Komiteens tilråding

Komiteens tilråding til III fremmes av en samlet komité, mens I og II fremmes av Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet.

Komiteen viser til merknadene og til meldingen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

I

Retningslinjene for trygdeoppgjøret endres slik at de lyder:

Etter drøftingar på førehand med organisasjonar for pensjonistane gjer Regjeringa framlegg for Stortinget om regulering av grunnbeløpet i folketrygda.

Reguleringa av grunnbeløpet skjer normalt 1. mai kvart år.

Siktemålet for reguleringa skal vere å gi pensjonistar med folketrygdpensjon ei inntektsutvikling minst på linje med utviklinga for yrkesaktive, korrigert for særlege tilhøve, og i tråd med dei prinsipp og mål som er lagt til grunn for gjennomføringa av det inntektspolitiske opplegget elles. Til grunn for reguleringa skal liggje venta inntektsutvikling for lønnstakarar i alt i reguleringsåret etter justering av grunnbeløpet for avvik mellom venta og reell lønnsauke siste år.

Venta inntektsutvikling for yrkesaktive blir fastsett med utgangspunkt i inntektsoppgjera for lønnstakarar i alt. Det skal følgje med eit bakgrunnsmateriale som viser kva tala for venta inntektsutvikling for yrkesaktive er basert på og andre tilhøve som har hatt innverknad på fastlegginga av grunnbeløpet. Materialet skal også vise korleis inntektsutviklinga har vore for yrkesaktive og pensjonistar siste år og i dei seinere åra. Oversikt over utviklinga for yrkesaktive i alt baserast påmateriale om lønnsutviklinga frå Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera.

II

Stortinget ber Regjeringen ved trygdeoppgjøret 2003 legge til grunn retningslinjene slik de er endret ved behandlingen av St.meld. nr. 32 (2002-2003) jf. Innst. S. nr. 223 (2002-2003).

III

St.meld. nr. 32 (2002-2003) - Om vurdering av retningslinjene for trygdeoppgjøret – vedlegges protokollen.