Som følgje av auka kostnader knytt til flytransport,
auka oljeprisar til drift av straumaggregat og nødvendige oppgraderingar
av Loran-C, vert samla kostnader til drift av samfunnet Jan Mayen
og Loran-C rekna til å verta omlag 2 mill. kroner høgare enn løyvinga.
Det vert det fremma forslag om at kap. 1070 post 1 Driftsutgifter
skal aukast med 2 mill. kroner i 2008.
Som følgje av lønskompensasjonen for 2008 vert
det fremma forslag om at løyvinga på kap. 4062 post 1 skal aukast
med 17,8 mill. kroner i 2008.
Det vert orientert om at Kystverkets ekstraordinære
kostnader til vurdering av korleis vraket etter "Murmansk" skal
handterast, er rekna til 2,5 mill. kroner.
I samband med Revidert budsjett 2008 vart det løyvd
til saman 49 mill. kroner på kap. 1062 post 21 for å dekkje resterande
kostnader på 24 mill. kroner knytt til tømminga av "Nordvard" og
for å dekkje venta kostnader til tømminga av olje frå vraket "Welheim"
på 25 mill. kroner. Etter ein tilbodsrunde har det vore nødvendig
å auke overslaget over kostnader til tømminga av "Welheim" med 7,5
mill. kroner, til 32,5 mill. kroner. For å dekkje dei venta meirkostnadene
på 7,5 mill. kroner er det gjort følgjande omdisponeringar innanfor
løyvinga på kap. 1062 post 21:
3,5 mill. kroner
i unytta midlar frå Server-aksjonen som er omdisponert til tømminga
av "Welheim".
Kostnadene knytt til tømminga av "Nordvard" vart
2 mill. kroner lågare enn rekna, og desse unytta midlane er omdisponerte
til tømminga av "Welheim".
Resterande meirkostnader på 2 mill. kroner er dekte
inn ved at Finansdepartementet innanfor sine fullmakter har gitt
samtykke til å overskride kap. 1062 post 21 med inntil 2 mill. kroner
i 2008.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Karita Bekkemellem, Eirin Faldet, Irene Johansen, Torstein Rudihagen, Tor-Arne
Strøm og Truls Wickholm, frå Framstegspartiet, Bård Hoksrud, leiaren
Per Sandberg og Arne Sortevik, frå Høgre, Øyvind Halleraker og Trond Helleland,
frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, frå Kristeleg Folkeparti,
Jan Sahl, frå Senterpartiet, Jenny Klinge, og frå Venstre, Borghild Tenden,
viser til dei sakene som er tekne opp i proposisjonen.
Komiteen har elles ingen merknader
og støttar Regjeringa sine forslag.
Komiteen har elles
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2008 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter |
1070 | | Loran-C | |
| 1 | Driftsutgifter, blir auka med | 2 000 000 |
| | frå kr 29 450 000 til kr 31 450
000 | |
Inntekter |
4062 | | Kystverket | |
| 1 | Gebyrinntekter, blir auka med | 17 800 000 |
| | frå kr 629 763 000 til kr 647 563
000 | |
Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 4. desember 2008
Per Sandberg |
Jan Sahl |
leiar |
ordførar |