Innstilling fra kommunal- og forvaltningskomiteen om lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2006 mv.

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 235 (2005-2006)
  • Kildedok: St.prp. nr. 69 (2005-2006)
  • Dato: 12.06.2006
  • Utgiver: Kommunal- og forvaltningskomiteen
  • Sidetall: 4

Til Stortinget

1. Sammendrag

Fornyings- og administrasjonsdepartementet legg i proposisjonen fram følgjande saker:

  • 1. Lønsregulering frå 1. mai 2006 for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet m.fl.

  • 2. Regulering av statspensjonane pr. 1. mai 2006 saman med andre pensjonsforhold.

  • 3. Endringar i statsbudsjettet for 2006.

1.1 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet med verknad frå 1. mai 2006

1.1.1 Lønsforhandlingane mv. pr. 1. mai 2006

Forhandlingane mellom staten v/Fornyings- og administrasjonsdepartementet og tenestemennenes hovudsamanslutningar (LO Stat, Yrkesorganisasjonanes Sentralforbund Stat (YS Stat), Hovudorganisasjonen for universitets- og høgskoleutdanna (Unio)) og Akademikerne, om ny hovudtariffavtale i staten for perioden 2006-2008, vart innleidde 31. mars 2006 med at organisasjonane og staten la fram og grunngav sine krav.

Forhandlingane heldt fram til den 28. april. Mekling mellom partane vart opna 2. mai 2006 hos Riksmek­lingsmannen og heldt fram i møte til og med 24. mai 2006.

Riksmeklingsmannen la om morgonen 24. mai 2006 fram ei skisse til ny hovudtariffavtale i staten. Representantar frå Akademikerne sa nei til skissa frå Riksmeklingsmannen og det vart dermed brot i meklinga mellom Akademikerne og staten v/Fornyings- og administrasjonsdepartementet. Dette førte til at Akademikerne gjekk ut i streik.

Riksmeklingsmannen la i møte 24. mai 2006 fram forslag til ny hovudtariffavtale i staten med verknad frå 1. mai 2006. Staten godtok forslaget. LO Stat, YS Stat og Unio orienterte om at dei tilrådde meklingsresultatet og ville sende det ut til avrøysting. Svarfristen er sett til 26. juni 2006 kl. 12.00.

1.1.2 Lønsforhandlingane mv. for tenestemenn tilslutta NITO og Norges Farmaceutiske Forening (NFF)

Det har vore ført parallelle forhandlingar mellom staten v/Fornyings- og administrasjonsdepartementet og NITO/Norges Farmaceutiske Forening. Desse har sjølvstendig forhandlingsrett utan å vere knytte til ein hovudsamanslutning. På bakgrunn av statens siste tilbod framsett den 28. april 2006, kravde organisasjonane same dag forhandlingane avslutta. Mekling vart opna 2. mai og heldt fram til Riksmeklingsmannen i møte den 24. mai 2006 la fram eit forslag til ny avtale med verknad frå 1. mai 2006. Partane melde frå til Riksmeklingsmannen same dag at dei godtok det framsette forslaget.

1.1.3 Lønsregulering mv. for embets- og tenestemenn som ikkje vert dekte av hovudtariff­avtalen

Det er ein føresetnad frå Fornyings- og administrasjonsdepartementet at lønsreguleringa frå 1. mai 2006 mv. vert gjort gjeldande for alle embets- og tenestemenn, òg dei som ikkje vert dekte av hovudtariffavtalane. Fornyings- og administrasjonsdepartementet ber difor om fullmakt til å gjere avtalane gjeldande for arbeidstakarar som ikkje er medlem av organisasjonar med forhandlingsrett – og som difor ikkje direkte vert omfatta av dei avtalar som er gjorde.

1.2 Regulering av statspensjonane pr. 1. mai 2006 og andre pensjonsforhold

Ved handsaminga av St.meld. nr. 29 (1985-1986) føresette Stortinget at pensjonar skal regulerast i takt med grunnbeløpet i folketrygda. Dette vart første gang gjort med verknad frå 1. mai 1986 og seinast 1. mai 2005.

Grunnbeløpet i folketrygda vert i ein eigen stortingsproposisjon foreslått auka frå 60 699 kroner til 62 892 kroner frå 1. mai 2006, som medfører ein meirkostnad for dei faste statspensjonane på 83,123 mill. kroner.

1.3 Endringar på statsbudsjettet for 2006

Samla bruttoutgifter ved lønsreguleringa for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet pr. 1. mai 2006, er for tidsrommet 1. mai-31. desember 2006 rekna til 1 627 mill. kroner. Løyvingsanslaget byggjer på lønsmassen i det statlege tariffområdet pr. 1. oktober 2005.

Meirutgiftene er rekna til 1 200 mill. kroner. Etter vanleg praksis vert slike meirutgifter dekte ved at det vert ført opp løyving under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, som Finansdepartementet får fullmakt til å fordele.

Under kap. 1502 Tilskot til kompetanseutvikling vert det for perioden 1. mai 2006-30. april 2008 avsett til saman 40 mill. kroner til kompetanseutvikling. Av dette skal 10 mill. kroner nyttast til felles opplærings- og utviklingstiltak for leiinga og dei tillitsvalde i samarbeidskompetanse og medbestemming. Det vert løyvd 20 mill. kroner i 2006 og 20 mill. kroner i 2007.

Under kap. 1503 Midlar til tenestemannsorganisasjonanes opplærings- og utviklingsarbeid post 70 Tilskot frå staten vert det foreslått ein reduksjon på 21,689 mill. kroner. Løyvinga er inklusive 10 mill. kroner til skoleverket som ein del av omstillingsperioda frå 1. mai 2004 til 30. april 2008, jamfør inngått avtale mellom partane. Post 71 Bidrag frå arbeidstakarane vert foreslått redusert med 5,830 mill. kroner. Forslaget er utrekna på grunnlag av årsverk og lønsmasse i staten pr. 1. oktober 2005.

Under kap. 1541 Pensjonar av statskassen, post 1 Driftsutgifter, vert det foreslått ein auke med 0,506 mill. kroner som følgje av auken av grunnbeløpet (G) i folketrygda.

Meirutgifter til løpande pensjonar som følgje av endring i grunnbeløpet (G) i folketrygda utgjer 345,973 mill. kroner. Samtidig er overslaget for premieinntekter til Statens Pensjonskasse vurdert på nytt, bl.a. på bakgrunn av nye opplysningar som følgjer av lønsoppgjera. Dette inneber at premieinntektene no er utrekna til å verte om lag 255,972 mill. kroner høgare enn det ein tidlegare gjekk ut frå. Netto tilskot til Statens Pensjonskasse på kap. 1542 vert difor foreslått auka med 79,770 mill. kroner. Auken fordeler seg med 72,385 mill. kroner under post 1 og 7,385 mill. kroner under post 70.

Under kap. 1546 Yrkesskadeforsikring og kap. 1547 Gruppelivsforsikring medfører auken i grunnbeløpet nye overslag for løyvingsbehovet. Auken utgjer 1,065 mill. kroner under kap. 1546 og 1,782 mill. kroner for kap. 1547.

Under kap. 635 Venteløn vert det foreslått ein auke i overslagsløyvinga med 8 mill. kroner under post 1 Driftsutgifter.

Det er avsett midlar til dekning av meirutgiftene ved lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet mv. under kap. 2309 Tilfeldige utgifter, post 1 Driftsutgifter. Løyvinga under kap. 2309 Tilfeldige utgifter vil verte redusert i samband med proposisjonen om ny saldering av statsbudsjettet 2006 til hausten.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Dag Terje Andersen, Tore Hagebakken, Saera Khan, Inger Løite og Arild Stokkan-Grande, fra Fremskrittspartiet, Per-Willy Amundsen, Åge Starheim og Ib Thomsen, fra Høyre, Kari Lise Holmberg og Bent Høie, fra Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen, fra Kristelig Folkeparti, Bjørg Tørresdal, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, og fra Venstre, Vera Lysklætt, slutter seg til forslaget i proposisjonen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Kristelig Folkeparti viser til at det i forbindelse med årets lønnsoppgjør i det statlige tariffområdet er stilt spørsmål fra en av partene vedrørende Regjeringens håndtering av oppgjøret knyttet til likebehandling av partene. Disse medlemmer vil understreke betydningen av at oppgjørene foretas etter gitte spilleregler, og at alle arbeidstakerorganisasjoner likebehandles.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2006 vert det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter:

2315

Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet

1

Driftsutgifter, vert løyvd med

1 200 000 000

1502

Tilskot til kompetanseutvikling

70

Tilskot, kan overførast, vert løyvd med

20 000 000

1503

Midlar til tenestemannsorganisasjonanes opplærings- og utviklingsarbeid

70

Tilskot, vert nedsett med

21 689 000

frå kroner 107 816 000 til kroner 86 127 000

71

Bidrag frå arbeidstakarane, vert nedsett med

5 830 000

frå kroner 29 959 000 til kroner 24 129 000

1541

Pensjonar av statskassen

1

Driftsutgifter, overslagsløyving, vert auka med

506 000

frå kroner 21 000 000 til kroner 21 506 000

1542

Tilskot til Statens Pensjonskasse

1

Driftsutgifter, overslagsløyving, vert auka med

72 385 000

frå kroner 6 299 000 000 til kroner 6 371 385 000

70

For andre medlemmer av Statens Pensjonskasse, overslagsløyving, vert auka med

7 385 000

frå kroner 70 000 000 til kroner 77 385 000

1546

Yrkesskadeforsikring

1

Driftsutgifter, overslagsløyving, vert auka med

1 065 000

frå kroner 85 000 000 til kroner 86 065 000

1547

Gruppelivsforsikring

1

Driftsutgifter, overslagsløyving, vert auka med

1 782 000

frå kroner 74 000 000 kroner til 75 782 000 kroner

635

Venteløn, jf. kap. 3635

1

Driftsutgifter, overslagsløyving, vert auka med

8 000 000

frå kroner 420 000 000 til kroner 428 000 000

II

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2006 vert føreteke regulering av løningane mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemer av LO Stat, Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund Stat og Unio i samsvar med Riksmeklingsmannen si møtebok av 24. mai 2006.

III

Stortinget samtykkjer i at det med verknad frå 1. mai 2006 vert føreteke regulering av løningane mv. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemmer av NITO og Norges Farmaceutiske Forening i samsvar Riksmeklingsmannen si møtebok av 24. mai 2006.

IV

For embets- og tenestemenn som ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i II og III og difor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsett i hovudtariffavtale, skal same løns- og arbeidsvilkår som etter II, gjelde. Embets- og tenestemenn som er tekne ut av hovudtariffavtalen, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.

V

Fornyings- og administrasjonsdepartementet får fullmakt til å kunne samtykkje i at det ved forhandlingar/mekling vert føreteke tilsvarande regulering som i II av løningane mv. for arbeidstakarar som er medlemmer i Akademikerne.

VI

Stortinget samtykkjer i at Kongen på vegne av staten kan bringe tvistar i samband med tariffoppgjeret i staten i 2006 inn for Rikslønsnemnda i samsvar med føresetnadene i lov om offentlege tenestetvistar av 18. juli 1958, jf. § 26.

VII

  • 1. Pensjonar i Statens Pensjonskasse vert regulerte i samsvar med auken i grunnbeløpet i ­folketrygda pr. 1. mai 2006.

  • 2. Statens Pensjonskasse vert gitt fullmakt til å regulere og tilpasse pensjonar som på grunn av særlege pensjonstekniske forhold ikkje med rimelig resultat kan regulerast i samsvar med punkt 1.

  • 3. Fornyings- og administrasjonsdepartementet får fullmakt til å regulere pensjonar av statskassa på same måte som for statspensjonistar etter punkt 1.

VIII

Stortinget samtykkjer i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 1 Driftsutgifter, på dei av departementet sine postar som har lønsløyving.

Oslo, i kommunal- og forvaltningskomiteen, den 12. juni 2006

Dag Terje Andersen

leder

Inger Løite

ordfører