EØS-komiteen vedtok 6. juli
2007 å endre vedlegg IX til EØS-avtala til å omfatte
europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1781/2006
av 15. november 2006 om opplysningar om betalaren som skal
følgje med pengeoverføringar.
Ettersom gjennomføringa av forordninga
i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken
med atterhald om etterfølgjande samtykke til godkjenning
frå Stortinget i samsvar med § 26 andre leddet
i Grunnlova.
Avgjerda i EØS-komiteen og forordning
1781/2006 i uoffisiell norsk omsetjing følgjer
som trykte vedlegg til proposisjonen.
Forordninga krev at opplysningar om betalaren (avsendaren)
skal følgje pengeoverføringar som vert formidla
av betalingsformidlarar som er etablerte i EØS-området.
Normalt finn betalingsformidling stad gjennom minst to åtskilde
formidlarar - éin som representerer betalaren og éin
som representerer mottakaren. Krava til innhaldet i opplysningane
er avhengig av om éin av eller begge desse held til i EØS-området.
Forordninga gjev formidlaren til betalaren pålegg om
opplysningsplikt. Dersom berre éin av betalingsformidlarane
er etablert i EØS-området, skal pengeoverføringa
vere vedlagd fullstendig informasjon om betalaren. Etter forordninga
vil dette seie opplysningar om namnet, adressa og kontonummeret
til betalaren. Adressa kan bytast ut anten med fødselsdag
og -stad, personnummer eller kundeidentifikasjonsnummer. Før
overføringa vert gjennomførd, skal formidlaren
kontrollere at opplysningane stemmer på grunnlag av informasjon
som er skaffa fram frå ei truverdig og uavhengig kjelde.
Men når det gjeld overføringar til mottakarar
utanfor EØS-området som ikkje er på meir
enn 1 000 euro, kan formidlaren sjølv avgjere
om og i kor stor grad ein slik kontroll skal gjennomførast,
ut frå ei vurdering av om overføringa inneber
nokon reell fare for kvitvasking eller terrorfinansiering.
Dersom begge betalingsformidlarane held til
i EØS-området, er det tilstrekkeleg å leggje
ved kontonummeret til betalaren eller annan unik identifikasjon
som gjer det mogleg å spore transaksjonen tilbake til betalaren.
Betalingsformidlaren til mottakaren kan likevel krevje at det vert
gjeve fullstendig informasjon òg i desse tilfella. I så fall
skal slike opplysningar gjevast innan tre arbeidsdagar etter at
førespurnaden vart motteken.
Formidlaren til betalaren pliktar å ta
vare på dei nemnde opplysningane i minst fem år
etter at overføringa er gjennomførd.
Forordninga gjev formidlaren til mottakaren pålegg
om kontrollplikter. Betalingsformidlaren til mottakaren er pålagd å ha
effektive prosedyrar for å kunne kontrollere om det ligg
føre tilstrekkelege opplysningar om betalaren. Dersom opplysningar
manglar eller er ufullstendige, kan formidlaren anten avvise
overføringa eller be om fullstendig informasjon. I dei
sistnemnde tilfella kan han velje om pengane skal utbetalast straks,
eller om dei skal haldast tilbake inntil informasjonen er motteken.
Dersom det fleire gonger ikkje vert gjeve tilfredsstillande opplysningar,
skal formidlaren anten avvise transaksjonen eller avbryte samarbeidstilhøvet
med formidlingsmotparten, og dessutan melde frå om situasjonen
til dei rette tilsynsstyresmaktene.
Formidlaren pliktar å ta vare på dei
opplysningane som han har motteke om betalaren i minst fem år.
Andre formidlarar vert pålagde visse
krav til å bringe opplysningar vidare. I visse tilfelle
står det éin eller fleire betalingsformidlarar
mellom formidlarane til betalaren og mottakaren. Desse pliktar å bringe
dei opplysningane som dei får, vidare til den neste formidlaren
i betalingskjeda.
Det vert lagt til grunn at gjennomføringa
av forordninga vil føre til ein viss auke i kostnader for
dei finansinstitusjonane som formidlar pengeoverføringar
som er knytte til tilpassing av system og innhenting og registrering
av opplysningar. Det er ikkje venta at gjennomføringa av
forordninga skal føre til omfattande meirkostnader for
det offentlege.
Føremålet med forordninga
er å gjere det vanskelegare å kvitvaske pengar
og finansiere terrorverksemd ved å gjere det lettare å spore
betalingstransaksjonar gjennom dei krava som vert stilte til opplysningar
om betalaren som skal følgje pengeoverføringar
gjennom heile betalingskjeda. Krava etter forordninga oppfyller
spesialtilråding VII om tiltak mot terrorfinansiering,
som er gjeven av det internasjonale samarbeidsorganet mot kvitvasking
og terrorfinansiering, Financial Action Task Force (FATF), der òg
Noreg tek del.
Finansdepartementet rår til at Noreg
godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om endring i vedlegg
IX til EØS-avtala om innlemming av europaparlaments- og rådsforordning
(EF) nr. 1781/2006 av 15. november 2006 om opplysningar
om betalaren som skal følgje med pengeoverføringar.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Marianne Aasen Agdestein, Alf E. Jakobsen, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen, lederen Reidar Sandal og Eirin Kristin Sund, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Svein Flåtten, Linda C. Hofstad Helleland og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Heikki Holmås, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og fra Venstre, Lars Sponheim, viser til at EØS-komiteens beslutning nr. 87/2007 av 6. juli 2007 om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EF) nr. 1781/2006 av 15. november 2006 om opplysninger om betaleren som skal følge med pengeoverføringer, krever samtykke fra Stortinget på grunnlag av Grunnloven § 26 annet ledd, jf. EØS-avtalen art. 103. Komiteen har forelagt innstillingsutkastet for utenrikskomiteen, som i brev av 30. januar 2008 opplyste at den ikke har merknader til utkast til innstilling.
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget gir samtykke til godkjenning av beslutning i EØS-komiteen nr. 87/2007 av 6. juli 2007 om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EF) nr. 1781/2006 av 15. november 2006 om opplysninger om betaleren som skal følge med pengeoverføringer.
Oslo, i finanskomiteen, den 31. januar 2008
Reidar Sandal |
Alf E. Jakobsen |
leder |
ordfører |