Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sylvia Brustad, Mette Gundersen og Knut Werner Hansen, frå Høgre, Øyvind Halleraker, Siri A. Meling og Leif Frode Onarheim, frå Framstegspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland og Ingvild Vaggen Malvik, frå Kristeleg Folkeparti, Ingmar Ljones og leiaren Bror Yngve Rahm, og frå Senterpartiet, Inger S. Enger, viser til St.prp. nr. 41 (2003-2004) Utbygging og drift av Ormen Lange og anlegg og drift av Langeled mv. der Ormen Lange blir framstilt som det nest største påviste norske gassfeltet og det første djupvassprosjektet på norsk sokkel. Komiteen er kjent med at Ormen Lange er eit komplisert prosjekt med tunge installasjonar som skal plasserast på ujamn havbotn på 800 til 1 100 meter. Med investeringar på 46,5 mrd. 2003-kroner på gassfeltet og landanlegget samt 19,4 mrd. 2003-kroner til investeringar i røyrleidningen Langeled, vil utbygginga vere med på å oppretthalde investeringsnivået på norsk sokkel fram mot oppstarten i 2007.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartietanser det som viktig at Regjeringen følger investeringene i prosjektet nøye. I dialog med operatøren må Stortinget holdes informert om kostnadsutviklingen.

Komiteen er kjent med at Hydro er operatør i utbyggingsfasen og Norske Shell a/s i driftsfasen.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, viser til brev frå Oljedirektoratet til Olje- og energidepartementet (OED) av 21. januar 2004 om Ormen Lange, som er omtala i til St.prp. nr. 41 (2003-2004), og konkluderer med at prosjektet er lønnsamt og robust.

Eit anna fleirtal, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet, har registrert at det på eit tidlegare tidspunkt var noko konflikt rundt staden man skulle føre i land gassen, dersom ein skulle velje eit landanlegg. Opprinneleg vart 14 stader vurderte, og etter noko tid vart dette redusert til 4, før ein til slutt landa på Nyhamna. Rettshavarane i Ormen Lange gjorde valet på grunnlag av ei samla vurdering av økonomi, arealbeslag som følgje av landterminal, miljø og tryggleik, fi­skeriomsyn og samfunnsmessige verknader. Olje- og energidepartementet slutta seg i brev av 12. juli 2002 til dette, og til at Nyhamna skulle bli behandla i den følgjande konsekvensutredningsprosessen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Sosialistisk Venstreparti regi­strerte i den forbindelse at bl.a. Nopef protesterte på at ingen alternative ilandføringssteder ble konsekvensutredet, slik at Stortinget fikk en reell valgmulighet. Disse medlemmer viser i den forbindelse til spørretimespørsmål fra Øyvind Vaksdal til Olje- og energiministeren 13. november 2002, hvor denne problemstillingen ble tatt opp.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet,har no fått forståing av at Nopef/LO likevel stør Nyhamna som ilandføringsstad, jf. komiteen si opne høyring 23. mars 2004.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser i den sammenheng til komiteens åpne høring 23. mars 2004, der det ble hevdet at dette var et godt valg - og det eneste reelle landalternativ.

Arbeidsplassar i anleggs- og driftsfasen

Komiteen viser til at prosjektet vil ha mykje å seie for sysselsetjinga. Samla gir utbygginga ein utrekna nasjonal sysselsetjingseffekt i anleggsfasen på nærare 60 000 årsverk, fordelt med vel 16 000 årsverk på bygging av landanlegget og nærare 44 000 årsverk på bygging av offshoreanlegga. I driftsfasen vil det verte om lag 100 årsverk. Dette vil gje verdfulle arbeidsplassar og stimulans for næringslivet både i kommunen og regionen. Lokale verksemder kan rekna med å vera viktige leverandørar til prosjektet. Komiteen vil likevel streke under at omfanget av leveransar og sysselsetjingseffektar er bygde på samanlikning med tilsvarande prosjekt, og at dei ikkje kan binde rettshavarane.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, meiner at det er viktig å leggje til rette for vidare utvikling av ei heilskapeleg norsk ressursforvalting, som også fører til at behovet på andre felt for transport og prosessering blir dekt, og fleirtalet stør at landanlegget på Nyhamna i framtida vil kunne nyttast av andre felt, det vil seie andre grupper rettshavarar enn den for Ormen Lange. Departementet vil difor gje ei særskilt løyving til anlegg og drift for landanlegget etter petroleumsloven § 4-3. Fleirtalet seier seg samd i dette.

Bruk av gassen lokalt og regionalt

Komiteen har merka seg at det er inngått avtale mellom rettshavarar og Aukra kommune om at retts­havarar skal bera kostnadene med preinvesteringar for å kunna levera gass i det 4 km lange lågtrykksrøyret som kommunen har ansvar for å leggja.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, er opptekne av at gassen blir teken i bruk innanlands og har merka seg at næringslivet og industrien i regionen har vist stor interesse av å utnytte gassressursane. Ilandføringa av gassen til Nyhamna kan også gje bidrag til å oppretthalde og vidareutvikle lokal industri. Fleirtalet har vidare merka seg at til dømes Hustadmarmor har gitt signal om at dei ønskjer å bruka gassen i produksjonen sin. Fleirtalet har merka seg at Hydro er positiv til å bruka gassen lokalt og regionalt. Fleirtalet vil derfor streke under kor viktig det er at ein allereie på dette tidspunktet legg tilhøva til rette for distribusjon av gassen både som energikjelde og som råstoff.

Komiteenviser også til departementet sine opplysningar om at prosjektet også vil foreta ei tilrettelegging på landanlegget for å kunne forsyne høgtrykks­gass til regionen frå landanlegget, og at ein med dette slepp kompliserte og kostbare grunnlagsinvesteringar seinare.

Komiteen viser også til opplysningane frå departementet om at prosjektet ikkje har lagt inn planar om å ferdigstille systemet inne på landanlegget for å kunne levere gass inn på eit regionalt høgtrykksnett. Denne kostnaden på om lag 25 mill. kroner meiner komiteen burde bli lagt inn i prosjektet.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, forventar at gassprisane på ilandføringsstaden synleggjer at transportkostnadene der er lågare enn ved distribusjon til konti-nentet.

Komiteenmeiner at til dømes pris ikkje hindrar lokal utnytting av gassen. Komiteenviser til at departementet i brev til komiteen 29. mars 2004 skriv at til dømes lokale brukarar på Kollsnes ikkje betalar transporttariff knytt til eksportrøyrleidningane for gassen dei kjøper.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at kraftbehovet til anlegget planlegges dekket ved strøm fra det ordinære forsyningsnettet. Det er allerede i dag mangel på effekt i regionen, og Statnett planlegger derfor nye kraftforsyningslinjer til Nyhamna, noe som medfører betydelige kostnader. Prosjektet vil også ytterligere svekke den fra før av alvorlige ubalanse mellom tilbud og etterspørsel i det norske og nordiske kraftmarkedet og bidra til at man øker importen av kraft fra andre land, kraft som ofte er produsert i forurensende kull- eller atomkraftverk.

Disse medlemmer synes det er underlig at et slikt anlegg med slike enorme mengder energi, må hente kraft fra det ordinære kraftsystemet som må transporteres over lange avstander. Denne paradoksale og uforståelige "energipolitikk" skyldes igjen at det ikke er politisk korrekt i dette landet å utnytte gassressursene til kraftproduksjon. Bruk av gass ses på i resten av Europa som god miljøpolitikk, mens man i Norge betrakter dette som forurensning.

Disse medlemmer hadde derfor sett det som en stor fordel at man la til rette for kraftproduksjon basert på gass i regionen, noe som både vil styrke forsyningssikkerheten, bedre kraftbalansen og sist - men ikke minst - betydelig forbedre effekten i regionen.

Disse medlemmer viser videre til den mangeårige politiske ørkenvandring som Stortingets flertall har bedrevet, og som har hindret nødvendig kraftutbygging basert både på vann og gass. Til tross for utallige advarsler fra vår fremste ekspertise på området som NVE og Statnett, så har flertallet vendt det døve øret til og aktivt hindret nødvendig produksjonsøkning. Resultatet av dette er at gapet mellom tilbud og etterspørsel på kraft øker for hvert år, noe som medvirker til prisøkning, samt øker faren for utkobling og rasjonering. Vinteren i fjor viste at systemet var i ferd med å bryte sammen som følge av mange års politisk handlingslammelse.

Disse medlemmer vil som tidligere ta til orde for ytterligere vannkraftutbygging der dette ikke har alvorlige konsekvenser for naturen, i tillegg til opprustning og utvidelser av eksisterende anlegg. Forholdene må også legges langt bedre til rette for små-, mini- og mikrokraftverk. I tillegg må man legge til rette for kraftproduksjon basert på gass.

Disse medlemmer viser i den forbindelse til Dokument nr. 8:62 (2003-2004) (levert 31. mars 2004) om en tiltaksplan for bygging av gasskraftverk i Norge med samme krav til CO2-håndtering som i EU. Et stort flertall i Stortinget, bestående av Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Høyre, vedtok 9. mars 2000 at norske gasskraftverk ikke skulle ha strengere utslippskrav enn andre i EØS-området. Etter dette har lite skjedd. Årsaken til dette er flere, men i tillegg til høy gasspris ser det ut til at aktørene mener usikkerhet rundt fremtidige utslippskrav og negative politiske signaler er de viktigste årsaker til ikke å foreta investeringsbeslutning.

Disse medlemmer viser til at Stortingets flertall nå tror at satsing på gasskraftverk med CO2-håndtering er veien å gå, til tross for at det i dag ikke finnes teknologi på dette området som er kommersielt forsvarlig. Vår fremste ekspertise på området hevder også at det vil ta mange år før dette eventuelt er på plass. Regjeringen har fått med seg Sosialistisk Venstreparti og Arbeiderpartiet på en målsetning om at det alt vesentligste av reduksjonene i utslipp av såkalte klimagassutslipp skal tas nasjonalt. Selv om Arbeiderpartiet hevder at de er tilhengere av gasskraft med konvensjonell teknologi, så henger ikke dette sammen med partiets målsetninger i klimameldingen.

Disse medlemmer håper at Stortinget nå er seg sitt ansvar bevisst og støtter Fremskrittspartiets forslag, slik at vi får ryddet opp i alle disse uklare og negative politiske signaler som hindrer at aktørene bygger gasskraftverk, og at vi derigjennom får den nødvendige produksjonsøkning av strøm.

Når det gjeld energiforsyninga i regionen og i nasjonen, viser elles komiteen til behandlinga av St.meld. nr. 18 (2003-2004) "Om forsyningssikkerhet for strøm mv." når det gjeld tiltak for å sikre energiforsyninga.

Arkeologiske verdiar

Komiteenviser til at kvalstasjonen i Nyhamna er eit kulturminne som både har stor lokal verdi og er ein viktig del av vår nasjonale historie.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, har merka seg at utbyggjarane gjennom heile planfasen har vore i ein open dialog med kulturminnestyresmaktene og finansiert kostnadene ved kartlegginga av kvalstasjonen si historie. Dette fleirtalet har vidare merka seg at utbyggjaren har lagt vekt på å nå ein god miljøprofil og vil ved anleggsstarten sørgje for å sikre området mot inngrep ved inngjerding. Samstundes skal viktige landskapselement som strandsona i Gildernessanden sikrast for framtida etter at dei kan verte nytta i anleggsfasen. Ein slik bruk skal avtalast med fylkeskonser-vatoren før iverksettinga.

Erstatning for ulemper

Komiteen viser til at erstatningsspørsmål er ordna gjennom minnelege avtalar og ser dette som positivt.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, har merka seg at kjøp av grunn og eigedomar i samband med utbygginga har skjedd gjennom minnelege avtalar utan bruk av ekspropriasjon. Tap av båt- og naustplass skal ordnast med friviljug skjønn dersom det ikkje kan ordnast gjennom minnelege avtalar.

Omsyn til ytre miljø

Komiteen er kjent med at Hydro har gjort ei kartlegging av sjøbotnen i samband med traséval for røyrleidningen inn til Nyhamna og Langeled. Røyrleidningane vil passere viktige fiskefelt utanfor kysten av Møre og Nordsjøen. Komiteen er kjent med at traseen er tilpassa for å unngå konflikt med fi­skeria og kartlagde korallførekomstar.

Sjølv om Ormen Lange-feltet ligg på svært djupt vatn med lite fiskeaktivitet, stør komiteen planane utbyggjaren har om å gjere brønnrammene ute på feltet overtrålbare og verna mot fallande last. Komiteen vil streke under det viktige arbeidet som utbyggjaren gjer med å redusere frie spenn på røyrleidningar i trålfiskeområde som er grunnare enn 500 meter.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, viser til at sidan Ormen Lange hovudsakleg er eit gassfelt, vil det vere lite utslepp av produsert vatn. Fleirtalet er kjent med at det produserte vatnet vil bli reinsa i eit biologisk reinseanlegg på Nyhamna for fjerning av miljøgifter før utslepp til sjø etter løyving frå SFT.

Fleirtalet er kjent med at operatøren vil arbeide med handlingsplanar basert på faren for akuttutslepp. Sidan dette framfor alt er eit gassfelt og kondensatet i feltet dampar bort raskare enn olje, vil konsekvensane ved eit utslepp vere små.

Auka aktivitet vil føre til auka skipstransport på Romsdalskysten, og komiteen meiner det er viktig at det blir utarbeidd gode handlingsplanar for å sikre seg ved eventuelle uhell.

Vidare vil komiteenpeike på at Aukra kommune ber om at det blir etablert rutinar for å informere om aktiviteten ved anlegget både i anleggs- og driftsfasen og i samband med uforutsette hendingar, og stør dette kravet.

Fullmakt til Petoro

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, viser til at departementet i proposisjonen ber om at Petoro på vegne av SDØE-delane i prosjektet kan ta på seg plikter utover løyvingane under kap. 2440/5440 i statsbudsjettet for 2004 av omsyn til at staten skal hjelpe til med å sikre ei god framdrift i transaksjonane, redusere forretningsmessig uvisse for andre rettshavarar og til å halde ved lag forretningsmessig konfidensialitet i transaksjonane. Fleirtalet stør dette og reknar med at bruk av desse fullmaktene på vanleg måte blir rapporterte til Stortinget i den årlege nysalderingsproposisjonen, og at løyvingsmessige verknader av bruk av fullmaktene vil bli innarbeidd i dei vanlege budsjettframlegga.

Langeled

Komiteen stør planane for utbygging av Langeled.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, er kjent med at Langeled vil transportere gass frå landingsanlegget i Nyhamna, via eit tilknytingspunkt på Sleipner stige­røyrsplattform til ny mottaksterminal i Easington på austkysten av England. Røyrleidningen frå Nyhamna til Sleipner er planlagd å bli sett ut i drift i oktober 2007.

Merknader frå Sosialistisk Venstreparti

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti er einige i at prosjekta Ormen Lange og Langeled vil ha store nasjonale verknader.

Desse medlemene er opptatte av å forvalte olje- og gassressursane på eit langsiktig grunnlag, der både samfunnsøkonomiske, miljø- og tryggingsmessige, industrielle og teknologiske vurderingar vert lagt til grunn for viktige avgjerder.

Det uroar derfor desse medlemene at utbygginga av det nest største gassfeltet i Noreg, med ei samla investeringsramme på 65,9 mrd. kroner, ikkje blir gjort på ein ryddigare, grundigare og meir demokratisk måte.

Desse medlemene vil peike på at avgjerande vegval og avgjerder synest å vere tekne lenge før Stortinget får saka lagt fram til behandling.

St.prp. nr. 41 (2003-2004) vert fremja og handsama i eit uforsvarlig høgt tempo. Spesielt er det grunn til å innvende at behandlinga i Stortinget er framskunda frå opphaveleg dato den 27. april til den 2. april 2004. Det fører til at vedtak vert fatta berre ein og ein halv månad etter at Stortinget har fått proposisjonen lagt fram for seg frå Regjeringa.

Ei slik hurtig behandling av ei særs stor, kompleks og vanskeleg sak gjer det i praksis umogeleg for Stortinget å etterprøve departementet si vurdering om at "utbyggingen av Ormen Lange er et samfunnsøkonomisk lønnsamt og robust prosjekt". Til det er avgjerdsgrunnlaget for tynt, dei manglande konsekvensvurderingane for openberre og svarlause spørsmål for mange.

Desse medlemene stiller seg tvilande til om denne forma for saksbehandling representerer ei forvalting av våre gassressursar til beste for samfunnet og komande generasjonar, i tråd med Petroleumsloven.

Desse medlemene viser til opplysningar i media, mellom anna i Adresseavisen 4. desember 2003, om kostnadssprekk for Ormen Lange. Samla investeringsramme vart av Hydro i desember 2002 opplyst å liggje på ca. 40 mrd. kroner. I proposisjonen har ramma vakse til nærare 66 mrd. kroner. Dei historiske erfaringane med økonomiske overskridingar på store olje- og gassprosjekt, bør tilseie varsemd og flid i saksbehandlinga, og ein avgjerdsprosess prega av innsyn, openheit og reell vurdering av alternative løysingar.

Desse medlemene vil peike på manglande konsekvensutgreiing av ei rekkje tilhøve knytt til prosjekta. Det gjeld både val av alternative løysingar for prosessering offshore og ei reell utgreiing av Tjeld­bergodden som alternativ ilandføringsstad til Nyhamna på Aukra. I tillegg er det grunn til å trekkje fram at store offentlege investeringar i infrastrukturen ikkje er næ­rare utgreidd i proposisjonen.

Desse medlemene viser til opplysninga frå departementet i proposisjonen om at det i 2002 vart fatta vedtak om at Ormen Lange skulle byggjast ut på basis av ilandføring av gassen.

"Alternativet hvor gass og kondensat ble behandlet og skilt på plattform og gassen sendt direkte i en eksportrørledning ble ansett for å være en dårlig løsning."

Dette grunnleggjande valet, som ikkje er førelagt Stortinget til vurdering, vert ikkje grunngjeve nærare.

Desse medlemene viser også til den korte grunngjevinga for valet av Nyhamna som ilandføringsstad.

På Tjeldbergodden er det allereie investert i ein industriell infrastruktur for ilandføring og prosessering av gass. På Aukra må alle anlegg byggjast opp frå grunnen. Desse medlemene stiller seg derfor sterkt kritisk til at departementet 12. juli 2002 slutta seg til avgjerdene til rettshavarane om at berre Nyhamna skulle handsamast i den vidare avgjerdsprosessen.

Desse medlemene er opptekne av at alternative løysingar må utgreiast før eit så stort vedtak blir fatta, og viser til ei vurdering gjort av Norsk Institutt for by- og regionsforskning (NIBR) om plikta til å greie ut fleire alternativ. NIBR skriv i sin konklusjon:

"Det at bare ett alternativ er gjort rede for i konsekvensutredingen for ilandføringen fra Orme Lange representerer et brudd på plan- og bygningslovens bestemmelser om at aktuelle alternativer skal gjøres rede for. Det er også et brudd på den normen at Stortinget skal gis anledning til å ivareta viktige samfunnshensyn i saker der det står strid om disse."

Desse medlemene sluttar seg til denne vurderinga.

Desse medlemene viser også til at viktige offentlege kostnader til utbygging og drift av infrastruktur på land ikkje er tekne med i konsekvensutgreiinga og knapt er omtala i proposisjonen.

Det er spesiell grunn til å trekkje fram den nye kraftforsyninga som må byggjast, der det går føre seg ei parallell konsesjonshandsaming med konsekvensutgreiingar av Statnett.

Omfattande investeringar i kraftnett er ei direkte følgje av valet av Nyhamna som ilandføringsstad for Ormen Lange, utan at konsekvensane er nærare vurderte i proposisjonen. Det gjeld to nye 420 Kv kraftlinjer (Istad-Nyhamna og Ørskog-Nyhamna), høvesvis hovudforsyning og reserverforsyning. Desse kraftleidningane har ei investeringsramme på ca. 1 mrd. kroner. I tillegg skal Statnett byggje ei ny line frå Viklandet til Istad.

Totalt er dei kalkulerte investeringane i kraftnettet no om lag 1,5 mrd. kroner, i samsvar med opplysningar i brev frå statsråden den 26. mars 2004. Av dette reknar Statnett at investeringane på 950 mill. kroner direkte skuldast Ormen Lange.

Til samanlikning vil alternativ utbygging ved Tjeldbergodden krevje ein trong til ei ny line frå Trollheimen til 250 mill. kroner som det allereie er ei godkjend konsekvensutgreiing for.

Hydro som operatør og Statnett er i ferd med å framforhandle ei avtale om anleggsbidrag. Det omfattar berre ny transformatorstasjon på Nyhamna der anleggsbidrag skal dekkje inn kostnadsforskjellen mellom Statnett si løysing og løysinga utbyggjaren føre­trekkjer.

Desse medlemene konstaterer at eventuelt ytterlegare anleggsbidrag ikkje er avklart før vedtak i Stortinget om Ormen Lange. Det visast til opplysningar i brevet frå statsråden:

"Når det gjelder eventuelt anleggsbidrag for andre deler av investeringen i forbindelse med Ormen Lange, er dette ikke endelig avklart: Dette spørsmålet vil bli behandlet sammen med investeringsbeslutningen i Statnetts styre."

Denne milliardinvesteringa medfører ei kraftig utbygging av sentralnettet i regionen. Etter vår erfaring vil vala som Statnett og Hydro har teke med omsyn til kraftforsyning, bli ei offentleg investering i milliardklassen som i stor grad vil bli fordelt på det norske folk.

Det er også grunn til å peike på at utbygging av Ormen Lange vil auke kraftforbruket med omtrent 2-2,6 TWh - i eit område som allereie har stor underdekking av kraft, og der det frå før av er ein monaleg trussel om rasjonering i tørrår.

Det er vidare grunn til å spørje om val av ny 420 Kv kraftlinje også som reserveforsyning, i staden for å vidareutvikle eksisterande line, er ei god løysing for næringslivet i Ytre Romsdal. Det kan verke som om kraftnettet i området vert dimensjonert for ei framtidig bygging av gasskraftverk, utan at dette vert omtala i proposisjonen.

Desse medlemene meiner store følgjeinvesteringar må belastast utbyggjaren og ikkje samfunnet elles. Kostnader ved nettutbygging skal i prinsippet førast på den som utløyser kostnaden gjennom anleggsbidrag.

Desse medlemene ønskjer derfor at også m.a. kraftforsyninga, som ei direkte følgje av ilandføringsvalet, må konsekvensutgreiast nærare før vedtak om Ormen Lange og Langeled blir fatta.

Desse medlemene meiner at andre alternativ der gass og kondensat behandlast og utskiljast direkte offshore før gassen blir send i eksportrøyrleidning til England, og eit alternativ med ilandføring og prosessering på Tjeldbergodden, må konsekvensutgreiast. I desse utgreiingane må også miljø- og samfunnsmessige konsekvensar og industrielle høve vurderast.

Desse medlemene gjer på denne bakgrunnen følgjande framlegg:

"Stortinget utset behandlinga av St.prp. nr. 41 (2003-2004) og ber Regjeringa fremje sak med konsekvensutgreiing av to alternativ i tillegg til ilandføring på Nyhamna i Aukra, samt ein heilskapleg samfunnsøkonomisk analyse av dei tre alternativa."

"Stortinget ber Regjeringa om å greie ut om dei prinsipielle sidene av at Stortinget ikkje har fått lagt fram for seg dei totale infrastrukturinvesteringane knytt til Ormen Lange når vedtak blir fatta."