2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Gunvor Eldegard, Sigrun Eng, Steinar Gullvåg, Sigvald Oppebøen Hansen og Arne L. Haugen, frå Framstegspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Kåre Fostervold og Øyvind Korsberg, frå Høgre, Torbjørn Hansen og Elisabeth Røbekk Nørve, frå Sosialistisk Venstreparti, Inge Ryan, frå Kristeleg Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn, frå Senterpartiet, leiaren Ola Borten Moe, og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, viser til St.prp. nr. 34 (2008–2009), der Regjeringa ber om Stortinget sitt samtykke til å innlemma tenestedirektivet (direktiv 2006/123/EF om tenester i den indre marknaden) i EØS-avtala. Direktivet vart vedteke i EU i 2006, og Noreg har frist for gjennomføring innan desember 2009.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at etableringsretten og fri rørsle av tenester har vore norsk rett sidan 1. januar 1994, etter EØS-lova § 1. Det er i samsvar med gjeldande EØS-rett når tenestedirektivet slår fast at tenesteytarar er underlagt reglane i den staten der dei er etablerte (etableringsstaten). Tenestedirektivet sine regler om retten til å yte grenseoverskridande tenester i tenestedirektivet er òg i samsvar med retten til å yte tenester i EØS-avtala.

Fleirtalet viser òg til at Noreg ved tiltreding til EØS-avtala aksepterte at endelege avgjersler om fortolking av EØS-rettsakter blir tekne av domstolane.

Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, har merka seg at direktivet har som mål å forenkla tenestehandelen i EØS-området, og gjera regelverket på dette området meir føreseieleg og betre enn det er i dag. Direktivet slår fast at tenesteytarar er underlagt reglane i den staten der dei er etablerte.

Dette fleirtalet viser til at Noreg har ein open økonomi, og at vi difor er avhengige av at den internasjonale handelen fungerer for å kunne halde oppe den høge sysselsettinga og verdiskapinga me har her i landet. EU er Noreg sin største handelspartnar, og over 80 pst. av all norsk utanrikshandel går føre seg med våre samarbeidspartnarar i EØS.

Dette fleirtalet er opptatt av at vårt næringsliv ikkje skal bli diskriminert ved at dei blir stilt overfor andre reglar enn det næringslivet har i dei landa me handlar mest med.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene i Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at alle dei eksterne utgreiingane om tenestedirektivet som Regjeringa har fått gjort, konkluderer med at direktivet ikkje vil ha monalege negative konsekvensar i Noreg. Fleirtalet viser til at det går klart fram av tenestedirektivet at det ikkje har noko å seie for organisering, finansiering eller liberalisering av offentlege tenester, og at det heller ikkje legg føringar på kommunane sin tilgang til å privatisere, konkurranseutsette eller rekommunalisera offentlege tenester.

Som det går fram av St.prp. nr. 34 (2008–2009) punkt 2.2, gjeld tenestedirektivet berre for offentlege tenester som er av økonomisk karakter. Fleirtalet er kjend med at sosialtenester som er omfatta av helse- eller sosiallovgivinga, er unntatt frå direktivet som følgje av uttrykkelege unntak i direktivet for helse og sosialtenester. Fleirtalet viser til brev frå nærings- og handelsministeren datert 12. februar 2009 (lagt ved innstillinga), der det går fram at andre offentlege tenester som ikkje er konkurranseutsett, som til dømes vatn og avløp, heller ikkje er omfatta av direktivet. Renovasjon vil vere omfatta av direktivet dersom tenestene er konkurranseutsett, men det vil då berre vere direktivet sine reglar om etablering som gjeld dersom dette ikkje er regulert i eit anna EU-regelverk.

Fleirtalet har òg merka seg at ingen arbeidsrettslege reglar, eller reglar om helse, miljø og tryggleik på arbeidsplassen, vert regulert av tenestedirektivet. Det er slått uttrykkeleg fast i tenestedirektivet sin artikkel 1 nr. 6 at arbeidsrett ikkje vert berørt av tenestedirektivet.

Forholdet mellom partane i arbeidslivet blir heller ikkje endra, og heller ikkje retten til å forhandla om, inngå og handheve tariffavtaler og retten til arbeidskamp.

Fleirtalet er kjend med at dommane frå EF-domstolen i Viking Line-, Laval-, Rüffert- og Luxemburg-sakene, som ofte blir sett i samanheng med tenestedirektivet, ikkje har betyding for verken rekkevidda av eller innhaldet i tenestedirektivet. Avgjerdene i desse sakene er tatt på grunnlag av EF-traktaten sine føresegn om rett til å etablere seg og yte tenester i andre EØS-land og utsendingsdirektivet. Om det skulle komme opp tilsvarande saker i framtida og etter at tenestedirektivet har tredd i kraft i EU, vil slike saker måtte avgjerast etter reglane i EF-traktaten og utsendingsdirektivet. Fleirtalet har merka seg at tenestedirektivet ikkje endrar på dette.

Fleirtalet har merka seg at tenestedirektivet ikkje er til hinder for tiltaka mot sosial dumping eller allmenngjeringsinstituttet. Fleirtalet viser til at sosial dumping er eit problem me allereie har her i landet, og at Regjeringa sitt arbeid på dette området held fram.

Fleirtalet er kjend med at heller ikkje den siste høyringsrunden avdekka negative konsekvensar av direktivet. LO stilte i høyringa fire sentrale spørsmål om tenestedirektivet, som mellom anna dreier seg om grunnleggjande samfunnstenester som til dømes transport, helsetenester, trygdelovgjeving og offentleg utdanning, og om desse kan halde fram i offentleg regi. Vidare om den norske modellen for trepartssamarbeid for lønns- og inntektssamarbeid kan halde fram, og det same gjeld allmenngjering av tariffavtalar. Fleirtalet er samd i at desse punkta også er viktige og har merka seg at LO under den opne komitéhøyringa i saka slo fast at dei signala som er gitt i høve til desse fire føresetnadane, er positive, og at LO er nøgd med dei avklaringar som er gjort frå Regjeringa.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre vil vise til at det er viktig å sørge for effektfulle virkemidler for å motvirke sosial dumping i arbeidslivet. Utgangspunktet for dette skal likevel være å sikre utenlandske arbeidstakere gode lønns- og arbeidsvilkår, ikke motvirke konkurranseelementet i lønnsdannelsen. Arbeidet mot sosial dumping har dessverre like mye vært et arbeid for å forhindre konkurranse på lønn, ikke å sikre utenlandske arbeidstakere gode vilkår. Dette er en innfallsvinkel til arbeidet mot sosial dumping som disse medlemmer tar prinsipiell avstand fra.

Disse medlemmer mener den viktigste faktoren i arbeidet mot sosial dumping er tilsynsvirksomheten. Det er gjennom en styrking av Arbeidstilsynet at en vil ha mulighet til å avsløre de useriøse aktørene i arbeidslivet, og bidra til at utenlandske arbeidstakere får de arbeidsforhold de skal ha.

Disse medlemmer viser til Ot.prp. nr. 56 (2006–2007) Om lov om endringer i arbeidsmiljøloven og allmenngjøringsloven (innleie, påseplikt for oppdragsgivere og innsynsrett for tillitsvalgte mv.), hvor Regjeringen fremmet en rekke innstramninger som skulle bidra til mindre sosial dumping. Stortingets behandling, jf. Innst. O. nr. 92 (2006–2007), avdekket at mange av de tiltak som der ble foreslått og som ble vedtatt av et flertall i Stortinget, bygde på forutsetninger som ikke i tilstrekkelig grad kunne dokumentere effekt, og som i visse tilfeller viste betydelig faglig og juridisk uenighet mellom Arbeids- og inkluderingsdepartementets og Justisdepartementets lovavdeling. I forbindelse med behandlingen ble det fremsatt et forslag fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre om å utarbeide en sjekkliste for oppdragsgivere, som ivaretar den enstemmige intensjonen om å skape et regelverk til bekjempelse av sosial dumping, samtidig som det er effektivt, ubyråkratisk og ikke svekker rammevilkår for næringslivet:

"Stortinget ber Regjeringen utarbeide en sjekkliste med konkrete kontrollpunkter som oppdragsgiver skal kreve dokumentert hos et bemanningsforetak eller en underentreprenør ved kontraktsinngåelse. Listen kan blant annet bygge på følgende punkter:

  • Dokumentasjon for at underentreprenøren har avgitt løfte om å følge kravene til lønns- og arbeidsvilkårene i allmenngjøringsforskriftene

  • Dokumentasjon for at underentreprenørene er registrert hos og har sendt opplysninger til skattemyndighetene

  • Dokumentasjon for at underentreprenøren er registrert i Brønnøysundregistrene

  • Krav om fremleggelse av skatteattest

  • Krav om fremleggelse av firmaattest fra hjemlandet."

Disse medlemmer viser til at forslaget dessverre ikke fikk tilslutning fra et flertall i Stortinget. Disse medlemmer er likevel fremdeles overbevist om at forslaget, i sammenheng med styrking av Arbeidstilsynet, ville ført til en inngående og varig kamp mot useriøse aktører i arbeidslivet og derved avdekket sosial dumping, enn forslag som i stor grad bare kan karakteriseres som symbolpolitikk.

Komiteens medlemmer fra Høyre viser derfor til sine merknader i forbindelse med behandlingen av St.prp. nr. 1 (2006–2007) og St.prp. nr. 1 (2007–2008), jf. Budsjett-innst. S. nr. 15 (2006–2007) og Budsjett-innst. S. nr. 15 (2007–2008), hvor bevilgningen til Arbeidstilsynet er styrket i Høyres alternative statsbudsjett for de respektive år. Denne styrkingen videreføres i Høyres alternative statsbudsjett for 2009, hvor bevilgningen økes med 5 mill. kroner utover Regjeringens ramme.

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, viser til at direktivet slår fast at det skal opprettast nasjonale kontaktpunkt i kvart medlemsland, der tenesteytarar skal få all informasjon dei treng for å kunne starte verksemd der. Fleirtalet ser det som føremålstenleg at Altinn vert eit slikt kontaktpunkt her i landet.

Fleirtalet merker seg at etablering og drift av kontaktpunktet vil krevje ressursar hos Brønnøysund-registrene. Fleirtalet meiner det er svært viktig at etablering av kontaktpunktet ikkje vil gå på bekostning av det pågåande forenklingsarbeidet med Altinn II, da dette arbeidet er eit viktig ledd i å redusere bedriftene sine administrative kostnader.

Et annet flertall, alle unntatt medlemmene fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, mener det er bra at direktivet bidrar til å fjerne unødvendige administrative krav som hindrer fri etablering og handel med tjenester. Dette flertallet vil fremheve de mulighetene som åpner seg i det europeiske markedet for norske tjenesteleverandører gjennom tjenestedirektivet som vil sørge for likeverdige konkurransevilkår i hele EØS-området.

Dette fleirtalet har merka seg at det i løpet av handsaminga av tenestedirektivet har blitt framsett ei rekke påstandar om negative konsekvensar av direktivet. Desse påstandane har vorte utreda, og dette fleirtalet har merka seg at det i St.prp. nr. 34 (2008–2009) kapittel 5.3 er orientert om dei 9 eksterne utgreiingane om tenestedirektivet som Regjeringa har fått gjort. Etter dette fleirtalet sitt syn gjer St.prp. nr. 34 (2008–2009) på ein god måte greie for dei konsekvensane som implementering av tenestedirektivet vil ha for norsk rett.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre og Venstre viser til at Regjeringen brukte svært lang tid på å fremme denne saken for Stortinget, noe disse medlemmer er kritiske til. Norge har klare offensive interesser i at tjenestedirektivet blir vedtatt. Disse medlemmer viser til at forslaget også er viktig for norsk økonomi gjennom at det bekrefter Norges fortsatte tilslutning til EØS-avtalen, og mener at Regjeringens sendrektighet har skapt unødvendig usikkerhet til skade for norske bedrifter og arbeidsplasser.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til at tilstedeværende statsråder fra Sosialistisk Venstreparti (statsrådene Halvorsen, Aasland, Solheim, Grande Røys og Solhjell) og tilstedeværende statsråder fra Senterpartiet (statsrådene Navarsete, Meltveit Kleppa, Brekk og Riis-Johansen) i forbindelse med Regjeringens behandling av tjenestedirektivet uttalte:

"Etter en samlet vurdering har vi kommet til at vi ikke kan gi vår tilslutning til tilrådningen om samtykke til deltakelse i EØS-komiteens beslutning om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv 2006/123/ EF av 12. desember 2006 om tjenester i det indre marked (tjenestedirektivet). Vi legger særlig vekt på at tjenestedirektivet etter vårt syn kan hindre tiltak mot sosial dumping og sette faglige rettigheter under press, samtidig som vi mener det utfordrer nasjonal styringsrett over viktige samfunnsområder og skaper usikkerhet om grunnleggende samfunnsoppgaver fortsatt kan ivaretas gjennom offentlig sektor. Direktivets bestemmelser gir rom for tolkning fra EF-domstolens side, og det vil ikke være mulig å gi garantier for at domstolens rettpraksis vil ivareta de hensyn vi mener må sikres."

Desse medlemene viser til at grunnlova pålegg statsrådar å ta dissens om dei meiner at "Kongens Beslutning er stridende mot Statsformen eller Rigets Love". I moderne norsk politisk historie er dissensar i regelen alvorlege uttrykk for meiningsskilnader i riksstyret. I regjeringane til Einar Gerhardsen var det til dømes 34 dissensar; i Per Borten si regjeringstid var talet 37. Desse medlemene meiner at dissensen til arbeidarpartistatsråd Knut Hoem i 1972 er særskilt relevant i dagens situasjon. Hoem fekk tilført protokollen frå statsrådet "at han fant at det forhandlingsresultat som var oppnådd overfor Det europeiske fellesskap for så vidt gjelder fisket innanfor den norske fiskerigrense, ikkje gir tilstrekkelig sikkerheit for at fisket i fiskerisonene på 12 og 6 nautiske mil kan forbeholdes norske fiskarar etter 31. desember 1982". Desse medlemene vil hevda at dissensen som gjeld tenestedirektivet er sydd over same leist: Direktivet kan utfordra nasjonal styringsrett og skapa uvisse knytt til grunnleggjande samfunnsoppgåver og -utfordringar. Difor vert det rasjonelt å tenkja og handla i samsvar med føre-var-prinsippet. I fråvær av sikre og bindande garantiar som viser og berrlegg fylgjene av direktivet, tilrår desse medlemene at Stortinget ikkje bør stø innleming av tenestedirektivet i EØS-avtalen.

Desse medlemene viser til at Stortinget gav samtykke til ratifikasjon av EØS-avtalen i 1992 i samsvar med reglane i Grunnloven § 93. Denne legitime overføringa av makt og mynde til overnasjonale organ har derimot hatt ei rekkje utilsikta konsekvensar – delvis i strid med dei opplysningane som låg føre då Stortinget vedtok å slutta seg til avtalen. Desse medlemene viser til at norsk handlefridom og samfunnsstyring på viktige felt som heimfallsordning, differensiert arbeidsgjevaravgift og alkoholpolitikk, har vorte utfordra og endra som fylgje av EØS-avtalen. Desse medlemene stør dei dissenterande statsrådane frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet når dei ber til torgs kritisk mistru og tvil knytt til i dag uana konsekvensar som implementering av tenestedirektivet vil kunna medføra.

Disse medlemmer viser til at handelen med tjenester vil øke i tiden framover og at økningen vil ha mange positive sider. Den økte tjenestehandelen, og med den økt konkurranse mellom bedrifter og land, må foregå på en måte som sikrer arbeidstakere anstendige lønns- og arbeidsvilkår.

Desse medlemene meiner det er uklart kva for tenester som er unnatekne frå direktivet, og viser i det høve til brev frå Nærings- og handelsdepartementet, dagsett 25. februar 2009. Desse medlemene meiner det er uklart om det er innhaldet av tenesta, om tenesteytar er offentleg eller privat, eller etter kva for lov tenesta er regulert, som er avgjerande for om tenesta er omfatta av direktivet.

Desse medlemene viser til at EU-rådet i juni 2006 vedtok at ein del sektorar som er unnatekne tenestedirektivet, anten fordi dei vert regulerte av eigne direktiv eller av di EU-parlamentet ville halda dei utanfor rekkjevidda av direktivet, kontinuerleg skal vurderast opp mot regelverket i direktivet. Det skal gjelda for energiforsyning, vassforsyning, post og utdanning. Desse medlemene meiner såleis at tenestedirektivet og Rådets vedtak i sum skaper uvisse rundt om den nasjonale styringsretten til å avgjera korleis grunnleggjande samfunnsoppgåver i framtida skal løysast i skjeringspunktet mellom offentleg, privat og friviljug sektor.

Disse medlemmer viser også til at EU-parlamentet uttaler at domstolens tolkning av utsendingsdirektivet ikke er i samsvar med formålet til lovgiver. Parlamentet ba derfor Kommisjonen om å utarbeide nødvendige lovforslag for å skape samsvar mellom lovgivers intensjon og domstolens tolkning, noe Kommisjonen har avslått. De negative virkningene av domstolens tolkning får også følger for tjenestedirektivet, ikke minst fordi utsendingsdirektivet går foran tjenestedirektivet ved konflikt. Det innebærer, etter disse medlemmers mening, at tjenestedirektivet ikke bidrar til å redusere de negative konsekvensene av utsendingsdirektivet.

Disse medlemmer viser til at LO i sin høringsuttalelse stilte opp følgende fire punkter som sentrale for LO:

  • 1. At tjenestedirektivet ikke er til hinder for tiltak som er igangsatt mot sosial dumping, samt at ytterligere tiltak som LO har krevd – herunder solidaransvar – blir iverksatt og kan gjennomføres.

  • 2. At allmenngjøringsinstituttet kan videreføres og utvikles.

  • 3. At nasjonal styringsrett over viktige samfunnsområder kan beholdes og at grunnleggende samfunnsoppgaver fortsatt kan løses gjennom offentlig sektor – herunder helse, sosiale tjenester, skole, transport og produksjon av elektrisk kraft.

  • 4. At tjenestedirektivet ikke berører nasjonale arbeidsrettslige spørsmål eller er til hinder for den norske modellen for trepartssamarbeid.

Disse medlemmer viser videre til at LO-sekretariatet i sin høringsuttalelse også skrev at: "(F)lere av LOs medlemsforbund har gjort vedtak om at Regjeringen må benytte reservasjonsretten, basert på usikkerhet om virkningen av å innføre tjenestedirektivet. Så lenge det eksisterer usikkerhet om disse punkter deler LO dette synet". Disse medlemmer har ikke registrert at LO-sekretariatet har endret standpunkt i denne saken. Store LO-forbund, som Fagforbundet, Fellesforbundet og EL&IT Forbundet, har vedtatt at Norge bør reservere seg mot direktivet.

Disse medlemmer viser videre til at disse punktene er vesentlige også for Regjeringen og at "Regjeringen er trygg på at dette er ivaretatt".

Disse medlemmer viser videre til proposisjonen og til brev fra Nærings- og handelsdepartementet (NHD), datert 6. mars 2009 (vedlagt), der Regjeringen viser til at det tas sikte på å vedta en erklæring som først og fremst skal sikre at de punktene som er sentrale for LO, ivaretas. I et tidligere brev fra NHD til komiteen, datert 25. februar 2009, står det at det er laget et utkast til felleserklæring som er forelagt Kommisjonen. Det konkrete innholdet i en slik erklæring eller om man har kommet fram til enighet med Kommisjonen, fremgår ikke av proposisjonen eller korrespondansen. Disse medlemmer mener at behovet for en felleserklæring viser at det kan være uklart i hvilken grad de hensyn LO legger vekt på, er ivaretatt. Det er heller ikke betryggende at uklarhetene ikke er ryddet av veien. Disse medlemmer er derfor ikke trygge på at LOs fire punkter er ivaretatt hvis tjenestedirektivet innlemmes i EØS-avtalen.

Desse medlemene viser til siste lekk i dissensen, som nettopp legg vekt på at tenestedirektivet opnar for tolking frå EF-domstolen si side og at "det ikke vil være mulig å gi garantier for at domstolens rettspraksis vil ivareta de hensyn vi mener må sikres." Desse medlemene stør desse vurderingane, og meiner dette er endå eit uttrykk for korleis EØS-avtalen representerer ei samfunnsutvikling der overnasjonalt juridisk skjønn vert overordna både lokale og nasjonale politiske avvegingar og vegval tufta på folkestyrde mandat og folkeleg veljarkontroll.

Desse medlemene meiner såleis at dissensen til statsrådane frå Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet er konstruktiv all den tid han stadfester at dynamikken i EØS-avtalen krev vedvarande merksemd, kritisk søkjelys og nasjonalt medvit. Etter ei samla vurdering går desse medlemene mot framlegget frå (eit knapt og svakt fleirtal i) Regjeringa om at Stortinget bør gje samtykke til å innlema tenestedirektivet i EØS-avtalen.

Disse medlemmer vil på denne bakgrunn stemme imot at Stortinget gir sitt samtykke til deltagelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av direktiv 2006/123/EF av 12. desember 2006 om tjenester i det indre marked (tjenestedirektivet).

Medlemen i komiteen frå Kristeleg Folkeparti har stor forståing for dei som er usikre på dette direktivet, og har ikkje tatt lett på handsaminga av denne saka. Denne medlemen har hatt eigne møter med sentrale representantar for norsk fagrørsle. Denne medlemen har óg retta spørsmål til Regjeringa for å avklara om den er trygg på at direktivet vil oppfylla dei krava LO har stilt, noko Regjeringa har stadfesta at den er, jf. brev til komiteen av 6. mars 2009 (lagt ved møteboka) frå statsråd Sylvia Brustad.

Denne medlemen strekar under at direktivet omhandlar ein av dei fire fridomane i Roma-traktaten, og at det difor er ein sentral del av EØS-avtalen. Denne medlemen viser til at Kristelig Folkeparti er tilhengar av EØS-avtalen, og at dersom Noreg ikkje hadde slutta seg til direktivet ville det kunne skapt uro om EØS-avtalen og svekka tryggleik for norske arbeidsplassar over heile landet.

Denne medlemen viser til at LO i si høyringsfråsegn streka under følgjande fire punkt som sentrale:

  • 1. at tenestedirektivet ikkje er til hinder for tiltak som er sett i gang mot sosial dumping, samt at ytterlegare tiltak som LO har kravd – mellom anna solidaransvar – vert sett i verk og kan gjennomførast

  • 2. at allmenngjeringsinstituttet kan vidareførast og utviklast

  • 3. at nasjonal styringsrett over viktige samfunnsområde kan oppretthaldast og at grunnleggjande samfunnsoppgåver framleis kan løysast gjennom offentleg sektor, mellom anna helse, sosiale tenester, trygdelovgjeving, skule, transport og produksjon av elektrisk kraft

  • 4. at tenestedirektivet ikkje omhandlar nasjonale arbeidsrettslege spørsmål eller er til hinder for den norske modellen for trepartssamarbeid.

Denne medlemen legg til grunn nemnde brev til komiteen frå statsråd Sylvia Brustad av 6. mars 2009, der det mellom anna heiter følgjande:

"Direktivet er (…) ikke til hinder for den norske modellen for trepartssamarbeid. Som jeg nevnte innledningsvis er de ovennevnte punktene vesentlige for regjeringen. Det tas derfor sikte på at det i forbindelse med EØS-komiteens beslutning om innlemmelse av direktivet i EØS-avtalen, vedtas en erklæring som understreker at det ikke er noe til hinder for å føre en ambisiøs politikk mot sosial dumping når tjenestedirektivet innlemmes i EØS-avtalen. I erklæringen vil det blant annet bli presisert at tjenestedirektivet ikke berører trepartssamarbeidet mellom arbeidstakere, arbeidsgivere og regjeringen, allmenngjøring av tariffavtaler, eller statens myndighet til å bestemme i hvilken grad tjenester skal utføres av det offentlige eller være gjenstand for konkurranse. Det følger av det som er sagt ovenfor sammen med redegjørelsen at regjeringen er trygg på at de punktene LO peker på, er ivaretatt."

Denne medlemen meiner at dersom det skulle visa seg at LOs krav ikkje skulle verta oppfylt, må Stortinget handsama spørsmålet om tenestedirektivet på nytt.

Denne medlemen fremmar på denne bakgrunn følgjande forslag:

"Stortinget ber Regjeringa om å leggja fram spørsmålet om tenestedirektivet for ny handsaming i Stortinget, dersom det skulle visa seg at LOs fire krav til direktivet ikkje vert oppfylt."