av satellittsporing av fiskefartøy. Noreg og Russland innførte satellittsporing av fiskefartøy i kvarandre sine soner frå 1. september 2000. Noreg er samde med EU og Færøyane om gjensidig satellittsporing frå 1. januar 2001. Noreg og Grønland sette i verk gjensidig satellittsporing 15. oktober 2001. Fiskeridepartementet har frå 1. juli 2000 innført satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 m. Slike fartøy vil vere underlagt sporing i områder både under norsk og utenlandsk fiskerijurisdiksjon. Vidare vil alle norske fartøy, uansett storleik, sporast ved fiske i internasjonalt farvatn.

Norske myndigheiter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å angripe ulovleg og uregulert fiske. Eit sentralt tiltak har vore den såkalla "svartelistinga" av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon.

1.4 Norsk og utanlandsk utnytting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvotane på fellesbestandane torsk og hyse nord om 62oN fullt ut i 2000 og 2001. I tillegg til Noreg sine ordinære kvotar på torsk og hyse nord om 62oN, kjøpte norske reiarlag kvotar på desse artane frå Russland i 2000.

I Nordsjøen vart dei norske kvotane på fellesbestandane makrell, sild og sei oppfiska i 2000 og 2001. Kvotane på dei andre konsumfellesbestandane vart ikkje utnytta i same høge grad.

Norske linefartøy utnytta om lag 77 pst. av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme i EU sine farvatn i 2000, mens graden av utnytting var om lag 61 pst. i 2001. I færøyske farvatn har norske fartøy fiska heile botnfiskkvoten i både 2000 og i 2001.

Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalene med Grønland og EU. For norske fiskarar er kvotane på blåkveite, kveite, uer og reker av stor verdi. Desse kvotane blir godt utnytta.

Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62oN er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området. Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell og industrifisk som tobis, augepål og kolmule. Ifølgje offisiell fangststatistikk har EU likevel i dei seinare åra hatt relativt låg utnytting av kvotane sine av torsk, hyse og sei i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak var derimot gjennomgåande høg for EU.

2. Komiteens merknader

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, lederen Olav Akselsen, Jon Olav Alstad, Bendiks H. Arnesen og Grethe Fossli, fra Høyre, Silja Ekeland, Ivar Kristiansen og Michael Momyr, fra Fremskrittspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, fra Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, fra Kristelig Folkeparti, Rigmor Andersen Eide og Olaf Gjedrem og fra Senterpartiet, Marit Arnstad, registrerer at departementet på en ryddig og oversiktlig måte har presentert gjennomgangen av Norges fiskeriavtaler med andre land for 2002 og fisket etter avtalene i 2000 og 2001.

Komiteen er tilfreds med den internasjonale oppmerksomhet forvaltningen av fiskeriressurser og kontrollspørsmål får. Komiteen har på dette området registrert de initiativ som blir tatt i EU, med sikte på å få forbedret fiskeriforvaltning, overvåkning og ressurskontroll i unionen. Bærekraftig forvaltning er etter komiteens oppfatning den viktigste utfordringen i inngåelsen av avtaler om fiskerisamarbeid med andre land. Komiteen er opptatt av at det rettes betydelig innsats - nasjonalt som internasjonalt - til bestandsregistrering og kontroll av uttak av fiskeriressursene.

Komiteen er tilfreds med at Norge nå har inngått kontrollavtaler og avtaler om satellittsporing med våre viktigste samarbeidspartnere, blant andre EU og Russland. Det er etter komiteens syn viktig at det internasjonale fiskeriarbeidet gis svært høy prioritet. Komiteen ser det som viktig at arbeidet med å etablere internasjonale regler for ressurskriminalitet utvik­les og videreføres.

Komiteen viser til at Norge i fiskeriforhandlingene med Russland ble enige om å videreføre avtalen om en totalkvote på 395 000 tonn norsk arktisk torsk. Komiteen understreker at forvaltningen av torskebestanden må gjennomføres på en måte som sørger for at fiskedødeligheten og gytebestanden bringes under føre-var-grensen. Komiteen er tilfreds med at Den norsk-russiske fiskerikommisjonen nedsatte en arbeidsgruppe som har utarbeidet forvaltningsstrategier for norsk arktisk torsk. Gjenoppbygging av den norsk-russiske bestanden er etter komiteens oppfatning et av de viktigste fiskeripolitiske spørsmål.

Komiteen registrerer med bekymring at situasjonen fortsatt er alvorlig for flere av bunnfiskbestandene i Nordsjøen, særlig for nordsjøtorsken. Komiteen understreker nødvendigheten av at Norge og EU i det videre kvotesamarbeidet blir enige om å arbeide for å forbedre beskatningen av bunnfisk, og at gjenoppbyggingen av bestandene gis høyeste prioritet. Stopp av fangst etter nordsjøtorsk må etter komiteens oppfatning vurderes, for å sørge for gjenoppbygging av bestanden.

Komiteen ber om at det fortsatt må arbeides videre med sikte på å få til en avtale med de øvrige kyststater om kolmuleforvaltningen.

Komiteen har ønsker om at forvaltningsarbeidet med EU videreutvikles, slik at EU ser behovet for å gjennomføre et mer bærekraftig beskatningsmønster i Nordsjøen. I denne forbindelse er fortsatt utkast av fisk i EU et særskilt problem som må løses. Det er også et problem i vårt fiskesamarbeid med EU, at Norge ikke ser ut til å få vår rettmessige andel av fordelingen av makrellkvoten.

Komiteen ser det som svært viktig at Norge fortsetter arbeidet for å få på plass avtaler om eksport av vågehvalprodukter. Tilbakemeldinger fra siste fangstsesong viser til dels store mottaksproblemer på landsiden i Norge. Arbeidet med å åpne markedet for norske vågehvalprodukter må etter komiteens oppfatning intensiveres og videreføres.

Komiteen ønsker å understreke betydningen av at Norge i ethvert fiskeripolitisk samarbeid om kvotefordeling og forvaltning av felles bestander lar hensynet til en bærekraftig forvaltning veie tyngst.

Komiteen registrerer at de oppnådde forhandlingsresultat er lagt på et nivå over de anbefalinger som er gitt fra forskerhold og understreker at hovedprinsippet for de fremtidige forhandlinger skal prioritere gjenoppbygging av bestander.

Komiteen anmoder Regjeringen om å vurdere hvorvidt det i forbindelse med den årlige stortingsmeldinga om de fiskeriavtalene Norge har inngått med andre land og fisket etter tidligere avtaler, kan være aktuelt å informere om følgende:

  • 1. Anbefalte og fastsatte kvoter for de viktigste bestandene.

  • 2. Anbefalte og faktisk fiskepress for de viktigste bestandene.

  • 3. Bestandsutviklinga for de viktigste bestandene.

Komiteen anmoder også Regjeringen om å vurdere om dette kan være grunnlag for en drøfting av opplysningene i forhold til de generelle fiskeripolitiske målsettinger om bærekraftig og lønnsom forvaltning.

Komiteen viser til at Norge i internasjonale forvaltningsspørsmål må ta de nødvendige initiativ for å nå de mål vi setter. Dette gjelder også de nasjonale behov for oppfølging av situasjonen rundt kvotejuks og illegalt kjøp og salg av fisk. I dette arbeidet er det etter komiteens oppfatning viktig at det etableres et internasjonalt regelverk som kan ivareta nødvendige hensyn hva angår forvaltningsspørsmål, kontroll og rapportering. Komiteen er tilfreds med at Norge og Russland har undertegnet et memorandum om kontrollsamarbeid. Det er etter komiteens oppfatning viktig og nødvendig at tiltak, overvåkning og kontroll med det såkalte uregulerte fisket intensiveres.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet savner mer relevant informasjon og mulighet for Stortinget til å legge premisser og føringer for fiskeripolitikken. En evaluering av om de fiskeriavtalene Norge har inngått med andre land faktisk har bidratt til at målene for norsk fiskeripolitikk blir nådd, ville være en naturlig del av en slik melding. Den årlige stortingsmeldingen om de fiskeriavtalene Norge har inngått med andre land og fisket etter tidligere avtaler, er innholdsrik i forhold til forhandlingsdatoer, kvoter og hvor mye Norge og andre land har fisket i forhold til avtalene. Meldingen sier derimot ingenting om hva som er målene til forvaltningen, hvilke råd forskerne har gitt, i hvilken grad disse rådene er fulgt og hvordan de ulike bestandene har utviklet seg.

Disse medlemmer registrerer med bekymring at de avtaler som er inngått mellom Norge og Russland de senere år ikke i tilstrekkelig grad har ivaretatt hensynet til en bærekraftig forvaltning av torskestammen. I Nordsjøen har mange års overfiske etter disse medlemmers mening ført til at forskerne nå har anbefalt full stopp i torskefisket.

Fra disse medlemmers side er det derfor en forutsetning at Norge i det videre arbeide med forhandling og kvotedeling sørger for at internasjonale og nasjonale råd for kvotetak i større grad følges opp, samtidig som Norge aktivt arbeider videre for et gjensidig samarbeid med hensyn til ressurskontroll og forskningsutveksling.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti sluttar seg til fleirtalsmerknadene, men ønskjer i tillegg å fokusere på ein del forhold som St.meld. nr. 36 (2002-2003) ikkje tar opp.

Desse medlemene ønskjer å uttrykkje uro over ressurssituasjonen for mange av dei viktigaste artane våre. ICES sine tilrådingar for 2003 gir grunn til bekymring. Særs kritisk er situasjonen for nordsjøtorsken, men også den norsk-arktiske torsken er utanfor trygge biologiske rammer.

Desse medlemene viser til at Noreg og Russland hausten 2000 inngjekk ein treårig avtale for norsk arktisk torsk. Desse medlemene har forståing for at fiskarane, som andre yrkesutøvarar, og industrien har behov for langsiktige rammevilkår. Likevel etterlyser desse medlemene ei fagleg drøfting av kva konsekvensar ein slik langsiktig avtale får for ressurssituasjonen. Det er til dømes relevant informasjon at ICES i si årlege tilråding om norsk arktisk torsk omtaler denne avtalen slik:

"ICES considers that TACs under this agreement are well above those that would correspond to the apllication of the precautionary approach."

Desse medlemene saknar framleis offentlegheit rundt og lokal medstyring over den norske fiskeriforvaltninga, trass i gledelege framsteg som at fylkeskommunane i år er gitt plass i den norsk-russiske fiskerikommisjon, og at det har vore halde informasjonsmøte for miljøorganisasjonane. Ein viser i denne samanhengen til behandlinga av Dokument nr. 8:156 (2001-2002) frå stortingsrepresentantane Åsa Elvik og Heidi Sørensen om forvaltning av dei norsk-russiske fellesbestandane samt tiltak for å sikre meir openheit i dei norsk-russiske kvoteforhandlingane.

Desse medlemene viser til at lønsemd og høgt langtidsutbytte er eit sentralt mål for norsk fiskeriforvaltning. Den årlege gjennomgangen av kvoteavtalene bør derfor også ta for seg korleis dei aktuelle kvotane korresponderer til målet om lønsemd. ICES gir kvart år råd knytt til grenseverdiar som er fastsett for å hindre nedfisking av bestandane. Dette er altså biologisk baserte råd. For dei fleste fiskebestandane vil ein likevel oppnå størst økonomisk lønsemd ved eit meir forsiktig fiske enn det som er nødvendig for å hindre nedfisking av bestandane. Derfor gir ICES også anslag på kva uttak som vil gi størst langsiktig utbytte. Desse medlemene meiner dette er relevant informasjon for at Stortinget skal vere i stand til å vurdere dei avtalte kvotane.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

St.meld. nr. 36 (2001-2002) - om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2002 og fisket etter avtalane i 2000 og 2001 - vedlegges protokollen.

Oslo, i næringskomiteen, den 14. november 2002

Olav Akselsen

leder

Ivar Kristiansen

ordfører og sekretær