Bakgrunnen for meldinga er lovføresegna
om at Kongen minst kvart fjerde år skal leggja fram ei
stortingsmelding om målbruk i offentleg teneste, jf. § 10
i lov av 11. april 1980 nr. 5.
Lov om målbruk i offentleg teneste,
mållova, regulerer bruken av nynorsk og bokmål
i staten. Lova har som hovudfunksjon å tryggja stillinga
for nynorsk som offisielt skriftmål ved sida av bokmål.
Indirekte har lova også ein vidare funksjon i å vera
med på å sikra grunnlaget for nynorsk skriftkultur
og for nynorskens posisjon i det norske språksamfunnet
meir allment.
I den politiske plattforma si har Regjeringa
peikt på det verdifulle mangfaldet som ligg i det at vi
har to norske skriftkulturar. Formelt er nynorsk og bokmål
likestilte målformer, men reelt sett har nynorsk vanskelegare
vilkår. Regjeringa vil derfor streka under at det frå det
offentlege si side er særleg viktig å leggja til
rette for at nynorsken skal kunna utvikla seg på ein god måte.
Slik tilrettelegging vil vera ein del av den
offensive språkpolitikken som Regjeringa meiner det er
nødvendig å føra for å styrkja
posisjonen for norsk språk generelt.
Fullnøyande bruk av nynorsk i offentleg
forvaltning representerer ei motvekt til dei delane av samfunnet
der nynorsken i utgangspunktet er marginalisert. For at nynorsk
skal vera godt synleg i det offentlege rommet, står dei
kvantitative kvotekrava i mållova heilt sentralt. Særleg
viktig i så måte er regelen om at sentrale statsorgan
i allment informasjonstilfang skal veksla mellom nynorsk og bokmål
slik at ingen av målformene over tid kjem ut med mindre
enn 25 pst. Men dessverre er det likevel enno på langt
nær alle statsorgan som etterlever denne regelen. Det har
vore liten framgang i nynorskbruken den siste fireårsperioden.
På fleire område har utviklinga gått
i motsett lei.
Proposisjonar og meldingar til Stortinget svarar
for ein stor del av det trykte informasjonstilfanget som departementa
lagar.
Meldinga viser at av alt dette var 17,3 pst.
på nynorsk, altså nesten åtte prosentpoeng
lågare enn det forskriftsfesta minstekravet. Dette er likevel
ein auke på tre prosentpoeng frå perioden 1997-2000.
Det går fram av meldinga at det er store variasjonar dei
enkelte departementa imellom. Berre fire av dei etterlevde minstekravet
på 25 pst. i perioden 2001-2004.
Dette gjer det nødvendig å henta
fram att det offensive tiltaksprogrammet som vart lagt fram i den
førre meldinga, og leggja større innsats og meir
ressursar i å følgja dette aktivt opp på gjennomføringssida.
Eit særleg viktig punkt i så måte er
etableringa av ei konsulentteneste for offentleg språk
som ein del av sekretariatet i Språkrådet. Den
skriftlege sidemålsopplæringa i skulen må utviklast
og styrkjast, ikkje reduserast.
Målbruksreglane er ein del av dei grunnleggjande saksbehandlingspliktene
som kviler på kvart enkelt statsorgan.
Regjeringa ventar no at alle statlege leiarar
tek på seg det ansvaret dei har, og gir eit klart og utvitydig
signal internt i eigen organisasjon om at målbruksreglane
heretter skal følgjast til punkt og prikke.
Eit strategisk viktig startpunkt for ei nødvendig intensivering
av det statlege måljamstillingsarbeidet er å rydda
opp på dei statlege heimesidene på Internett.
Regjeringa har i det politiske grunnlagsdokumentet sitt
funne det nødvendig å streka under at offentlege nettstader
skal følgja mållova.
Dersom ikkje intensivert innsats og dei andre
skisserte tiltaka i denne meldinga gir snarlege og tilfredsstillande
resultat, vil Regjeringa vurdera om det kan vera tenleg å ta
i bruk sanksjonar av meir negativ karakter overfor statsorgan som
ikkje viser vilje til å etterleva målbruksreglane.
I målbruksmeldinga frå 2001
varsla regjeringa Bondevik ein ny giv for nynorsk målbruk
i staten og skisserte fleire konkrete tiltak.
I denne meldinga er det klart dokumentert at
det som har skjedd sidan 2001, knapt kan karakteriserast som nokon
ny giv.
Regjeringa vil med denne meldinga gi klar beskjed om
at reglane om målbruk i staten skal etterlevast. At dette
skjer, er eit ansvar for leiarar på alle nivå,
på linje med andre embets- og tenesteplikter. Hovudansvaret kviler
på den øvste leiaren i kvart enkelt statsorgan. Med
tanke på dei kulturpolitisk svært viktige omsyn mållova
skal tena, vil Regjeringa no streka under at det er nødvendig å få orden
på måljamstillingsarbeidet internt i eigen organisasjon.
Den sentrale tilsynsfunksjonen er ein nødvendig føresetnad
for å få initiert og koordinert den innsatsen som
no må gjerast for å rydda opp i det statlege måljamstillingsarbeidet.
Derfor er det avgjerande at det blir sett av nødvendige
administrative ressursar til å følgja dette opp.
Dette gjeld særleg i Språkrådet, som har
tilsynsansvaret for alle statsorgan under departementsnivået.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil på si
side halda god kontakt med dei andre departementa. Føresetnaden er
at alle desse snarast råd får rydda opp i eige
hus, slik at dei også kan stå fram som føredøme
for dei underliggjande organa sine. Kultur- og kyrkjedepartementet
har no ein god dialog med dei fleste andre departementa, og Regjeringa
ventar at alle departement legg seg i selen for snarast råd å koma
opp i minst 25 pst. nynorsk slik det er fastsett.
Kultur- og kyrkjedepartementet vil elles ta
eit overordna ansvar for å få sett i gang dei
tiltak som er nødvendige. Den påbodne rapporteringa
til Stortinget som denne meldinga er eit døme på,
er i seg sjølv eit viktig verkemiddel i måljamstillingsarbeidet.
Det er påtakeleg kor mykje lettare det er å få respons
i tilsynsarbeidet når ein kan visa til at tida for den
lovpålagde meldinga til Stortinget nærmar seg.
Det er viktig at ein no kjem raskt i gang med
eit nødvendig oppryddingsarbeid. Tidsperspektivet må vera så pass
nært at det ikkje inviterer til å utsetja initiativ som
må takast og tiltak som må gjennomførast.
Signalet er at ein må prioritera eit arbeid som tidlegare
har vore forsømt. I løpet av eit par år
bør ein ha kome så langt at det store fleirtalet
av statsorgan kan dokumentera minst 25 pst. nynorsk. I den grad
dette ikkje skulle lukkast, vil det måtta vurderast kva
for tiltak og justeringar som det elles kan bli nødvendig å setja
i verk.
Det aller første Kultur- og kyrkjedepartementet
vil ta initiativet til, er å få sett i gang arbeidet
med å rydda opp på dei statlege heimesidene på Internett.
Ein del av bodskapen i meldinga frå 2001
var at ein skulle byggja ut det tradisjonelle tilsynsarbeidet med positive
støttetiltak slik at dette i mindre grad fekk karakter
av kontrollverksemd. Det var særleg den påtenkte
språkkonsulenttenesta ein her hadde i tankane. Målet
for arbeidet framover må vera å gjera denne konsulentfunksjonen
til ein integrert del av tilsynsarbeidet, slik at nødvendig
kontroll og rapportkrav kan kombinerast med tilbod om hjelp og støtte.
Det er elles grunn til å streka under
at den statlege språkkonsulenttenesta skal ha eit todelt
formål, og at det å fremja språkleg jamstilling
berre er det eine av desse.
Det andre formålet vil vera å fremja
godt språk i staten anten det er tale om bokmål
eller nynorsk.
I den førre meldinga vart det også peikt
på at særleg Språkrådet har
vanskar med å få inn dei årlege målbrukrapportane
i tide. Departementet meiner derfor at tida no er inne til også å ta
inn i forskrifta til mållova at statsorgan har plikt til
innan ein viss frist kvart år å senda inn rapport
om eigen målbruk.
Dersom ikkje intensivert innsats og dei andre
skisserte tiltaka i denne meldinga gir snarlege og tilfredsstillande
resultat, vil Regjeringa vurdera om det kan vera tenleg å ta
i bruk sanksjonar av meir negativ karakter overfor statsorgan som
ikkje viser vilje til å etterleva målbruksreglane.
Det har lenge vore uavklart kor langt verkeområdet for
mållova strekkjer seg når det gjeld statstilknytte verksemder
som ikkje er ein organisatorisk del av forvaltninga. Departementet
vil sjå nærmare på dette spørsmålet
og koma tilbake til saka i annan samanheng.
Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunn Karin Gjul, Britt Hildeng, Espen Johnsen og Tove Karoline Knutsen, frå Høgre, Olemic Thommessen, frå Sosialistisk Venstreparti, May Hansen, frå Kristeleg Folkeparti, leiaren May-Helen Molvær Grimstad, frå Senterpartiet, Erling Sande, og frå Venstre, Trine Skei Grande, viser til faneparagrafen i mållova der det blir slått fast at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer som skal vere jamstilte skriftspråk i alle organ, for stat, fylkeskommune og kommune. Det er eit språkpolitisk mål at nynorsk skal ha ein trygg posisjon både som eit levande bruksspråk og som eit likeverdig offisielt skriftmål ved sida av bokmål. Fleirtalet vil understreke kor viktig det er å styrke og verne det norske språk generelt, slik at både bokmål og nynorsk kan bestå som kulturspråk og fullverdige bruksspråk i alle delar av samfunnslivet. I fleire samanhengar vil nynorsk vere særleg utsett i så måte, fordi det er den minst utbreidde målforma, og at det av den grunn er meir krevjande å sikre gode rammevilkår.
Fleirtalet vil peike på at staten og det offentlege gjennom sin språkbruk har eit særleg ansvar for å syte for ei god veksling mellom bokmål og nynorsk. Fleirtalet er samd med departementet i at sidemålsopplæringa i skulen er noko av grunnlaget for at ein kan ha ei mållov med plikt for dei tilsette til å bruke både bokmål og nynorsk. Fleirtalet stør målsetjinga om å utvikle og styrkje sidemålsundervisninga og fleirtalet vil peike på at tilgang til undervisningsmateriell på båe målformer til same tid og til den same prisen er ein viktig føresetnad for å sikre elevar eit fritt val av målform og for rekruttering av språkkompetanse i det offentlege.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, viser til at formålet med målloven i utgangspunktet er å verne retten til å anvende den målform som faller en naturlig eller som man velger, samt å hindre at en målform diskrimineres.
Disse medlemmer støtter retten til valg av målform, men er imot enhver form for tvang og lovregulering som har til hensikt å påtvinge den enkelte å anvende en målform som ikke er frivillig. Språk og målform bør være resultatet av en naturlig prosess hvor individ, kultur og samfunn inngår. Enhver må kunne velge sitt hovedmål, men også respektere den andre målformens likeverd og berettigelse.
Disse medlemmer mener det å ha som målsetning at en viss prosentandel av "svakeste" målform skal benyttes i offentlig tjeneste, i dette tilfelle 25 pst., virker rigid, begrensende og byråkratisk. Det synes klart at dette påfører det offentlige et unødvendig og byråkratiske forsinkende ledd - som reduserer effektiviteten og evnen til å oppfylle målsetningene til de respektive etater. I lys av behovet for modernisering og effektivisering av det offentlige bør slike bestemmelser fjernes.
Disse medlemmer mener enhver nordmann har evnen til å forstå begge målformer. Dette er språkets kjerne: kommunikasjon. En levende språkkultur vokser ikke frem gjennom tvang, kontroll og reguleringer.
Disse medlemmer mener at man i altfor lang tid har satt de to målformene opp mot hverandre - dette tjener ingen hensikt. Det synes klart at nynorsk skriftkultur har tilført den norske kulturarv verdifulle skatter, men det har vært i form av enkeltmenneskers engasjement og ikke statlig overstyring. Det er ikke tall og prosentandeler som avgjør språkets levedyktighet, men menneskene som frivillig anvender det.
Disse medlemmer fremmer følgende forslag:
"Stortinget ber Regjeringen stille i bero de foreslåtte innskjerpinger som har til hensikt å ytterligere styre valg av målform i statlige organ. Stortinget legger til grunn at man ikke setter i verk tiltak som har til hensikt å øke omfanget av en målform ved hjelp av lovreguleringer, og som søker å øke omfanget og virkeområdet til gjeldende mållov."
"Stortinget ber Regjeringen legge til rette for at tjenestemenn i statlige organ skal kunne benytte den målform som faller dem naturlig. Henvendelse til en etat på bokmål kan besvares på nynorsk hvis det er tjenestemannens målform og vice versa."
"Stortinget ber Regjeringen legge til grunn at statlige selskap som har skiftet driftsform, fortrinnsvis til aksjeselskap - men også andre foretak slik som helseforetak, skal være unntatt reguleringer og forskrifter som omfatter statlige organer i målloven."
"Stortinget ber Regjeringen fremme sak for Stortinget om en revisjon av målloven slik at den er i samsvar med realistiske språklige forutsetninger og at den faktiske anvendelse av målform i den norske befolkningen legges til grunn for lovens formål og gjennomføring."
Komiteens medlem fra Høyre mener det er viktig at offentlig sektor besitter kompetanse til å skrive brev, forfatte skriv, og skrive utredninger i begge målformer. Dette medlem mener imidlertid at så vel hensynet til rekruttering av kompetent arbeidskraft, som integrering av arbeidskraft fra fremmede kulturer, tilsier at den enkelte arbeidstager må ha rett til å benytte den målformen vedkommende selv behersker best i sitt arbeid. Dette medlem mener derfor mållovens bestemmelser om krav til at alle ansatte skal beherske begge målformer skriftlig bør utredes nærmere med sikte på en oppmykning. Dette medlem ber Regjeringen komme tilbake til Stortinget med en sak om dette.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre fremmer følgende forslag:
"Stortinget ber Regjeringen legge frem en sak for Stortinget med henblikk på en oppmykning av mållovens krav om at den enkelte arbeidstaker skal beherske begge målformer."
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke
medlemene frå Fremskrittspartiet, viser til meldinga når
det gjeld omtale av rapportering av målbruk i sentralt informasjonstilfang
i departementa og i andre sentrale statsorgan. Fleirtalet meiner
meldinga gir god og grundig omtale av målbruken i offentleg
teneste og deler departementet si vurdering av utfordringane på dette
feltet.
Fleirtalet støtter dei
mål og tiltak som vert omtalt i meldinga, og som mellom
anna inneber eit sterkare søkjelys på leiaransvaret,
utbygging av språkkonsulenttenesta og avsetting av naudsynte
ressursar til den sentrale tilsynsfunksjonen.
Fleirtalet vil streke under at
oppfølging av reglane i mållova er eit ansvar
for leiarar på alle nivå i staten, på linje
med andre embets- og tenesteplikter.
Fleirtalet er særskilt
nøgd med dei tydelege signala om at ein no skal prioritere
arbeidet med oppfølging av mållova sterkare. Kultur-
og kyrkjedepartementet varslar at i løpet av eit par år
bør det store fleirtalet av statsorgan kunne dokumentere
minst 25 pst. nynorsk. Fleirtalet støtter
dette målet.
Fleirtalet er vidare samd i departementet
si prioritering av arbeidet med å rydde opp på dei
statlege heimesidene på Internett, der mykje tyder på at
det er enda dårlegare stelt med måljamstillinga
enn elles.
Fleirtalet er tilfreds med at
departementet no ønskjer å forskriftsfeste interne
instruksar i alle statsorgan for korleis mållova skal oppfyllast. Fleirtalet er også positiv
til departementet sitt framlegg om å ta inn i forskrifta
til mållova at statsorgan har plikt til innan ein viss
frist kvart år å sende inn rapport om eigen målbruk.
I dag går det bort unødig mykje tid og ressursar på å purre
opp dei organa som forsømer seg.
Statstilknytte verksemder som ikkje er ein organisatorisk
del av forvaltninga, har eit uavklara forhold til mållova. Fleirtalet ser
behovet for ei slik avklaring, og er glad for at departementet varslar
at dei vil sjå nærare på dette
spørsmålet.
Fleirtalet vil vidare peike på at
tekst på skilt er viktige symbol som verkar haldningsskapande
og som synleggjer at vi i Noreg har to jamstilte skriftspråk. Fleirtalet meiner
at offentleg sektor har eit stort rom for betring når det
gjeld skilting av statlege etatar på båe målformer.
Eit anna fleirtal,
alle unnateke medlemene frå Fremskrittspartiet og Høgre,
er uroa over utviklinga i målbruken i offentleg teneste.
Til tross for ein viss auke i nynorskbruken i proposisjonar og meldingar
til Stortinget og elles nokre enkeltståande lyspunkt blant
statsorgan under departementa, har den gjennomgåande tendensen
sidan 2001 vore stillstand og til og med tilbakegang på fleire
område.
Dette fleirtalet er samd med
Regjeringa i at dei mangelfulle resultata viser at det no er naudsynt å ta fram
att dei offensive tiltaka som vart skissert i den førre
meldinga. For å lukkast betre med desse tiltaka framover,
meiner dette fleirtalet det må leggast inn
meir ressursar i det sentrale tilsynsarbeidet og meir arbeid i aktiv
oppfølging på gjennomføringssida.
Dette fleirtalet støtter
prioriteringa av auka innsats og dei positive tiltaka som vert varsla
i meldinga. Dersom dette ikkje skulle gi snarlege og tilfredsstillande
resultat, meiner dette fleirtalet det kan vere tenleg å ta
i bruk sanksjonar av meir negativ karakter overfor statsorgan som
ikkje viser vilje til å etterleve målbruksreglane.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke
medlemene frå Fremskrittspartiet, viser til at dei økonomiske konsekvensane
av denne meldinga avgrensar seg til den vidare oppbygginga av den
statlege språkkonsulenttenesta. Dette tiltaket er tidlegare
kostnadsrekna til 3 mill. kroner. Fleirtalet viser
til at tiltaket er fylgt opp eit stykke på veg, med ei
løyving på vel 1 mill. kroner i statsbudsjettet
for 2006.
Forslag frå Fremskrittspartiet og Høgre:
Forslag 1
Stortinget ber Regjeringen legge frem en sak for Stortinget med henblikk på en oppmykning av mållovens krav om at den enkelte arbeidstaker skal beherske begge målformer.
Forslag frå Fremskrittspartiet:
Forslag 2
Stortinget ber Regjeringen stille i bero de foreslåtte innskjerpinger som har til hensikt å ytterligere styre valg av målform i statlige organ. Stortinget legger til grunn at man ikke setter i verk tiltak som har til hensikt å øke omfanget av en målform ved hjelp av lovreguleringer, og som søker å øke omfanget og virkeområdet til gjeldende mållov.
Forslag 3
Stortinget ber Regjeringen legge til rette for at tjenestemenn i statlige organ skal kunne benytte den målform som faller dem naturlig. Henvendelse til en etat på bokmål kan besvares på nynorsk hvis det er tjenestemannens målform og vice versa.
Forslag 4
Stortinget ber Regjeringen legge til grunn at statlige selskap som har skiftet driftsform, fortrinnsvis til aksjeselskap - men også andre foretak slik som helseforetak, skal være unntatt reguleringer og forskrifter som omfatter statlige organer i målloven.
Forslag 5
Stortinget ber Regjeringen fremme sak for Stortinget om en revisjon av målloven slik at den er i samsvar med realistiske språklige forutsetninger og at den faktiske anvendelse av målform i den norske befolkningen legges til grunn for lovens formål og gjennomføring.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
St.meld. nr. 7 (2005-2006) - om målbruk i offentleg teneste - vert å leggja ved protokollen.
Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 16. februar 2006
May-Helen Molvær Grimstad
leiar |
Erling Sande
ordførar |