Samandrag

Det blir i proposisjonen fremja forslag om regulering av grunnbeløpet i folketrygda og om auka løyvingar på statsbudsjettet for 2004 som følgje av dette.

Det blir gjort greie for drøftingane mellom staten, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg som blei haldne 26. og 27. mai 2004. Regjeringa og Norsk Pensjonistforbund og Landsorganisasjonen i Noreg vart samde om auken i folketrygdas grunnbeløp. Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon valde å ikkje tiltre avtalen.

Det blir uttala at staten i drøftingane har teke utgangspunkt i retningslinjene for regulering av pensjonistane sine inntekter som Stortinget vedtok 28. mai 2003, jf. Innst. S. nr. 223 (2002-2003) og Stortinget si handsaming av trygdeoppgjeret i 2003.

Organisasjonane fremja eit samla krav om oppregulering av grunnbeløpet som innebar ei årslønsvekst for pensjonistane på 3,75 prosent.

Staten, Norsk Pensjonistforbund og LO vart samde om å auke folketrygdas grunnbeløp med 1 917 kroner til 58 778 kroner. Dette gir ei auke i gjennomsnittleg grunnbeløp frå 2003 til 2004 på 3,89 prosent som svarer til ei årslønsvekst på 3,55 prosent frå 2003 til 2004.

Pensjonen for dei einslege minstepensjonistane vil etter framlegget auke med 3 444 kroner per år til 105 408 kroner per år. For eit minstepensjonistektepar vil pensjonen auke med 9 048 per år til 190 248 kroner per år. Utrekninga tek omsyn til at grunnpensjonen for ektepar og sambuande auka frå 0,8 G til 0,825 G frå 1. mai 2004.

Meirutgiftene ved framlegget vert på om lag 3 250 mill. kroner. I tillegg kjem auka utgifter til statspensjonane, jf. St.prp. nr. 72 (2003-2004).

Tabellen nedanfor syner utviklinga i minstepensjonane og pensjonane for unge uføre frå 1. januar 1990 etter forslaget til pensjonsregulering.

Utvikling av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre i perioden 01.01.90-30.04.05. (Hele kroner)

Minstepensjon

Unge uføre fødde før

Einslege

Ektepar

1941

Per år

Per mnd

Per år

Per mnd

Per år

Per mnd

1.01.90-30.04.90

51 839

4 320

83 972

6 998

56 748

4 729

1.05.90-30.11.90

54 220

4 518

87 960

7 330

58 980

4 915

1.12.90-30.04.91

54 378

4 532

88 217

7 351

65 2901

5 4411

1.05.91-30.04.92

56 978

4 748

92 158

7 680

75 6882

6 3072

1.05.92-30.04.93

58 583

4 882

94 752

7 896

85 7753

7 1483

1.05.93-31.12.93

59 868

4 989

96 816

8 068

87 6484

7 3044

1.01.94-30.04.94

59 868

4 989

101 0885

8 4245

87 6484

7 3044

1.05.94-31.12.94

61 116

5 093

103 200

8 600

89 4844

7 4574

1.01.95-30.04.956

61 512

5 126

103 992

8 666

89 4844

7 4574

1.05.95-30.04.96

63 372

5 281

107 136

8 928

92 184

7 682

1.05.96-30.04.97

66 240

5 520

111 984

9 332

96 360

8 030

1.05.97-30.04.987

69 360

5 780

117 456

9 788

105 672

8 8018

1.05.98-30.04.999

81 360

6 780

140 040

11 670

112 752

9 396

1.05.99-30.04.00

84 204

7 017

144 912

12 076

116 676

9 723

1.05.00-30.04.01

88 032

7 336

151 512

12 626

121 992

10 166

1.05.01-30.04.02

92 100

7 675

158 520

13 210

127 632

10 636

1.05.02-30.04.03

97 140

8 095

167 208

13 934

134 616

11 218

1.05.03-30.04.04

101 964

8 497

181 20010

15 100

141 300

11 775

1.05.04-30.04.05

105 408

8 784

190 24811

15 854

146 064

12 172

1 Frå 1.1.1991

2 Frå 1.1.1992

3 Frå 1.1.1993 (Pga. hevinga av aldersgrensa)

4 Fødde før 1943 (1.1.26-31.12.42)

5 Heving av sats for særtillegget for ektepar frå 01.01.94. Ny sats 2x60,5 prosent av grunnbeløpet, dvs. dobbelt av ordinær sats og ny minstesats.

6 Heving av særtilleggssatsen frå 01.01.95. Ordinær sats utgjorde 61,55 prosent av grunnbeløpet.

7 Heving av særtilleggssatsen frå 01.05.97. Ordinær sats utgjer 63,2 prosent av grunnbeløpet (minstesats 57,5 prosent).

8 Auking av garantert poengtall frå 3 til 3,3.

9 Heving av særtilleggssatsen frå 01.05.98. Ordinær sats utgjer 79,33 prosent av grunnbeløpet, medan minstesats utgjer 74 prosent av grunnbeløpet.

10 Utrekninga tek utgangspunkt i at grunnpensjonen for ektepar er auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003

11 Utrekninga tek utgangspunkt i at grunnpensjonen for ektepar er auka frå 0,8 G til 0,825 G frå 1. mai 2004

Kjelde: Rikstrygdeverket

Frå 2002 til 2003 auka grunnbeløpet, tilleggspensjonane og minstepensjonen for einslege med 5,1 prosent og med 7,4 prosent for ektepar. Ifølgje Det tekniske berekningsutvalet for inntektsoppgjera var lønsveksten frå 2002 til 2003 4,5 prosent for alle grupper under eitt.

I Revidert nasjonalbudsjett 2004 er det lagt til grunn ein gjennomsnittleg vekst i løningane frå 2003 til 2004 på om lag 3,75 prosent for alle grupper under eitt. Det blir peikt på at mange av dei sluttførte lønsoppgjera har hatt ei ramme for årslønsveksten på om lag 3,5 prosent, og Regjeringa har difor valt å leggje 3,5 prosent vekst til grunn for reguleringa av grunnbeløpet i folketrygda når veksten er korrigert for etterslepskomponentane frå 2003.

Det blir i proposisjonen gjort greie for dei særlege skattereglane for pensjonistar som i 2004 i hovudsak er ei vidareføring av skattereglane frå 1992.

Reguleringa har òg konsekvensar for krigspensjoneringa, og for 2004 blir det rekna med meirutgifter på 6 mill. kroner for krigspensjoneringa for militærpersonar og på 15 mill. kroner for krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar. Krigspensjon blir samordna med pensjonar frå folketrygda. Det blir gjort framlegg om at løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering aukar med 21 mill. kroner for 2004.

På bakgrunn av at avtalefesta pensjon og pensjonstrygda for sjømenn skal regulerast i høve til ytingane frå folketrygda, blir det gjort framlegg om at statstilskottet til avtalefesta pensjon (kap. 666 post 70) aukar med 16 mill. kroner. og at løyvinga til pensjonstrygda for sjømenn (kap. 664 post 70) aukar med 13 mill. kroner.

Det blir rekna med at det er eit meirbehov under attføringspengar på 196 mill. kroner grunna auken i grunnbeløpet. Det vert difor gjort framlegg om å auke løyvinga for 2004 under kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring post 70 Attføringspengar med 196 mill. kroner.

Det blir i proposisjonen gjort greie for endringar i den sjablongutrekna levekostnadsfaktoren som blir nytta ved utrekning av attføringsstønad. Budsjettverknaden på kap. 2543 Ytingar til yrkesretta attføring post 71 Attføringsstønad er anslått til å vere så låg at det ikkje gir grunnlag for å endra løyvinga for 2004.