Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2008 m.m. under Fiskeri- og kystdepartementet

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 68 (2008–2009)
  • Kildedok: St.prp. nr. 17 (2008–2009) unntatt kap. 1070, 4062 og del 2
  • Dato: 25.11.2008
  • Utgiver: kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen
  • Sidetall: 2

Til Stortinget

Samandrag

Proposisjonen inneheld framlegg til endringar i statsbudsjettet for 2008 under Fiskeri- og kystdepartementet, mellom anna kapittel som gjeld forsking.

Kap. 1020 og kap. 4020 Havforskingsinstituttet

Departementet viser til at det i samband med statsbudsjettet for 2004 vart gjort framlegg om å etablere eit nytt selskap, Mariculture AS. 2,2 mill. kroner av løyvinga til etablering av selskapet var knytte til lisensinntekter frå sal av forskingsresultat ved Havforskingsinstituttet. Men som følgje av mellom anna prosessen i samband med etableringa av forskingskonsernet Nofima AS, vart selskapet ikkje etablert. Løyvinga kunne ikkje overførast, og lisensinntektene vart derfor trekte inn i statskassa.

Departementet vurderer det som rimeleg at opptente lisensinntekter skal tilfalle forskarane ved Havforskingsinstituttet, og at midlane derfor bør løyvast på nytt.

Departementet gjer på denne bakgrunnen framlegg om å auke løyvinga på kap. 1020 post 1 med 2,2 mill. kroner i 2008.

Departementet gjer vidare framlegg om å auke kap. 1020 post 21 Spesielle driftsutgifter med 70 mill. kroner i 2008, mot ein tilsvarande auke av oppdragsinntektene under kap. 4020 post 3. Bakgrunnen er at Havforskingsinstituttet dei seinare åra har hatt ein monaleg vekst i den eksterne oppdragsverksemda. Også i 2008 vil oppdragsverksemda auke utover dei overslaga som vart gjorde ved fastsetting av inntekts- og utgiftssida i 2008.

For å ivareta omsynet til realistisk budsjettering må det gjerast ei parallell justering av inntekts- og utgiftssida på dei kapitla og postane i 2008 som er knytte til bruttobudsjettering av Havforskingsinstituttets oppdragsverksemd (kap. 1020 og 1021 med tilhøyrande inntektskapittel).

Tilskot til nedskriving av aksjekapital i Protevs AS

Departementet gjer framlegg om ei løyving på 1 mill. kroner i 2008 til nedskriving av aksjekapital i Protevs AS på kap. 1020 ny post 70.

Ved etableringa av selskapet Protevs AS vart det i statsbudsjettet for 2002 løyvd til saman 660 000 kroner i aksjekapital, likt fordelt på kap. 1020 post 90 og kap. 1023 post 90, knytt til Havforskingsinstituttet og NIFES sin samla eigardel på 66 pst. av selskapet. Resterande aksjekapital på 340 000 kroner stod Universitetet i Bergen for, slik at samla aksjekapital i selskapet var 1 mill. kroner.

Selskapet vart etablert i ei tid då dei økonomiske utfordringane i havbruksnæringa etter kvart vart store. I tillegg vart prosessen i samband med det som i dag er blitt det nye forskingskonsernet Nofima AS, sett i gang. Samla sett bidro dette til at selskapet ikkje har fått opp den nødvendige aktiviteten som var tenkt ved etableringa. Samtidig vil Nofima kunne ivareta dei viktigaste intensjonane ved selskapet.

Eigarane er derfor einige om at det mest tenlege vil vere å gjennomføre ei styrt avvikling av selskapet. Avvikling er vedteke på ekstraordinær generalforsamling, med atterhald om fullmakt frå Stortinget, og dei formelle avviklingsprosedyrane er sette i gang. Det er venta at selskapet vil vere avvikla innan utgangen av 2008. Det er også venta at store delar av aksjekapitalen i selskapet vil vere tapt. Det ligg likevel ikkje føre endeleg oversikt over eventuell attverande aksjekapital når alle kostnader er dekte inn. Departementet meiner det derfor bør takast høgde for at heile aksjekapitalen vil vere tapt.

Budsjetteknisk foreslår departementet at dette vert handsama gjennom å løyve eit tilskot til nedskriving av aksjekapitalen i Protevs AS på 1 mill. kroner over kap. 1020 post 70 (NY) Tilskot til nedskriving av aksjekapital i Protevs AS, med tilsvarande inntektspost kap. 4020 post 96 (NY) Aksjepost i Protevs AS.

Kap. 1021 og kap. 4021 Drift av forskingsfartøya

Departementet viser til kap. 1020 over og gjer framlegg om å auke kap. 1021 post 21 Spesielle driftsutgifter med 5 mill. kroner i 2008 mot ein tilsvarande auke av oppdragsinntektene under kap. 4021 post 1.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Freddy de Ruiter, Gorm Kjernli, Gerd Janne Kristoffersen, Anna Ljunggren og Torfinn Opheim, frå Framstegspartiet, Anders Anundsen, Jon Jæger Gåsvatn og Åse M. Schmidt, frå Høgre, Gunnar Gundersen og leiaren Ine Marie Eriksen Søreide, frå Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Lena Jensen, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen, frå Senterpartiet, Inger S. Enger, og frå Venstre, Odd Einar Dørum, viser til proposisjonen og har ingen merknader.

Tilråding frå komiteen

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2008 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

1020

Havforskingsinstituttet

1

Driftsutgifter, blir auka med

2 200 000

frå kr 272 510 000 til kr 274 710 000

21

Spesielle driftsutgifter, blir auka med

70 000 000

frå kr 260 750 000 til kr 330 750 000

70

(Ny) Tilskot til nedskriving av aksjekapital i Protevs AS, blir løyvd med

1 000 000

1021

Drift av forskingsfartøya

21

Spesielle driftsutgifter, blir auka med

5 000 000

frå kr 52 150 000 til kr 57 150 000

Inntekter

4020

Havforskingsinstituttet

3

Oppdragsinntekter, blir auka med

70 000 000

frå 260 750 000 til 330 750 000

96

Aksjepost i Protevs AS, blir løyvd med

1 000 000

4021

Drift av forskingsfartøya

1

Oppdragsinntekter, blir auka med

5 000 000

frå kr 52 150 000 til kr 57 150 000

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 25. november 2008

Ine Marie Eriksen Søreide

Åse M. Schmidt

leiar

ordførar