Fiskeri- og kystdepartementet legg med dette fram
ei melding til Stortinget om dei fiskeriavtalane Noreg inngår med
andre land. Ei slik melding skal leggjast fram årleg. Meldinga vart
første gong lagt fram i 1995. Departementet viser i den samanheng
til St.meld. nr. 49 (1994–1995) om dei årlege fiskeriavtalane Noreg
inngår med andre land. I denne meldinga la Fiskeridepartementet
vekt på å gi ei omtale av det rammeverket som vart inngått i tilknyting
til utvidinga av den norske økonomiske sona på 1970-talet, og som ligg
til grunn for dei årlege kvoteforhandlingane (rammeavtalane).
Denne meldinga omtalar kvoteavtalane for 2008,
norsk deltaking i fleirsidig fiskerisamarbeid og i regionale forvaltningsorganisasjonar. Ein
gjer vidare greie for bestandsutrekning, rådgiving, tilstandsrapportar
og langsiktige forvaltningsplanar for dei viktigaste bestandane
som Noreg deler med andre land. Meldinga omtalar også dei kontrolltiltaka
som er sette i verk i Noregs økonomiske sone (NØS) for å kontrollere
norsk og utanlandsk fiske på tildelte kvotar, i tillegg til kontrollsamarbeidet
med andre land og tiltak mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske.
Til sist gir meldinga ei oversikt over i kva grad norske og utanlandske
fiskarar utnytta kvotane sine i 2006 og 2007, og kva slags fartøygrupper
som fiskar på dei kvotane Noreg har i sonene til andre land.
I tråd med dei etablerte rammeavtalane fører norske
styresmakter kvart år forhandlingar med andre land.
Dei viktigaste tosidige forhandlingane for 2008 er
førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er også ført forhandlingar
med EU på vegne av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat,
og med EU på vegne av Sverige om ein avtale om svensk fiske i Noregs
økonomiske sone. Som følgje av det polske EU-medlemskapet frå 1. mai
2004 har Noreg sagt opp den tosidige rammeavtalen med Polen, og avtalen
opphøyrde frå 1. januar 2007.
Noreg er medlem av og tek del i dei årlege møta i
dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane NAFO ("Northwest
Atlantic Fisheries Organization") og NEAFC ("North East Atlantic Fisheries
Commission"). Noreg deltek i samarbeidet i IWC ("International Whaling
Commission") og NAMMCO ("North Atlantic Marine Mammal Commission")
om forvaltninga av kval. Som medlem i CCAMLR ("Commission for the
Conservation of Antarctic Marine Living Resources") er Noreg representert
på møta til organisasjonen. Noreg tek også del i det internasjonale
fiskerisamarbeidet innan organisasjonen ICCAT ("International Commission
for the Conservation of Atlantic Tunas") og i den regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen
SEAFO ("South East Atlantic Fisheries Organization").
ICES hadde ein rådgivande komité for fiskeriforvaltning,
ACFM ("Advisory Committee on Fisheries Management"). Dette er no
endra med etableringa av ACOM (Advisory Comittee). ACOM hentar inn
vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og gir årlege råd
om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.
Det ligg ei balansert vurdering til grunn for Fiskeri-
og kystdepartementets utnemning av delegasjonar til dei forskjellige
fiskeriforhandlingane som Noreg deltek i. Vurderinga byggjer i hovudsak
på at dei partane forhandlingane vedkjem skal vere representerte,
at delegasjonen må ha ein handterleg storleik, og dessutan forhandlingstaktiske
omsyn. Før forhandlingane med andre land om forvaltningsspørsmål
startar, held Fiskeri- og kystdepartementet konsultasjonar med organisasjonane
i næringa.
Dei viktigaste fiskebestandane i Barentshavet har
eit utbreiingsområde som dekkjer norsk og russisk sone og fiskevernsona
rundt Svalbard. År om anna er det også mogleg å fiske torsk i internasjonalt
farvatn.
I regi av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen
fører Noreg og Russland årleg kvoteforhandlingar om totalkvotar
for fellesbestandane i Barentshavet. Fellesbestandane er norsk arktisk
torsk, norsk arktisk hyse og lodde.
Noreg og Russland vart under den 35. sesjonen samde
om å forvalte bestanden av kongekrabbe kvar for seg frå og med 2007.
Noreg informerte den russiske part om at den norske totalkvoten ikkje
var fastsett på den tida forhandlingane gjekk føre seg. Kvotefastsetjinga
blei utsett til etter Stortinget si handsaming av stortingsmeldinga
om kongekrabbe. Den russiske part orienterte om at den russiske
kvoten av kongekrabbe var fastsett til 3 200 000 individ for 2008.
Stortingsmeldinga blei handsama 3. mars 2008. Den
norske kvoten for 2008 ble etter det sett til 1 925 tonn hannkrabbar,
450 tonn skada hannkrabbar og 235 tonn hokrabbar. Det er første gong
kvoten er fastsett i tonn. Ein reknar med at dette tilsvarar 679 000
hannkrabbar og 110 000 hokrabbar.
Partane er også einige om at resultata frå felles forskingsinnsats
som gjeld bestandsvurderingar, migrasjon, og innverknaden krabben
har på økosystemet framleis skal drøftast på dei årlege sesjonane.
Partane avtalar også fordeling av kvotane mellom
Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei
fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter avsetjing til
tredjeland vert kvotane for norsk arktisk torsk og norsk arktisk
hyse fordelte med 50 pst. til kvar av partane. Tredjelandskvoten
av norsk arktisk torsk og hyse vert fordelt med 60 pst. til Noregs
økonomiske sone (NØS) og 40 pst. til Russlands økonomiske sone (RØS).
Avtalen opnar for at partane kan fiske delar av sine kvotar på desse
bestandane i sona til den andre parten. Loddebestanden er fordelt
med 60 pst. til Noreg og 40 pst. til Russland.
Partane vart samde om ein totalkvote (TAC) for norsk
arktisk torsk på 430 000 tonn, medrekna 21 000 tonn murmansktorsk.
Dette er i tråd med beskatningsstrategien vedteken under den 31. sesjonen
i fiskerikommisjonen og vidareutvikla under den 33. sesjonen. Den
positive utviklinga med redusert overfiske sidan 2005 gav grunnlag
for ein beskjeden auke av kvoten for 2008.
Hysebestanden er i god forfatning, og totalkvoten
er økt frå 150 000 tonn for 2007 til 155 000 tonn for 2008. Den
norske kvoten er på 78 500 tonn etter overføring frå Russland, det
vil si 2 450 tonn meir enn i 2007. Forvaltningssamarbeidet på hyse
har i år blitt vesentleg styrka ved at kommisjonen har vedtatt ein
forvaltningsregel på hyse, som er vurdert av det Internasjonale Havforskningsrådet
(ICES) til å vere i tråd med føre-var-tilnærminga.
Loddebestanden har store naturlege svingingar, og
partane er einige om ikkje å fastsetje TAC høgare enn at det er
95 pst. sannsynleg at 200 000 tonn får høve til å gyte. På denne
bakgrunnen, og i tråd med beskatningsstrategien, har partane sidan
2004 bestemt at det ikkje skal drivast noko kommersielt loddefiske.
Det same gjeld for 2008.
I 1993 vart Noreg og Russland samde om å etablere
"Det permanente utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren".
Gjennom dette samarbeidet er ei rekkje konkrete tiltak sette i verk
for å betre kontrollen med ressursane både på sjø- og landsida.
Mellom anna er det etablert rutinar for eit auka samarbeid mellom kontrollstyresmaktene
i dei to landa, inkludert utveksling av informasjon om fangst- og
landingsdata.
Under den blanda fiskerikommisjonens 35. sesjon
i Tromsø hausten 2006, stadfesta partane at det var gjort gode framsteg
i 2006. Særleg gjeld dette utveksling av satellittsporingsdata og opplysningar
om fartøya sine kvotar. Dette er tiltak som i vesentleg grad betrar
oversynet over fiskeuttaket i Barentshavet, og gjer det mogleg å følgje
opp mistenkjeleg fiske frå enkeltfartøy. I tillegg hadde partane
oppnådd ei harmonisering av kontrollmetodikken på sjø og land. Mobile grupper
med fiskeriinspektørar frå begge land hadde fleire vellukka inspeksjonar
i tredjeland i 2006. Noreg og Russland har òg gjennomført felles
inspeksjonar i Gråsona.
Sjølv om det bilaterale fiskerisamarbeidet med Russland
framleis er krevjande og komplisert, er det grunn til å understreke
at det er oppnådd reell framgang sidan 2006. Dette har òg gitt konkret utslag
i redusert overfiske. I følgje berekningar gjort av Fiskeridirektoratet
har det russiske overfisket av torsk blitt redusert frå 101 300
tonn i 2005, til 80 000 tonn i 2006 og 40 000 tonn i 2007.
På grunnlag av rammeavtalen med EU om fiskeri
har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtalar
om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vest av
Dei britiske øyane og EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i
Barentshavet. Noreg vert også tildelt kvotar frå EU i grønlandske
farvatn. Avtalen inneheld føresegner om forvaltning av felles fiskebestandar
og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone.
Partane har såleis eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane
i Nordsjøen, mellom anna ved årleg å fastsetje største tillatne
fangstmengder (totalkvotar) for desse bestandane. Det har frå 1979
vore semje mellom Noreg og EU om delinga av totalkvotane for fellesbestandane
av torsk, hyse, sei, kviting og raudspette i Nordsjøen. Partane
kom i 1997 også fram til ein avtale om fast fordeling av totalkvotane
for nordsjøsild.
I samarbeidet mellom Noreg og EU er det framleis
område der det trengst felles tiltak for å betre fiskeriforvaltninga.
Som for 2007, speglar også kvoteavtalen med EU for 2008 den vanskelege bestandssituasjonen
for fleire av botnfiskbestandane i Nordsjøen. Kvoten på torsk blei
noko auka. Dette må likevel sjåast i samanheng med at partane skal
samarbeide om ytterlegare tiltak for å utvikle meir selektive fiskeri
og såleis redusere det reelle uttaket av torsk. I tråd med forvaltningsplanane
er totalkvoten for hyse redusert til 46 444 tonn, medan seikvoten
er auka til 135 900 tonn. Kvitingkvoten på 17 850 tonn er ein nedgang
frå 2007. Også kvoten for raudspette er noko redusert frå 2007 til
2008.
Det er ei hovudutfordring å betre beskatningsmønsteret
i Nordsjøen. Her er utkast av fisk eit særleg og samansett problem.
EU praktiserer eit utkastpåbod, medan utkast er forbode i Noreg for
alle kommersielt viktige fiskeslag. Noreg har teke dette opp med
EU jamleg og EU vil no prioritere denne problemstillinga. EU-kommisjonen
sendte i 2007 ut ei høyring om utkast og har signalisert at dei
første reguleringane kan bli føreslegne i 2008.
Arbeidet for skjerpa kontroll og overvaking
av ressursuttaket i Nordsjøen er ei viktig oppgåve. Dette skjer
til dømes gjennom utveksling av fangststatistikk og landingsdata,
inklusiv fiskeaktivitet frå tredjeland, ved utveksling av observatørar
som kontrollerer og overvakar og ved satellittsporing av fiskefartøy.
Gjensidig satellittsporing vart innført 1. januar 2000.
På bakgrunn av det sterke fokuset på kampen mot
UUU-fiske (ulovleg, urapportert og uregulert fiske) er kontroll
no eit sentralt tema i samarbeidet mellom Noreg og EU. Under forhandlingane
hausten 2007 vart partane einige om at arbeidsgruppa av kontrollekspertar
som har arbeidd med kontroll av pelagiske fangstar, skal fortsetje
sitt arbeid med UUU-fiske.
Det har vore usemje mellom Noreg og EU om forvaltningsregimet
for makrell i mange år. Hovudproblemet er deling av kvoten mellom
partane. Til no har Noreg og EU berre avtalt årlege ad hoc-arrangement
for makrellen. På grunnlag av kjennskap til makrellen sitt utbreiingsmønster,
har ein på norsk side meint at Noreg har eit rettkome krav på ein
større del av makrellen. Det norske kravet er til no avvist av EU.
I 1999 vart Noreg, EU og Færøyane samde om ein
trepartsavtale om forvaltning av makrell i Nordaust-Atlanteren.
Med denne avtalen aksepterte Noreg og EU at Færøyane er kyststat
til makrellen. Partane har inngått tilsvarande avtalar for kvart
av åra 2001 til 2008.
Dei tre kyststatane vedtok ein såkalla "referanse-TAC",
som var utgangspunkt for drøftingane i Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC)
om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn for 2008.
På årsmøtet i NEAFC vedtok partane ei regulering av makrell i internasjonalt
farvatn som inneber ein kvote for dette området på 43 629 tonn.
Island har sett fram formelle reservasjonar mot denne reguleringa.
Norsk vårgytande sild (NVG-sild) er den største fiskebestanden
i Nordatlanteren. Frå 1996 til 2003 inngjekk Noreg, EU, Færøyane,
Island og Russland årlege kyststatsavtalar om forvaltninga av silda.
I desse fempartsavtalane hadde Noreg ein eigarandel på 57 pst. Med
basis i prinsippet om sonetilhøyring, la Noreg fram krav om ein høgare
norsk del. Partane kom ikkje fram til nokon fempartsavtale i åra
2003–2006. Men i denne perioden inngjekk Noreg bilaterale avtalar med
Russland, og for 2006 også med EU. 18. januar 2007 vart det på ny
underteikna ein kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg
og Russland om forvaltning av NVG-silda for 2007. Denne avtalen
ga Noreg 61 pst. av NVG-silda. Avtalen inneheldt òg ein langsiktig forvaltningsstrategi,
og vart vidareført for 2008. I avtalen for 2008 er partane samde
om ein totalkvote på 1 518 000 tonn.
Noreg har for 2008 inngått kvoteavtalar med
EU om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske
delen av Nordsjøen. Noreg har vidare inngått tosidige kvoteavtalar
for 2008 med Færøyane og Grønland. Det er for 2007 også utveksla
kvotar med Island i tråd med "Smottholsavtalen" og den tilhøyrande
tosidige avtalen, medan Noreg i 2007 vidareførte trepartsavtalen
med Island og Grønland om regulering av lodde i området mellom Island,
Grønland og Jan Mayen.
Noreg har også vore med i forhandlingane som, etter
fleire år, endeleg førte til ein avtale om eit internasjonalt forvaltningsregime
for kolmule. Avtalen er vidareført mellom Noreg, Island, Færøyane
og EU i 2008, og Russland har i 2008 slutta seg til partane si regulering
av kolmule i NEAFC-området.
Partane i NEAFC er einige om reguleringstiltak for
fiske av uer i Irmingerhavet i 2008 og fastsette ein totalkvote
på 46 000 tonn. Den norske delen av kvoten i 2008 er 1 691 tonn.
Delar av uerbestanden i Irmingerhavet, som NEAFC
forvaltar, har dei seinaste åra vore observert og delvis utnytta
i NAFO-området. Den norske uerkvoten for 2008 er, som i åra 2001
til 2007, ein totalkvote for begge områda.
Rekefisket ved "Flemish Cap" (NAFO-område) har
sidan 1996 vore regulert gjennom grenser for kor mange fartøy som
kan delta i fisket, og kor mange døgn dei kan fiske samla. Norske
fartøy kan samanlagt fiske 1 985 fiskedøgn i 2008, og 32 norske
fartøy kan ta del i fangsten.
Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen, NAFO,
har i det siste lagt vekt på å modernisere organisasjonen, inkludert
naudsynte endringar av sjølve NAFO-konvensjonen, og har vedteke ein
revidert konvensjonstekst. Den nye konvensjonen tek mellom anna
omsyn til føre-var-prinsippet, økosystembasert forvaltning, etablering av
ein mekanisme for tvisteløysing og strukturelle endringar av organisasjonen.
Endringane av konvensjonen vart vedteke på årsmøtet i 2007. Noreg
har kvoterettar i NAFOs reguleringsområde for torsk og lodde. Grunna
den dårlege bestandssituasjonen for torsk og lodde er det forbod
mot eit direkte fiske av desse artane i NAFO-området. Noreg har
òg sidan 1993 fiska reker på Flemish Cap.
Det er også vedteke eit system for å svarteliste fartøy
som har delteke i eit UUU-fiske i NAFO-området og som tilhøyrer
statar som ikkje er medlemmer av organisasjonen. På årsmøtet i 2006
vart dei samde om at NAFO også vil svarteliste fartøy som er inkludert
i NEAFCs svarteliste.
Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen NEAFCs
myndigheitsområde er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor
200-milssonene. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som
vandrar både innanfor og utanfor 200 nautiske mil, har kommisjonen
i første rekkje ein samordnande funksjon. Blant bestandane i Nordaust-Atlanteren,
som har eit utbreiingsområde som også omfattar det opne hav, finst
mellom anna kolmule, makrell, uer og norsk vårgytande sild.
Partane har slutta seg til endringar i konvensjonsteksten
for å gi organisasjonen mandat til å gjennomføre ei meir heilskapleg
og økosystembasert forvaltning av ressursane i konvensjonsområdet.
Forslaget inneber at konvensjonsteksten vert oppdatert i høve til
den utviklinga som har skjedd på dette området sidan 1982, så som
havrettstraktaten.
NEAFC vedtok i 2004 å stengje fem område for botntråling
og fastståande reiskapar for perioden 1. januar 2005 til 31. desember
2007. Denne stenginga vart på årsmøtet i 2007 forlenga til å gjelde
også i 2008. På årsmøtet i 2006 vart det vedteke å stengje ytterlegare
fem område for botntråling og fastståande reiskapar for å verne korallrev,
og stenginga gjeld ut 2009. Spørsmålet om stenging av område skal
behandlast av eit ekstraordinært årsmøte i NEAFC i juli 2008, der
partane skal leggje til rette for ei heilskapleg tilnærming til
dette i reguleringsområdet til NEAFC.
På årsmøtet i 2006 vedtok partane eit nytt regelverk
for kontroll og handheving som blant anna inneheld reglar om hamnestatskontroll.
Det nye regelverket vart sett i kraft 1. mai 2007.
På årsmøtet i 2005 oppretta NEAFC for første gong
ei såkalla svarteliste. Med det nye regelverket er grunnlaget for
å svarteliste fartøy betra. Reglane gjeld for fartøy som ikkje fører
flagget til eitt av medlemslanda i NEAFC, og aktivitet både i internasjonalt
farvatn og i medlemslanda sine økonomiske soner. Svartelista fartøy
skal ikkje få løyve til å gå i hamn eller ta imot sørvis eller forsyningar,
føreta mannskapsbyte og liknande i hamnene til medlemslanda. På årsmøtet
i 2007 vedtok NEAFC at fartøy som står på svartelistene til NAFO,
CCAMLR og SEAFO og som ikkje er flagga i nokre av NEAFC-landa, skal
inkluderast i svartelista til NEAFC. Det vart også vedteke at NEAFC
skal sirkulere si svarteliste til desse organisasjonane.
Noreg er medlem av Den internasjonale kvalfangstkommisjonen,
IWC, som regulerer fangst av større kvalartar. IWC vart oppretta
for å sikre ei berekraftig forvaltning av kvalressursane. Frå 1994
til 2006 arbeidde IWC utan å lukkast med å få på plass eit revidert
forvaltningsregime som skulle opne for kommersiell kvalfangst.
Hovudsaka i IWC er no diskusjonen om kva som skal
vere IWCs oppgåve i framtida. Det er uklart om det kan bli semje
om noko som helst. Noreg kan vanskeleg gå med på kompromissar som ikkje
opnar for at IWC igjen tar til med å forvalte kvalressursane.
Den norske kvoten vert fastsett på bakgrunn
av det arbeidet som er gjort i IWCs vitskapskomité. Også for 2008
har Noreg autonomt fastsett ein norsk kvote på 1 052 dyr. Under
årsmøta i 2006 og 2007 la Noreg fram forslag til ei justering av kvoteberekningsmodellen
basert på forsking som er gjennomført i Noreg. Forslaget vart godt motteke.
Ein reknar med at dette arbeidet vil bli avslutta i 2008, og at
det vil føre til høgare kvotar for norsk fangst i framtida.
Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen, NAMMCO,
vart etablert i 1992.
NAMMCO har lukkast godt i arbeidet med å forbetre
jaktmetodar, eit arbeid som har interesse langt utover medlemslanda
i NAMMCO. Arbeidet er no særleg relevant for dei drøftingane som går
føre seg i EU om mogleg innføring av handelsrestriksjonar for produkt
av sel.
Arbeidet med å utvikle fleirbestandsmodellar går
sakte fordi ein ventar på framdrift i nasjonale forskingsprosjekt.
Dette arbeidet er viktig for forvaltninga av dei marine ressursane,
og Noreg går inn for at NAMMCO skal prioritere arbeidet med økosystembasert
tilnærming til forvaltning av sjøpattedyra i våre havområde.
Kommisjonen for bevaring av marine levande ressursar
i Antarktis, CCAMLR, vart oppretta i 1981 med Noreg som ein av grunnleggjarane.
CCAMLR vedtek årleg tilrådingar av totalkvotar for
dei ulike artane i konvensjonsområdet, som utgjer det meste av Sørishavet.
CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemmene. Det
er såleis ope for eit "olympisk" fiske, der alle fiskar inntil fisket
vert stogga når totalkvotane er tekne. Kvotane er likevel delt på
nokre underområde. Føremålet med det er å hente inn informasjon
frå nærast heile området gjennom å spreie fangstane.
Noreg fastsette 13. mars 1998 ei føresegn om regulering
av fiske med norske fartøy i Antarktis (CCAMLR-området). Det er
forbod mot å drive fiske utan at det er innhenta løyve frå norske
styresmakter.
Det er store krillressursar i Sørishavet. For
å gjennomføre den tilrådde fangsten på 4 mill. tonn krill i område
48, er det eit vilkår at det vert oppretta område for forvaltninga
som har mindre geografisk utstrekning enn dei fire underområda. Arbeid
med dette er ikkje ferdig. Den maksimale fangsten for heile område
48 er 620 000 tonn inntil desse mindre områdane er etablerte. For 2008
har Noreg meldt på fire fartøy for fiske etter krill, men det ventast
at ikkje alle kjem til å fiske. Med tida kan fisket etter krill
bli særs viktig i CCAMLR-området, og det er fleire norske og utenlandske
firma som viser interesse for dette.
Det har lenge vore fokusert på det ulovlege
fisket (innanfor dei økonomiske sonene) og det uregulerte fisket
(på det opne hav innanfor konvensjonsområdet) etter patagonisk tannfisk,
såkalla UUU-fiske. CCAMLR har i løpet av dei siste åra innført ei
rekkje tiltak for å motverke denne aktiviteten.
Den internasjonale kommisjonen for bevaring
av atlantisk tunfisk, ICCAT, vart etablert i 1969. ICCATs kompetanseområde
omfattar ca. 30 artar, og av desse er makrellstørje av særleg interesse
for Noreg. 1. mars 2004 vart Noreg medlem av ICCAT etter at Stortinget
hadde ratifisert konvensjonen 17. desember 2003.
Den nordaust-atlantiske makrellstørja er ein langtmigrerande
bestand som gyt i Middelhavet, og dreg på beitevandring nordover
til norskekysten om sommaren og tidleg på hausten. Noreg hadde eit
omfattande fiske etter makrellstørje på 1950- og 1960-talet, men
fisket tok slutt i 1986.
ICCAT vedtok på årsmøtet i 2006 ein oppbyggjingsplan
for makrellstørje. Noreg røysta mot forslaget fordi forvaltningstiltaka
i planen etter norsk syn ikkje er tilstrekkelege for å stanse den negative
bestandsutviklinga.
På eit møte i januar 2007 vart det inngått ein avtale
om fordeling av TAC for makrellstørje på medlemslanda i ICCAT for
perioden 2007–2010. Noreg fekk for første gong ein kvotedel og vart
såleis offisielt godkjent som kyststat til makrellstørjebestanden.
Noreg ønskjer likevel ikkje å fiske makrellstørje før bestandssituasjonen
er betre, og har derfor satt forbod mot fiske av makrellstørje og
såleis avsett kvoten til bevaring av størja.
Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen, SEAFO,
vart etablert 20. april 2001 og har hovudsetet sitt i Namibia. Konvensjonsområdet
er avgrensa til det opne hav, og omfattar såleis ikkje dei økonomiske
sonene til kyststatane i området. Noreg ratifiserte SEAFO-konvensjonen
12. februar 2003.
Dei norske kommersielle interessene i SEAFO-området
er relativt små. Kartlegginga av fiskeripotensialet er mangelfull,
og det er såleis vanskeleg å vurdere kva for interesser norske fiskarar
kan få i området i framtida. Ein viktig grunn til at Noreg ratifiserte
SEAFO-konvensjonen er at Noreg prinsipielt er ein sterk tilhengar
av regionalt samarbeid om felles fiskeriressursar, og at Noreg også
deltek aktivt i ei rekkje andre regionale fiskeriorganisasjonar. Norsk
deltaking i SEAFO kan både gi innsyn i statspraksisen i området
og høve til å påverke den. Vidare vil Noregs to- og fleirsidige
bistandsengasjement i regionen kunne styrkast gjennom deltaking
i SEAFO.
På årsmøtet i SEAFO i oktober 2007 vart det
bestemt at SEAFO skal godkjenne svartelistene frå CCAMLR, NAFO og
NEAFC. For tre år sidan etablerte SEAFO ein lettversjon av eit
system for hamnestatskontroll som det var semje om. På møtet i 2007
vart dette vesentleg utbygd.
I kapitlet er det først ei kort oversikt over
metodar for å måle fiskebestandar i felten, utrekningsverktøy (modell),
forvaltningsplanar, rådgiving og dei såkalla referansepunkta. Deretter
vert det gjort greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane
som Noreg deler med andre land, i tillegg til tilrådd TAC, avtalt
TAC og fangstar. Til sist omtaler ein dei langsiktige forvaltningsplanane
som Noreg har vedteke saman med andre land.
Bestandsutrekning inneber å kombinere tilgjengeleg
informasjon frå fisket, data frå tokt der relative bestandsendringar
vert observert, og beskatningsgraden (fisketrykket). Utfallet er grunnlag
for rådgiving om fiskekvotar, og er elles viktig for meir grunnleggjande
forsking på tilhøve som avgjer storleiken på bestanden, rekruttering
osb.
For dei fleste bestandar av interesse for Noreg vert
desse utrekningane gjort i samarbeid med forskarar frå fleire land
i arbeidsgrupper innanfor ICES (Det internasjonale råd for havforsking).
Utrekningsverktøyet er matematiske modellar.
For somme artar brukar vi ikkje metodikk basert på
fangststatistikk. I våre farvatn gjeld det først og fremst lodda.
Her brukar ein den akustiske målinga av bestanden som eit absolutt
mål for bestandsstorleiken.
For dei fleste artane og bestandane i våre farvatn har
ein berre data og relevant informasjon frå fiskeria å støtte seg
til når bestandsstorleiken skal estimerast og evaluerast. Rett kvantifisering av
kor stor fiskeinnsats som ligg til grunn for eit rapportert fangstkvantum
er eit nødvendig forskingsområde framover for å kunne relatere fiskeridata
til bestandsstorleik på ein påliteleg måte.
Det er eit langsiktig mål for norske fiskeristyresmakter
at forvaltninga skal baserast på meir heilskaplege forvaltningsplanar
enn dei vi har i dag, der det ikkje berre vert teke omsyn til biologiske, men
også til økonomiske og andre relevante faktorar.
I ein forvaltningsplan er berekraft ei grunnleggjande
norm. Optimal ressursutnytting og stabilitet er andre kriterium
det er rimeleg å ta omsyn til. For å kunne vurdere utnyttingsgrad
og bestand i forhold til slike kriterium, er det utvikla biologiske
referansepunkt. Tradisjonelt har desse vore nytta i forvaltningsrådgiving
både som grenseverdiar og målverdiar. I meldinga er det gitt eit
oversyn over dei vanlegaste referansepunkta og kva dei tyder.
Ut frå historiske bestandsdata og enkle føresetnader
om samanhengen mellom gytebestand og rekruttering, har ein for kvar
bestand prøvd å definere ei nedre grense for gytebestanden, der
det er stor risiko for dårleg rekruttering om gytebestanden kjem
under denne grensa. Tilsvarande er det definert ei øvre grense for
fiskedødsraten som, dersom ho blir overskriden over lengre tid, svært
sannsynleg vil føre bestanden ned på eit nivå der rekrutteringa
er venta å verte dårleg.
Når ein tek omsyn til uvisse i bestandsvurderingane,
krev ei føre-var-forvaltning at det vert lagt inn ein tryggleiksmargin
i høve til desse "absolutte" grensene. Når det gjeld føre-var-grensene vil
verdien på desse mellom anna avhenge av kor stor risiko forvaltninga
er villig til å ta. ICES kjem derfor berre med framlegg om føre-var-grenser,
og det krevst ein dialog med forvaltninga for å fastsetje føremålstenlege
verdiar.
Rådgjevinga frå ICES vert frå og med våren 2008
utarbeidd av den nye rådgjevande komiteen, ACOM (Advisory COMittee).
ACOM er sett saman av ein forskar frå kvart av dei 20 medlemslanda
i ICES i tillegg til leiaren. ACOM vil heretter vere ICES sin einaste
rådgjevingskomité for utarbeiding av vitskaplege råd for kyst-/havressursar
og økosystem.
For å sikra ein størst mogleg openheit i prosessane
som fører fram til råda frå ICES er det opna for at observatørar
frå einskilde interesseorganisasjonar kan ta del i møta til ACOM
og i møta til gruppene som lager utkast til råd. Observatørar kan
også ta del i arbeidet med kvalitetssikring av råda. Observatørane
må godkjennast av dei einskilde nasjonale delegatane.
Det er venta at ACOM til å byrje med vil gje
råd to gonger i året, i juni og oktober. Råda er offentlege og kan
lesast på internettsida til ICES www.ices.dk. Havforskingsinstituttet
omset rådgivinga frå ICES til norsk, kommenterer og utdjupar der
det trengst, og legg alt ut på deira internettside www.imr.no.
Noreg haustar i alt 2–3 millionar tonn årleg
frå om lag 90 ulike bestandar til ein førstehandsverdi av 12 mrd.
kroner. I kapittel 4 i meldinga er omtalt tilstandsrapportar og
rådgjeving for dei viktigaste fiskebestandane i norske farvatn.
I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES
bestanden til å ha god reproduksjonsevne, medan fiskepresset i 2006
er klassifisert som ikkje berekraftig.
ICES tilrådde ein kvote for 2008 (409 000 tonn) i
tråd med den sameinte haustingsregelen. Uregistrert fiske vil undergrave
dei måla som ligg bak haustingsregelen. ICES påpeika òg at utøvinga av
torskefisket må ta omsyn til behovet for vern av kysttorsk og behovet
for redusert bifangst av uer.
Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen konstaterte
indikasjonar på at omfanget av overfiske vart redusert i 2007, mellom
anna som følgje av innføringa av NEAFC sitt hamnestatsregime frå
1. mai 2007. Etter ei totalvurdering av situasjonen i 2007 kom partane
fram til at totalkvoten for 2008 i tråd med forvaltningsregelen
kunne fastsetjast til 430 000 tonn.
Hyse vert fiska gjennom heile året, i hovudsak som
bifangst i trålfisket etter torsk, særleg når bestandsnivået er
lågt. Gjennomsnittleg årsfangst er 124 000 tonn. Dei siste åra har
Russland og Noreg stått for meir enn 90 pst. av landingane.
Bestanden av norsk-arktisk hyse var nede på
eit svært lågt nivå i 1983–1984. Frå 1998 ser det ut til at vi har
kome i ein ny situasjon med meir stabilt god rekruttering. Grunnlaget
for ei svært positiv bestandsutvikling er framleis til stades, men
toppen på utviklinga av bestanden ser ut til å vere nådd.
Dei totalkvotane som har vore avtalte mellom norske
og russiske styresmakter har generelt sett vore over tilrådde kvotar
i heile perioden sidan 1990. Den avtalte kvoten for 2008 på 155 000 tonn
blei vedteken på bakgrunn av arbeidet i Arctic Fisheries Working
Group (AFWG) og den fastsette forvaltningsstrategien, og gytebestanden
reknast for å vere over føre-var-nivået på 80 000 tonn.
Noreg dominerer fisket (ca. 95 pst.), og det
gjennomsnittlege norske utbytet i perioden 1960–2006 var på 135 000
tonn. ICES klassifiserte bestanden til å ha god reproduksjonskapasitet
og til å vera hausta berekraftig. Norske styresmakter har ved fastsetjinga
av kvoten for 2008 på 247 000 tonn lagt til grunn den nye haustingsstrategien
med ei utnyttingsgrad på føre-var-nivå.
Biomassen til loddebestanden vart mykje redusert
frå 2002 til 2003, og situasjonen må kallast eit bestandssamanbrot.
I 2004 og 2005 held han seg på eit lågt nivå, men har sidan auka
ein del. Samanbrotet i bestanden skuldast først og fremst to faktorar:
svake rekrutterande årsklassar og auka naturleg død. Samanbrotet
skuldast ikkje fisket. Den vidare utviklinga i bestanden er i stor grad
avhengig av rekrutteringa frå 2007-årsklassen.
ACFM tilrådde hausten 2007 at det ikkje burde opnast
for eit loddefiske i Barentshavet vinteren 2008. Den blanda norsk-russiske
fiskerikommisjonen vedtok på sitt møte i november 2007 å forby fiske
på barentshavslodde vinteren 2008, med unnatak for ein forskingskvote
på 5 000 tonn kvar til Noreg og til Russland.
Det er Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland som
fiskar på denne sildebestanden. Silda oppheld seg for det meste
i norske farvatn, og Noreg er også den største fiskerinasjonen.
Etter det totale bestandssamanbrotet på slutten av
1960-talet vart bestanden bygd opp att til det som kan kallast historiske
nivå. Oppbygginga gjekk sakte, og først rundt 1997 var fangsten
tilbake på eit nivå som likna situasjonen før samanbrotet. I 2007
er gytebestanden rekna å vere om lag 11,9 millionar tonn og er venta
å halde seg på dette nivået i 2008.
Det vart i tråd med tilrådinga frå ICES semje mellom
kyststatane om ein totalkvote på 1 518 000 tonn for 2008 og ei fordeling
av den totale årlege fangsten.
Noreg og EU forvaltar nordsjøsilda i fellesskap.
Hardt fiskepress gjennom fleire år førte til
at gytebestanden av nordsjøsild vart kraftig redusert i perioden
1989-1993. Etter innføringa av eit strengt forvaltningsregime (Noreg-EU)
i 1998 vart det god vekst i bestanden. Først i 2002 vart den estimerte
gytebestanden (biomassen) klassifisert til å vere over føre-var-nivået.
Vidare er det no seks svake årsklassar (2002–2006) på veg inn i
bestanden. Dette er eit uvanleg fenomen, som krev særskild merksemd
frå forvaltarane dei komande åra. Rekrutteringa er no mindre enn
50 pst. av kva den har vore tidlegare og det krev tilsvarande reduksjon
i uttaket. Førebels er ikkje kvoten redusert i same tempo som reduksjonen
i gytebestanden. EU og Noreg har dei siste åra vedteke kvotar som
ligger over råda frå ICES. På grunn av den svake rekrutteringa vedtok
Noreg og EU likevel ein kvote for 2008 som inneber ein reduksjon
på 41 pst.
Grensa for god reproduksjonsevne for torsk er vurdert
å vere 150 000 tonn. Sidan 1997 har alle årsklassar vore svake eller
middels, og årsklassane 1997, 2000, 2002 og 2006 er dei svakaste som
er registrert. Det er derfor ikkje venta at gytebestanden vil auke
over 150 000 tonn i nærmaste framtid, sjølv om fiskedøyingstala
vert kraftig reduserte.
Alle årsklassane av hyse etter 1999 bortsett
frå 2005 er under middels, og årsklassane 2001–2004 og 2006 og 2007
ser ut til å vere svært svake.
Ein har ikkje nok informasjon om kvitingbestanden
til å vurdere gytebestand og fiskedøying. Om lag alle analysar indikerer
at bestanden er på eit svært lågt nivå.
ACFM tilrår at totalt uttak av torsk ikkje må overstige
22 000 tonn. Dette gjeld både fangst og utkast. Sidan ein fangar
torsk i eit blandingsfiske, tilrår ICES at alle fiskeri der torsk
vert fanga, blir regulert, slik at det blir minimale bifangstar
av torsk. Vidare bør ein lage og setje i verk ein gjenreisingsplan
for at gytebestanden av torsk kan vekse til over grensa for god
reproduksjonsevne. Ein kan ikkje oppnå den naudsynte reduksjonen
i fiskedøying berre ved å redusere TAC. Gjenreisingsplanen må innehalde
tiltak for å hindre direkte fiske av torsk, redusere bifangst av
torsk i fisket etter andre artar og hindre utkast og feilrapportering
av torsk i alle fiskeri.
Noreg og EU har blitt einige om desse totalkvotane
for 2008: 22 152 tonn torsk, 46 444 tonn hyse og 17 850 tonn kviting.
Etter ein svært langvarig forhandlingsprosess vart
kyststatane (Noreg, EU, Færøyane og Island) den 16. desember 2005
samde om forvaltning og fordeling av kolmule frå 2006 og framover.
Dette gav ein totalkvote på 2,0 millionar tonn i 2006.
Tilrådinga frå ACFM for 2008 var eit samla uttak
på maksimalt 835 000 tonn, slik at fiskedødsraten ikkje overstig
føre-var-grensa. Totalkvoten i 2008 er større enn tilrådinga, og venteleg
kjem fiskedødsraten over grenseverdien. Berre god rekruttering kan
halde oppe bestanden og fisket. Slik det ser ut no er årsklassene
2005 og 2006 svake. Det er uråd å unngå sterk nedgang i bestanden
dersom rekrutteringa ikkje vert høgare og uttaket held fram med
å overstige tilrådingane frå ICES.
Kontroll med ressursuttaket på felles fiskebestandar
krev eit nært samarbeid mellom dei landa som deler ressursane. Eit
slikt samarbeid er inngått med begge dei to partane som Noreg deler
viktige fiskeressursar med: Russland og EU. Noreg har også inngått
avtalar om kontroll direkte med enkelte medlemsland i EU og fleire andre
statar.
Kontrollavtalen som vart underteikna mellom Noreg
og Portugal 16. februar 2006, representerte ei oppdatering av slike
avtaler og er den første avtalen Noreg inngår som også omfattar gjensidig
rapportering av landingar av fisk frå tredjelands fartøy. Etter
dette tidspunkt reviderer ein eksisterande avtalar etter tur for
å få med tredjelands fartøy.
Satellittsporing av fiskefartøy er eit nytt
og viktig framsteg i kontrollarbeidet. Det ligg no føre satellittsporingsavtalar
mellom dei landa som har felles fiskeriinteresser i Nordaust-Atlanteren.
Plikta til å spore er gjennomgåande knytt til fartøy over 24 meter
største lengde.
Fiskeridepartementet innførte frå 1. juli 2000 satellittovervaking
av alle norske fiske- og fangstfartøy over 24 m. Desse fartøya er
underlagte sporing i område både under norsk og utanlandsk fiskerijurisdiksjon.
Vidare vil alle norske fartøy, uansett storleik, sporast ved fiske
i internasjonalt farvatn. Det er også krav om satellittsporing av
alle fartøy i NEAFC-området. I NAFO-området er det krav om 100 pst.
dekning av satellittsporing og bruk av observatørar på alle fartøy.
Norske styresmakter har dei seinare åra innført ei
rekkje tiltak for å angripe ulovleg, urapportert og uregulert fiske
(UUU-fiske). Eit sentralt tiltak har vore den såkalla "svartelistinga"
av fartøy som har drive uønska aktivitet i område utanfor norsk
jurisdiksjon. Dette gjeld fartøy som fører utanlandsk flagg, då
det er mogleg å sanksjonere på annan måte overfor norske fartøy.
Fiskeridirektoratet ser til at fartøy som har delteke i uregulert
fiske i internasjonalt farvatn vert nekta lisens i Noregs økonomiske
sone. Vidare kan slike fartøy nektast å føre norsk flagg, og ein
kan nekte landing av fangst i Noreg. Det kan også setjast inn sanksjonar
mot utanlandske fartøy som bryt regelverket i norske farvatn. Regionale organisasjonar
som NEAFC og NAFO har innført svartelisting av fartøy som fiskar
ulovleg. Dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane samarbeider
stadig betre om kva fartøy som skal inn på svartelistene.
Med Noreg som aktiv bidragsytar vedtok årsmøtet
til NEAFC i november 2006 (i kraft frå 1. mai 2007) eit nytt regime
for hamnestatskontroll som gjeld heile konvensjonsområdet til NEAFC.
Det betyr at all frosen fisk som skal landast av utanlandske fartøy
i ei hamn i eit NEAFC-land, skal kontrollerast etter ein grundig
utarbeidd prosedyre. Erfaringane frå det nye hamnestatsregimet er
særs positive.
På evalueringskonferansen for FN-avtalen om fiske
på det opne hav i New York i mai 2006, fekk Noreg støtte for at
det skal utarbeidast eit bindande globalt regime for hamnestatskontroll
i fiskerisektoren. Norske styresmaktar arbeider vidare med denne
prosessen i FAO.
EU er ein viktig aktør i det internasjonale
samarbeidet for å få redusert UUU-fisket, og Noreg har dei seinare
åra hatt eit godt samarbeid med EU-kommisjonen i så måte. Noreg
og EU-kommisjonen underteikna 4. oktober 2006 ein MoU (intensjonsavtale)
om samarbeid innan ressurskontroll.
Dei norske fartøya har nytta kvoten på fellesbestandane
torsk og hyse nord om 62ºN godt i 2006 og 2007.
I Nordsjøen vart dei norske kvotane av fellesbestandane
makrell og sild oppfiska i 2006 og 2007. Seikvoten vart oppfiska
i 2006, medan det sto att ein rest av kvoten i 2007.
Til saman vart det i 2006 fiska 69 000 tonn
kolmule i internasjonalt område, medan det i 2007 vart fiska 58 000
tonn. Dette er ein nedgong samanlikna med tidlegare år. Endringa
skuldast at Noreg har fiska kolmulekvoten i andre områder. I begge
åra vart kolmulekvoten i EU-sona nytta meir eller mindre fullt ut.
Norske linefartøy utnytta om lag 72 pst. av
botnfiskkvotane av blålange, lange og brosme i EUs farvatn i 2006
og om lag 75 pst. i 2007. I færøyske farvatn har norske fartøy fiska
69 pst. av botnfiskkvoten i 2007, medan utnyttingsgraden var noko
lågare i 2006 (45 pst.).
Noreg har kvotar ved Grønland etter dei årlege kvoteavtalane
med Grønland og EU. For norske fiskarar er kvotane på blåkveite,
uer og reker av stor verdi. Desse kvotane vert stort sett godt utnytta.
Dei seinare åra er også torskekvoten godt utnytta.
I sesongen 2006/2007 tok dei norske fartøya heile
kvoten på 39 045 tonn lodde i Islands fiskerisone. Også i sesongen
2007/2008 var det norske loddefisket godt med totalt fiska kvantum på
35 760 tonn, det vil seie ein utnyttingsgrad på vel 91 pst.
Det norske fisket i Skagerrak var i hovudsak konsentrert
om reker og sild i 2006 og 2007.
Rekefisket ved Flemish Cap har vore eit viktig potensielt
driftsalternativ for rekeflåten, særleg for grønlandsrekeflåten.
Det var eitt fartøy som deltok i rekefisket ved Flemish Cap i 2006,
medan to fartøy deltok i 2007.
I tillegg til fisket innanfor kvoteavtalar med
andre land, har norske fartøy sidan 1990 fiska uer i internasjonalt
område i Irmingerhavet. Dette fisket nådde ein topp i 1992 og 1993
med om lag 14 600 tonn begge åra. I 2006 fiska norske fartøy om
lag 5 700 tonn, og i 2007 om lag 4 300 tonn uer i Irmingerhavet.
Når det gjeld utanlandsk utnytting av kvotar,
er det eit generelt trekk at kvotane av torsk, hyse og sei nord
om 62°N er godt utnytta av dei landa som har kvoterettar i området.
Hovudtyngda av EU sitt fiske i Nordsjøen og
i Skagerrak skjer på botnfiskartar (torsk, hyse, sei o.a.), sild,
makrell og kolmule. Grunna dårleg bestandssituasjon har kvotar og
fangst av augepål vorte kraftig redusert i 2006 og 2007. Ifølgje
offisiell fangststatistikk har EU i dei seinare åra hatt relativt
god utnytting av torske- og seikvotane sine i Nordsjøen. Utnyttinga
av dei fastsette kvotane i Skagerrak har også vore gjennomgåande
høg for EU.
I 2006 fiska Færøyane berre 8 pst. av seikvoten sin
i NØS i Nordsjøen, medan færøyske fartøy ikkje utnytta seikvoten
i det heile tatt i 2007. I høve til kvotane sine har Færøyane fiska
mykje sild og makrell i NØS i Nordsjøen i 2006 og 2007.
Grønland har sidan kvoteavtalen vart inngått
i 1991 vore lite aktiv i fiske på konsumartar i Nordsjøen. I 2006
var eitt og i 2007 to, grønlandske fartøy i aktivitet.
I hovudsak utnyttar Sverige godt dei bilaterale kvotane
sine i norsk del av Nordsjøen. Fisket er i stor grad retta mot kvotane
deira av torsk, sei, makrell, sild og reker.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Gunvor Eldegard, Sigrun Eng, Steinar Gullvåg, Sigvald Oppebøen Hansen
og Arne L. Haugen, fra Fremskrittspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr,
Kåre Fostervold og Øyvind Korsberg, fra Høyre, Torbjørn Hansen og
Elisabeth Røbekk Nørve, fra Sosialistisk Venstreparti, Inge Ryan,
fra Kristelig Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn, fra Senterpartiet,
lederen Ola Borten Moe, og fra Venstre, Leif Helge Kongshaug,
viser til den fremlagte St.meld. nr. 34 (2007–2008) og redegjørelsen
om de fiskeriavtalene som er inngått med andre land for 2008 og
fisket etter avtalene i 2006 og 2007.
Komiteen er kjent med at en stor
del av norsk fiske skjer på bestander som vi deler med andre land,
og at Norge har inngått ulike typer fiskeriavtaler med en rekke
land.
Komiteen viser til at de etablerte
samarbeidsavtalene står sentralt i norsk fiskeriforvaltning. Komiteen har
merket seg at de viktigste bilaterale forhandlingene for 2008 har
vært ført med Russland, EU, Færøyene og Grønland.
Komiteen viser til
at kontroll på ressursuttaket på felles fiskebestander krever et
nært samarbeid mellom de landene som deler ressursene. Komiteen er
tilfreds med at et slikt samarbeid pågår med begge partene Norge
deler viktige fiskeressurser med, Russland og EU, og at det i tillegg
er inngått avtaler om kontroll direkte med medlemsstater i EU samt
flere andre stater.
Komiteen har merket seg at satellittsporing
av fiskefartøy er et nytt og viktig verktøy i kontrollarbeidet,
og at det er inngått satellittsporingsavtaler mellom landene som
har felles fiskeriinteresser i Nordøst-Atlanteren.
Komiteens flertall, alle
unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, har merket seg at Regjeringen
har innført en rekke tiltak for å hindre ulovlig, urapportert og
uregulert fiske, og at spesielt tiltaket med å svarteliste fartøy
som driver uønsket aktivitet, nå gir gode resultater.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser
til behovet for økt kontroll med UUU-fiske og mener Kystvakten må
tilføres midler slik at effektiv kontroll er mulig. Disse medlemmer viser
til at Fremskrittspartiet i sitt alternative statsbudsjett for 2009
styrker Kystvakten med 350 mill. kroner.
Komiteen viser til
at et hovedfokus for samarbeidet mellom Norge og Russland om forvaltning
og kontroll i Barentshavet i 2007 var arbeidet med å styrke kontroll
med uttak og omlasting av fisk i Barentshavet. Komiteen er
tilfreds med at Norge og Russland er enige om å fortsette det viktige
arbeidet med å komme overfisket i Barentshavet og Norskehavet til
livs. Komiteen har merket seg at selv om det bilaterale
fiskerisamarbeidet med Russland fortsatt er både krevende og komplisert,
rapporteres det nå om at det er oppnådd reell fremgang siden 2006.
Komiteen viser til
at Norge og EU har et felles ansvar for å forvalte fiskeressursene
i Nordsjøen, bl.a. med å fastsette årlige totalkvoter for bestandene.
Komiteen har merket seg at det i samarbeidet mellom
Norge og EU fortsatt er områder der det er behov for felles tiltak
for å bedre fiskeriforvaltningen, og at en av hovedutfordringene
er å bedre beskatningen av fiskeressursene i Nordsjøen. Det vises
spesielt til at utkastproblematikken er en hovedutfordring i det
bilaterale samarbeidet med EU. Komiteen viser til
at utkast er en av de største truslene mot bærekraftig forvaltning
av fellesbestandene mellom Norge og EU, og at dette problemet er
særlig stort i Nordsjøen. For å øke det økonomiske utbyttet av bestandene
i Nordsjøen er det helt avgjørende at EU reduserer det nåværende
høye utkastnivået.
Komiteen er opptatt av at Regjeringen
fortsatt skal sette fokus på dette i sine samtaler med EU, og at
det skal kreves bindende tiltak fra EU for å redusere utkast på
felles forvaltede bestander.
Komiteen har for øvrig ingen
merknader.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre
følgende
vedtak:
St.meld. nr. 34 (2007–2008) – om dei fiskeriavtalane
Noreg har inngått med andre land for 2008 og fisket etter avtalane
i 2006 og 2007 – vedlegges protokollen.
Oslo, i næringskomiteen, den 20. november 2008
Ola Borten Moe |
Steinar Gullvåg |
leder |
ordfører |