Sammendrag

I denne proposisjonen legg Barne- og familiedepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2004.

Kap. 800 Barne- og familiedepartementet

Post 21 Spesielle driftsutgifter

På kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 21 Spesielle driftsutgifter er det eit meirbehov på 0,85 mill. kroner som kjem av at tiltak av mellombels karakter i realiteten vert utført av departementet, men vert finansiert over ulike fagkapittel. Tiltaka vert såleis dekte innanfor den samla ramma til departementet. Det gjeld mellom anna midlar til ei ekspertgruppe som skal arbeide med revisjon av rammeplanen for barnehagar og nasjonale ekspertar. Ei slik teknisk overføring inneber ikkje ei svekking av dei faglege føremåla i kapitla.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 21 med 0,85 mill. kroner mot ei innsparing på 0,6 mill. kroner på kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid post 21 Spesielle driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysningsarbeid, 0,2 mill. kroner frå kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 1 Driftsutgifter og 0,05 mill. kroner frå kap. 840 Tilskot til krisetiltak, post 21 Spesielle driftsutgifter.

Kap. 842 Statleg forvaltning av barnevernet

Post 1 Driftsutgifter, kan nyttast under post 70

Departementet gjer framlegg om å omdisponere 1,4 mill. kroner frå kap. 841 Familievern og konfliktløysing post 70 Utviklings- og opplysningsarbeid o.a. Midlane skal nyttast til å dekkje utgifter knytte til IKT i familievernet.

Kap. 844 Kontantstønad

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Løyvinga til kontantstøtte vart auka med 193 mill. kroner til 3 045 mill. kroner i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett. Rikstrygdeverket reknar med at det er behov for å auke løyvinga med ytterlegare 85 mill. kroner. Overslaget er basert på tal ved utgangen av tredje kvartal.

Meirbehovet ut over løyvinga i revidert budsjett kjem av at fleire barn er med i ordninga enn tidlegare berekna, ettersom det er fleire eitt- og toåringar og at langt færre av dei går i barnehage i 2004 enn måltalet i budsjettet på 8 000 plassar.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 844 Kontantstønad post 70 Tilskot, med 85 mill. kroner.

Kap. 845 Barnetrygd

Post 70 Tilskot, overslagsløyving

Utbetalingane til barnetrygd følgjer av gjeldande barnetrygdsatsar og dei demografiske variasjonane for aldersgruppa 0-18 år. Utgiftene i år vert etter overslag frå Rikstrygdeverket om lag 54 mill. kroner høgare enn løyvinga i saldert budsjett. Til saman utgjer dette rundt 5 670 fleire barnetrygder. Utgiftene til småbarnstillegg til einslege forsørgjarar med barn under 3 år og Finnmarks-tillegget ser derimot ut til å verte lågare enn tidlegare føresett.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 845 Barnetrygd post 70 Tilskot, med 54 mill. kroner.

Kap. 852 Adopsjonsstønad

Post 70 Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving

Posten dekkjer tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet på 23 400 kroner per barn.

Barne-, ungdoms- og familieetaten (Bufetat) legg i sine prognosar per 1. oktober 2004 opp til at det vert utbetalt eingongsstønad for 770 adopsjonar i 2004. Dei viktigaste årsakene til behovet for ekstra midler i år er blant anna at det kom store grupper adoptivbarn frå Kina til Noreg mot slutten av 2003. Det er behov for ei tilleggsløyving i 2004 på 2 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om å auke kap. 852, post 70 med 2 mill. kroner.

Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 64 Tilskot til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, overslagsløyving

Posten dekkjer det særskilte tilskotet til kommunane på 99 700 kroner per barn per år, og refusjon av kommunen sine barnevernsutgifter til einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar. Talet på einslege mindre­årige flyktningar og asylsøkjarar som kjem til landet i 2004, er venta å verte om lag 300.

Det er behov for ei tilleggsløyving i 2004 på 94,6 mill. kroner. Departementet gjer framlegg om å auke kap. 854 post 64 med 94,6 mill. kroner.

Kap. 3854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet

Post 4 Refusjon av ODA-godkjente utgifter

Visse innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan etter OECD/DACs (Development Assistance Comitee) statistikkdirektiv godkjennast som offisiell utviklingshjelp.

Færre einslege mindreårige flyktningar og asyl­søkjarar kjem til landet no. Det fører òg til at færre vert busette i løpet av fyrste året. Departementet gjer framlegg om å redusere kap. 3854 post 4 med 6 mill. kroner.

Kap. 855 Statleg forvaltning av barnevernet

Post 70 Tilskot til kjøp av plassar, tiltak, o.a., kan nyttast under post 1

På kap. 855 post 70 er det eit meirbehov på om lag 38,3 mill. kroner i 2004. Meirbehovet vert dekka gjennom tilsvarande mindreforbruk på postane 21 og 45.

Departementet gjer framlegg om å auke kap. 855 post 70 med 38,3 mill. kroner for 2004. Departementet gjer òg framlegg om at kap. 855 post 21 vert redusert med 32,3 mill. kroner og kap. 855 post 45 vert redusert med 6 mill. kroner.

Kap. 3855 Statleg forvaltning av barnevernet

Post 60 Kommunale eigendelar

Inntektene i 2004 er lågare enn tidlegare berekna. Det kjem i hovudsak av overgang frå fylkeskommunale rekneskapsprinsipp til statens kontantprinsipp.

Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 3855 post 60 med 187 mill. kroner for 2004.

Kap. 856 Barnehagar

Post 61 Investeringstilskot, overslagsløyving

Statstilskotet er eit øyremerkt tilskot til kommunane til bygging av nye plassar i vanlege barnehagar.

Løyvinga i saldert budsjett bygde blant anna på eit venta måltal på nye plassar til 12 000 barn og avkorting på grunn av momskompensasjon. Det ligg ikkje an til å nå måltalet. Likevel er venta behov for 2004 rekna til 388 mill. kroner, 170 mill. kroner meir enn løyvinga i saldert budsjett.

Det er fleire årsaker til meirbehovet. Det er m.a. truleg at ein større del av utbetalt tilskot i 2004 gjeld barnehagar som vart etablerte i 2003.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 856 post 61 med 170 mill. kroner for 2004.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

Post 21 Spesielle driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysningsarbeid

Sjå omtale under kap. 800 post 21, kap. 865 post 79 og kap. 867 post 1.

Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid

Post 79 EUs rammeprogram for forbrukartiltak, kan overførast

Løyvinga på posten dekkjer kostnadar ved deltaking i EU sitt rammeprogram for forbrukarpolitikk. Fordi dei årlege bidraga varierer med svingingar i eurokurs, faktisk aktivitet under programmet og med endeleg EØS-budsjett, er det vanskeleg å fastsetje rett løyving for det enkelte budsjettåret.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 865 post 79 med 0,51 mill. kroner mot ei innsparing på 0,51 mill. kroner på kap. 865 post 21.

Kap. 867 Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Marknadsrådet

Post 1 Driftsutgifter

Sekretariatet for Forbrukartvistutvalet og Mark­nadsrådet har behandla langt fleire og større saker enn tidlegare år.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 867 post 1 med inntil 0,25 mill. kroner mot tilsvarande innsparing på kap. 865 post 21.

Kap. 2530 Fødselspengar og adopsjonspengar

Post 70 Fødselspengar til yrkesaktive, overslagsløyving

Løyvinga til fødselspengar vart auka med 275 mill. kroner til 8 931 mill. kroner i samband med behandlinga av revidert nasjonalbudsjett. Tal frå utgangen av tredje kvartal tyder på ein ytterlegare auke i utgiftene på 69 mill. kroner, hovudsakeleg fordi ca. 1 030 fleire barn under eitt år enn berekna er med i revidert budsjett.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2530 post 70 med 69,31 mill. kroner.

Post 71 Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving

Løyvinga til eingongsstønad er på 404,745 mill. kroner. Sidan det er færre barn med eingongsstønad enn venta i saldert budsjett, er utgiftsoverslaget nedjustert til 400 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2530 post 71 med 4,745 mill. kroner.

Post 72 Feriepengar av fødselspengar til arbeidstakarar, overslagsløyving

Utbetalingane av feriepengar var ved utgangen av tredje kvartal på om lag 250 mill. kroner, 4,6 mill. kroner meir enn løyvt i saldert budsjett. Etter erfaring er alle utbetalingar gjorde på det tidspunktet.

Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 2530 post 72 med 4,634 mill. kroner.

Post 73 Adopsjonspengar, overslagsløyving

Rekneskapstal ved utgangen av tredje kvartal tyder på at utgiftene til adopsjonspengar vert noko lågare enn løyvinga på 151,194 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om å redusere løyvinga under kap. 2530 post 73 med 9,194 mill. kroner.