Forslag frå mindretal

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 1

Stortinget utset behandlinga av St.prp. nr. 41 (2003-2004) og ber Regjeringa fremje sak med konsekvensutgreiing av to alternativ i tillegg til ilandføring på Nyhamna i Aukra, samt ein heilskapleg samfunnsøkonomisk analyse av dei tre alternativa.

Forslag 2

Stortinget ber Regjeringa om å greie ut om dei prinsipielle sidene av at Stortinget ikkje har fått lagt fram for seg dei totale infrastrukturinvesteringane knytt til Ormen Lange når vedtak blir fatta.