Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 51/2006
av 28. april 2006 vart det vedteke å endre vedlegg XXI
til EØS-avtala ved å innlemme europaparlaments-
og rådsforordning nr. 1158/2005 av 8. oktober
2002 om endring av rådsforordning (EF) nr. 1165/98
om konjunkturstatistikk, som er teken inn i vedlegg XXI til EØS-avtala.
Ettersom gjennomføringa av avgjerda
i EØS-komiteen inneber auka økonomiske utgifter
over fleire år, vart avgjerda i EØS-komiteen teken
med atterhald for samtykke frå Stortinget, i samsvar med § 26
andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala.
Avgjerda i EØS-komiteen og europaparlaments-
og rådsforordninga i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som
trykte vedlegg til proposisjonen.
Føremålet med forordninga
er å gjere endringar i rådsforordning (EF) nr.
1165/65 om korttidsstatistikk. Bakgrunnen for endringane
er røynsler frå den eksisterande forordninga,
drøftingar som har funne stad av handlingsplanen for økonomisk
korttidsstatistikk i ulike samanhengar og ønske som Den
europeiske sentralbanken har uttrykt.
Forordninga gjev høve til å gjennomføre
utvalsgranskingar på europeisk nivå med
sikte på å utarbeide samla utrekningar for alle
statane.
Forordninga fører òg til ein
del endringar i vedlegga til korttidsforordninga når det
gjeld variablar, referanseperiode og tidsfristar for levering av
data. For nokre variablar vert talet auka ved overgang frå kvartal
til månad. Dette gjeld m.a. produksjonsindeksen for bygg og
anlegg. På nokre område vert tidsfristane for
datalevering korta ned. Dette gjeld t.d. talet på sysselsette
i industrien, bygg og anlegg og tenestenæringane der kravet
til produksjonstid vert korta ned frå 90 til 60 dagar etter
utgangen av kvartalet.
Det skal òg gjennomførast
einskilde studiar for å vurdere om det er mogleg å produsere
statistikk på visse nye område. Dette gjeld produsentprisar
innanfor bygg og anlegg, kvartalsvis indeks for timeverk og løn
innanfor detaljhandelen og tenestenæringane, og dessutan overgang
frå kvartalsvis til månadleg omsetningsstatistikk
for tenestenæringar.
Etter statistikklova av 16. juni 1989
er Statistisk sentralbyrå det sentrale organet for utarbeiding
og spreiing av offisiell statistikk. Som ein del av dette har Statistisk sentralbyrå hovudansvaret
for internasjonalt statistikksamarbeid. Når det gjeld EØS-samarbeidet
vil dette seie at Statistisk sentralbyrå har hovudansvaret
for oppfølginga av protokoll 30 i EØS-avtala og
dei pliktene som følgjer av dette, m.a. gjennom vedlegg
XXI.
Framlegget stiller store krav til omlegging
og utvikling av statistikk. På nokre område kan
dette løysast ved utvikling av nye metodar for bruk av
administrative data (medrekna mva-oppgåver). Dei største
utfordringane knyter seg til utvikling av nye prisstatistikkar for
tenestenæringa. Måten dette skal løysast
på er framleis under utgreiing. Eit førebels overslag
tyder på at desse kan føre til ein årleg
tilleggskostnad på mellom 2,5 og 4 mill. kroner.
Dei auka kostnadene vil verte dekte innanfor
budsjettrammene til Statistisk sentralbyrå (kap. 1620).
Framlegget fører ikkje til større
administrative konsekvensar.
Forordninga er eit viktig tilskot til vidare
utvikling av harmonisert korttidsstatistikk innanfor EØS-området. Difor
har Noreg òg teke aktivt del i utforminga av planane for
denne statistikken.
Regjeringa rår til at Noreg godkjenner
avgjerd i EØS-komiteen nr. 51/2006 av 28. april
2006 om endring av vedlegg XXI til EØS-avtala ved å innlemme europaparlaments-
og rådsforordning nr. 158/2005 om konjunkturstatistikk.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Marianne Aasen Agdestein, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen, Reidar Sandal, leiaren Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Eirin Kristin Sund, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, frå Høgre, Svein Flåtten, Peter Skovholt Gitmark og Jan Tore Sanner, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen, frå Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og frå Venstre, Lars Sponheim, viser til at avgjerd i EØS-komiteen nr. 51/2006 av 28. april 2006 om å innlemme europaparlaments- og rådsforordning nr. 1158/2005 av 8. oktober 2002 om endring av rådsforordning (EF) nr. 1165/98 om konjunkturstatistikk, krev samtykke frå Stortinget på grunnlag av Grunnlova § 26 anna ledd, jf. EØS-avtalen art. 103. Komiteen har lagt utkastet til innstilling fram for utanrikskomiteen, som i brev av 25. oktober 2006 opplyste at den ikkje har merknader til utkastet til innstilling.
Komiteen sluttar seg til forslaget frå Regjeringa.
Komiteen viser til proposisjonen og det som står over, og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
Stortinget gjev samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 51/2006 av 28. april 2006 om innlemming i EØS-avtala av europaparlaments- og rådsforordning nr. 1158/2005 om konjunkturstatistikk.
Oslo, i finanskomiteen, den 1. november 2006
Karl Eirik Schjøtt-Pedersen
leiar |
Eirin Kristin Sund
ordførar |