I proposisjonen legg Samferdselsdepartementet
fram forslag om utbygging og finansiering av E6 på strekningane
Hovinmoen – Dal i Akershus og Skaberud – Kolomoen
i Hedmark. Det er lagt opp til anleggsstart på strekningane
Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen ved årsskiftet
2007/2008, og begge strekningane er planlagt opna for trafikk
i løpet av 2009.
I tillegg blir i proposisjonen ei rekkje element
knytt til den samla utbygginga av E6 mellom Gardermoen og Kolomoen
lagt fram. Det er lokalpolitisk tilslutning til det skisserte bompengeopplegget.
I St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015
blir E6 Gardermoen – Kolomoen behandla som eitt prosjekt.
Det ligg ikkje føre tilstrekkelege avklaringar til at eit
endeleg forslag til finansieringsopplegg for heile prosjektet kan
leggjast fram for Stortinget no.
Samferdselsdepartementet har framleis kontinuerleg utbygging
av E6 mellom Gardermoen og Kolomoen som mål. Finansieringsopplegget
for E6 Gardermoen – Kolomoen blir derfor lagt fram for
Stortinget i to omgangar.
Samferdselsdepartementet vil kome attende til
Stortinget med endeleg opplegg for utbygging og finansiering
av dei attståande strekningane på E6 mellom Gardermoen
og Kolomoen så snart det ligg føre tilstrekkelege
avklaringar.
Prosjektet E6 Gardermoen – Kolomoen
har ei samla veglengde på om lag 66 km og går
frå Hovinmoen ved Gardermoen i Ullensaker kommune i Akershus,
til Kolomoen i Stange kommune i Hedmark.
Eksisterande veg oppfyller standardkrava for
tofelts motorveg i tidlegare vegnormalar, med unntak av ein 4 km
lang strekning nord for Minnesund som manglar parallellveg. Det
har vore stor trafikkauke på strekninga. Årsdøgntrafikken
(ÅDT) på E6 varierte i 2005 frå 22 400
køyretøy ved Hovinmoen til om lag 12 200 køyretøy
langs Mjøsa og nordover til Kolomoen. Helge- og sommardøgntrafikken
er vesentleg høgare på heile strekninga.
Det har vore mange og alvorlege trafikkulykker
på strekninga. Om lag 80 pst. av ulykkene var
møteulykker. Trafikkavviklingsproblema på strekninga
er aukande.
Fylkesdelplan for transportkorridoren Gardermoen
– Mjøsbyane blei godkjent av Miljøverndepartementet 19.
mai 2004. Planen dekkjer både veg- og jernbane i korridoren.
I fylkesdelplanen blir det tilrådd å utvide E6
mellom Gardermoen og Lillehammer til fire felt langs dagens trasé,
med vekt på gode miljømessige løysingar
ved passering av eksisterande busetnad og i høve til strandsona
ved Mjøsa.
I St.meld. nr. 24 (2003-2004) er det lagt til
grunn anleggsstart på prosjektet E6 Gardermoen – Kolomoen i
siste del av perioden 2006-2009 under føresetnad av lokal
tilslutning til delvis bompengefinansiering. Det er lagt til grunn
eit kostnadsoverslag på 2 800 mill. 2004-kroner
for utbygging til firefelts veg langs eksisterande trasé.
Vidare er det lagt til grunn at 50 pst. skal finansierast
med bompengar. Det er derfor føresett ei statleg løyving
på 1 400 mill. 2004-kroner.
Prosjektet omfattar seks delstrekningar. Det
er lagt opp til å utarbeide felles reguleringsplanar for
E6 og jernbanen på strekninga Minnesund – Skaberud.
Eidsvoll og Stange kommunar ønskjer
eit alternativ med større omfang av tunnelar enn i det
alternativet for ny E6 som Statens vegvesen går inn for,
og det ligg føre motsegner til alle alternativa på to
delstrekningar i Eidsvoll kommune. Det er derfor knytt stor uvisse
til både traséval, kostnader og framdrift på planarbeidet.
Det er førebels lagt til grunn eit
kostnadsoverslag på 4 700 mill. 2007-kroner ved
utbygging av E6 til firefelts veg på heile strekninga Gardermoen – Kolomoen. Kostnadsoverslaget
er inkl. om lag 50 mill. kroner til etablering av bomstasjonar og
om lag 50 mill. kroner til avbøtande tiltak på sidevegnettet
i Ullensaker og Eidsvoll kommunar. Vidare inngår om lag
120 mill. kroner til prosjektering og byggjeplanlegging av prosjektet. Meirkostnadene
ved det alternativet som Eidsvoll og Stange kommunar ønskjer
langs Mjøsa, er førebels rekna til om lag 1 500
mill. kroner.
Netto nytte pr. investert krone (NNK) er rekna
til om lag 0,4.
Den lokalpolitiske behandlinga, prinsippvedtak
og vedtak om etappevis utbygging, går nærare fram
av punkt 3 i proposisjonen.
Samferdselsdepartementet har merka seg at Akershus
fylkeskommune føreset at det blir etablert eit opplegg
med "park-and-ride" samordna med kollektivtransport. Departementet
stiller seg positiv til tiltak for samordning av kollektivtransport
på veg og bane, og føreset at Statens vegvesen
samarbeider med lokale planstyresmakter om slike tiltak i den vidare
planlegginga.
Strekninga Hovinmoen – Dal er 11 km
lang og ligg i Ullensaker og Eidsvoll kommunar i Akershus. Samla vegbreidde
på ny firefelts veg med midtrekkverk blir 26,5 m.
Strekninga Skaberud – Kolomoen er 12
km lang og ligg i Stange kommune i Hedmark. Frå Skaberud
og fram til Skavabakken blir samla vegbreidde 20 m. Vidare nordover
blir samla vegbreidde noko større.
Samferdselsdepartementet legg til grunn ei styringsramme
på 1 230 mill. kroner og kostnadsramme 1 290 mill.
kroner (2007-kroner). I kostnadene inngår 16 mill. kroner
til etablering av to automatiske bomstasjonar og 26 mill. kroner
til avbøtande tiltak på sidevegnettet i Ullensaker
og Eidsvoll kommunar. Vidare inngår om lag 30 mill. kroner
til prosjektering og byggjeplanlegging av dei to strekningane.
Netto nytte pr. investert krone (NNK) er rekna
til om lag 1,6.
Etter Samferdselsdepartementet si vurdering
har Akershus og Hedmark fylkeskommunar med vedtaka slutta seg til
eit opplegg med delvis bompengefinansiert utbygging av strekningane
Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen som første
etappe av utbygginga av prosjektet E6 Gardermoen – Kolomoen
innafor dei økonomiske rammene i Nasjonal transportplan 2006-2015.
I følgje gjennomført trafikkanalyse
vil ein firefelts E6 i liten grad påverke reisemiddelvala
i transportkorridoren.
I finansieringsopplegget for E6 Gardermoen – Kolomoen
er det føresett etablering av automatiske bomstasjonar
på kvar av dei seks delstrekningane, og utan bomstasjonar
på parallellvegnettet. Eit slikt opplegg vil gi betre samanheng
mellom nytte og betaling enn det som har vore vanleg ved bompengefinansiering
av lengre utbyggingsstrekningar. Opplegget vil føre
til at lokale trafikantar som berre køyrer delar av strekninga, vil
betale lågare takstar enn trafikantar som køyrer heile
strekninga. Men innkrevjingsopplegget er ikkje utprøvd
tidlegare. Samferdselsdepartementet er derfor samd i at opplegget
må vurderast undervegs, med sikte på å innføre
justeringar/tiltak dersom dette skulle vise seg nødvendig.
Med eit takstnivå på 9 kroner
for lette køyretøy og 18 kroner for tunge køyretøy
i kvar bomstasjon er det rekna med at trafikkreduksjonen som følgje
av overføring av trafikk til alternative ruter og andre
transportformer, vil variere mellom 4 og 12 pst. Trafikkreduksjonen
er vesentleg større i sør enn i nord, både
på grunn av meir omfattande sidevegnett og betre kollektivtrafikktilbod.
Forventa betalande ÅDT gjennom bomstasjonssnitta ved
ulike takstnivå for lette og tunge kjøretøy
i samanlikningsåret 2010 er vist i tabell 4.1 i proposisjonen.
Det er teke utgangspunkt i eit kostnadsoverslag
på 4 700 mill. 2007-kroner for utbygging av E6
til firefelts veg på heile strekninga Gardermoen – Kolomoen. Overslaget
er basert på godkjente reguleringsplanar for strekningane
Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen, forslag
til reguleringsplanar for strekninga Dal – Boksrud – Minnesund
og Statens vegvesen sitt forslag til val av trasé på strekninga
Minnesund – Hedmark/Akershus grense – Skaberud.
Samferdselsdepartementet legg til grunn at prosjektet
E6 Gardermoen – Kolomoen skal finansierast innafor den
statlege ramma som vart fastsett gjennom Stortinget si behandling
av St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015.
Resten av utbyggingskostnadene er føresett finansierte
med bompengar.
Med eit samla kostnadsoverslag på 4 700
mill. kroner vil dei statlege midlane utgjere om lag 32 pst.
Dersom løysinga som Eidsvoll og Stange kommunar ønskjer
langs Mjøsa blir lagt til grunn, vil dei statlege midlane
utgjere om lag 24 pst.
Det er lagt til grunn etterskotsinnkrevjing
av bompengar, og innkrevjinga er føresett å starte
etter kvart som delstrekningane blir opna for trafikk. Det er lagt opp
til 15 års innkrevjing i kvar bomstasjon.
Dette inneber bompengeinnkrevjing i ein eller
fleire bomstasjonar i perioden 2010-2027, til saman 18 år.
Det er føresett lik takst pr. km på alle
delstrekningane. Vidare er det lagt til grunn at tunge køyretøy (totalvekt
over 3 500 kg) skal betale dobbel takst. For å stimulere
til bruk av elektronisk brikke, er det lagt til grunn ei rabattordning
som inneber 10 pst. takstreduksjon ved bruk av brikke.
Det er ikkje føresett rabattar ut over dette. Samferdselsdepartementet
føreset at dette blir lagt til grunn i det vidare arbeidet
med innkrevjingsopplegget.
På grunn av usikre kostnader for strekninga
Minnesund – Skaberud går Akershus fylkeskommune
og Eidsvoll kommune inn for at det blir gitt rom for noko lengre
bompengeperiode enn 15 år, anslagsvis 20 år. Samferdselsdepartementet
viser til at bakgrunnen for å avgrense lengda på innkrevjingsperioden
er omsynet til trafikantane og at uvissa knytt til ulike føresetnader
for finansieringsvurderingane aukar framover i tid. I basisalternativet
bør det derfor som hovudregel leggjast til grunn ein innkrevjingsperiode
på maksimum 15 år i kvar bomstasjon. Departementet
vil komme tilbake til dette i samband med det endelege opplegget
for utbygging og finansiering av E6 på heile strekninga
Gardermoen – Kolomoen.
Alternativet basert på Statens vegvesen
sitt forslag til val av trasé langs Mjøsa er venta å føre
til ein samla takst på om lag 60 kroner for lette køyretøy
(0,9 kr/km) og om lag 120 kroner for tunge køyretøy
(1,8 kr/km) som køyrer heile strekninga Gardermoen – Kolomoen i
den perioden det er innkrevjing i alle bomstasjonane.
Ein førebels finansieringsplan for
utbygging av E6 på heile strekninga Gardermoen –
Kolomoen, basert på samla investeringskostnader på 4 700
mill. kroner, er vist i tabell 5.2 i proposisjonen.
Bompengar vil òg dekkje renteutgiftar
på til saman om lag 1 580 mill. kroner og kostnader til
drift av bomstasjonar på til saman om lag 280 mill. kroner.
Forslaget til finansieringsopplegg for dei to
første strekningane byggjer på det førebelse
finansieringsopplegget for utbygging av E6 på heile strekninga
Gardermoen – Kolomoen.
Samferdselsdepartementet legg etter dette til
grunn 400 mill. kroner i statlege midlar til første utbyggingsetappe.
I tråd med St.meld. nr. 24 (2003-2004) er det føresett
150 mill. kroner i perioden 2006-2009.
Finansieringsplanen for første utbyggingsetappe
er vist i tabell 6.1 i proposisjonen. I tillegg er det rekna med
at bompengeselskapet vil stille til disposisjon om lag 90 mill.
kroner. til prosjektering og byggjeplanlegging av dei attståande
strekningane mellom Dal og Skaberud.
Med føresetnadene er innkrevjingsperioden
rekna til om lag 10 år dersom utbygginga blir avgrensa
til strekningane Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen. Bompengar
vil òg dekkje renteutgiftar på til saman om lag
300 mill. kroner og kostnader til drift av bomstasjonar på til
saman om lag 100 mill. kroner.
Det er ein føresetnad at bompengeselskapet
har ein renteavtale som minimum sikrar eit rentenivå i
tråd med det som er lagt til grunn i finansieringsplanen
for første utbyggingsetappe. Samferdselsdepartementet føreset
at dokumentasjon for avtale om rentenivået blir sendt Vegdirektoratet
før bompengeavtalen blir underskriven.
Hedmark og Akershus fylkeskommunar har fatta
vedtak om fylkeskommunale garantiar for eit bompengelån på inntil
1 100 mill. kroner til første utbyggingsetappe, fordelt
med 550 mill. kroner på kvar av garantistane. Dei fylkeskommunale
garantiane skal godkjennast av Kommunal- og regionaldepartementet.
Etter at Stortinget har fatta vedtak om utbygging
og finansiering av E6 på strekningane Hovinmoen – Dal og
Skaberud – Kolomoen, vil det bli inngått avtale
mellom Vegdirektoratet og bompengeselskapet i tråd med gjeldande
standardavtale og dei føresetnadene som er lagt til grunn
i proposisjonen.
Komiteens flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Karita Bekkemellem, Eirin Faldet, Irene Johansen,
Synnøve Brenden Klemetrud, Tor-Arne Strøm og Truls
Wickholm, fra Høyre, Øyvind Halleraker og Trond
Helleland, fra Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, fra
Kristelig Folkeparti, Jan Sahl, fra Senterpartiet, Ragnhild Aarflot
Kalland, og fra Venstre, Borghild Tenden, viser til proposisjonen
som gjelder utbygging og finansiering av strekningene Hovinmoen – Dal
og Skaberud – Kolomoen, delstrekninger på den
store utbygginga av E6 i Akershus og Hedmark. Proposisjonen inneholder både
forslag til utbygging på de to delstrekningene og en del
elementer som gjelder det samlede prosjektet.
Flertallet viser til at regjeringen
Stoltenberg ønsker å få i gang utbyggingen
av E6 snarest mulig, og derfor foreslår å starte
utbyggingen av de to delstrekningene hvor det foreligger godkjente
reguleringsplaner. Målet er fortsatt kontinuerlig utbygging
av E6 mellom Gardermoen og Kolomoen. Samtidig vurderer departementet
gevinstene for trafikksikkerhet og trafikkavvikling som så store
at utbygginga bør komme i gang så snart som mulig.
Finansieringsopplegget for E6 Gardermoen – Kolomoen blir
derfor lagt fram for Stortinget i to omganger. Opplegget for dette,
slik Regjeringen foreslår i proposisjonen, har fylkestingene i
Akershus og Hedmark sluttet seg til i sine vedtak hhv. i februar
2007 og desember 2006.
Flertallet viser til det sterke
lokale engasjementet i Hedmark og Akershus for utbygging av E6 på den sterkt
trafikkerte strekningen, og de ulike vedtak som er gjort lokalt
i kommuner og fylkeskommunen og sentralt på Stortinget
for å muliggjøre utbyggingen.
Flertallet vil peke på de
høye trafikktallene for denne delen av E6, og har spesielt
merket seg at den sørlige delstrekningen har en forventet årsdøgntrafikk
i 2010 på mer enn 23 000 kjøretøyer.
Det er også mange alvorlige ulykker på strekningen.
Regjeringens forslag legger opp til at denne strekningen og den
nordligste delstrekningen bygges ut først, med byggestart
på slutten av 2007.
Flertallet er gjennom proposisjonen
orientert om at Regjeringen vil komme tilbake til Stortinget med endelig
opplegg for utbygging og finansiering av de gjenstående
strekningene på E6 mellom Gardermoen og Kolomoen så snart
det foreligger tilstrekkelige avklaringer. Det er lagt opp til anleggsstart
på strekningene Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen
ved årsskiftet 2007/2008, og begge strekningene
er planlagt åpnet for trafikk i løpet av 2009.
Flertallet har merket seg at
reguleringsplaner for de aktuelle delstrekningene er godkjent og
at det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av styringsunderlag
og kostnadsoverslag (KS2) for prosjektet.
Flertallet har merket seg at
Regjeringen vil komme tilbake til Stortinget med et forslag til
endelig opplegg for hele strekningen Gardermoen – Kolomoen,
og mener behandlingen i to omganger er en formålstjenlig
arbeidsmåte, med vekt på behovet for en rask oppstart
av byggearbeidet. Flertallet er også kjent
med forsinkelsene i planprosessen på Mjøsstrekningen
(Minnesund – Skaberud). Det er viktig at planene for disse
godkjennes så tidlig at de manglende planene ikke fører
til stopp i arbeidet, noe som igjen vil ramme trafikantene. For
at etappene Dal – Boksrud og Boksrud – Minnesund
(fase 2) skal kunne bygges som en naturlig videreføring
av fase 1 (Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen),
ber flertallet Regjeringen vurdere om det kan være ønskelig å komme
tilbake til Stortinget med en egen sak, før Regjeringen
senere kommer tilbake til Stortinget med et endelig opplegg for
utbygging og finansiering av gjenstående strekninger og
den totale finansieringspakken for E6 mellom Gardermoen og Kolomoen.
Flertallet har merket seg at
Statens vegvesen og Jernbaneverket har samordnet prosessen med kommunedelplaner
for utbygging av E6 og Dovrebanen i Eidsvoll og Stange kommuner. Flertallet stiller
seg positiv til en slik planprosess som tar opp i seg sentrale intensjoner
i Nasjonal transportplan, og legger til grunn at etatene gjør
nytte av erfaringene fra dette samarbeidet. På strekninger
hvor bane og veg ligger fysisk nær hverandre, vil det ofte
være mange fordeler med at veg og bane også bygges
ut samtidig. En samlet utbygging kan gi vesentlig redusert belastning
for de som berøres av utbyggingen sammenliknet med to uavhengige anleggsperioder.
En samlet utbygging kan også effektivisere anleggsarbeidet
og redusere kostnadene. På noen strekninger langs Mjøsa
vil sannsynligvis veg- og jernbaneparseller ligge nær hverandre.
Dersom det viser seg mulig også å få til
sammenfallende utbyggingsperioder, legger flertallet til
grunn at Regjeringen initierer samlet utbygging av slike parseller.
Flertallet viser til at prosjektet
i stor utstrekning skal finansieres med bompenger og at den statlige andelen
med de foreslåtte traséløsningene er
cirka 32 pst.
Flertallet slutter seg også til
en framgangsmåte hvor det åpnes for at bompengeselskapet
etter avtale med Vegdirektoratet kan treffe tiltak innenfor gitte rammer
dersom økonomien viser seg å bli svakere enn forutsatt.
Flertallet er kjent med at de
samlede bompengeinntektene er 5 062 mill. 2007-kroner.
Av dette går 276 mill. 2007-kroner til innkreving/drift
og 1 579 mill. 2007-kroner i renter. Den samlede utbyggingskostnaden
er 4 700 mill. 2007-kroner (jf. Statens vegvesens foreslåtte
utbyggingsalternativer).
Flertallet er opptatt av den
dokumenterte store trafikksikkerhetseffekten av midtdeler. Den nye
strekningen er på 66 km, og fysisk atskillelse av trafikken
i motgående retninger vil utvilsomt føre til færre
alvorlige ulykker. Flertallet er derfor svært
opptatt av at det velges løsninger som holder trafikkretningene fysisk
atskilt på hele strekningen.
Et annet flertall, medlemmene
fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti,
Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, har merket seg utfordringene
med planarbeidet knyttet til ny E6 og håper lokale planprosesser
kan gå raskt. Dette flertallet ber Regjeringen
vurdere statlig reguleringsplan, dersom det anses påkrevet
for å sikre kontinuerlig utbygging.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Bård Hoksrud, lederen Per Sandberg og Arne Sortevik,
vil peke på at dette er et viktig prosjekt og som har stor
betydning for å gi regionen et godt, effektivt, trafikksikkert
og miljøvennlig vegnett.
Disse medlemmer har merket seg
at utbygging av E6 Gardermoen (Hovinmoen) – Kolomoen omfatter seks
delstrekninger på totalt 66 km, hvorav to strekninger inngår
i første utbyggingsetappe. Strekningen Gardermoen (Hovinmoen) – Dal
er på 11 km og strekningen Skaberud – Kolomoen
er på 12 km. Disse medlemmer er skuffet
over at ikke prosjektet bygges ut som et samlet prosjekt, men i
stedet deles opp i flere etapper.
Disse medlemmer peker på at
av den samlede finansieringsplanen på 4,7 mrd. kroner er
bompengeandelen satt til 3,2 mrd. kroner. Dette innebærer
at bilistene pålegges å finansiere 68 pst. av
anleggskostnadene i tillegg til at bompengene også skal
dekke inn rentekostnader på 1 580 mill. kroner,
50 mill. kroner i etablering av bomstasjoner, samt 280 mill. kroner
for å drifte innkrevingen.
Disse medlemmer vil derfor vise
til at man har avdekket at bilistene skal betale mer inn i bompenger enn
prosjektets totale kostnader; altså hele 1 280
mill. kroner for å bygge et prosjekt som har en kostnadsramme
på 1 230 mill. kroner. Disse medlemmer konstaterer
at i nok et prosjekt er bompengefinansiering valgt som hovedfinansieringskilde
og på en måte som gjør denne finansieringsformen
svært dyr for bilistene.
Disse medlemmer peker på at
i St.meld. nr. 24 (2003-2004) Nasjonal transportplan 2006-2015 blir
E6 Gardermoen – Kolomoen behandlet som ett prosjekt.
Disse medlemmer viser også til
at ved å dele opp utbygging vil det påløpe
en prisstigning på ytterligere 10-15 pst., noe som i dette
tilfelle vil utgjøre ca. 700 mill. kroner. Samtidig som
det også er en stor ulempe at hele parsellen ikke kan behandles
og utbygges under ett. Trafikalt vil dette også medføre
ulemper.
Disse medlemmer viser til de
betydelige merkostnader den etappevise utbyggingen medfører,
og til den tydeliggjøring av ulemper det gir når
lokale myndigheter ikke greier å enes om trasévalg
og regulering. Hensynet til fremkommelighet, trafikksikkerhet, miljø og
fremdrift på en av Norges viktigste stamvegstrekninger
tilsier at staten må ta ansvaret for realiseringen av prosjektet.
Disse medlemmer ber Regjeringen
vurdere å gripe inn med statlig regulering dersom det er
nødvendig for å sikre utbyggingen på en
samlet og helhetlig måte. Hensiktsmessig utbygging av en
stamvegstrekning av nasjonal betydning bør ikke tillates å stanse opp
med grunnlag i manglende lokale beslutninger.
Disse medlemmer viser til Fremskrittspartiets alternative
statsbudsjett hvor det er pekt på strekningen Gardermoen – Otta
som hel strekning egnet for forsøk med samlet utbygging,
for å sikre deltakelse fra store internasjonale entreprenørselskaper.
Disse medlemmer fremmer følgende
forslag:
"Stortinget ber Regjeringen parallelt
med utbygging av E6 på strekningene Gardermoen (Hovinmoen) – Dal og
Skaberud – Kolomoen utarbeide og legge fram for Stortinget
en sak om hvordan samlet planlegging, prosjektering og utbygging
av korridoren Gardermoen – Otta kan gjennomføres
med sikte på raskere fremdrift, lavere kostnad og samordning
veg/bane."
Disse medlemmer viser til at
bruk av bompengefinansiering i denne saken også, jf. St.prp.
nr. 87 (2007-2008), gir brukerne/bilistene hovedansvaret
for finansieringen, samtidig som staten som vegholder tar den minste
delen. Disse medlemmer vil også peke på at
saken fremmes med bakgrunn i "lokal enighet" som kun er vedtatt
gjennom flertallsvedtak i fylkestingene i Oppland, Hedmark og Akershus.
Innbyggerne er ikke spurt direkte gjennom en lokal folkeavstemming, slik disse
medlemmer mener man bør gjøre.
Disse medlemmer viser til at
bomfinansieringen skal ha en nedbetalingstid på 15 år,
men at med den foreslåtte oppdeling vil nedbetalingstiden strekke
seg over 18 til 20 år. Disse medlemmer mener
at bompengefinansiering griper inn i daglige rammebetingelser for
innbyggerne som her må betale i opptil 20 år.
Det er derfor rimelig at innbyggerne i berørte kommuner
selv får uttale seg om bruken av bompenger. Disse
medlemmer har merket seg at heller ikke i dette prosjektet
er det gjennomført folkeavstemming.
Disse medlemmer understreker
Fremskrittspartiets syn om at staten som vegholder skal finansiere utbygging
og vedlikehold av et effektivt, sikkert og miljøvennlig
riksvegnett i Norge. Disse medlemmer mener at bruken
av bompengefinansiering har løpt løpsk under denne
regjeringen, og at denne finansieringen nå er helt uten
styring. Disse medlemmer mener det er på høy
tid at Stortinget nå får en evaluering av bruk
av bompenger til finansiering av stam- og riksveger. Disse
medlemmer understreker at målet for Fremskrittspartiet
med en slik evaluering, er å samle støtte for
at bompengefinansiering erstattes av full statlig finansiering. Disse
medlemmer peker på at bygging av infrastruktur
er investering, og må behandles som investering i statlige
budsjetter. Disse medlemmer viser også til
at Fremskrittspartiet ønsker opprettet et infrastrukturfond
på 300 mrd. kroner der årlig avkastning skal øremerkes
infrastruktur. I tillegg til ordinære flerårige
samferdselsbudsjett som følger opp vedtatte planer, vil
en slik fondsløsning gi mulighet for et nødvendig
løft innenfor vegbygging i Norge uten bruk av bompengefinansiering.
Disse medlemmer viser til Fremskrittspartiets forslag
fremsatt i Stortinget 4. oktober 2007:
"Stortinget ber Regjeringen opprette et infrastrukturfond,
pålydende 300 mrd. kr. Avkastningen øremerkes veiinvesteringer
med 70 %, jernbane- og kollektivtrafikk, inkludert bussbasert
kollektivtrafikk 25 % og bredbånd 5 %."
Disse medlemmer peker på at
omfattende bruk av bompengefinansiering også medfører
at nasjonale prioriteringer i vedtatte planer og handlingsprogrammer
brytes. Når fylkeskommuner og kommuner kan "kjøpe
seg" høyere plass på vedtatt prioriteringsliste, kan
det gå på bekostning av prioriterte prosjekter
i andre fylker og kommuner som ikke lar seg "presse" til bruk av
bompengefinansiering. Disse medlemmer mener det derfor
også er viktig at en slik evaluering også omfatter
forslag til alternative finansieringsløsninger som kan
sikre forsert utbygging i et transport- og miljøeffektivt
hovedvegnett i Norge uten bruk av bompengefinansiering.
Disse medlemmer understreker
Fremskrittspartiets syn om at staten som vegholder skal finansiere utbygging
og vegvedlikehold av et effektivt, sikkert miljøvennlig
riksvegnett i Norge. Disse medlemmer har merket seg
at utarbeidet ekstern kvalitetssikringsrapport heller
ikke følger denne saken og først fremlegges etter
spørsmål fra komiteen. Disse medlemmer forutsetter
at denne praksis straks opphører, og at transport- og kommunikasjonskomiteen
får slike rapporter som del av saksfremlegget og at slike
rapporter heller ikke unntas offentlighet.
Disse medlemmer har merket seg
omtalen i kvalitetssikringsrapporten av usikkerhetsanalyse og spesielt
usikkerheten knyttet til kostnadsoverslag. Disse medlemmer er
kjent med at det langt fra er første gang at det gjennom
ekstern kvalitetssikring rettes kritikk mot håndtering
av sikkerhet og kostnadsoverslag i prosjektet. Disse
medlemmer peker på at disse forhold vil kunne være
medvirkende til kostnadssprekk på store samferdselsprosjekter. Disse medlemmer forutsetter
at departementet nå bringer disse forhold i orden.
Disse medlemmer har registrert
at denne regjering driver en form for "politisk utpressing" av regioner,
fylker og kommuner med et tydelig budskap om at "uten bom ingen
veg", for deretter å dekke seg bak at slike prosjekter
"springer ut fra lokale initiativ". Etter disse medlemmers oppfatning
betyr lokal aksept på ingen måte initiativ med ønske
om å betale bompenger, men at ulike politiske grupperinger
i ulike situasjoner gir etter for sentralt press om å betale
for statens egen vegbygging i eget område for i det hele
tatt å få veg eller for å rykke oppover
i prioriteringslisten for stam- og riksvegprosjekter.
Disse medlemmer fremmer følgende
forslag om utbygging og finansiering av E6 på strekningene Gardermoen
(Hovinmoen) – Dal og Skaberud – Kolomoen i Akershus
og Hedmark:
"Stortinget samtykker i utbyggingen
av E6 på strekningen Gardermoen (Hovinmoen) – Dal
og Skaberud – Kolomoen i Akershus og Hedmark, og at utbyggingen skal
gjennomføres med full statlig finansiering som innarbeides
i forbindelse med Revidert nasjonalbudsjett 2008."
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre viser til
den nylig fremlagte rapporten om offentlig-privat samarbeid (OPS)
fra Transportøkonomisk institutt (TØI). Her dokumenteres
det at man nesten kan halvere realiseringstiden for nye større
vegprosjekt ved å bruke OPS-organisering og finansiering.
Disse medlemmer har med stor
tilfredshet merket seg at Statens vegvesen i siste utgave av etatsavisen "Vegen
og vi" nå har inntatt et offisielt standpunkt om å støtte
videre bruk av OPS.
Disse medlemmer vil peke på at
sammenhengende utbygging og fullfinansiering er svært
viktig for å få til en videre rasjonell bygging
av ny E6.
Komiteens medlemmer fra Høyre,
Kristelig Folkeparti og Venstre vil fremme følgende
forslag:
"Stortinget ber Regjeringen omarbeide
planene for videre utbygging av E6 nordover mot Otta slik at egnede
strekninger søkes realisert som OPS-prosjekt."
Forslag fra Høyre, Kristelig Folkeparti
og Venstre:
Forslag 1
Stortinget ber Regjeringen omarbeide planene
for videre utbygging av E6 nordover mot Otta slik at egnede strekninger
søkes realisert som OPS-prosjekt.
Forslag fra Fremskrittspartiet:
Forslag 2
Stortinget samtykker i utbyggingen av E6 på strekningen
Gardermoen (Hovinmoen) – Dal og Skaberud – Kolomoen
i Akershus og Hedmark, og at utbyggingen skal gjennomføres
med full statlig finansiering som innarbeides i forbindelse med
Revidert nasjonalbudsjett 2008.
Forslag 3
Stortinget ber Regjeringen parallelt med utbygging av
E6 på strekningene Gardermoen (Hovinmoen) – Dal og
Skaberud – Kolomoen utarbeide og legge fram for Stortinget
en sak om hvordan samlet planlegging, prosjektering og utbygging
av korridoren Gardermoen – Otta kan gjennomføres
med sikte på raskere fremdrift, lavere kostnad og samordning
veg/bane.
Komiteens tilråding blir fremmet av
Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig
Folkeparti, Senterpartiet og Venstre.
Komiteen har ellers
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget
til å gjøre slikt
vedtak:
I
Stortinget samtykker i at bompengeselskapet
får løyve til å ta opp lån og
krevje inn bompengar til delvis bompengefinansiering av utbygginga
E6 på strekningane Hovinmoen – Dal og Skaberud – Kolomoen
etter vilkåra i St.prp. nr. 87 (2006-2007) og Innst. S.
nr. 21 (2007-2008).
II
Samferdselsdepartementet får fullmakt
til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje
nærare reglar for finansieringsordninga.
Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 13. november 2007
Per Sandberg
leder |
Eirin Faldet
ordfører |