Som eit ledd i arbeidet mot fattigdom legg Regjeringa
fram ei tilråding om ei styrkt, statleg bustøtteordning. Satsinga
må sjåast i samanheng med dei bustadpolitiske måla om å redusere
talet på vanskelegstilte på bustadmarknaden og å få slutt på bustadløyse.
Hovudstrategien til Regjeringa for å motarbeide fattigdom
er å få flest mogleg i lønt arbeid. Samtidig er det ein bustadpolitisk
strategi at flest mogleg skal kunne klare seg sjølve i eigen bustad. Bustøtta
skal støtte desse strategiane.
I juni 2008 fekk i overkant av 100 000 husstandar
støtte. Gjennomsnittleg utbetaling var om lag 2 000 kroner den månaden.
Dei største mottakargruppene er alders- og uførepensjonistar. Det
er relativt få barnefamiliar som får bustøtte. Alle som får bustøtte,
har låg inntekt, og barnefamiliane har særleg låg inntekt.
Prisane på bustader som ein eig eller leiger,
og renta på bustadlån har stige mykje dei seinare åra, og buutgiftene
til husstandane har auka. Unge som skal etablere seg i eigen bustad
for første gong, og dei som har låge inntekter, har dei høgaste
buutgiftene sett i høve til inntekta. Bustøtta er eit effektivt
verkemiddel for å motarbeide fattigdom fordi ho er retta mot dei
som både har låg inntekt og høge buutgifter.
På vegen mot ei styrkt bustøtte er det fire
hovudutfordringar med reglane som gjeld i dag:
1. kravet om at søkjarar
utan barn må vere trygda for å få bustøtte
2. forelda krav til utforming og finansiering
av bustaden
3. låge inntektsgrenser for barnefamiliar
4. ulik handsaming av søkjarane og kompliserte reglar
I framlegget skal alle med låg inntekt og høge buutgifter,
bortsett frå studentar og militært og sivilt tenestepliktige, kunne
få bustøtte når dei elles fyller krava. Dette opnar ordninga for
dei som ikkje har barn og som heller ikkje er trygda.
Framlegget tilrår å forenkle og modernisere
krava til bustaden og å fjerne kravet til finansiering for alle
søkjargruppene.
I dag får alle sjølveigarar utrekna utgifter
til drift og vedlikehald av bustaden, sjølv om dei betaler felleskostnader
til sameiget. I framlegget tilrår departementet å leggje felleskostnader
til grunn for denne gruppa, som for bebuarar i burettslag. Det blir
òg tilrådd å forenkle utrekninga av buutgiftene for sjølveigarar
utan felleskostnader.
Utgifter til oppvarming av bustaden blir i dag
dekte med ein sjablong for personar med alders-, uføre- og attlevandepensjon
som har ei inntekt som er lågare enn minstepensjonen, pluss 30 prosent.
Det blir gjort framlegg om at alle pensjonistar i dei nemnde gruppene
skal få dekt utgifter til oppvarming når utgiftene ikkje går inn
i husleiga eller felleskostnadene. Det blir tilrådd at utgiftene
blir dekte med ein sjablong som er lik for alle husstandane i landet.
Bustøtta skal motivere til å etablere seg i
bustad, som ein eig eller leiger. Ho må da verke saman med låneordningane
til Husbanken. Det blir derfor tilrådd å dekkje utgifter til bustadlån,
som i dag.
Buutgiftstaket er den øvste grensa for dei buutgiftene
som blir rekna med i bustøtta. Det blir tilrådd å auke taket for
alle husstandane. Funksjonshemma kan søkje om å få dekt enda høgare
buutgifter.
Bustadprisane i dei største byane er høgare
enn i resten av landet. Det blir derfor tilrådd at det framleis
skal vere eit høgare tak i slike kommunar. Men det er òg nokre kommunar
som grensar til storbyane som har høge bustadprisar. Det blir gjort
framlegg om at Oslo, Kristiansand, Stavanger, Bergen, Trondheim,
Tromsø, Bærum, Skedsmo, Nesodden, Frogn, Lørenskog, Oppegård, Asker,
Sola og Sandnes får høgare tak enn resten av landet.
Ved utrekning av bustøtte kjem det til frådrag
ein eigendel av buutgiftene som husstandane sjølve må dekkje. Denne
eigendelen har eit minstenivå. Buutgifter under dette nivået blir
ikkje dekte. I dag aukar denne minste eigendelen med talet på personar
i husstanden samtidig med at han varierer mellom søkjargruppene.
Det er urimeleg. Det blir tilrådd at den minste rimelege buutgifta blir
lik for alle husstandar utan omsyn til storleik eller type søkjar.
Framlegget om høgare tak og lågare eigendel
for større husstandar gir auka inntektsgrenser for barnefamiliar.
Det blir òg tilrådd å innføre eit fribeløp for inntektene til barn
som bur heime.
Unge uføre har eigne reglar som sikrar at dei
får høgare bustøtte enn andre med same inntekt eller trygd. Desse
særreglane er meir kompliserte enn nødvendig. Det blir tilrådd at
unge uføre får ytingar på same nivå som i dag, men at reglane blir enklare.
Noverande mottakarar skal ikkje få mindre utbetalt på grunn av omlegginga
av særreglane.
Bustøtta er ei strengt behovsprøvd ordning.
Netto formue er derfor med i vurderinga av kor høg bustøtta blir.
I dag har alle husstandar, både eigarar og leigarar, eit fast beløp
for fri netto formue. Den likna verdien på bustader har vore låg,
og som regel lågare enn fribeløpet. Den store auken i bustadprisane
saman med oppjustering av likningsverdiane gjer at den likna verdien
av bustaden no kan vere høgare enn fribeløpet. For å sikre at verdien
av eigen bustad blir halden utanfor utrekninga, blir det gjort framlegg
om å nytte faktisk likningsverdi som fribeløp i staden for sjablongar.
For å avgrense ordninga mot for dyre bustader blir det sett eit
tak på den frie likningsverdien. Samtidig blir det gjort framlegg
om å auke fribeløpet for leigarar som bur aleine. For dei som har
formue over fribeløpet, blir det gjort framlegg om å skjerpe avkortinga
mot bustøtta.
Den delen av differansen mellom godkjende buutgifter
og eigendel som blir utbetalt i bustøtte, blir kalla dekningsprosenten.
Det blir ikkje tilrådd å endre dekningsprosenten.
For å sikre ei effektiv bustøtte og at utbetalingane
står i samsvar med dei administrative kostnadene, blir det tilrådd
å auke grensa for minste utbetaling.
Det blir tilrådd å fjerne kravet om at søkjarar utan
barn må vere trygda. Da kan alle, unnateke studentar og militært
og sivilt tenestepliktige, få bustøtte. I denne gruppa er det mange
unge menn som er aleinebuarar i dei største byane. Ved å opne opp
bustøtta for dei vil vonleg fleire arbeide og kunne skaffe seg ein
eigen bustad.
Ved å modernisere bustadkrava kan dei som bur i
mindre bustader utan eige kjøkken eller soverom òg få bustøtte.
Mange med dårleg økonomi bur i slike bustader. Ved å fjerne kravet
om husbankfinansiering av bustaden blir bustøtta tilgjengeleg for
fleire pensjonistar.
Inntektsgrensene blir tilrådd auka slik at fleire barnefamiliar
kan få bustøtte. Ein familie på fire som bur utanfor pressområda,
vil etter framlegget falle ut av bustøtta når inntekta er høgare
enn 245 000 kroner per år, mot 194 000 kroner i dag. I Oslo aukar
grensa for ein familie av same storleik frå 219 000 til 272 000
kroner.
Det blir tilrådd å samordne reglane på ei rekkje område
slik at bustøtta med få unntak handsamar søkjarane likt. Reglane
blir dermed langt enklare enn i dag.
Om lag 50 000 nye mottakarar vil få bustøtte,
i tillegg til dei vel 100 000 som får støtte i dag. Av dei nye mottakarane
kjem om lag 10 000 til å vere barnefamiliar. Framlegget krev ein
auke i løyvinga på om lag 1 mrd. kroner på sikt.
Regjeringa legg til grunn at bustøtta blir ei
langt meir effektiv og målretta ordning for å motarbeide fattigdom,
å redusere talet på bustadlause og å hjelpe vanskelegstilte med
å etablere seg i eigen bustad. Ved at mottakarane i den nye ordninga
ikkje fell ut av ordninga om dei tek lønt arbeid, kan omlegginga
bidra til større deltaking på arbeidsmarknaden. Ein god og trygg
bustad kan for mange vere ein nødvendig føresetnad for å søkje arbeid.
Framlegget inneber at bustøtta kjem til å passe langt
betre saman med låne- og tilskotsordningane til Husbanken. Fleire
kan etablere seg i eigen bustad finansiert med ein kombinasjon av bustøtte,
grunnlån, startlån og eventuelt bustadtilskot.
Det er kommunane som har ansvaret for å skaffe husly
til vanskelegstilte. Dei er òg førstelinja for dei som søkjer om
bustøtte. Bustøtta må derfor verke godt saman med ytingane og tenestene
til kommunane. Samtidig må støtta vere enkel å administrere. Med
framlegget til ny bustøtteordning kjem kommunane til å få eit langt
betre verktøy for å skaffe bustad til vanskelegstilte. I tillegg
vil kommunane venteleg spare inn rundt 30 prosent av auken i bustøtte.
Innsparingane kjem i første rekkje frå reduserte kostnader til sosialhjelp
og kommunal bustøtte.
Departementet legg til grunn at presset på kommunale
utleigebustader kjem til å bli redusert. Det er fordi fleire med
svak økonomi kan etablere seg direkte i den ordinære bustadmarknaden,
og fordi fleire av dei som leiger av kommunane får høve til å flytte
vidare til eigen bustad. Bustaden blir da frigjord til andre. Mange
som bur i kommunale utleigebustader får òg betre økonomi. Det er
fordi fleire kjem inn under ordninga og fordi ytingane aukar. Det
gjer at kommunane får større sjanse til å få dekt kostnader knytt
til denne verksemda. Samla sett reknar departemenet med at framlegget
vil gi kommunane lågare kostnader med omsyn til å skaffe bustad
til vanskelegstilte.
I tillegg blir det enklare for Husbanken og
kommunane å handsame bustøtta. Kostnadene til informasjon, opplæring
og annan administrasjon blir dermed reduserte. På den andre sida
får dei fleire søknader til handsaming.
Av proposisjonen om trygdeoppgjeret i 2008 kjem
det fram at auken i pensjonane ikkje skulle gi uønskte reduksjonar
i utbetalingar i bustøtta frå 1. juli 2009. Regjeringa vil kome
tilbake til det spørsmålet.
Det blir tilrådd at den nye bustøtta blir sett
i verk frå 1. juli 2009. Sidan bustøtta blir utbetalt på etterskot,
kjem den første utbetalinga etter ny ordning i august.
I St.prp. nr. 1 (2008–2009) frå Kommunal- og regionaldepartementet
blir det tilrådd ein auke på 303 mill. kroner i 2009 for å finansiere
omlegginga det året. I denne stortingsproposisjonen gjer Regjeringa
framlegg om nye reglar for bustøtta.
På lengre sikt er dei årlege kostnadene ved
innføring av ny bustøtte rekna ut til å bli om lag 1 000 mill. kroner.
Den fulle effekten blir venteleg oppnådd etter tre år. Det er fordi
det tek tid før alle dei nye potensielle søkjarane har fått informasjon
om omlegginga, og før dei som ønskjer det har søkt og fått utbetalt
bustøtte.
For å sikre riktige utbetalingar og redusere
høve til misbruk skal kommunane, Husbanken og mottakarane ha plikt
til å kontrollere dei opplysningane som går inn i utrekninga av
bustøtta. Bustøtta kan bli kravd tilbakebetalt om mottakarane har
gitt feil opplysningar.
Stortingsproposisjonen blir følgd opp med ein revisjon
av den rettslege forankringa av bustøtta.