Innstilling fra næringskomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2006 under Nærings- og handelsdepartementet

Til Stortinget

1. Sammendrag

I proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet 2006 i samsvar med dei endringsforslag som er omtala i proposisjonen.

1.1 Nærare omtale av nokre av endringsforslaga i proposisjonen

1.1.1 Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap (jf. kap. 3950 og 5656) post 21

På statsbudsjettet for 2006 er det løyvd 11,5 mill. kroner til å dekkje transaksjonskostnader og fagleg bistand i samband med aksjesal i selskap under NHD si forvalting. Posten skal òg dekkje konsulentbistand ved eigar- og strukturmessige vurderingar og VPS-avgifter.

Dei samla utgiftene for 2006 ventast å bli om lag 24 mill. kroner. Mellom anna er det utbetalt 10 mill. kroner knytta til etablering av ei industriell løysing for BaneTele AS. Løyvinga er elles nytta til å dekkje avgift for deponering av aksjar i børsnoterte selskap i Verdipapirsentralen, og til fagleg bistand knytt til mellom anna Cermaq ASA, Telenor ASA, SAS AB, Statkraft SF, Nammo AS, Raufoss ASA og Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S.

Når ein tek omsyn til dei vel 6,5 mill. kroner som er overført frå 2004, er det behov for ei løyving på 17,5 mill. kroner for 2006. Nærings- og handelsdepartementet gjer på dette grunnlaget framlegg om å auke løyvinga på post 21 Spesielle driftsutgifter med 6 mill. kroner, frå 11,5 til 17,5 mill. kroner.

1.1.2 Kap. 953 Kings Bay AS post 95 (ny)

Kings Bay AS eig grunn og mesteparten av bygg og anlegg i Ny-Ålesund på Svalbard. Selskapet sitt føremål er drift og utnytting av eigedommane og anna verksemd som står i samband med dette. Den primære oppgåva er å tilby service- og infrastrukturtenester til norsk og internasjonal naturvitskapleg forsking som blir drive med base i Ny-Ålesund.

Styret har vurdert eigenkapitalsituasjonen i selskapet og meiner at det er behov for å auke aksjekapitalen. med inntil 5 mill. kroner. Etter departementet sitt syn vil ei kapitalutviding i Kings Bay AS i det omfang som styret har foreslått, gi ein meir høveleg kapitalstruktur. På denne bakgrunn gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å løyve 5 mill. kroner på post 95 (ny) Aksjekapital, i aksjekapital til Kings Bay AS på statsbudsjettet for 2006.

1.1.3 Kap. 2421 Innovasjon Norge (jf. kap. 5325 og 5625) post 70

For å sikre god samordning mellom Innovasjon Norge sitt internasjonaliseringsarbeid og utanrikstenesta sine om lag 100 stasjonar i utlandet vedtok Stortinget ved handsaming av St.prp. nr. 51 og Innst. S. nr. 283 (2002-2003) Virkemidler for et innovativt og nyskapende næringsliv, at "Stortinget samtykker i at den nye enhetens utsendinger i utlandet integreres i utenrikstjenesten og anmeldes som spesialutsendinger". Vedtaket blei ikkje lovfesta i Ot.prp. nr. 14 (2002-2003) Om lov om Innovasjon Norge.

Det har vist seg vanskeleg å gjennomføre den administrative integrasjonen av Innovasjon Norge i utan­rikstenesta. Noreg sine traktatplikter er til hinder for at utanriksstasjonane kan engasjere seg i aktivitetar som kan reknast som næringsverksemd.

På stader der Innovasjon Norge si reiselivsverksemd er av eit slikt omfang at det løyser ut plikt til meirverdiavgiftsregistrering til styresmaktene i vertslandet, vil Innovasjon Norge måtte ha eigne kontor. På dei andre stadene vil Innovasjon Norge sine medarbeidarar vere meldt til styresmaktene i vertslandet ved gjeldande utanriksstasjon om vertslandet godtek det. Dei utsende medarbeidarane vil då vere andre utsendingar og ikkje spesialutsendingar. Innovasjon Norge vil ha arbeidsgjevaransvaret for medarbeidarane i utlandet.

Nærings- og handelsdepartementet gjer med dette framlegg om å oppheve vedtaket som Stortinget fatta ved handsaminga av St.prp. nr. 51 og Innst. S. nr. 283 (2002-2003) om at utsendingar i utlandet skulle integrerast i utanrikstenesta og bli meldt som spesialutsendingar, jf. Forslag til vedtak III. Dette vil ikkje føre til endringar i budsjettet til Innovasjon Norge.

1.1.4 Kap. 3934 (nytt) Internasjonaliseringstiltak (jf. kap. 934) post 70

Investeringsprogrammet i dei baltiske landa (Baltic Investment Programme, BIP) blei skipa av dei nordiske finansministrane i 1992. Målet for programmet var å fremme utviklinga i den private sektoren i dei baltiske landa.

Dei nordiske landa løyvde i alt 41,5 mill. ecu til baltiske investeringsfond som blei forvalta av Den europeiske bank for gjenoppbygging og utvikling (EBRD), Den Nordiske Investeringsbanken (NIB) og Nordisk Prosjekteksportfond (NOPEF). Det blei også skipa eit baltisk fond for teknisk samarbeid der dei nordiske landa til saman løyvde 5,75 mill. ecu.

I 1998 vedtok dei nordiske finansministrane at BIP skulle fasast ut frå byrjinga av 1999. Dei frigjorte løyvingane skulle førast tilbake til dei nordiske landa. Nærings- og handelsdepartementet gjer ut frå dette framlegg om å løyve 55,6 mill. kroner på nytt kap. 3934 Internasjonaliseringstiltak post 70 Tilbakeføring av midlar frå det baltiske investeringsprogrammet på statsbudsjettet for 2006.

1.1.5 Kap. 3961 Selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 2426 og 5609) post 93

Ein viser til handsaminga av St.prp. nr. 74 (2005-2006), jf. Innst. S. nr. 6 (2006-2007) Statens eierskap i BaneTele AS.

Ein føresetnad for avtalene er at BaneTele AS etter kapitalinnskotet frå Bredbåndsalliansen skal betale tilbake eit ansvarleg lån frå staten på 209,5 mill. kroner, i tillegg til om lag 73 mill. kroner i renter frå 11. april 2003 og fram til lånet blir betalt. Avtalen med BaneTele AS ble undertegnet 16. november 2006.

På denne bakgrunnen gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å føre tilbakebetalinga av det ansvarlege lånet på 209,5 mill. kroner som inntektsløyving under kap. 3961 ny post 93 Tilbakebetaling av ansvarleg lån, BaneTele AS, på statsbudsjettet for 2006. Rentene blir inntektsført under kap. 5609 Renter frå selskap under NHD si forvalting ny post 82 Renter, BaneTele AS.

2. Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunvor Eldegard, Sigrun Eng, Steinar Gullvåg, Sigvald Oppebøen Hansen og Arne L. Haugen, fra Fremskrittspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Kåre Fostervold og Øyvind Korsberg, fra Høyre, Torbjørn Hansen og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Sosialistisk Venstreparti, Aud Herbjørg Kvalvik, fra Kristelig Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn, fra Senterpartiet, lederen Lars Peder Brekk, og fra Venstre, Leif Helge Kongshaug, viser til St.prp. nr. 23 (2006-2007) og merker seg at en stor andel av Nærings- og handelsdepartementets forslag til endringer i budsjettet for 2007 er å anse som tekniske endringer eller som resultat av tidligere vedtak. Komiteen viser også til at noen av de foreslåtte endringene skyldes valutakursendringer. Komiteen viser videre til brev fra Nærings- og handelsdepartementet av 7. desember 2006 (vedlagt).

Kap. 953 Kings Bay AS

Komiteen viser til at Regjeringen foreslår å øke aksjekapitalen i Kings Bay AS, og at selskapet med dette vil få en mer robust økonomi. Komiteen er tilfreds med at selskapet dermed også gis bedre mulighet til å tilrettelegge for forskning og videre utvikling av virksomheten.

Kap. 2421 Innovasjon Norge

Komiteen er kjent med at integreringen av Innovasjon Norges utenlandsutsendinger i utenrikstjenesten ikke har latt seg gjennomføre som forutsatt i Stortingets behandling av saken i St.prp. nr. 51 (2002-2003), grunnet hindringer i Norges traktatmessige forpliktelser. Komiteen finner det uheldig at det ikke er mulig å tilknytte Innovasjon Norges utsendinger til den stedlige utenrikstjenesten i det enkelte land, og at virkemiddelapparatet i forhold til næringslivets internasjonaliseringsarbeid således ikke vil ha noen enhetlig form.

3. Komiteens tilråding

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2006 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

912

Bedriftsretta informasjonsformidling

21 (ny)

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir løyvd med

5 000 000

70

Tilskot, blir redusert med

5 000 000

frå kr 19 700 000 til kr 14 700 000

922

Romverksemd

70

Kontingent i European Space Agency (ESA), blir redusert med

1 200 000

frå kr 109 100 000 til kr 107 900 000

71

Internasjonal romverksemd, blir redusert med

1 100 000

frå kr 146 300 000 til kr 145 200 000

950

Forvalting av statleg eigarskap (jf. kap. 3950 og 5656)

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, blir auka med

6 000 000

frå kr 11 500 000 til kr 17 500 000

953

Kings Bay AS

95 (ny)

Aksjekapital, blir løyvd med

5 000 000

960

Raufoss ASA

71 (ny)

Refusjon for miljøtiltak, blir løyvd med

19 000 000

2421

Innovasjon Norge (jf. kap. 5325 og 5625)

78

Administrasjonsstønad for distriktsretta såkornfond, blir redusert med

2 700 000

frå kr 3 400 000 til kr 700 000

90

Lån frå statskassa til utlånsverksemd, overslagsløyving, blir auka med

15 650 000 000

frå kr 30 150 000 000 til kr 45 800 000 000

2426

SIVA SF (jf. kap. 5326 og 5613)

90

Lån, overslagsløyving, blir redusert med

50 000 000

frå kr 50 000 000 til kr 0

Inntekter

3904

Brønnøysundregistrene (jf. kap. 904)

1

Gebyrinntekter, blir auka med

60 000 000

frå kr 481 700 000 til kr 541 700 000

3907

Sjøfartsdirektoratet (jf. kap. 907)

2

Maritime personellsertifikat, blir auka med

4 200 000

frå kr 8 300 000 til kr 12 500 000

4

Gebyr for skip i NIS, blir redusert med

5 000 000

frå kr 41 000 000 til kr 36 000 000

3934

(nytt)

Internasjonaliseringstiltak (jf. kap. 934)

70

Tilbakeføring av midler frå det baltiske investeringsprogrammet, blir løyvd med

55 600 000

3950

Forvalting av statleg eigarskap (jf. kap. 950 og 5656)

70 (ny)

Tilbakeføring av tilskot til pensjonar for tidlegare Raufoss-tilsette, blir løyvd med

1 070 000

3961

Selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 5609)

93 (ny)

Tilbakebetaling av ansvarleg lån, BaneTele AS, blir løyvd med

209 500 000

5325

Innovasjon Norge (jf. kap. 2421 og 5625)

90

Avdrag på uteståande fordringar, blir auka med

16 600 000 000

frå kr 30 300 000 000 til kr 46 900 000 000

5326

SIVA SF (jf. kap. 2426 og 5613)

90

Avdrag på uteståande fordringar, blir redusert med

50 000 000

frå kr 50 000 000 til kr 0

5609

Renter frå selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 3961)

82 (ny)

Renter, BaneTele AS, blir løyvd med

73 000 000

5625

Renter og utbyte frå Innovasjon Norge (jf. kap. 2421 og 5325)

80

Renter på lån frå statskassa, blir redusert med

17 000 000

frå kr 325 000 000 til kr 308 000 000

5656

Aksjar i selskap under NHD si forvalting (jf. kap. 950 og 3950)

80

Utbyte, blir auka med

112 800 000

frå kr 11 310 800 000 til kr 11 423 600 000

II

Overførbar løyving

Stortinget samtykkjer i at løyvinga under kap. 922 Romverksemd post 72 Nasjonale følgjemiddel blir gjort overførbar ved tilføying av stikkordet "kan overførast".

III

Integrering av Innovasjon Norge sine utsendingar i utlandet i utanrikstenesta

Stortinget sitt vedtak nr. 560 (2002-2003) om at Innovasjon Norge sine utsendingar i utlandet blir integrert i utanrikstenesta og meldt som spesialutsendingar, blir oppheva.

Vedlegg 1: Brev fra næringskomiteen til Nærings-og handelsdepartementet v/statsråden, datert 6.desember 2006

St.prp. nr. 23 (2005-2006) Nærings- og handels­departementet

I forbindelse med arbeidet med St.prp. nr. 23 (2006-2007) Endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2006 under Nærings- og handelsdepartementet har enkelte av medlemmene i komiteen følgende spørsmål:

1) Kan vi få en utdypende forklaring utover det som er gitt under Kap. 2421 (jfr kap. 5325 og 5625) post 90 på hva årsaken er til at lånerammen er øket med 16,6 mrd. kroner? Det er særlig forklaringen om at innlån og avdrag har økt fordi det nyttes mer kortsiktige lån som ønskes bedre forklart.

2) Under Kap. 2421 (jfr kap. 5325 og 5625) post 90 (Innovasjon Norge) går det frem at utlånet er 16,6 mrd. kroner høyere enn forutsatt i budsjettet for 2006. Hvilke betingelser og hvilken rente gis på disse lånene?

3) Er det normal praksis at Innovasjon Norge, jf Kap. 2421 (jfr kap. 5325 og 5625) post 90, kan låne ut mer enn den fastlagte rammen og senere få dette oppjustert? Er det noen maksimalgrense på dette?

4) Det ønskes en oppstilling over debitorer under Kap. 2421 (jf kap. 5325 og 5625) post 90 per 3. kvartal 2006, samt type virksomhet og investering lånet er gitt til.

Av hensyn til komiteens behandling av saken ber vi om et svar snarest, og senest torsdag 7. desember kl. 15.00. Vi ber om at svaret samtidig også blir sendt elektronisk til marit.halleraker@stortinget.no

Vedlegg 2: Brev fra Nærings- og handelsdepartementetv/statsråden til næringskomiteen, datert 7. desember 2007

St.prp. nr. 23 (2006-2007) Nærings- og handels­departementet

Jeg viser til næringskomiteens brev av 6. desember 2006 med spørsmål knyttet til endringsforslag i St.prp. nr. 23 (2006-2007) under kap. 2421 og 5325 Innovasjon Norge, post 90.

Jeg håper redegjørelsen nedenfor vil bidra til å oppklare og gi de tilleggsopplysninger komiteen som etterlyser:

De forslag til endringer som er fremmet i St.prp. 23 (2006-2007) er knyttet til innlånssystemet mellom Innovasjon Norge og staten, og berører ikke Innovasjon Norges utlånsrammer til kunder under ordningene for lavrisikolån og risikolån. Disse utlånsrammene er 1 500 og 100 mill. kroner i 2006, jf. omtale i St.prp. nr. 1 (2005-2006),og endres normalt ikke gjennom budsjettåret.

Spørsmål 1

Innovasjon Norge kan foreta innlån i statskassa til valgfri løpetid og med en rentesats som tilsvarer rente på statspapirer med tilsvarende løpetid. Innlån fra statskassa budsjetteres under kap. 2421, post 90, mens avdrag/ tilbakebetaling budsjetteres under kap. 5325, post 90. Innlån og avdrag bruttoføres, dvs. at beløpene utgifts- og inntektsføres (akkumuleres) hver gang Innovasjon Norge tar opp eller tilbakebetaler et lån i statskassa. Bevilgningene vil variere mer som følge av hvor hyppig innlånene refinansieres enn som følge av endringer i utlånsvolumet. Løpetiden på innlånene kan variere fra to måneder til flere år.

Hovedårsaken til at det blir en vesentlig økning både i opptak av innlån og avdrag for Innovasjon Norges låneportefølje i 2006, er at utviklingen i rentemarkedet har gjort det mer attraktivt å bruke kortsiktige lån enn det som er lagt til grunn i anslaget for St.prp. nr. 1. På grunn av systemet med akkumulering og bruttoføring øker beløpene både på utgiftssiden (opptak av innlån) og inntektssiden (innbetalte avdrag).

Spørsmål 2

Rentene på innlånene blir fastsatt ut fra rente på statspapirer med tilsvarende løpetid. I tillegg skal Innovasjon Norge betale låneprovisjon til staten på 0,4 pst. p.a. som inntektsføres under kap. 5325, post 70 Låne- og garantiprovisjoner.

Spørsmål 3

Bevilgningene under kap. 2421, post 90 og 5325, post 90 skal dekke Innovasjon Norges brutto innlånsbehov for risiko- og lavrisikolåneordningen i 2006 inkludert refinansiering av tidligere opptatte innlån. Anslaget på det totale innlånsbehovet er usikkert og det er derfor forutsatt at det i nødvendig grad foreslås endring av bevilgningene i revidert budsjett om våren eller i proposisjonen om endring av budsjettet i høstsesjonen, jf. St. prp. nr. 1 (2005-2006), side 180. Disse justeringene gjelder innlånssystemet mellom Innovasjon Norge og staten og påvirker ikke rammene for Innovasjon Norges utlån til eksterne kunder.

Spørsmål 4

Status/saldo for Innovasjon Norges innlånsportefølje i statskassa er pr. 30. november 2006 10 110 mill. kroner. Innovasjon Norge er eneste debitor.

Innovasjon Norges låneportefølje for utlån til kunder fordelt på hovednæringsgrupper pr. november 2006 er vedlagt.

Undervedlegg: Utlån pr. november 2006 - fordelt på næringsgrupper

Utlån pr. november 2006 - fordelt på næringsgrupper

Naring

Lavrisikolån ordinære

Lavrisikolån fiskeriformål

Lavrisikolån landbruk

Risikolån

Distriktsrettet låneordning

Jord/skogbruk

80 101 223

3 747 973 124

21 671 968

2 951 667

Fiske

109 384 791

2 216 115 011

296 076

100 144 825

30 315 516

Fiskeoppdrett

53 225 978

342 769

106 550 399

5 972 369

Bergverksdrift/utvinning

18 548 289

16 530 496

3 681 000

Fiskeforedlingsindustri

704 564 898

1 983 935

224 624 066

27 681 667

Annen nærings-/nytelsesmiddel­industri

70 635 483

1 904 748

69 857 217

22 000 000

Tekstil/bekledning/lær/lærvarer

36 536 912

158 333

775 000

15 329 298

6 000 000

Trevarer

156 296 395

258 000

52 118 454

11 933 333

Papirmasse/papir/papirvarer

21 104 129

33 580 785

Forlagsvirk./grafisk/reprod. innsp. opptak

30 147 786

8 606 897

Kull-/petroleumsprod./kjemikalier/kjemisk

13 916 666

250 000

26 513 741

1 300 000

Gummi/plast

129 485 216

20 885 453

Mineralsk

155 379 255

300 000

29 088 119

2 700 000

Metaller/metallvarer

184 471 150

809 109

115 506 345

1 980 000

Maskiner/utstyr

96 243 937

50 924 059

2 062 500

Elektriske/optiske prod.

15 729 000

52 969 451

1 019 000

Transportmidler

368 379 185

77 475 132

29 735 714

Møbler

56 047 394

23 234 897

5 250 000

Annen industriproduksjon

5 506 650

5 520 027

Gjenvinning

13 467

22 746 353

18 000 000

Kraft/vannforsyning

21 301 832

8 131 333

4 250 419

Bygg-/anleggsvirksomhet

8 856 691

5 925 987

11 995 583

Varehandel/rep. av kjøretøyer/ husholdn.app.

92 307 690

1 333 339

920 900

35 208 603

288 889

Hotell/restaurant

76 654 199

17 161 549

61 913 981

11 049 444

Transport/kommunikasjon

32 364 797

18 397 952

6 511 762

38 727 824

885 417

Finansiell tjenesteyting/forsikring

125 000

Eiendomsdrift/utleie/rengjøring

480 951 082

139 952

26 933 932

129 778 916

9 371 089

Forretningsmessig tjenesteyting

16 694 447

2 813 241

94 043 389

Off. forvaltn./undervisn./helse-/ sosialtj.

92 220 067

6 057 201

5 801 695

Andre sosiale/personlige tjenester

32 186 536

9 731 251

23 164 027

Annet/uspesifisert

197 195 359

6 608 168

1 906 000

121 017 088

Sum

3 356 450 502

2 245 079 458

3 830 527 878

1 603 785 421

198 428 024

Oslo, i næringskomiteen, den 12. desember 2006

Lars Peder Brekk

leder og ordfører