Innstilling frå sosialkomiteen om trygdeoppgjeret 2005

Dette dokument

Til Stortinget

Samandrag

Det blir i proposisjonen fremja forslag om å regulere grunnbeløpet i folketrygda og å auke dei løyvingane på statsbudsjettet for 2005 som blir påverka av reguleringa.

Det blir gjort greie for drøftingane mellom staten, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg som blei haldne 24. og 25. mai 2005. Regjeringa og dei tre organisasjonane vart samde om å auke grunnbeløpet med 1 921 kroner frå 1. mai 2005.

Det blir uttala at staten i drøftingane har teke utgangspunkt i retningslinjene for regulering av pensjonistane sine inntekter som Stortinget vedtok 28. mai 2003, jf. Innst. S. nr. 223 (2002-2003).

Organisasjonane fremja eit krav om oppregulering av grunnbeløpet med 2 142 kroner frå 1. mai 2005 som innebar ei årslønsvekst for pensjonistane på 3,5 prosent. Statens tilbod på ein auke på 1 920 kroner innebar ei årslønsvekst for pensjonistane på 3,3 prosent.

Staten, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og Landsorganisasjonen i Noreg vart samde om å auke folketrygdas grunnbeløp med 1 921 kroner til 60 699 kroner frå 1. mai 2005. Det gir ein vekst i grunnbeløpet på gjennomsnittleg 3,3 prosent frå 2004 til 2005.

Etter framlegget aukar pensjonane til einslege minstepensjonistar med 3 444 kroner per år til kr 108 852 per år. For ektepar der begge er minstepensjonistar, aukar pensjonen med 9 264 kroner per år til 199 512 kroner per. år. Utrekninga tek omsyn til at grunnpensjonen for ektepar og sambuande pensjonistar frå 1. mai 2005 auka frå 0,825 G til 0,85 G for kvar pensjonist.

Meirutgiftene ved framlegget vert på om lag 3 340 mill. kroner. I tillegg kjem auka utgifter til statspensjonane, jf. St.prp. nr. 73 (2004-2005).

Tabellen nedanfor syner utviklinga i minstepensjonane og pensjonane for unge uføre frå 1. januar 1990 etter forslaget til pensjonsregulering.

Utvikling av minstepensjonane og pensjonane for unge uføre i perioden 1. januar 1990-30.april 2006. Kroner

Minstepensjon

Unge uføre fødde før 1941

Einslege

Ektepar

Per år

Per mnd

Per år

Per mnd

Per år

Per mnd

1.01.90-30.04.90

51 839

4 320

83 972

6 998

56 748

4 729

1.05.90-30.11.90

54 220

4 518

87 960

7 330

58 980

4 915

1.12.90-30.04.91

54 378

4 532

88 217

7 351

65 2901

5 4411

1.05.91-30.04.92

56 978

4 748

92 158

7 680

75 6882

6 3072

1.05.92-30.04.93

58 583

4 882

94 752

7 896

85 7753

7 1483

1.05.93-31.12.93

59 868

4 989

96 816

8 068

87 6484

7 3044

1.01.94-30.04.94

59 868

4 989

101 0885

8 4245

87 6484

7 3044

1.05.94-31.12.94

61 116

5 093

103 200

8 600

89 4844

7 4574

1.01.95-30.04.956

61 512

5 126

103 992

8 666

89 4844

7 4574

1.05.95-30.04.96

63 372

5 281

107 136

8 928

92 184

7 682

1.05.96-30.04.97

66 240

5 520

111 984

9 332

96 360

8 030

1.05.97-30.04.987

69 360

5 780

117 456

9 788

105 672

8 8018

1.05.98-30.04.999

81 360

6 780

140 040

11 670

112 752

9 396

1.05.99-30.04.00

84 204

7 017

144 912

12 076

116 676

9 723

1.05.00-30.04.01

88 032

7 336

151 512

12 626

121 992

10 166

1.05.01-30.04.02

92 100

7 675

158 520

13 210

127 632

10 636

1.05.02-30.04.03

97 140

8 095

167 208

13 934

134 616

11 218

1.05.03-30.04.04

101 964

8 497

181 20010

15 100

141 300

11 775

1.05.04-30.04.05

105 408

8 784

190 24811

15 854

146 064

12 172

1.05.05-30.04.06

108 852

9 071

199 51212

16 626

150 840

12 570

1 Frå 1.1.1991.

2 Frå 1.1.1992.

3 Frå 1.1.1993 (Pga. hevinga av aldersgrensa).

4 Fødde før 1943 (1.1.26-31.12.42).

5 Heving av sats for særtillegget for ektepar frå 01.01.94. Ny sats 2x60,5 prosent av grunnbeløpet, dvs. dobbelt av ordinær sats og ny minstesats.

6 Heving av særtilleggssatsen frå 01.01.95. Ordinær sats utgjorde 61,55 prosent av grunnbeløpet.

7 Heving av særtilleggssatsen frå 01.05.97. Ordinær sats utgjer 63,2 prosent av grunnbeløpet (minstesats 57,5 prosent).

8 Auking av garantert poengtall frå 3 til 3,3.

9 Heving av særtilleggssatsen frå 01.05.98. Ordinær sats utgjer 79,33 prosent av grunnbeløpet, medan minstesats utgjer 74 prosent av grunnbeløpet.

10 Grunnpensjonen for ektepar auka frå 0,75 G til 0,8 G frå 1. mai 2003.

11 Grunnpensjonen for ektepar auka til 0,825 G frå 1. mai 2004.

12 Grunnpensjonen for ektepar auka til 0,85 G frå 1. mai 2005.

Kjelde: Rikstrygdeverket

Grunnbeløpet og pensjonen for einslege minstepensjonistar auka med 3,89 prosent frå 2003 til 2004. For ektepar og sambuande pensjonistar med minstepensjon var auken 6,1 prosent. Lønsveksten for lønstakarar i alt var 3,6 prosent frå 2003 til 2004.

Det blir i proposisjonen gjort greie for dei særlege skattereglane for pensjonistar som i 2005 i hovudsak er ei vidareføring av skattereglane frå 1992.

Reguleringa har òg konsekvensar for krigspensjoneringa, og for 2005 blir det rekna med meirutgifter på 6 mill. kroner for krigspensjoneringa for militærpersonar og på 13 mill. kroner for krigspensjoneringa for heimestyrkepersonell og sivilpersonar. Krigspensjonane blir samordna med pensjonar frå folketrygda. Det blir gjort framlegg om at løyvinga under kap. 660 Krigspensjonering aukar med 19 mill. kroner for 2005.

På bakgrunn av at avtalefesta pensjon og pensjonstrygda for sjømenn skal regulerast i høve til ytingane frå folketrygda, blir det gjort framlegg om at statstilskottet til avtalefesta pensjon (kap. 666 post 70) aukar med 17 mill. kroner, og at løyvinga til pensjonstrygda for sjømenn (kap. 664 post 70) aukar med 14 mill. kroner.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bjarne Håkon Hanssen, Britt Hild­eng, Asmund Kristoffersen og Gunn Olsen, fra Høyre, Beate Heieren Hundhammer, Bent Høie og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Fremskrittspartiet, lederen John I. Alvheim og Harald T. Nesvik, fra Sosialistisk Venstreparti, Olav Gunnar Ballo og Sigbjørn Molvik, fra Kristelig Folkeparti, Åse Gunhild Woie Duesund og Per Steinar Osmundnes, og fra Senterpartiet, Ola D. Gløtvold, viser til de drøftelsene som har vært avholdt mellom Regjeringen, Norsk Pensjonistforbund, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon og LO i dagene 24. og 25. mai i år, der en har kommet frem til enighet om en økning av grunnbeløpet med 1 921 kroner, fra 58 778 kroner til 60 699 kroner gjeldende fra 1. mai 2005.

Komiteen er kjent med at kravet fra organisasjonene opprinnelig var en økning i grunnbeløpet på 3,55 prosent. Etterslepet fra 2003 til 2004 på 0,05 prosent er knyttet til at pensjonistene i denne perioden fikk en årslønnsvekst på 3,55 prosent, mens rapporten fra det tekniske beregningsutvalget for inntektsoppgjøret viste at lønnsveksten i samme periode var på 3,6 prosent. Forventet lønnsvekst fra 2004 til 2005 er anslått til 3,25 prosent. Organisasjonene viste videre til det historiske etterslepet som framkommer som følge av underreguleringen siden Folketrygden ble innført i 1967.

Komiteen har imidlertid merket seg at partene under drøftelsene kom til enighet om trygdeoppgjøret for 2005.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Senterpartiet viser til at pensjonistenes organisasjoner i utgangspunktet stilte krav om dekning av etterslep på 0,05 prosent for 2004 i tråd med det tekniske beregningsutvalgets rapport nr. 1 2005, der det fremgår at lønnsveksten for alle grupper fra 2003 til 2004 var 3,6 prosent, mens pensjonistene i perioden fikk en årslønnsvekst på 3,55 prosent.

Disse medlemmer vil også vise til organisasjonenes krav om 0,25 prosent kompensasjon utover Regjeringens eget anslag for årslønnsvekt 2004-2005 for å kompensere for deler av det historiske etterslepet som er akkumulert siden 1967. Disse medlemmer minner, også denne gang, om intensjonen da folketrygden ble innført i 1967, om at full pensjon ved full opptjening skulle utgjøre 2/3 av lønnsinntekt og disse medlemmers forslag i Innst. S. nr. 272 (2001-2002) til trygdeoppgjøret 2002 der det heter:

"Stortinget ber Regjeringen innen utgangen av 2002 legge frem en opptrappingsplan som skal ha som resultat at fullt opptjent pensjon i 2007 skal utgjøre 2/3 av tidligere lønnsinntekt."

Disse medlemmer mener fortsatt at Stortinget er forpliktet til å oppfylle de intensjoner som ble nedfelt i innstillingen ved behandlingen av folketrygden i 1966, men peker på at det ikke lar seg gjøre å bidra til en slik utvikling på tvers av organisasjonenes egne innstillinger og forhandlingsresultater.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil på denne bakgrunn og under henvisning til avtalen mellom regjeringspartiene og Fremskrittspartiet i Stortinget om subsidiær støtte fra Fremskrittspartiet til Revidert nasjonalbudsjett 2005, ikke fremme forslag om innhenting av deler av etterslepet i forbindelse med årets trygdeoppgjør.

Tilråding frå komiteen

Tilrådinga frå komiteen vert fremja av ein samla komité.

Komiteen viser til proposisjonen og merknadene og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

I

Grunnbeløpet i folketrygda blir sett til kr 60 699 med verknad frå 1. mai 2005.

II

I statsbudsjettet for 2005 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter:

660

Krigspensjon

70

Tilskott, militære, overslagsløyving, blir auka med

6 000 000

frå kr 255 000 000 til kr 261 000 000

71

Tilskott, sivile, overslagsløyving, blir auka med

13 000 000

frå kr 615 000 000 til kr 628 000 000

664

Pensjonstrygden for sjømenn

70

Tilskott, blir auka med

14 000 000

frå kr 621 000 000 til kr 635 000 000

666

Avtalefesta pensjon

70

Tilskott, blir auka med

17 000 000

frå kr 788 000 000 til kr 805 000 000

2543

Ytingar til yrkesretta attføring

70

Attføringspengar, overslagsløyving, blir auka med

234 000 000

frå kr 10 320 000 000 til kr 10 554 000 000

2652

Medisinsk rehabilitering mv.

70

Rehabiliteringspengar, overslagsløyving, blir auka med

162 000 000

frå kr 8 400 000 000 til kr 8 562 000 000

2655

Uførhet

70

Grunnpensjon, overslagsløyving, blir auka med

358 000 000

frå kr 16 819 000 000 til kr 17 177 000 000

71

Tilleggspensjon, overslagsløyving, blir auka med

528 000 000

frå kr 24 543 000 000 til kr 25 071 000 000

72

Særtillegg, overslagsløyving, blir auka med

30 000 000

frå kr 1 380 000 000 til kr 1 410 000 000

73

Førebels uførepensjon, overslagsløyving, blir auka med

5 000 000

frå kr 250 000 000 til kr 255 000 000

74

Tidsavgrensa uførestønad, overslagsløyving, blir auka med

47 000 000

frå kr 2 155 000 000 til kr 2 202 000 000

76

Yrkesskadetrygd, overslagsløyving, blir auka med

2 000 000

frå kr 70 000 000 til kr 72 000 000

2670

Alderdom

70

Grunnpensjon, overslagsløyving, blir auka med

719 000 000

frå kr 33 015 000 000 til kr 33 734 000 000

71

Tilleggspensjon, overslagsløyving, blir auka med

995 000 000

frå kr 45 645 000 000 til kr 46 640 000 000

72

Ventetillegg, overslagsløyving, blir auka med

2 000 000

frå kr 105 000 000 til kr 107 000 000

73

Særtillegg, overslagsløyving, blir auka med

106 000 000

frå kr 4 870 000 000 til kr 4 976 000 000

2680

Ytingar til gjenlevande ektefellar

70

Grunnpensjon, overslagsløyving, blir auka med

26 000 000

frå kr 1 207 000 000 til kr 1 233 000 000

71

Tilleggspensjon, overslagsløyving, blir auka med

23 000 000

frå kr 1 034 000 000 til kr 1 057 000 000

72

Særtillegg, overslagsløyving, blir auka med

1 000 000

frå kr 62 000 000 til kr 63 000 000

2683

Stønad til einsleg mor og far

70

Overgangsstønad, overslagsløyving, blir auka med

50 000 000

frå kr 2 300 000 000 til kr 2 350 000 000

Oslo, i sosialkomiteen, den 14. juni 2005

John I. Alvheim

leiar

Harald T. Nesvik

ordførar