7.1 Samandrag

Kap. 4380 Post- og teletilsynet

Post 1 Diverse gebyr

I samband med lønsoppgjeret for 2008 er Post- og teletilsynet tildelt 4 638 000 kroner i lønskompensasjon på kap. 1380, post 1 Driftsutgifter. Etaten er sjølvfinansierande. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 4380, post 1 Diverse gebyr, med 4 638 000 kroner.

Post- og teletilsynets reguleringsfond

Post- og teletilsynet er sjølvfinansierande. Forbruket for 2008 vil vere lågare enn den disponible løyvinga på kap. 1380, postane 1 og 45. Mindreforbruket vil bli på om lag 34 mill. kroner. Det vil ikkje vere behov for å be om å få overført dei unytta midlane til 2009.

Departementet foreslår at dei unytta løyvingane blir overførte til reguleringsfondet. Dei vil bli tilbakeført til brukarane ved at gebyra i dei nærmaste åra blir lågare enn det som er nødvendig for å dekkje utgiftene.

Samferdselsdepartementet har i 2008 fullmakt til å overføre inntil 10 mill. kroner til eller frå Post- og teletilsynets reguleringsfond. Departementet foreslår å auke fullmakta for 2008 for å føre til eller frå reguleringsfondet til 35 mill. kroner.

7.2 Merknader frå komiteen

Komiteen viser til at Post- og teletilsynet er finansiert med gebyr frå brukarane. Det vil difor vere i strid med prinsippa bak sjølvfinansiering å ikkje la eit mindreforbruk i tilsynet komme brukarane til gode. Komiteen støttar difor Regjeringa sitt forslag om å overføre unytta løyvingar til reguleringsfondet.