Regjeringa ser samarbeidet i Europarådet
som ein viktig del av europapolitikken. Samarbeidet er sentralt for å fremje
demokratiet, menneskerettane og rettsstatsprinsippa i heile Europa,
medrekna Russland og Kaukasus. Europarådet er på denne
måten med på å leggje grunnlaget for
fred og tryggleik i vår del av verda.
Regjeringa ser arbeidet i Europarådet
i nær samanheng med innsatsen elles for å byggje
opp stabile og opne demokrati og gjennomføre politiske
reformer på Balkan og i SUS-området (Samveldet
av uavhengige statar). Noreg har teke initiativ til å styrkje
den evna Europarådet har til å hjelpe deltakarlanda
med å gjennomføre naudsynte reformer.
Regjeringa ser det som svært viktig å samordne
og koordinere norsk politikk og det bilaterale engasjementet elles
med den multilaterale innsatsen. På norsk hald er ein særleg
oppteken av å styrkje samarbeidet og skape synergi i tilhøvet
mellom dei multilaterale organisasjonane som Europarådet,
Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE), NATO
og FN.
Europarådet har særleg kompetanse
når det gjeld menneskerettar, demokratisering, lokaldemokrati
og statsrettslege tilhøve og kan både gje råd
og rettleie medlemslanda på desse områda. Regjeringa
arbeider for at Europarådet skal få betre kompetanse
på desse områda og ikkje spreie seg for breitt
til andre område. Noreg har difor teke til orde for at
samarbeidet med andre organisasjonar må styrkjast samtidig
som Europarådet konsentrerer innsatsen sin om dei områda
der organisasjonen har særskilte fortrinn.
Arbeidet med Europarådet femner vidt
på norsk side. Utanriksdepartementet har ansvaret for dei
overordna prioriteringane og koordineringa og samarbeider nært med
dei departementa som deltek i det faglege samarbeidet i Strasbourg.
Det er særleg viktig å sikre ei brei forståing
for dei overordna prioriteringane for samarbeidet, særleg
behovet for å styrkje Europarådet sitt kjernearbeid
med menneskerettar og demokrati. Regjeringa søkjer vidare å styrkje
kontakten med frivillige organisasjonar om relevante saker i europarådsarbeidet.
Under ministermøtet i Strasbourg i
mai 2006 understreka utanriksministeren at oppfølging av
handlingsplanen frå det tredje toppmøtet i Warszawa
i 2005 må liggje til grunn for arbeidet i Europarådet
framover. Frå norsk side vil hovudprioriteringa vere å betre
den vanskelege situasjonen for Den europeiske menneskerettsdomstolen
(EMD) i Strasbourg. Det er urovekkjande at det ved utgangen av 2006
låg bortimot 90 000 saker til handsaming i domstolen,
ein auke på 12 prosent frå året før.
Utanriksministeren la vekt på behovet for at EMK protokoll
14 trer i kraft raskt, noko som vil opne for meir effektive prosedyrar
i handteringa av innkomne klager og som ein reknar med vil føre
til at domstolen kan handtere 25 prosent fleire klager per år.
Det er svært beklageleg at protokollen framleis ikkje har tredd
i kraft fordi Russland som einaste land enno ikkje har ratifisert
han. Regjeringa meiner det er påkravd med reformer hos
domstolen og vil vere aktive i å følgje opp ytterlegare
tiltak for å betre arbeidsvilkåra for domstolen.
Siktemålet må vere semje om reformer som kan
gje ei varig løysing på dei utfordringane
domstolen står overfor.
Utanriksministeren la vidare vekt på det
ansvaret landa har for å gjennomføre forpliktingane
i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Han tok til orde
for at Noreg skal opprette eit fond (Trust Fund) for menneskerettar
i Europarådet. Fondet skal brukast til å støtte
reformarbeidet innan justissektoren i enkeltland. Europarådets
utviklingsbank vil forvalte fondet, og ein tek sikte på å setje
i verk dei første prosjekta ein gong i 2007. Etter at fondet
er etablert, vil Regjeringa arbeide for at dei andre medlemslanda
sluttar seg til.
Russland prega i stor grad samarbeidet i Europarådet i
2006, då landet for første gong tok over formannskapen.
Det russiske formannskapsprogrammet hadde som tema "eit sameint
Europa utan skiljelinjer" og var prega av ønsket om at
samarbeidet i Europarådet skal medverke til å modernisere
dei nye demokratia. Russland åtvara spesielt mot å isolere
Kviterussland og oppmoda til dialog både med styresmaktene
og opposisjonen. Russland la vekt på den bindande karakteren samarbeidet
har og at siktemålet må vere å utvikle
eit felles rettsområde for heile Europa. Særleg
prioriterte Russland arbeidet med menneskerettane, samarbeidet på det
juridiske området, sosial utjamning med vekt på svake
grupper, demokrati, godt styresett og interkulturell dialog. Det
uttalte målet til Russland var å styrkje Europarådet
si evne til å møte nye samfunnsutfordringar i
ei tid med globalisering. Det er etter norsk syn positivt at Russland
gjennom formannskapen stadfesta den vekta landet legg på samarbeidet
i Europarådet.
Frå norsk side la man stor vekt på å samarbeide
godt med Russland i formannskapsperioden, mellom anna gjennom felles
arrangement som ein konferanse for funksjonshemma i St. Petersburg
i september 2006. Noreg bidrog òg til ein konstruktiv dialog
mellom Russland og EU under forhandlingane om den nye samarbeidsavtalen
mellom Europarådet og EU.
Den russiske formannskapen blei samtidig prega
av det generelt vanskelegare tilhøvet mellom EU og Russland
og dessutan av uro over den politiske utviklinga internt i Russland,
og då særleg vilkåra for menneskerettane.
Fleire enkeltsaker med høg profil blei tekne opp i Europarådet,
mellom anna drapet på journalisten Anna Politkovskaja i
oktober 2006. Det blei òg stilt krav frå fleire
hald om at Russland må oppfylle forpliktingane sine overfor
Europarådet og syte for ei stabil utvikling av demokratiet,
rettsstaten og menneskerettane.
Tilhøvet til EU er viktig for den vidare
utviklinga til Europarådet. Den såkalla Juncker-rapporten,
utarbeidd av den tidlegare statsministeren i Luxembourg, tilrår eit
mykje tettare samarbeid mellom Europarådet og EU. Det er
påkravd med eit tettare samarbeid for å sikre den
vidare utviklinga i Europarådet, og Noreg har difor teke
aktivt del i forhandlingane om den nye samarbeidsavtalen. Regjeringa
har såleis arbeidd for tettare konsultasjonar mellom Europarådet
og EU, medrekna ei etablering av faste samordningsmøte
mellom Europarådet, EU-kommisjonen og medlemslanda. Regjeringa
meiner at eit slikt samarbeid er viktig for at innsatsen for menneskerettane,
rettsstaten og eit godt styresett i dei nye demokratia skal bli
meir samordna. Det er dessutan venta at avtalen vil opne for tettare
prosjektsamarbeid i dei nye demokratia.
Regjeringa legg òg vekt på å styrkje
samordninga og koordineringa mellom Europarådet og andre
internasjonale organisasjonar som FN og OSSE. På norsk
side er vi tilfredse med at samarbeidet mellom Europarådet og
OSSE har utvikla seg positivt sidan samarbeidsavtalen mellom dei
to organisasjonane blei inngått etter norsk initiativ i
2004. Samarbeidet er i første rekkje knytt til å nedkjempe
internasjonal terrorisme, menneskehandel, rasisme og framandfrykt,
og dessutan til støtta til nasjonale minoritetar. Frå norsk
side arbeider en likevel for å utvide samarbeidet til fleire
område, som arbeidet for toleranse og interkulturell dialog,
og å betre samordninga i felt.
Noreg arbeider òg for å styrkje
informasjonsutvekslinga og samarbeidet med FN, særleg med
FNs organisasjon for utdanning og kultur (UNESCO) og FNs barnefond
(UNICEF), mellom anna om kampanjen for barns rettar. En har òg
arbeidd for å styrkje kontakten med det nye FN-menneskerettsrådet
i Genève som heldt sin første sesjon i juni 2006.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
lederen Olav Akselsen, Vidar Bjørnstad, Marit Nybakk, Hill-Marta Solberg
og Anette Trettebergstuen, fra Fremskrittspartiet, Morten Høglund,
Siv Jensen og Øyvind Vaksdal, fra Høyre, Erna
Solberg og Finn Martin Vallersnes, fra Sosialistisk Venstreparti, Ågot
Valle, fra Kristelig Folkeparti, Dagfinn Høybråten,
fra Senterpartiet, Alf Ivar Samuelsen, og fra Venstre, Anne Margrethe Larsen,
vil understreke Europarådets betydning for å skape
dialog og samarbeid for en demokratisk utvikling i hele Europa bygd
på grunnleggende verdier som menneskerettigheter og rettsstatens
prinsipper.
Komiteen viser til at Europarådet
har særlig kompetanse når det gjelder menneskerettigheter,
demokratisering, lokaldemokrati og statsrettslige forhold og kan
gi både råd og rettledning til medlemslandene
på disse områder.
Komiteen har merket seg Regjeringens
arbeid for at Europarådet skal utvide og forbedre sin kompetanse innenfor
disse områder, og ikke spre seg for bredt til andre områder.
Regjeringen har på bakgrunn av dette tatt til orde for
at samarbeidet med andre organisasjoner må styrkes, samtidig
som Europarådet konsentrerer innsatsen der organisasjonen
har kompetanse og spesielle fortrinn. Komiteen er
enig i dette.
Komiteen vil understreke at det
er særdeles viktig at EMK protokoll 14 trer i kraft raskt.
Dette vil åpne for mer effektive prosedyrer i håndteringen
av saker, noe som kan medføre at domstolen kan behandle
25 prosent flere saker enn i dag. Domstolen står overfor
store utfordringer, og reformene som ligger i protokoll 14 er nødvendige
for å forbedre både arbeidsforhold og effektivitet
ved domstolen.
Komiteen ser med bekymring på at
protokollen ennå ikke har trådt i kraft, noe som
skyldes at Russland som eneste medlemsland fortsatt ikke har ratifisert denne.
Konsekvensene av dette begynner å bli alvorlige, og komiteen vil
derfor understreke at man må ha fullt fokus på alle
nivåer for å påvirke vårt naboland til å foreta
en snarlig ratifisering av protokollen.
Komiteen har merket seg at Russland
i stor grad preget samarbeidet i Europarådet i 2006, da
landet hadde formannskapet for første gang. I formannskapsperioden
la Russland vekt på den bindende karakter samarbeidet har
og at siktemålet må være å utvikle
et felles rettsområde for hele Europa. Videre prioriterte Russland
arbeidet med menneskerettigheter, samarbeidet på det juridiske
området, sosial utjevning og vekt på svake grupper,
demokrati, godt styresett og interkulturell dialog.
Komiteen er tilfreds med det
gode samarbeidet med Russland i formannskapsperioden, bl.a. gjennom felles
arrangementer som en konferanse for funksjonshemmede i St. Petersburg.
Komiteen har videre merket seg
den konstruktive dialogen mellom Norge og Russland under forhandlingene
om den nye samarbeidsavtalen mellom Europarådet og EU.
Komiteen er kjent med at den
såkalte Juncker-rapporten tar til orde for et tettere samarbeid
mellom Europarådet og EU, og at Norge har deltatt i forhandlingene om
den nye samarbeidsavtalen.
Komiteen er fornøyd
med at samarbeidet mellom Europarådet og OSSE har utviklet
seg positivt siden samarbeidsavtalen mellom organisasjonene ble
inngått i 2004.
Komiteen har ellers ingen merknader,
viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre
slikt
vedtak:
St.meld. nr. 29 (2006-2007) - om Noregs deltaking
i Europarådet i 2006 - vedlegges protokollen.
Oslo, i utenrikskomiteen, den 30. mai 2007
Olav Akselsen
leder |
Øyvind Vaksdal
ordfører |