Innstilling fra forsvarskomiteen om endringer på statsbudsjettet for 2003 under Forsvarsdepartementet

Innhold

Til Stortinget

1. Formål og hovudoversikt

1.1 Formål

I denne proposisjonen legg Regjeringa fram forslag om visse endringar i løyvingar i forsvarsbudsjettet for 2003 for å skape samsvar mellom løyvingane under dei einskilde kapitla og postane og dei endringane i budsjettføresetnadene som har skjedd sidan forsvarsbudsjettet for 2003 vart utarbeidd.

1.2 Tilleggsløyvingar

På bakgrun av at eit norsk sikringskompani skal stasjonerast i Afghanistan frå november 2003 i samband med at landets grunnlovgivande forsamling Loya Jirga trer saman i desember, vert det foreslått ei tilleggsløyving på 10 mill. kroner.

Oppdraget kostar totalt 50 mill. kroner der 30 mill. kroner kjem til betaling i 2003. 20 mill. kroner vert dekt innanfor fastlagde rammer og 10 mill. kroner i tillegsløyving.

1.3 Omgruppering: Forhold som endrar ramma for 2003-budsjettet

1.3.1 Nedtrekk grunna meirforbruk i 2002

Avslutninga av rekneskapen for 2002 synte eit meirforbruk under:

  • 1. Kap. 1731 Hæren, post 1 på 55,470 mill. kroner.

  • Totalt meirforbruk var på 55,470 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert tilsvarande.

  • 2. Kap. 1732 Sjøforsvaret, post 1 på 38,878 mill. kroner.

  • Totalt meirforbruk var på 38,878 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert tilsvarande.

  • 3. Kap. 1734 Heimevernet, post 1 på 6,094 mill. kroner.

  • Totalt meirforbruk var på 6,094 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert tilsvarande.

  • 4. Kap. 1760 Nyskaffingar av materiell og nye bygg og anlegg, post 48 på 2,181 mill. kroner.

  • Totalt meirforbruk var på 2,181 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert tilsvarande.

  • 5. Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta, post 1 på 6,167 mill. kroner.

  • Totalt meirforbruk var på 6,167 mill. kroner og vert dekt ved at ramma for 2003 vert foreslått redusert tilsvarande.

1.3.2 Netto meirinntekter i 2003

I forhold til vedtatt budsjett 2003 er det ei netto meir­inntekt (brutto meirinntekter minus mindreinntekter) på 72,765 mill. kroner som er foreslått lagt til utgiftssida.

1.4 Det økonomiske grunnlaget for omgrupperinga

1.4.1 Økonomisk grunnlag

Grunnlaget for omgrupperingane er vedtatt budsjett for 2003 lagt til seinare endringar gjort av Stortinget, fullmakter gitt av Stortinget til Finansdepartementet som ikkje kjem fram som løyvingsendring under dei einskilde departementa og midlar ført over frå 2002.

I 2003 er det for forsvarsbudsjettet sett i verk faktiske endringar i løyvingar i følgjande:

  • – Stp.prp. nr. 1 (2002-2003) Statsbudsjettet medrekna folketrygda, Budsjett-innst. S. nr. 1 (2002-2003), medførde ein reduksjon på 43,462 mill. kroner.

  • – St.prp. nr. 65 (2002-2003) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringar i statsbudsjettet medrekna folketrygda 2002, jf. Innst. S. nr. 212 (2002-2003), medførde ei redusert utgiftsramme på 240 mill. kroner.

  • – Innsparing i departementa sine utgiftsrammer på 100 mill. kroner, fullmakt gitt av Stortinget til Finansdepartementet. Forsvarsdepartementet sin del utgjorde 28,601 mill. kroner.

Tabell 1.1. Faktisk løyving på utgiftssida før omgruppering 2003 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2003

29 613 813

Innst. S. nr. 1 Tillegg nr. 1 (2002-2003)

-43 462

Innst. S. nr. 260 (2002-2003)

-240 000

Forsvarsdepartementet sin del av innsparingsfullmakt gitt av Stortinget til Finansdepartementet

-28 601

Soldatproposisjonen, jf. Innst. S. nr. 291 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 76 (2002-2003) (reknefeil i samband med utarbeiding av proposisjonen)

3

= Faktisk løyving før omgruppering

29 301 753

Middel ført over frå 2002

1 127 923

Disponible midlar i 2003 før omgruppering

30 429 676

Tabell 1.2. Disponibel løyving på inntektssida før omgruppering 2003 kjem fram slik (i 1 000 kroner):

Vedtatt budsjett 2003

798 286

= Løyving før omgruppering

798 286

Tabell 1.3. Løyvingsbehov på utgiftssida i samband med omgrupperings-proposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Nedtrekk grunna meirforbruk i 2002

-108 790

Nedtrekk grunna ein reknefeil i samband med soldatproposisjonen, jf. Innst. S. nr. 291 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 76 (2002-2003

-3

Auke på utgiftssida grunna meirinntekter førde til utgiftssida

72 765

Tilleggsløyvingar i omgrupperinga 2003

10 000

= Sum behov ved omgrupperinga

-26 028

+ Løyving før omgruppering

29 301 753

= Total løyving etter omgrupperinga

29 275 725

= Totalt disponibelt etter omgrupperinga

30 403 648

Tabell 1.4. Løyvingsbehov på inntektssida i samband med omgrupperings-proposisjonen vert slik (i 1 000 kroner):

Løyving før omgruppering

798 286

Netto meirinntekter

72 765

= Sum behov ved omgrupperinga

871 051

Departementet foreslår på denne bakgrunnen, under forslag til vedtak, at utgiftsramma vert redusert med 26,028 mill. kroner og at inntektsramma vert auka med 72,765 mill. kroner.

1.4.2 Utgifter

Tala i tabellane nedanfor syner netto endringar på dei ulike postane. Utgiftstabellen er inklusiv fordeling av netto meirinntekter.

Tabell 1.5. Postfordeling utgifter (i 1 000 kroner)

Post

Formål

Mindreutg. -

Meirutg. +

1

Driftsutgifter

-12 695

24

Driftsresultat Forsvarsbygg

458 436

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet

-11 307

45

Store nyskaffingar

109 420

47

Nye bygg og anlegg

-600 436

48

Fellesfinansierte bygg og anleggsarbeid

-2 181

50

Overføringar til statsinstitusjonar

42 000

70

Renter låneordning

-8 000

75

Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid

- 23 000

78

Noregs tilskot til NATO sitt driftsbudsjett

23 000

90

Lån til private

-1 265

Sum

-26 028

1.4.3 Inntekter

Tabell 1.6. Postfordeling inntekter (i 1 000 kroner)

Post

Formål

Mindreinnt - Meirinnt +

1

Driftsinntekter

72 365

70

Renter låneordninga

-600

90

Lån til bustadformål

1 000

Sum

72 765

2. Hovudtrekk ved dei største utgifts- og inntektsendringane på postnivå

2.1 Utgifter

2.1.1 Post 1 Driftsutgifter

Post 1 er foreslått redusert med 12,695 mill. kroner. Reduksjonen gjeld følgjande:

  • – 72,3 mill. kroner i meirinntekter - i hovudsak på kap. 4731 Hæren, 67 mill. kroner.

  • – 1,265 mill. kroner er tilført frå post 90 Lån til private.

  • – 8 mill. kroner er tilført frå post 70 Renter låneordning.

  • 30 mill. kroner er tilført kap. 1792 Norske styrkar i utlandet i samband med at eit norsk sikringskompani skal stasjonerast i Afghanistan i samband med at landets grunnlovgivande forsamling Loya Jirga trer saman i desember 2003. 10 mill. kroner vert foreslått tilleggsløyvd medan 20 mill. kroner vert foreslått omdisponert frå kap. 1710 post 47.

  • – 18 mill. kroner er tilført kap. 1732 Sjøforsvaret frå kap. 1710 post 47 i samband med finansiering av kostnader i samband med brannen på KNM Orkla.

  • – 6 mill. kroner er tilført kap. 1700 post 1 frå kap. 1710 post 47 i samband med overføring av militære stillingar frå Forsvarets overkommando til Forsvarsdepartementet i samband med integrert strategisk leiing.

  • – 42 mill. kroner er midlar foreslått flytta til post 50 i samband med finansiering av utgifter til Statens pensjonskasse.

  • – reduksjon på 0,003 mill. kroner er tilbakeført statskassen grunna ein feil i samband med soldatproposisjonen, jf. Innst. S. nr. 291 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 76 (2002-2003).

  • – reduksjon på 106,614 mill. kroner som er tilbakeført statskassen grunna overskridingar i 2002.

Elles er det gjort omdisponeringar mellom kapittel/postar basert på analysar og vurderingar inkludert prognosar for forbruk på slutten av året. Følgjande vesentlege endringar er gjort på dei einskilde kapitla:

Kap. 1700 Forsvarsdepartementet

Posten er foreslått auka med netto 32 mill. kroner på post 1. Auken skal dekkje lønsutgifter ved overføring av militære stillingar frå Forsvarets overkommando til Forsvarsdepartementet i samband med integrert strategisk leiing (26 mill. kroner), og administrative kostnadar i denne samanhengen (6 mill. kroner).

Kap. 1719 Fellesutgifter og tilskot til føretak under Forsvarsdepartementet

Posten er foreslått redusert med 2,1 mill. kroner til dekking av ymse meirbehov på andre kapittel og postar.

Kap. 1720 Felles leiing og kommandoapparat

Posten er foreslått redusert med 24,8 mill. kroner. Reduksjonen skuldast ei rekkje omdisponeringar til og frå kapitlet i samband med naudsynt styrking av tenesta i samsvar til oppdragsmengda ved Felles operativt hovudkvarter, midlar til overføring av militære stillingar frå Forsvarets overkommando til Forsvarsdepartementet i samband med integrert strategisk leiing. Vidare er utgifter flytta til andre kapittel i samband med fastsetjing av ny husleige til Forsvarsbygg.

Kap. 1723 Nasjonal sikkerhetsmyndighet

Posten er foreslått auka med 2 mill. kroner som gjeld dekking av utgifter til drift av varslingssystem for digital infrastruktur (VDI) i 2003.

Kap. 1731 Hæren

Posten er foreslått redusert med 60,5 mill. kroner. Reduksjonen skuldast ei rekkje omdisponeringar. Kapitlet er tilført middel i samband med meirinntekter på kap. 4731 (67 mill. kroner), og middel for naudsynt styrking av tenesta i samsvar med oppdragsmengda (60 mill. kroner). Samtidig er kapitlet redusert i samband med at utgifter til internasjonale operasjonar feilaktig var budsjettert både på kap. 1731 og kap. 1792 (70 mill. kroner som er tilført andre kapittel og postar etter behov), gevinstrealisering etter innføring av FISBasis (60 mill. kroner) og tilbakeføring av midlar til statskassen grunna overskridingar i 2002 (50,4 mill. kroner).

Kap. 1732 Sjøforsvaret

Posten er foreslått auka med 39,8 mill. kroner. Auken skuldast ei rekkje omdisponeringar. Omdisponering til kapitlet er i samband med ny fastsetjing av husleigekostnader (57,9 mill. kroner), overtaking av oppgåver i Harstad-området og Ulven leir i Bergen (16,5 mill. kroner), tilføring av midlar for naudsynt styrking av tenesta i samsvar til oppdragsmengda (16 mill. kroner) og langtidslagring av stasjonære kystartillerianlegg (8 mill. kroner). I tillegg er kapitlet tilført midlar til dekking av Sjøforsvarets meirkostnader i samband med brannen på KNM Orkla (18 mill. kroner). Omdisponering frå kapitlet gjeld tilbakeføring av midlar til statskassen grunna overskridingar i 2002 (38,8 mill. kroner), gevinstrealisering etter innføring av FISBasis (31,1 mill. kroner) og overføring av oppgåver til andre kapittel (8,6 mill. kroner).

Kap. 1733 Luftforsvaret

Posten er foreslått redusert med 107,4 mill. kroner. Reduksjonen skuldast omdisponering frå kapitlet i samband med ny fastsetjing av husleigekostnader (72,1 mill. kroner) og gevinstrealisering etter innføring av FISBasis (37,8 mill. kroner).

Kap. 1734 Heimevernet

Posten er foreslått redusert med 16,2 mill. kroner som i hovudsak skuldast ny fastsetjing av husleigekostnader.

Kap. 1760 Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

Posten er foreslått auka med 38,8 mill. kroner som i hovudsak skuldast gjennomføringskostnader til FLO.

Kap. 1790 Kystvakta

Posten er foreslått auka med 20,2 mill. kroner som i hovudsak gjeld midlar til naudsynt styrking av tenesta i samsvar til oppdragsmengda.

Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta

Posten er foreslått auka med 30,4 mill. kroner på post 1. Auka gjeld naudsynt styrking av tenesta i samsvar til oppdragsmengda (38 mill kroner), og tilbakeføring av midlar til statskassen grunna overskridingar i 2002 (6 mill. kroner).

Kap. 1792 Norske styrkar i utlandet

Posten er foreslått auka med 30 mill. kroner i samband med at eit norsk sikringskompani skal stasjonerast i Afghanistan i samband med at landets grunnlovgivande forsamling Loya Jirga trer saman i desember 2003.

Kap. 1795 Kulturelle og allmennyttige føremål

Posten er foreslått auka med 8,3 mill. kroner grunna ny fastsetjing av husleige til Forsvarsbygg og restfinansiering av Forsvarets musikk.

2.1.2 Post 24 Driftsresultat

Posten er foreslått auka med 458,4 mill. kroner. Det er foreslått ei omfordeling mellom post 24 og post 47 med 458,4 mill kroner grunna feil fordeling mellom drift og investering på budsjetteringstidspunktet (141 mill. kroner), behov for gjennomføringskostnader (248 mill. kroner) og tilpassing av bygningsmassen som var budsjettert av Forsvarsbygg, men ikkje vart utført eller bestilt/betalt av Forsvarets militære organisasjon (69 mill. kroner).

Post 43 Til disposisjon for Forsvars­departementet

Posten er foreslått redusert med 11,3 mill. kroner. Løyvinga representerer ein reserve for Forsvarsdepartementet som vert foreslått nytta til dekking av ymse meirbehov på andre kapittel og postar.

Post 45 Store nyskaffingar

Posten er foreslått auka med 109,4 mill. kroner.

Hovudendringar:

  • – 12 mill. kroner skuldast utbygging av eit kommunikasjonsknutepunkt på Akershus festning som vil inngå i den permanente infrastrukturen for området.

  • – 8 mill. kroner skuldast naudsynte investeringar etter varmgang i serverrom i Forsvarsdepartementet.

  • – 11 mill. kroner skuldast auka behov for mobile løysingar og nytt tryggleikssystem i FD etter innføring av integrert strategisk leiing.

  • – 10 mill. kroner skuldast utgifter til ombygging/inventar/garderobar etter innføring av integrert strategisk leiing.

  • – 40 mill. kroner skuldast forserte utbetalingar i samband med aktivitetar innan miljøvern og forureiningsproblematikk og forskings- og utviklingsaktivitetar innan fortifikasjon.

  • – 28,4 mill. kroner gjeld naudsynt styrking av posten.

Post 47 Nye bygg og anlegg

Forsvarsbygg sitt kapittel 1710 er redusert med totalt 600,4 mill. kroner. Reduksjonen skuldast eit forventa mindreforbruk (174 mill. kroner). Vidare er det foreslått ei omfordeling mellom post 24 og post 47 med 458,4 mill kroner grunna feil fordeling mellom drift og investering på budsjetteringstidspunktet (141 mill. kroner), behov for gjennomføringskostnader (248 mill. kroner) og tilpassing av bygningsmassen som var budsjettert av Forsvarsbygg, men som ikkje vart utført eller bestilt/betalt av Forsvarets militære organisasjon (69 mill. kroner).

På kapittel 1760 vert posten foreslått auka med 32 mill. kroner til finansiering av meirutgifter som følgje av flytteutgifter i samband med integrert strategisk leiing.

Post 48 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid

Posten er foreslått redusert med 2,181 mill. kroner som skuldast tilbakeføring av midlar til statskassen grunna overskridingar i 2002.

Post 50 Overføring til Statens pensjonskasse

Posten er foreslått auka med 42 mill. kroner i samband med finansiering av meirutgiftar til Statens pensjonskasse.

Post 70 Renter låneordning

Posten er foreslått redusert med 8 mill. kroner i samband med eit mindrebehov til rentestønad i Befalets låneordning.

Post 75 Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid

Posten er foreslått redusert med 23 mill kroner. Årsaka til mindrebehovet er færre utbetalingar enn planlagt på Noregs del til NATO-prosjekt.

Post 78 Noregs tilskott til NATO sitt driftsbudsjett

Posten er foreslått auka med 23 mill. kroner. Meirbehovet skuldast auka aktivitet i samband med krisehandtering.

Post 90 Lån til private

Posten er redusert med 1,2 mill. kroner grunna forventa mindreutgifter på låneordninga.

2.1.3 Inntekter

Det er registrert netto meirinntekter på 72,765 mill. kroner.

Post 1 Driftsinntekter

Posten er auka med 72,365 mill. kroner. Auken på kap. 4731 gjeld sal av overskotsdrivstoff (50 mill. kroner), og utleige av ARTHUR lokaliseringsradar (17 mill. kroner). Vidare er det registrert ei meirinntekt på 8,2 mill. kroner på kap. 4725 i samband med utleige av hyblar og bustader. Det er registrert ei mindreinntekt på kap. 4720 med 2,9 mill. kroner som gjeld reduserte bonusinntekter frå sivile flyselskap.

Post 70 Renter låneordning

Posten er redusert med 0,6 mill. kroner som følgje av reduserte renteinntekter frå Forsvarets og Befalets låneordning. Kap. 1725 er auka tilsvarande.

Post 90 Lån til bustadformål

Posten er auka med 1 mill. kroner grunna høgare innfriingstakt enn rekna med på lån gjevne til bustadformål. Kap. 1725 er redusert tilsvarande.

3. Bestillingsfullmakter

Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta

Bestillingsfullmakter på post 1 vert foreslått auka med 10 mill. kroner til totalt 76 mill. kroner. Dette skuldast auka leveringstid og prisstiging på ei rekkje materiellkategoriar.

4. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunnar Halvorsen, Leif Lund og lederen Marit Nybakk, fra Høyre, Bjørn Hernæs og Åge Konradsen, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold og Per Ove Width, fra Sosialistisk Venstreparti, Kjetil Bjørklund, fra Kristelig Folkeparti, Åse Wisløff Nilssen, og fra Senterpartiet, Marit Arnstad, har merket seg at forslagene i proposisjonen om omdisponeringer på forsvarsbudsjettet for 2003 er fremmet for å skape samsvar mellom opprinnelige bevilgninger på de enkelte kapitler og poster og de faktiske endringene i budsjettforutsetningene som har skjedd etter Budsjett-innst. S. nr. 7 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 6 (2002-2003).

Komiteenhar videre merket seg at departementet har måttet redusere 2003-budsjettet innenfor de store budsjettkapitlene på grunn av til dels store overskridelser i 2002. Komiteen vil vise til at dette svekker årets budsjett og vil be om at Forsvaret forsøker å overholde budsjettene når omdisponeringsproposisjonen er vedtatt. I motsatt fall vil forsvarsbudsjettet måtte slite med et kontinuerlig etterslep.

Komiteen har merket seg at kap. 1790 Kystvakten, foreslås øket med 20,2 mill. kroner på grunn av nødvendig styrking av oppgavene i forhold til pålagte oppdrag. Komiteener tilfreds med dette og vil vise til Budsjett-innst. S. nr. 7 (2003-2003), jf. St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 6 (2002-2003), der Regjeringen ble bedt om å komme tilbake til Kystvakten i revidert nasjonalbudsjett om nødvendig, og der det heter:

"Komiteen vil på denne bakgrunn peke på hvor viktig det er at Kystvakten i budsjettene for 2002 og 2003 er tilført ressurser for å kunne utføre sine oppgaver på en skikkelig måte, og slik at Kystvaktens totale kapasitet kan styrkes i planperioden."

Komiteen vil slutte seg til tilleggsbevilgningen på 10 mill. kroner i forbindelse med at et norsk kompani nå inngår i den NATO-ledede ISAF-styrken i Afghanistan for å bidra til sikkerheten når landets parlament, Loya Jirga, trer sammen i desember 2003. I tillegg foreslås 20 mill. kroner omdisponert, slik at det til sammen bevilges 30 mill. kroner til oppdraget for 2003. For en videreføring i 2004 til ISAF 5 vises det til behandlingen av budsjettet for 2004.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet og Senterpartiet, konstaterer at proposisjonen gir en detaljert fremstilling av kostnadene både i forbindelse med integrert samlokalisert ledelse i departementet og ved midlertidig flytting fra Huseby til Akershus. Flertallet har ingen merknader til budsjettendringene. Flertallet vil i den forbindelse vise til at Stortingsflertallet godkjente den midlertidige flyttingen til Akershus i Innst. S. nr. 232 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 55 (2002-2003), den såkalte investeringsproposisjonen.

5. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og det som står foran og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2003 blir det gjort følgjande endringar:

Kap

Post

Formål

Kroner

Utgifter:

1700

Forsvarsdepartementet

1

Driftsutgifter, vert auka med

32 000 000

1710

Forsvarsbygg og nye bygg og anlegg

24

Driftsresultat, vert auka med

458 436 000

frå kr -955 436 000 til kr -497 000 000

47

Nye bygg og anlegg, vert redusert med

632 436 000

frå kr 2 484 650 000 til kr 1 852 214 000

1719

Fellesutgifter og tilskott til føretak under Forsvarsdepartementet

1

Driftsutgifter, vert redusert med

2 111 000

frå kr 46 650 000 til kr 44 539 000

43

Til disposisjon for Forsvarsdepartementet, vert redusert med

11 307 000

frå kr 11 307 000 til kr 0

78

Noregs tilskott til NATO sitt driftsbudsjett, kan overførast

23 000 000

frå kr 90 000 000 til kr 113 000 000

1720

Felles leiing og kommandoapparat

1

Driftsutgifter, vert redusert med

24 801 000

frå kr 1 335 460 000 til kr 1 310 659 000

1723

Nasjonal sikkerhetsmyndighet

1

Driftsutgifter, vert auka med

2 000 000

frå kr 77 829 000 til kr 79 829 000

1725

Fellesinstitusjonar og -utgifter under Forsvarsstaben

1

Driftsutgifter, vert redusert med

3 232 000

frå kr 2 541 877 000 til kr 2 538 645 000

50

Overføringar til statsinstitusjonar, kan overførast, vert auka med

42 000 000

frå kr 60 821 000 til kr 102 821 000

70

Renter låneordning, kan overførast, vert redusert med ....

8 000 000

frå kr 8 735 000 til kr 735 000

90

Lån til private, kan overførast, vert redusert med

1 265 000

frå kr 1 265 000 til kr 0

1731

Hæren

1

Driftsutgifter, vert redusert med

60 557 000

frå 4 924 535 000 til kr 4 863 978 000

1732

Sjøforsvaret

1

Driftsutgifter, vert auka med

39 825 000

frå kr 2 991 700 000 til kr 3 031 525 000

1733

Luftforsvaret

1

Driftsutgifter, vert redusert med

107 477 000

frå kr 3 805 608 000 til kr 3 698 131 000

1734

Heimevernet

1

Driftsutgifter, vert redusert med

16 210 000

frå kr 1 173 541 000 til kr 1 157 331 000

1760

Nyskaffing av materiell og nye bygg og anlegg

1

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 1760 postane 45 og 47, vert auka med

38 858 000

frå kr 574 082 000 til kr 612 940 000

45

Større utstyrskaffingar, kan overførast, vert auka med

109 420 000

frå kr 6 514 894 000 til kr 6 624 314 000

47

Nye bygg og anlegg, kan overførast, kan nyttast under kap. 1760 postane 11 og 44, vert auka med

32 000 000

frå kr 0 til kr 32 000 000

48

Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid, fellesfinansiert del, kan overførast,vert redusert med

2 181 000

frå kr 194 000 000 til kr 191 819 000

75

Fellesfinansierte bygg- og anleggsarbeid, Noregs tilskott til infrastruktur­programmet i NATO, kan overførast, kan nyttast under kap. 1760, post 44, vert redusert med .

23 000 000

frå kr 180 000 000 til kr 157 000 000

1790

Kystvakta

1

Driftsutgifter, vert auka med

20 250 000

frå kr 649 217 000 til kr 669 467 000

1791

Redningstenesta

1

Driftsutgifter, vert auka med

30 432 000

frå kr 231 842 000 til kr 262 274 000

1792

Norske styrkar i utlandet

1

Driftsutgifter, vert auka med

30 000 000

frå kr 1 019 074 000 til kr 1 049 074 000

1795

Kulturelle og allmennyttige formål

1

Driftsutgifter, vert auka med

8 328 000

frå kr 142 088 000 til kr 150 416 000

Inntekter:

4720

Felles leiing og kommandoapparat

1

Driftsinntekter, vert redusert med

2 900 000

frå kr 17 197 000 til kr 14 297 000

4725

Fellesinstitusjonar og -inntekter under Forsvarsstaben

1

Driftsinntekter, vert auka med

8 265 000

frå kr 110 011 000 til kr 118 276 000

70

Renter låneordning, vert redusert med

600 000

frå kr 2 200 000 til kr 1 600 000

90

Lån til bustadformål, vert auka med

1 000 000

frå kr 5 000 000 til kr 6 000 000

4731

Hæren

1

Driftsinntekter, vert auka med

67 000 000

frå kr 77 633 000 til kr 144 633 000

II

Bestillingsfullmakter

Stortinget samtykkjer i at Forsvarsdepartementet kan endre bestillingsfullmaktene slik:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

1791

1

vert foreslått auka med

10 000 000

fra kr 66 000 000 til kr 76 000 000

Oslo, i forsvarskomiteen, den 11. desember 2003

Marit Nybakk

leder og ordfører