1.1 Stortinget si rettferdsvederlagsordning

Stortinget si rettferdsvederlagsordning er Stortinget si eiga vederlagsordning, der einskildpersonar som har kome særleg uheldig ut, kan søkje om ein skjønsmessig kompensasjon. Ordninga er basert på sedvane og er ikkje nærmare regulert i formelle reglar.

I denne stortingsproposisjonen blir det gitt ei orientering om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala i 2007. I tillegg blir det mellom anna gitt ei kort omtale av effektiviseringsarbeidet som er gjort i faginstansane og på utvalsnivå.

Stortingets presidentskap har tidlegare uttalt at dei vil ta initiativ til ein prinsipiell gjennomgang av rettferdsvederlagsordninga i inneverande stortingsperiode. Regjeringa gir i denne proposisjonen sitt syn på behovet for ein slik gjennomgang, samt behovet for endringar i måten Stortinget skal orienterast om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala.

Stortinget sine rettferdsvederlagsutval gjer vedtak i saker om rettferdsvederlag. I saker der det er aktuelt å tilkjenne ein kompensasjon på over 200 000 kroner er det Stortinget sjølv som gjer vedtak. I proposisjonen blir det lagt fram for Stortinget éi sak der det er aktuelt å tilkjenne rettferdsvederlag som overstig denne beløpsgrensa.

Talet på søknader om rettferdsvederlag har auka sterkt som følgje av utvidinga av ordninga i samband med Stortinget si behandling av St.meld. nr. 44 (2003–2004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener og St.meld. nr. 24 (2004–2005) Erstatningsordningar for barn i barneheimar og spesialskular for barn med åtferdsvanskar. Regjeringa har som følgje av dette styrka både dei førebuande fagetatane og Justissekretariata monaleg. Stortinget vedtok å opprette eit mellombels tredje rettferdsvederlagsutval i samband med behandlinga av Regjeringa sitt budsjettforslag for 2008. Utvalet er oppnemnt for perioden 1. mars 2008 til 28. februar 2011.

På oppmoding frå Justisdepartementet har Justissekretariata sett nærmare på moglege effektiviserings- og forenklingstiltak i arbeidet med søknader om rettferdsvederlag. Det blei våren 2008 sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå dei saksførebuande faginstansane og Justissekretariata. Arbeidsgruppa har kome med ei rekkje forslag til tiltak, forenklingar og endringar i rutinane både i faginstansane og på utvalsnivå. Forslaga er avklart med rettferdsvederlagsutvala og vil bli implementerte så raskt som mogleg.

Regjeringa vurderer fortløpande behovet for eit fjerde utval. Dette må mellom anna sjåast opp mot talet på nye søknader og ferdig førebudde saker frå faginstansane.

Rettferdsvederlagsordninga blir på bokmål omtalt som Stortingets "billighetserstatningsordning". Omgrepet "billighet" er eit uttrykk for at saka ikkje skal avgjerast etter den strenge positive rett, men ta omsyn til det som vil vere rimeleg. Rettferdsvederlaget skal ikkje gi ein fullverdig kompensasjon for det tapet som er påført, og det kan derfor også vere ein fordel å gå bort frå omgrepet "erstatning". Rettferdsvederlag er basert på skjønn, og ordninga har som siktemål å vege opp for den urett ein person har blitt utsett for, ofte med grunnlag i kritikkverdige forhold frå staten si side. Regjeringa meiner derfor det er behov for at ordninga offisielt endrar namn til rettferdsvederlagsordninga, som er eit meir dekkande omgrep. Dette vil også sikre at ordninga får likelydande namn på begge målformer. Regjeringa bed Stortinget vurdere ei eventuell namneendring i samband med behandlinga av denne proposisjonen.

1.2 Orientering om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala i 2007

Orienteringa i dette kapitlet om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala i 2007 byggjer på innspel frå rettferdsvederlagsutvala.

I heile 2007 har det vore to rettferdsvederlagsutval i arbeid; utval I og utval II. Utvala har i 2007 meir enn dobla saksavviklinga si samanlikna med 2006 då det i delar av året berre var eitt utval i virke. Det er for første gong på fleire år avgjort fleire saker enn det som har kome inn.

Dei to utvala har i 2007 hatt til saman 24 møter og behandla 2 244 saker. Det er gitt rettferdsvederlag i 1 861 saker og utbetalt vederlag med til saman 134,3 mill. kroner.

Som det fremgår av St.meld. nr. 44 (2003–2004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener, gjekk søknadsfristen for krigsbarn ut 1. juli 2007. Stortinget vedtok å utvide fristen for denne gruppa til 1. januar 2008.

Rettferdsvederlagsutval I meiner det er naturleg at det blir sett eit skjeringspunkt for når søknader om rettferdsvederlag frå romanifolk/tatarar med grunnlag i mobbing skal behandlast etter ordninga i St.meld. nr. 44 på grunnlag av eigenerklæring. Utvalet finn det naturleg at skjeringspunkt er samanfallande med Regjeringa si orsaking i 1998 overfor denne gruppa. Utvalet tek derfor sikte på at også søknader frå romanifolket/tatarar om rettferdsvederlag med grunnlag i mobbing som har skjedd i 1998 og seinare, vil bli vurdert etter den alminnelege rettferdsvederlagsordninga på same måte som med mobbing i samfunnet elles. For mobbing som har skjedd tidlegare blir ordninga med rettferdsvederlag på grunnlag av truverdig eigenerklæring vidareført.

1.3 Framtidig innretting av rettferdsvederlagsordninga og rapportering

I samband med oppnemninga av det andre rettferdsvederlagsutvalet, tok Stortingets presidentskap mellom anna opp spørsmålet om den framtidige organiseringa av rettferdsvederlagsordninga. Regjeringa er samd med Presidentskapet om behovet for ein prinsipiell gjennomgang av rettferdsvederlagsordninga. Rettferdsvederlagsordninga har i dei seinare åra blitt sterkt utvida og tilpassa stadig nye grupper, og Regjeringa meiner derfor det er behov for ein heilskapleg gjennomgang der det blir sett nærmare på prinsippa for sjølve ordninga, inkludert vurderingar av den framtidige organiseringa av sekretariatet for utvala.

Ved St.meld. nr. 24 (2004–2005) blei rettferdsvederlagsordninga utvida og tilpassa for barn som har vore plasserte i barneheimar, fosterheimar, verneskular og spesialskular for barn med åtferdsvanskar i perioden fram til 1980. Det blei ikkje sett nokon frist for å søkje på desse grunnlaga. Sidan dette gjeld forhold som ligg langt tilbake i tid, meiner Regjeringa at det bør vurderast å setje ein tidsfrist slik det er gjort for dei fleste tilsvarande kommunale ordningar, og slik det blei gjort for søkjargruppa krigsbarn etter St.meld. nr. 44 (2003–2004). Ein slik tidsfrist bør ikkje setjast før alle eventuelle kommunale ordningar har blitt gjennomførte. Regjeringa vil gjere ei nærmare vurdering av dette spørsmålet og komme tilbake til Stortinget med saka på eit seinare tidspunkt

Det går fram av vedtak i Stortinget 26. oktober 1999 at Stortinget skal haldast orientert om arbeidet i Rettferdsvederlagsutvalet gjennom årsmeldingar for rettferdsvederlagsordninga. Regjeringa meiner at det er behov for å gjere endringar i praksisen med at Regjeringa rapporterer til Stortinget om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala. Rettferdsvederlagsordninga er Stortinget si eiga ordning. Regjeringa meiner derfor det er meir naturleg at Stortinget blir orientert om arbeidet direkte frå utvala som fattar avgjerslene i sakene og som har den nødvendige nærleiken og oversikten over saksområdet. Innhaldet i årsrapporteringa frå utvala er av eit avgrensa omfang som gjer bruken av eigne stortingsmeldingar lite eigna. Regjeringa meiner dette talar for at utvala sjølve årleg orienterer Stortinget om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala. Rapporteringa kan til dømes skje ved at Justissekretariata utarbeider eit utkast til årsrapport på vegne av rettferdsvederlagsutvala.

1.4 Einskildsak der utbetalt vederlag kjem over 200 000 kroner

Rettferdsvederlagsutval I har i éi sak tilrådd rettferdsvederlag på over 200 000 kroner. Saka blir derfor lagd fram for Stortinget for avgjerd.

Søkjar NN, fødd 1960, er uføretrygda på grunn av langvarig tvangsnevrose. Ho voks opp i ein heim prega av manglande omsorgsevne frå foreldra. Barnevernet var tidleg klar over forholda i heimen og sette inn visse hjelpetiltak, men desse var meir retta inn mot mor, slik at søkjar stort sett var overlaten til seg sjølv i oppveksten, utan stabil og trygg vaksenkontakt. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har innstilt på rettferdsvederlag med 150 000 kroner for manglande inngrep frå barnevernet, og utvalet er samd i det når forholdet blir vurdert isolert.

Søkjar blei i tillegg utsett for seksuelle overgrep frå 9-10-årsalderen. Overgriparane var kjende av familien. Også dette talar etter praksis for eit monaleg rettferdsvederlag.

Søkjar fikk adekvat medisinsk behandling då ho var lagd inn på sjukehus som seksåring. Ho viser til at ho har fått store traume som følgje av at ho i samband med undervisning blei framvist for medisinarstudentar i ein stor aula. Sosial- og helsedirektoratet har ikkje innstilt på rettferdsvederlag på dette grunnlaget, og opplyser at framvising av pasientar blei rekna som ein integrert del av verksemda ved universitetsklinikkane. Utvalet legg til grunn at dette har hatt uvanleg uheldige følgjer for søkjar, slik at også dette bør takast omsyn til ved utmålinga av rettferdsvederlag.

Det er såleis fleire årsaker til den vanskelege situasjonen til søkjar. Etter ei samla vurdering finn utvalet å tilrå at søkjar blir gitt 300 000 kroner i rettferdsvederlag. Dette kjem over beløpsgrensa på 200 000 kroner som utvalet har fullmakt til sjølv å avgjere.

Rettferdsvederlagsutvalet tilrår på denne bakgrunn at søkjar NN, fødd 1960, får rettferdsvederlag frå statskassa med 300 000 kroner.