Innstilling frå næringskomiteen om dei fiskeri­avtalane Noreg har inngått med andre land for 2005 og fisket etter avtalane i 2003 og 2004

Dette dokument

Til Stortinget

1. Samandrag

1.1 Innleiing

Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalane Noreg inngår med andre land. Ei slik melding skal leggjast fram årleg. Meldinga blei første gong lagt fram i 1995. Ein viser i den samanheng til St.meld. nr. 49 (1994-95) om dei årlege fiskeriavtalane Noreg inngår med andre land.

Ein omfattande del av norsk fiske (målt i vekt) skjer på bestandar som vi deler med andre land. Dette var bakgrunnen for at Regjeringa forhandla fram rammeavtalar som både gav fiskekvotar til dei landa som utvidinga til soner på 200 n. mil fekk verknad for frå 1. januar 1977, og som tok vare på tradisjonelle norske fiskeinteresser i dei økonomiske sonene til andre land.

Etter FNs havrettskonvensjon av 10. desember 1982 har kyststatane suverene rettar til å utnytte ressursane i havet innanfor dei økonomiske sonene. Dei kyststatane som deler ein eller fleire fiskebestandar skal samarbeide om regulering og vern av bestandane. Utvidinga av nasjonal fiskerijurisdiksjon til 200 nautiske mil på slutten av syttitalet førte såleis til ein overgang frå fleirsidige forhandlingar innan ramma av NEAFC (North East Atlantic Fisheries Commission) til tosidige forhandlingar mellom dei kyststatane som saman har suverene rettar til fiskebestandane. Dette inneber at såkalla tredjeland som ikkje har kyststatsrettar i det aktuelle området, ikkje tek del i avgjerder om forvaltninga av bestandane slik dei gjorde tidlegare.

Kyststatane har ei plikt til å fremje ei forsvarleg ressursforvaltning som samstundes skal ta omsyn til dei økonomiske behova til kystbefolkninga. Norske styresmakter legg vekt på dette når den norske fiskeripolitikken blir utforma. I tråd med dette fører Noreg årleg to- og fleirsidige forhandlingar med ei rekkje land om forvaltning og vern av fiskebestandar, om gjensidig fangstløyve- og fiskekvotar, og om einsidig løyve for fiskarar i nokre land til å fiske i dei norske 200-mils-sonene. Noreg har inngått ulike typar fiskeriavtalar som opnar for utanlandsk fiske i norske havområde.

Stortinget gav 11. juni 1996 samtykke til ratifikasjon av FNs havrettskonvensjon av 10. desember 1982 og FN-konvensjonen av 4. desember 1995 om fiske på det opne hav, som supplerer FNs havrettskonvensjon av 10. desember 1982. FN-avtalen om fiske på det opne hav forpliktar også til samarbeid om forsvarleg forvaltning av vandrande og langt migrerande bestandar. Noreg har derfor i aukande grad og på ulikt sett tatt del i samarbeidet i ulike relevante internasjonale organisasjonar.

Denne meldinga omtalar kvoteavtalane for 2005, norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar. Det blir vidare gjort greie for bestandsutrekning, rådgiving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar for dei viktigaste bestandane som Noreg deler med andre land. Meldinga omtalar også dei kontrolltiltaka som er sette i verk i Noregs økonomiske sone (NØS) for å kontrollere norsk og utanlandsk fiske på tildelte kvotar, i tillegg til kontrollsamarbeidet med andre land og tiltak mot uregulert fiske. Til sist gir meldinga ei oversikt over i kva grad norske og utanlandske fiskarar utnytta kvotane sine i 2003 og 2004, og kva slags fartøygrupper som fiskar på dei kvotane Noreg har i sonene til andre land.

1.2 Kvoteavtalane for 2005

Noreg/Russland

Noreg og Russland blei samde om å føre vidare den langsiktige forvaltningsplanen for torsk, som tok til å gjelde frå 2004. Ein arbeider for å halde det gjennomsnittlege fiskedøyingstalet på føre-var-nivå i gåande 3-års periodar, samstundes som kvotesvingingane ikkje varierer meir enn maksimalt +/- 10 pst.

I fiskeriforhandlingane med Russland om ein kvoteavtale for 2005 blei partane samde om ein totalkvote (TAC) for norsk arktisk torsk på 485 000 tonn, medrekna 21 000 tonn murmansktorsk. Det er framleis grunn til å uroe seg over situasjonen for norsk kysttorsk. Kvoten er derfor ikkje sett høgare enn til 21 000 tonn for 2005. Dette er i tråd med forvaltningsplanen vedteke under den 31. sesjonen i fiskerikommisjonen.

Noreg og Russland fører også vidare ein forvaltningsplan for hyse tilsvarande den som vil gjelde for torsk, men med den skilnad at kvotesvingingane her kan jamnast ut frå år til år med inntil +/-25 pst. Noreg og Russland har sett ein totalkvote for norsk arktisk hyse på 117 000 tonn for 2005.

Ettersom loddebestanden er på eit botnnivå, blei det heller ikkje i 2005 opna for fiske etter lodde. Noreg og Russland er også for 2005 samde om eit kvotebyte på eksklusive bestandar.

I forståing med Russland har Noreg i 2005 vidareført vestgrensa for den felles forvaltninga av kongekrabbe ved 26º austleg lengdegrad (Magerøya) for å kunne redusere spreiinga av kongekrabbe vest for denne grensa. Noreg står på denne måten fritt til å vedta dei tiltak ein finn nødvendige og tenelege vest for denne grensa for å avgrense den vidare spreiinga av kongekrabbe, inntil ein veit meir om dei økologiske effektane av denne introduserte arten. Noreg og Russland blei einige om ein norsk kvote på 280 000 krabber i 2005, det same som i 2004. Den russiske kvoten for 2005 er på 1 400 000 krabber. Landa er vidare einige om å vidareføre samarbeidet om forsking på kongekrabbens biologiske og økologiske effektar.

Innanfor ramma av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har Noreg og Russland dei seinaste åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til nye område. I 1993 blei partane samde om å etablere "Det permanente utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren". Gjennom dette samarbeidet er ei rekkje konkrete tiltak sette i verk for å betre kontrollen med ressursane både på sjø- og landsida. Mellom anna er det etablert rutinar for eit auka samarbeid mellom kontrollstyresmaktene i dei to landa, inkludert utveksling av informasjon om fangst- og landingsdata.

Eit hovedfokus for Det permanente utval i 2004 var arbeidet med å styrkje kontrollen med omlasting av fisk i Barentshavet. Utvalet la fram eit forslag til eit kontrollregime retta mot denne aktiviteten, og partane har forplikta seg til å implementere dette i nasjonalt regelverk.

Noreg/ EU

Som for 2004, speglar også kvoteavtalen med EU for 2005 den vanskelege bestandssituasjonen for fleire av botnfiskbestandane i Nordsjøen. Partane har mellom anna vedteke å føre vidare kvoten for torsk på same nivå som i 2003, då denne blei kraftig redusert. Vidare er totalkvotane for hyse, sei og rødspette reduserte frå 2004 til 2005. Noreg og EU er dessutan samde om å fortsette det felles arbeidet med å forbetre beskatninga av botnfisk.

I samarbeidet mellom Noreg og EU er det ei hovudutfordring å betre beskatningsmønsteret i Nordsjøen. Her er utkast av fisk eit særleg og samansett problem. EU praktiserer eit utkastpåbod, medan utkast er forbode i Noreg for alle kommersielt viktige fiskeslag. Ei løysing på utkastproblemet er ei hovudutfordring for Noreg og EU. Som eit ledd i reformen av EUs felles fiskeripolitikk, som blei vedteken i desember 2002, har EU-Kommisjonen lagt fram ein handlingsplan som tek sikte på å innføre tiltak for å redusere utkastet. Mellom anna vurderer Kommisjonen å foreslå eit forbod mot utkast frå 2006 på grunnlag av pilotprosjekt og dialog med medlemslanda og fiskerinæringa.

I 1999 blei Noreg, EU og Færøyane samde om ein trepartsavtale for forvaltning av makrell i Nordaust-Atlanteren. Med denne avtalen aksepterte Noreg og EU at Færøyane er kyststat til makrellen. Partane har inngått tilsvarande avtalar for 2001, 2002, 2004 og 2005. Fordelinga av makrell mellom Noreg og EU er eit spørsmål som partane forhandlar om og følgjer opp i dei årlege tosidige forhandlingane.

På grunnlag av kunnskap om utbreiingsmønsteret til bestanden har ein på norsk side meint at ein har eit rettkome krav til ein høgare del av makrellen. Det norske kravet er til no avvist frå EUs side.

Dei tre kyststatane vedtok ein såkalla "referanse-TAC", som var utgangspunkt for drøftingane i NEAFC om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn for 2005. På årsmøtet i NEAFC vedtok partane ei regulering av makrell i internasjonalt farvatn som inneber ein kvote for dette området på 40 185 tonn. Både Russland og Island har sett fram formelle reservasjonar mot denne reguleringa.

Færøyane/Grønland/Island

Noreg har inngått tosidige kvoteavtalar for 2005 med Færøyane og Grønland. Det er for 2005 også utveksla kvotar med Island i tråd med "Smottholsavtalen" og den tilhøyrande tosidige avtalen, medan Noreg i 2004 vidareførte trepartsavtalen med Island og Grønland om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen.

I avtalene forpliktar Færøyane og Grønland seg til å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noregs og Russlands jurisdiksjonsområde.

Det var semje mellom Noreg og Grønland om innhaldet i ein avtale om kontrollsamarbeid. Partane tek òg i løpet av 2005 sikte på å gjennomføre eit pilotprosjekt som gjeld elektronisk fangst- og aktivitetsrapportering.

Sild

Det er ikkje inngått ein fempartsavtale mellom Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren for 2005. Partane har vore samla fleire gonger for å nå fram til ei semje. Noreg har i forhandlingane om ein avtale for 2005 framleis eit krav om ein auke i den norske delen av totalkvoten. Noreg grunngir kravet sitt ut i frå prinsippet om sonetilhøyring, og dessutan at Noreg fekk ein urimelig låg del av TAC då den første fempartsavtalen blei inngått i 1997.

Noreg har i mangel av ein fempartsavtale underskrive ein førebels tosidig avtale med Russland for 2005. Avtalen med Russland inneber at dei kan fiske 50 000 tonn sild i NØS nord om 62ºN.

Kolmule

Sidan 1999 har dei landa som er definerte som kyststatar til kolmule - Noreg, EU, Færøyane, Island og Grønland - arbeidd med å etablere eit forvaltnings­regime for heile kolmulebestanden. Desse partane er einige om at ein må sikte seg inn mot eit reguleringssystem med to komponentar: eit kyststatsregime og ei separat NEAFC-regulering av fisket i internasjonalt farvatn. Kyststatane har sidan februar 2000 hatt fjorten drøftingar om kolmuleforvaltninga utan å kome til ei endeleg løysing.

Tilrådinga frå Den rådgivande komiteen for fiskeriforvaltning (ACFM) for 2005 var eit samla uttak på 1 075 000 tonn. Fangsten i 2005 er alt større enn tilrådinga, og venteleg vil fiskedøyinga bli langt over denne verdien. Slik det ser ut no har rekrutteringa til gytebestanden vore svak sidan 2004. Ein nedgang er uunngåeleg dersom rekrutteringa blir normal og uttaket held fram med å overskride tilrådingane frå Det internasjonale havforskningsrådet (ICES) og NEAFC. Dette vil føre til sterke avgrensingar i det framtidige kolmulefisket.

Uer mv.

Partane i NEAFC blei på årsmøtet i 2004 ikkje einige om reguleringstiltak for fiske av uer i Irmingerhavet i 2005. Noreg fastsette derfor ein unilateral kvote basert på ein TAC på 82 000 tonn, som er i tråd med det kyststatane Danmark (på vegne av Færøyane og Grønland) og Island la seg på. Partane har imidlertid etter årsmøtet blitt samde om reguleringstiltak også for uer i 2005 basert på ein TAC på 75 200 tonn.

Delar av uerbestanden i Irmingerhavet, som blir forvalta av NEAFC, har dei seinaste åra vore observert og delvis utnytta i NAFO-området. Den norske uerkvoten for 2005 er, som i åra 2001 til 2004, ein totalkvote for begge områda.

Rekefisket ved "Flemish Cap" (NAFO-område) har sidan 1996 vore regulert gjennom grenser for kor mange fartøy som kan delta i fisket, og kor mange døgn dei kan fiske samla. Norske fartøy kan samanlagt fiske i 1 985 fiskedøgn i 2005, og 32 norske fartøy kan ta del i fangsten.

1.3 Deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar

Noreg er medlem av og tek del i dei årlege møta i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane NAFO ("Northwest Atlantic Fisheries Organization") og NEAFC. Frå norsk side deltek ein også i IWC ("International Whaling Commission") og NAMMCO ("North Atlantic Marine Mammal Commission") i forhold til forvaltninga av kval. Partsmøtene til CITES ("Convention of International Trade on Endangered Species of Fauna and Flora"), som Noreg tek del i, er også viktige i forhold til forvaltninga av kval. Noreg tek også del i det internasjonale fiskerisamarbeidet innan organisasjonen ICCAT ("International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas"), der vi blei offisielt medlem frå 1. mars 2004. Noreg er dess­utan medlem i den regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen SEAFO ("South East Atlantic Fisheries Organization").

Noreg er medlem i Det internasjonale havforskingsrådet, ICES. ICES er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gir regionale fiskeri- og miljøorganisasjonar, EU og statane ved Nord-Atlanteren råd om forvaltninga av dei marine ressursane og det marine miljøet i området.

Tradisjonelt har delegasjonane til dei ulike fiskeriforhandlingane bestått av representantar frå Fiskeri- og kystdepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeri­direktoratet, Havforskingsinstituttet, Norges Fiskarlag, Norsk Sjømannsforbund og Fiskeri- og havbruks­næringens Landsforening. Norges Kystfiskarlag var for første gong representert i den norske delegasjonen til fiskeriforhandlingane med Russland hausten 2003.

Før forhandlingane med andre land om forvaltningsspørsmål startar, held Fiskeri- og kystdepartementet konsultasjonar med organisasjonane i næringa. Dersom særlege omsyn talar for det, rådfører Fiskeri- og kystministeren seg med resten av regjeringa.

NAFO

Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen, NAFO, fastset kvotar i internasjonalt farvatn i området mellom Grønland, Canada og USA.

Bestanden av blåkveite i NAFO-området er dramatisk endra, og Vitskapskomiteen anbefalte eit uttak av blåkveite på 16 000 tonn i 2004, mot ein kvote på 42 000 tonn i 2003. Det er særleg Canada og EU, og til ein viss grad Russland og Japan, som desse tiltaka får størst følgjer for. Heile kvoten på 19 000 tonn for 2005 er no delt mellom dei som har fiska mest på blåkveite i NAFO-området dei siste åra. Noreg er ikkje blant desse landa, og kan ikkje fiske blåkveite før totalkvoten kjem opp på 30 000 tonn. Då gjeninnførast ein "others"-kvote på 1 300 tonn.

I kontrollkomiteen, STACTIC (Standing Committee on International Control), blei det i 2003 for første gong gjennomført ein systematisk og altomfattande gjennomgang av korleis medlemmene følgde NAFO-regelverket i 2003. Dette skal skje årleg. Det var mellom anna avdekka direkte fiske på artar under moratorium, feilrapportering og brot på reglane om maskevidde og reglane for VMS (Vessel Monitoring System). Ein har ikkje sett at norske fartøy har brote regelverket. Berre Canada og EU driv kontinuerleg kontroll til havs, og spesielt EU er oppteken av at andre må bidra.

NEAFC

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen NEAFCs myndigheitsområde er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor 200-milssonene.

NEAFC har gjort vedtak om å avgrense fangsten av norsk vårgytande sild i områda utanfor nasjonal jurisdiksjon i 2004, men vedtaket vil først tre i kraft når ein kyststatsavtale for norsk vårgytande sild er på plass.

NEAFC har innleidd ein prosess med sikte på å etablere eit forvaltningsregime for djuphavsressursane utanfor jurisdiksjonsområda til kyststatane. På årsmøtet i 2004 var det semje om at partane i 2005 skal redusere innsatsen i fiske etter djuphavsartar med 30 pst. Det var også semje om å utvide talet av artar som skal omfattast av denne reguleringa frå 22 til 49 artar.

NEAFC vedtok på årsmøtet i 2004 å stenge fem område for fiske med bunntrål og fastståande reiskap. Stenginga skal gjelde ut 2007, og ICES skal i denne perioden arbeide vidare med spørsmål knytt til det vitskaplege grunnlaget for stenging av sårbare habitat. Fleire av arbeidsgruppene i NEAFC skal arbeide vidare med saka, mellom anna med spørsmålet om korleis organisasjonen kan få ei meir økosystembasert tilnærming til forvaltninga i NEAFCs myndigheitsområde.

Årsmøtet i 2004 vedtok vidare å etablere ein tvisteløysingsmekanisme for løysing av saker der to eller fleire parter er ueinige om tolkinga av konvensjonen eller vedtak i medhald av konvensjonen. NEAFC er med dette vedtaket den første regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen som har etablert ein eigen og hurtigarbeidande tvisteløysingsmekanisme.

IWC

Noreg er medlem av Den internasjonale kvalfangstkommisjonen, IWC, som regulerer fangst av større kvalartar. IWC blei oppretta for å sikre ei berekraftig forvaltning av kvalressursane, og Noreg deltek på årsmøta og andre møte om forvaltning av kval. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot dette forbodet, og er derfor ikkje bunden av det. Den norske kvoten er basert på det arbeidet som er gjort i IWCs vitskapskomité. For 2005 har Noreg autonomt fastsett ein norsk kvote på 797 dyr.

Stortinget har oppmoda regjeringa om å auke det årlege uttaket av vågekval vesentleg og i tråd med tilrådingar frå norske forskarar. Under årsmøtet i fjor opplyste Noreg at ein vil foreslå ei justering av kvoteberekningsmodellen, slik at den tek omsyn til det som er spesielt for vågekval i norske farvatn. Ein reknar med at det vil medføre høgare kvotar for norsk fangst.

CITES

Konvensjonen om internasjonal handel av trua dyre- og planteartar, CITES ("Convention of International Trade in Endangered Species of Fauna and Flora"), regulerer internasjonal handel med artar frå vill fauna som anten er trua av utrydding, eller som kan bli det om ikkje handelen blir regulert.

Dei siste 10 åra har det vore ei aukande interesse i CITES for å liste fisk og andre marine artar. Noreg har på prinsipielt grunnlag gått imot listeføring av kommersielle marine artar inntil ein har fått klarlagt kva for konsekvensar ei slik listeføring kan få for fiskeriforvaltinga, sikra at dei kriteria som CITES legg til grunn for listing er høvelege for marine artar og fått på plass ein samarbeidsavtale mellom CITES og FAO, slik at naudsynt kompetanse er involvert.

Noreg har fått aksept for at forslag til listing av marine artar skal vurderast av eit ekspertpanel i FAO før CITES kan ta stilling til dei.

1.4 Rådgiving og forvaltningsplanar

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgivinga frå Det internasjonale havforskingsrådet, ICES. Rådgivinga frå ICES utarbeidast av ACFM. ACFM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og gir årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

Sidan 1997 har Noreg vore med på å vedta langsiktige forvaltningsplanar for alle fellesbestandane i Barentshavet saman med Russland, dei viktigaste botnfiskbestandane og sild i Nordsjøen saman med EU, makrell i Nordaust-Atlanteren saman med EU og Færøyane og norsk vårgytande sild saman med EU, Russland, Island og Færøyane. Slike planar er ein viktig føresetnad for å oppnå målet om ei berekraftig forvaltning av alle dei kommersielle fiskebestandane som Noreg deler med andre land.

1.5 Kontrollordningar

Noreg har no fått på plass kontrollavtalar og avtalar om gjensidig satellittsporing med dei viktigaste samarbeidspartane på fiskerisektoren, mellom anna med Russland og EU-landa.

Fiskeridepartementet vedtok 1. juni 2000 å innføre satellittovervaking av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 m. Slike fartøy er no underlagt sporing i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon. Vidare kan alle norske fartøy, uavhengig av størrelse, sporast ved fiske i internasjonalt farvatn. Utanlandske fiskefartøy blir underlagt krav om satellittsporing i Noregs økonomiske sone i tråd med tidspunkta som er avtala i dei ulike tosidige avtalane.

Norske styresmakter har dei seinare åra innført ei rekkje tiltak for å hindre ulovleg og uregulert fiske. Eitt sentralt tiltak har vore den såkalla "svartelistinga" av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk jurisdiksjon. Fartøy som har delteke i uregulert fiske i internasjonalt farvatn kan bli nekta lisens i Noregs økonomiske sone. Ein kan vidare nekte desse fartøya å føre norsk flagg, og under visse vilkår også nekte dei å lande fangst.

1.6 Norsk utnytting av kvotar

Dei norske fartøya har nytta kvoten på fellesbestanden torsk nord om 62ºN fullt ut i 2003 og 2004, medan det sto noko att av hysekvoten i begge desse åra.

I Nordsjøen blei dei norske kvotane av fellesbestandane makrell og sild oppfiska i 2003 og 2004, medan det sto att ein rest av seikvoten begge åra. Kvotane på dei andre konsumfellesbestandane blei ikkje utnytta i same høge grad.

Til saman blei det i 2003 fiska 465 000 tonn kolmule i internasjonalt område, medan det i 2004 blei fiska 456 000 tonn. I 2003 og 2004 blei kolmulekvotane i både Færøy-sona og EU-sona nytta meir eller mindre fullt ut.

Norske linefartøy utnytta omlag 53 pst. av botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme i EUs farvatn i 2002 og om lag 47 pst. 2004. I færøyske farvatn har norske fartøy fiska nesten heile botnfiskkvoten i både 2003 og 2004.

Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalane med Grønland og EU. For norske fiskarar er kvotane på blåkveite, kveite, uer og reker av stor verdi. Desse kvotane blir stort sett godt utnytta.

I sesongen 2003/2004 og 2004/2005 nytta dei norske fartøya nesten heile den norske loddekvoten i områda ved Jan Mayen, Grønland og Island.

Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert om reker og sild i 2003 og 2004.

Rekefisket ved Flemish Cap blei innsatsregulert i 1996. Rekefisket ved Flemish Cap er eit viktig potensielt driftsalternativ for rekeflåten, særleg er dette tilfelle for Grønlandsrekeflåten.

1.7 Utanlandsk utnytting av kvotar

Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar, er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord om 62ºN er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området.

Hovudtyngda av EUs fiske i Nordsjøen og i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild, makrell og industrifisk som tobis, augepål og kolmule. I følgje offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt god utnytting av torske-, hyse- og seikvotane sine i Nordsjøen. Utnyttinga av dei fastsette kvotane i Skagerrak har også vore gjennomgåande høg for EU.

Når det gjeld EUs fiske i NØS i Nordsjøen var det låg utnytting av kvotane, med unntak for makrell der kvoteutnyttinga var høvesvis 70 pst. og 83 pst. i 2003 og 2004.

I 2003 fiska Færøyane 35 pst. av seikvoten sin i NØS i Nordsjøen, medan 54 pst. av seikvoten blei utnytta i 2004. I høve til kvotane sine har Færøyane fiska mykje sild og makrell i Nordsjøen i 2003 og 2004.

Grønland har sidan kvoteavtalen blei inngått i 1991 vore lite aktiv i fiske på konsumartar i Nordsjøen. I 2003 og 2004 har det vore aktivitet frå eitt grønlandsk fartøy.

I hovudsak utnyttar Sverige godt de bilaterale kvotane sine i norsk del av Nordsjøen, og Polen nytta sei­kvoten sin godt i 2003.

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunvor Eldegard, Sigrun Eng, Steinar Gullvåg, Sigvald Oppebøen Hansen og Arne L. Haugen, frå Framstegspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Kåre Fostervold og Øyvind Korsberg, frå Høgre, Torbjørn Hansen og Petter Løvik, frå Sosialistisk Venstreparti, Ingvild Vaggen Malvik, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn, frå Senterpartiet, leiaren Lars Peder Brekk, og frå Venstre, Gunn Berit Gjerde, syner til departementet si utgreiing om dei ulike fiskeriavtalane Noreg har med andre land i 2005 og fisket etter desse avtalane i 2003 og 2004.

Komiteen meiner det er avgjerande for Noreg som fiskerinasjon at vi har eit internasjonalt avtaleverk som regulerar fisket i dei farvatna vi delar med andre land. Hendingar i Barentshavet denne hausten syner i seg sjølv kor viktig desse avtalane er og at dei vert etterlevde av avtalepartane.

Komiteen har merka seg at oppsyn og ressurskontroll er ein del av avtaleverket. Særleg viktig er samarbeidet med russiske fiskeristyresmakter. Næringskomiteen har tidlegare år uttrykt ønskje om felles forvaltnings-, forskings- og kontrolløysingar mellom Noreg og Russland og er nøgd med at samarbeidet mellom våre to nasjonar gradvis vert utvida.

Ulovleg og uregulert fiske er framleis eit stort problem. Komiteen ber difor om at ressurskontrollen vert styrka i åra framover og at norske styresmakter samstundes aukar innsatsen for å vinne internasjonal forståing for ei bærekraftig ressursforvaltning.

Komiteen har merka seg at departementet er uroa over situasjonen for norsk kysttorsk og at kvoten er avgrensa til eit uttak på 21 000 tonn i 2005. Det er i samsvar med tilrådingane frå den 31. sesjonen i fiskerikommisjonen. Komiteen er samd i at kvoten vert halden på eit lågt nivå til bestanden har teke seg oppatt.

Komiteen er òg uroleg for bestanden av lodde og er tilfreds med at det i 2005 ikkje er opna for fiske etter lodde.

Noreg har i forståing med Russland vidareført vestgrensa for den felles forvaltninga av kongekrabbe ved Magerøya i Finnmark. Vest for Magerøya er det fritt fiske. Aust for Magerøya er fisket kvoteregulert. Kongekrabben er ein framand art i norsk fauna. Det vert no gjort ei evaluering av forvaltninga av kongekrabben. Komiteen har vidare merka seg at Noreg og Russland er samde om å vidareføre forskingsamarbeidet om dei biologiske og økologiske følgjene av kongekrabben.

Komiteen syner til at årsmøtet i den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen vedtok ei regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn med ei totalkvote på 40 185 tonn. Russland og Island har formelle reservasjonar mot denne reguleringa. Komiteen meiner det er særs viktig å få aksept for denne reguleringa.

Heller ikkje i 2005 har det vore mogeleg å få til ein fempartsavtale mellom Noreg, Russland, EU, Færøyane og Island om fisket etter norsk vårgytande sild i Nordaust-Atlanteren. Partane har vore samla fleire gonger utan å få i stand ein avtale. Komiteen meiner framleis at det er ønskjeleg å nå fram til ein slik avtale.

Det same gjeld kolmulefisket, kor uttaket er langt større enn tilrådinga frå den rådgjevande komiteen for fiskeriforvaltning. Komiteen ser klårt at dette overfisket kan føre til sterke avgrensingar i det framtidige kolmulefisket. Det er difor sterkt ønskjeleg med eit betre forvaltningsregime på dette området.

Komiteenvil peike på at det i ulike samanhengar har kome fram at tapt fiskereiskap er til hinder for fisket. Dette er eit stort miljø- og fiskeriproblem som vedkjem fleire nasjonar og internasjonalt farvatn. Noreg har sidan 1980-tallet rydda opp tapte garn i eigne havområde. Komiteen vil be om at såkalla "spøkelsesfiske" vert tema for fiskerisamarbeidet med andre nasjonar og at norske fiskeristyresmakter tek initiativ til ein internasjonal avtale om oppryddig av tapt fiskereiskap.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet registrerer at under kvoteforhandlingene mellom Russland og Norge er torskekvoten for 2006 redusert med 14 000 tonn for norsk/arktisk torsk, samtidig som ulovlig fisket torsk i Barentshavet i 2004 var mellom 80 000 og 107 000 tonn. Disse medlemmer er bekymret over at årelangt overfiske kan gi seg utslag i reduserte nasjonale kvoter og medføre et dårligere driftsgrunnlag for fiskeflåten.

Disse medlemmer viser til at under kvoteforhandlingene mellom Russland og Norge er kongekrabbekvoten for 2006 fastsatt med 3 millioner individer til Russland og 300 000 individer til Norge. Russland får en økning på 1,6 millioner individer fra 2005 til 2006, samtidig øker den norske andelen fra 280 000 individer til 300 000 individer, en økning på kun 20 000 individer fra 2005 til 2006. Disse medlemmer er noe forundret over det lave norske totaluttaket og økning for 2006, siden kongekrabben er en økonomisk ressurs og dessuten medfører store problemer for den tradisjonelle fiskeflåten.

3. Tilråding frå komiteen

Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

St.meld. nr. 39 (2004-2005) - om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2005 og fisket etter avtalane i 2003 og 2004 - vert lagt ved møteboka.

Oslo, i næringskomiteen, den 8. desember 2005

Lars Peder Brekk

leiar

Steinar Gullvåg

ordførar