Proposisjonen omhandlar forslag til ny fullmakt for
statleg opplåning i 2008 og 2009, og fullmakt til å byte statspapir
mot obligasjonar med fortrinnsrett. Proposisjonen er utarbeidd på grunnlag
av føresetnadene i statsbudsjettet 2009.
Regjeringa foreslår at det blir etablert ei
ny ordning med utlån av statspapir med trygd i eller byte med obligasjonar
med fortrinnsrett (OMF). Det er ikkje tatt endeleg stilling til
om eigedomsretten til obligasjonane skal overførast staten eller
stillast som pant. I det vidare er ordninga framstilt som eit byte.
Avtalar om slike byte kan ha ei løpetid på inntil 3 år og kan inngåast
med bankar som har tilgang til fastrentelån (såkalla F-lån) i Noregs
Bank. Ein vil i utgangpunktet berre akseptere obligasjonar som har
trygd i norske bustadlån, men det kan bli aktuelt å vurdere om ein
skal akseptere obligasjonar med fortrinnsrett som har trygd i andre
fordringar. Departementet vil setje dei same krava til trygd som
Noregs Bank nyttar når den yter F-lån til bankane. Ordninga vil
ha eit omfang på inntil 350 mrd. kroner. Ordninga er tenkt sett
i verk frå slutten av oktober. Noregs Bank vil administrere ordninga
på oppdrag frå staten.
Eit velfungerande bank- og finanssystem er avgjerande
for at økonomien elles skal fungere godt. Uroa ein i dag opplever
i dei internasjonale finansmarknadene, kom til syne for vel eitt
år sidan. Frå september i år har problema akselerert, spesielt etter
at ein stor amerikansk investeringsbank måtte innstille verksemda. Styresmaktene
i mange land har innført ei rekke tiltak med sikte på å stabilisere
og normalisere forholda.
Norske bankar har dei siste åra hatt god inntening
og små tap. Kredittilsynet og Noregs Bank vurderer soliditeten som
god, men problema i kredittmarknadene i andre land har òg hatt verknader
i den norske marknaden. Både i pengemarknaden og obligasjonsmarknaden
er det uvanleg høge påslag for risiko. Uvissa gjer at bankane ønskjer
å ha meir likvidar enn vanleg. Noregs Bank står for likviditetstilførselen
til bankane og har sett i verk ei rekkje tiltak for å auke likviditeten.
Bankane har også vanskar med å få refinansiert meir langsiktig innlåning
på akseptable vilkår. Dei neste månadene må norske bankar refinansiere
store lån i marknaden. Slik marknadssituasjonen er no, kan det ifølgje Noregs
Bank bli vanskeleg å gjennomføre dersom bankane ikkje kan stille
uvanleg god trygd for låna. Krava til trygd har auka. Utan god trygd kan
innlånskostnadene for bankane bli høge.
For å lette finansieringa for bankane har Noregs Bank
foreslått for Finansdepartementet at det blir etablert ei ny ordning
der staten òg byter statspapir mot bankar sine obligasjonar med
fortrinnstrett. Dersom bankane vel å utnytte statspapira som trygd
for nye innlån, kan dette gi bankane betre tilgang til lånemarknaden
og lågare innlånskostnader. Bankane kan også bruke statspapira på
andre måtar. Dei kan til dømes seljast for å betale ned kortsiktig
gjeld. Også det vil kunne motverke utviklinga mot stadig kortare gjennomsnittleg
løpetid for innlåna i bankane.
Ordninga er eit målretta tiltak som skal lette
tilgangen på finansiering for bankane og bidra til finansiell stabilitet.
Tiltaket speglar at det norske banksystemet ikkje står overfor noka
soliditetskrise, men har betydelege problem med tilgang på finansiering
på akseptable vilkår.
Dei fleste bankar har høve til å overdra fordringar
på hushaldningane med pant i bustad til heleigde eller deleigde
kredittføretak. Kredittføretaket kan i sin tur utferde obligasjonar
med fortrinnsrett i desse låneporteføljane. Kredittføretaket finansierer
kjøpet av dei nemnde fordringane ved å utferde obligasjonar med
fortrinnsrett. Kapasiteten til slik utnytting av bustadlåneportefølja
er størst i dei store bankane.
Obligasjonar med fortrinnsrett har ei lågare
vekt ved berekninga av kapitalkrav enn bustadlån med pant i bustad.
Når ein bank erstattar delar av bustadlåneportefølja si med obligasjonar
med fortrinnstrett, vil det bli berekna eit lågare minstekrav til
kapitaldekning for banken. For å sikre at overdraging av bustadlån
og erverv av obligasjonar med fortrinnstrett mellom føretak i same
konsern skjer på forretningsmessige vilkår, må det leggjast ekstra
vekt på rett prising av transaksjonane. Finansdepartementet vil
ta opp med Kredittilsynet korleis ein best skal sjå til at tiltaket
ikkje får utilsikta verknader for kapitaldekninga og prisinga.
For å utfylle ordninga med byte av verdipapir kunngjorde
Noregs Bank 12. oktober i år at det vil bli tilbydd F-lån med løpetid
på to år spesielt retta mot mindre bankar. F-lån er lån med fast rente
til marknadsvilkår. Maksimalt bod for den einskilde bank på to-årslånet
vil vere 1 mrd. kroner. Samtidig har Noregs Bank lempa på krava til
trygd som bankane må stille for å få lån i Noregs Bank, ved at kravet
om minste uteståande volum på 300 mill. kroner for verdipapir utferda
i norske kroner er fjerna.
Det er grunn til å tru at den foreslåtte ordninga med
byte av verdipapir, saman med tiltaka Noregs Bank rettar mot mindre
bankar, vil lette finansieringstilhøva vesentleg for bankane. Byteordninga
kan òg bidra til å betre tilhøva i pengemarknaden. Ordninga kan
føre til ein betydeleg auke i tilbodet av statspapir som, avhengig av
marknadsforholda, vil kunne gi noko høgare lånekostnader for staten.
Risikoen for at ordninga skal medføre tap for staten, blir rekna
som liten. Bankane skal betale ein premie for bytehandlar under
ordninga. Premien skal setjast på marknadsmessige vilkår, og slik
at ordninga ikkje vil kome i konflikt med reglane om statsstøtte.
Premien skal vere slik at bankane ikkje vil ønske å nytte ordninga
under normale tilhøve i penge- og kredittmarknadene.
Finansdepartementet har ansvaret for forvaltninga
av statens gjeld og kontantbehaldning. Det er inngått avtalar med
Noregs Bank om forvaltning av statens gjeld og likviditet og om
konsernkontoordninga. I samsvar med desse avtalane skal Noregs Bank
mellom anna gi råd om opplåninga til staten, ta seg av den operative
forvaltninga av innanlandske låneopptak og pleie andrehandsmarknaden
for statspapir. Noregs Bank mottek betaling for den operative forvaltninga,
for marknadspleia og for drifta av statens kontosystem.
Statens alminnelege lånebehov følgjer av forslaget
til statsbudsjett for 2009. Det blir lagt opp til at finansieringsbehovet
i 2009 i hovudsak blir dekt ved opptak av nye langsiktige lån innanlands.
Av omsyn til marknaden for statspapir legg ein normalt opp til å
glatte ut den langsiktige opplåninga over fleire år. For 2009 er
det isolert sett aktuelt å ta opp mindre langsiktige lån enn det
som direkte følgjer av finansieringsbehovet.
Den nye ordninga der staten tilbyr bankane statspapir
i byte med obligasjonar med fortrinnsrett, vil ha eit omfang på
inntil 350 mrd. kroner fram til utgangen av 2009, og inneber at
staten kan auke uteståande i statspapir med eit tilsvarande beløp.
Bruk av den nye ordninga vil gå ut over dei rammene som Stortinget
har gitt for låneopptak i 2008. På bakgrunn av at ordninga blir foreslått
sett i verk allereie frå inneverande år, foreslår ein at endringa
av fullmakta blir gjort gjeldande for 2008 og 2009 under eitt. På
denne bakgrunnen ber Regjeringa om ei samla fullmakt til å ta opp
nye langsiktige lån på 450 mrd. kroner i 2008 og 2009.
Fullmakta for kortsiktige marknadslån er utforma
som ei ramme for maksimalt uteståande statskassevekslar. Uteståande
volum varierer normalt gjennom året, og ein ber derfor om romslege
rammer. I tillegg foreslår ein at fullmakta blir justert i samsvar
med den nye ordninga. På denne bakgrunnen ber ein om ei ramme for
å ha uteståande statskassevekslar i 2008 og 2009 på 430 mrd. kroner.
For andre kortsiktige lån ber ein om ei fullmakt for
2009 der det ikkje blir sett ei særskild beløpsgrense. Ein ber i
tillegg om at den generelle fullmakta til å inngå rentebyteavtalar
og tilsvarande derivatavtalar blir vidareførd i 2009. For nærare omtale
viser ein til kapittel 3.
Utlån av statspapir til bankane vil ha budsjettmessige
konsekvensar for både 2008 og 2009. Renteutgiftene vil auke monaleg
samtidig som det vil bli ein tilsvarande auke i påløpte og/eller betalte
renteinntekter. Staten vil i tillegg få premieinntekter på bytelånet.
Dei budsjettmessige konsekvensane av endringane for 2009 vil bli behandla
i eit tillegg til St.prp. nr. 1 (2008–2009) som vil bli lagd fram
i byrjinga av november. Følgjene for budsjettet for 2008 vil bli
behandla i proposisjonen om ny saldering av budsjettet for 2008
som vil bli lagd fram i slutten av november.
Ein viser til proposisjonen for nærare omtale
av forslaga.