4.1 Årsmeldinga til Noregs Bank

4.1.1 Samandrag

Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank vere utøvande og rådgivande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gi ut setlar og mynt, fremje eit effektivt betalingssystem, samt overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene. Banken har òg viktige oppgåver innan kapitalforvaltning. Etter § 30 i lov av 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet (sentralbanklova) skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet, som så skal leggje dette fram for Kongen og gjere det kjend for Stortinget. Årsmeldinga til Noregs Bank følgjer som utrykt vedlegg til denne stortingsmeldinga.

Det følgjer av sentralbanklova § 2 fjerde ledd andre punktum at "Riksrevisjonen fører kontroll med statsrådens myndighetsutøvelse etter lov 7. mai 2004 nr. 21 om Riksrevisjonen og instruks fastsatt av Stortinget". Etter § 12 i denne instruksen skal statsråden, snarast mogleg etter å ha motteke papira, sende årsrekneskapen for banken, årsmeldinga frå hovudstyret, utsegn frå representantskapen om protokollar frå hovudstyret og eventuelt om andre forhold som gjeld banken, til Riksrevisjonen, og dessutan statsråden si utgreiing om nytting av styringsrett hos departementet og regjeringa i saker som gjeld Noregs Bank.

Departementet sender desse dokumenta til Riksrevisjonen når departementet har motteke dei frå Noregs Bank. Riksrevisjonen får òg kopi av korrespondansen mellom departementet og Noregs Bank i saker om instruksjon og saker der ein let vere å instruere. Noregs Bank vart ikkje instruert med heimel i sentralbanklova § 2 tredje ledd i 2008.

Etter sentralbanklova § 5 skal representantskapen føre "tilsyn med bankens drift og at reglene for bankens virksomhet blir fulgt". Representantskapen uttaler seg om drifta til banken i årsmeldinga til banken. Det kjem fram i fråsegna for 2008 at representantskapen ikkje har avdekt forhold som gjev grunnlag for særskilte merknader etter sentralbanklova § 30 anna ledd.

I pkt. 4.1 i meldinga er det gjort greie for leiing, administrasjon og verksemd i Noregs Bank i 2008.

4.1.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen til orientering.

Komiteen viser til rettebrev frå finansministeren av 13. mai 2009 med rett samansetnad av representantskapen i Noregs Bank. Brevet følgjer som vedlegg til denne innstillinga.

4.2 Kapitalforvaltning

4.2.1 Samandrag

Noregs Bank forvaltar valutareservane og er av Finansdepartementet gitt i oppdrag å sørgje for den operative forvaltninga av Statens pensjonsfond – Utland. I tillegg forvaltar Noregs Bank Statens petroleumsforsikringsfond for Olje- og energidepartementet. Ved utløpet av 2008 forvalta Noregs Bank 2 544 mrd. kroner i dei internasjonale kapitalmarknadene. Dei to største porteføljane er Statens pensjonsfond – Utland og valutareservane til Noregs Bank.

Ved utgangen av 2008 utgjorde kapitalen i Statens pensjonsfond – Utland 2 275 mrd. kroner. Noregs Bank forvalta fondet etter retningslinjer fastsette av Finansdepartementet og i høve til ei eiga forvaltningsavtale mellom banken og departementet. Forvaltninga av Statens pensjonsfond – Utland er omtala i ei eiga melding til Stortinget som vart fremja tidlegare i vår.

Noregs Banks hovudstyre har fastsett retningslinjer for forvaltninga av valutareservane. Investeringsporteføljen utgjer den største delen av valutareservane. Dei to andre delporteføljane er pengemarknadsporteføljen og petrobufferporteføljen. Pengemarknadsporteføljen er den mest likvide delen av valutareservane. Porteføljen var i 2008 i hovudsak plassert som sikra innskot i utanlandske bankar. Hovudstyret vedtok i 2008 å auke pengemarknadsporteføljen ved å overføre 8,7 mrd. kroner frå investeringsporteføljen. Pengemarknadsporteføljen utgjorde 44,7 mrd. kroner ved utgangen av 2008. Petrobufferporteføljen samlar opp dei løpande kjøpa til Statens pensjonsfond – Utland. Plasseringane til petrobufferporteføljen var avgrensa til renteinvesteringar i 2008.

Investeringsporteføljen skal i høve til retningslinjene som hovudstyret til Noregs Bank har vedteke ha ein aksjedel på 40 pst. og ein rentedel på 60 pst. Mot slutten av 2008 var aksjedelen i investeringsporteføljen så låg at det var naudsynt å justere porteføljen slik at aksjedelen kom tilbake til den vedtekne vekta på 40 pst. Retningslinjene for investeringsporteføljen er elles i stor grad likeeins med retningslinjene Finansdepartementet har fastsett for Statens pensjonsfond – Utland.

Marknadsverdien av investeringsporteføljen var 179 mrd. kroner ved utgangen av 2008. I 2008 var avkastninga på investeringsporteføljen -17,5 pst. målt i den valutakorga som svarer til samansetninga av referanseporteføljen. Målt i norske kroner var avkastninga -0,7 pst. Forskjellen kjem av at den norske krona svekte seg i forhold til valutakorga for referanseporteføljen. Forvaltninga gav ei mindreavkastning på 3,96 prosenteiningar målt i forhold til kva ein ville fått ved å investere i referanseporteføljen.

Finansdepartementet har vurdert forvaltningsverksemda til Noregs Bank i 2008 i meldinga om Statens pensjonsfond – Utland frå 3. april 2009. Departementet peika der på at resultata i 2008 er svake og i stor grad prega av finanskrisa. Etter fleire år med brei oppgang i aksjemarknadene har aksjekursane falle markert gjennom det siste året. Avkastninga i dei internasjonale aksjemarknadene i 2008 var den svakaste på over 100 år. Rentepåslaga i pengemarknaden internasjonalt steig, og det vart dyrare med langsiktig finansiering både for bankar og andre type føretak. Finanskrisa har ført til ein markert auke i investorane sine krav til kompensasjon for å investera i verdipapir med høg kredittrisiko.

I meldinga om Statens pensjonsfond – Utland peiker ein også på dei svake resultata i den aktive forvaltninga i Noregs Bank i 2008. Fram til og med 2006 hadde Noregs Bank rapportert ni år med positiv meiravkastning samanlikna med avkastninga på referanseporteføljen, men denne vart meir enn motsvart av tapa i den aktive forvaltninga dei to siste åra. Sjølv om det var mindreavkastning innan både aksje- og renteforvaltninga i 2008, står renteforvaltninga for ein stor del av dei samla tapa i den aktive forvaltninga. Dei svake resultata innan renteforvaltninga skyldes i hovudsak at Noregs Bank sine aktive obligasjonsinvesteringar i stor grad har hatt ein felles eksponering mot underliggjande systematisk risiko (likviditetsrisiko og kredittrisiko). Store posisjonar som var blitt bygd opp i ein situasjon der risikopremien på likviditet og kreditt var låg, viste seg å falle samstundes i verdi då marknaden vart driven av store skift i verdsetjinga av desse risikofaktorane. I meldinga om Pensjonsfondet skriv departementet at resultata i den aktive forvaltninga i Noregs Bank må vurderast over ein lang periode, men at dei i 2008 etter departementet si vurdering ikkje var tilfredsstillande. Departementet viser i den samanhengen òg til dei tiltaka som Noregs Bank har sett i verk knytt til den aktive forvaltninga.

Marknadsverdien av Statens petroleumsforsikringsfond var 21 mrd. kroner ved utgangen av 2008. Fondet skal i høve til retningslinjene investerast i renteberande verdipapir. Fondet hadde i 2008 ei avkastning på 9,1 pst. målt i utanlandsk valuta, og 31,6 pst. når ein måler i norske kroner. Dette var 0,07 prosenteiningar høgare enn avkastninga på den referanseporteføljen som Olje- og energidepartementet har definert.

Det er bygd opp kontrollapparat for investeringsverksemda både innanfor områda for kapitalforvaltning og pengepolitikk, og i andre delar av sentralbanken. Valutareservane til Noregs Bank og plasseringane for Statens pensjonsfond – Utland inngår i årsrekneskapen til Noregs Bank og blir revidert av Noregs Banks revisjon.

I stortingsmeldinga om Statens pensjonsfond er det gjeve ein meir utfyllande omtale av forvaltningsverksemda til Noregs Bank i 2008.

Det er òg gjort nærare greie for kapitalforvaltninga i Noregs Bank i banken si årsmelding og i ei eiga årsmelding for kapitalforvaltninga. Forvaltninga av Statens pensjonsfond er også omtala i statsrekneskapen.

4.2.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen til orientering. Elles viser komiteen til merknader frå dei respektive partia i innstillinga frå finanskomiteen om forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2008, Innst. S. nr. 277 (2008–2009).

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sine merknader i innstillingen til St.meld. nr. 20 (2008–2009) om forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2008, der disse medlemmer er kritiske til forvaltningen og økningen av aksjeandelen fra 40 pst. til 60 pst.

4.3 Finansiell stabilitet

4.3.1 Samandrag

Noregs Bank skal arbeide for at det finansielle systemet verkar som det skal. Finanssystemet omfattar finansinstitusjonane, finansmarknadene og betalingssystemet. Målet om finansiell stabilitet inneber at systemet skal vere så robust at det kan takle store hendingar innanfor eller utanfor systemet. Systemet skal vere i stand til å formidle finansiering, utføre betalingar og omfordele risiko på ein effektiv måte. Dersom den finansielle stabiliteten er truga, kan Noregs Bank og andre styresmakter setje i verk tiltak.

Både i Noreg og i andre land har 2008 vore prega av krisehandsaming. Noregs Bank og andre norske styresmakter har sett inn fleire tiltak for å avgrense skadeverknadene av finanskrisa og styrkje det finansielle systemet. Noregs Bank har mellom anna tilførd dei norske bankane meir lån og med lengre løpetider enn vanleg. I tillegg har staten gitt bankane tilbod om å byte obligasjonar med førerett (OMF-ar) mot statspapir. Noregs Bank har stått for den praktiske gjennomføringa av denne ordninga. Tiltaka frå styresmaktene gjorde at bankane fekk finansiert utlåna sine til lågare kostnad enn det ein såg tidlegare på hausten, jf. nærare omtale i kapittel 2 i meldinga.

Noregs Bank sitt arbeid for finansiell stabilitet har fire viktige element:

  • Overvake faren for alvorlege forstyrringar i det finansielle systemet.

  • Førebyggje ustabilitet ved å freiste halde risikoen for forstyrringar på eit lågt nivå.

  • Arbeide for å halde tilliten til betalingsmidlane oppe.

  • Ha beredskap for handsaming av kriser.

Noregs Bank overvaker nøye kor solide og lønsame dei viktigaste finansinstitusjonane er, og kor godt dei viktigaste finansmarknadene fungerer. Noregs Bank gir si vurdering offentleg i rapportar som kjem kvart halvår. Noregs Bank nyttar eit breitt datagrunnlag for å overvake finanssystemet. Det omfattar både statistisk materiale og opplysningar som blir henta inn direkte frå aktørar i finansmarknadene. Noregs Bank hentar inn opplysningar om bankane sin utlånspraksis ein gong i kvartalet og opplysningar om likviditetstilhøva i bankane kvar månad. Sentralbanken har òg jamlege møte med bankar for å drøfte aktuelle problem som dei står overfor.

Noregs Bank har utvikla modellar som blir nytta i arbeidet med å analysere og evaluere finansiell stabilitet. Rapportane om finansiell stabilitet i 2008 inneheldt stresstestar. I desse analysane har ein sett på konsekvensane av mellom anna eit markert fall i forventningane frå hushalda og påfølgjande omslag i bustadmarknaden, i kombinasjon med andre uheldige utviklingstrekk.

Noregs Bank har beredskap for å kunne handsame kriser i det norske finansielle systemet. Hendingane dei siste 18 månadene har vist at svikt i dei marknadene der bankane låner pengar (likviditetsrisiko) er eit viktig trugsmål mot den finansielle stabiliteten. Det var tap på utlån til hushald i USA (kredittrisiko) som utløyste uroa, men det er ein nær samanheng mellom svikten i marknaden for bankane si finansiering og kredittrisikoen.

Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur er skipa for å tryggje ei best mogeleg samordning av beredskapsarbeidet i den finansielle infrastrukturen. Utvalet har òg eit ansvar for å følgje opp "sivilt beredskapssystem" i finansnæringa. Dei viktigaste aktørane i den finansielle infrastrukturen tek del i utvalet. Noregs Bank leier utvalet og gjer sekretariatsarbeidet. Det blir jamleg halde øvingar for å drøfte handsaminga av ulike kriser som kan råke den finansielle infrastrukturen.

Beredskapsutvalet hadde fire ordinære møte i 2008. I samband med utvalet sitt møte i juni vart det arrangert ei øving der heile utvalet var med. Øvinga tok utgangspunkt i at Noregs Bank sitt oppgjerssystem (NBO), og etter kvart òg reservemaskina til NBO, var ute av drift. Øvinga avdekte utfordringar i rutinane, som det i ettertid er arbeidd med for å rette opp. I desember var sekretariatet og andre medlemmer av utvalet med i øvinga IKT 08. Dette var ei nasjonal øving der finanssektoren berre var eit av øvingsområda. Også i denne øvinga kom det fram svake punkt i fordelinga av oppgåver mellom sekretariatet og aktørane i marknaden og mellom deltakarane i utvalet.

Noregs Bank har òg teke del i EU sitt arbeid med å handsame finanskrisa. På grunn av EØS-avtala og den tette integrasjonen mellom banksystema i EU- og EØS-landa har, Noregs Bank og Kredittilsynet sidan 2004 vore observatørar i Committee of European Banking Supervisors (CEBS). Frå 2006 har dei to institusjonane òg vorte inviterte til møta i Banking Supervision Committee (BSC).

4.3.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen til orientering.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til ordningen med banksikringsfond og finansieringen av ordningen. Disse medlemmer mener man burde se på regelendringer som forhindrer at låntakere finansierer sikring av innskyternes penger, ettersom dette innebærer en urimelig kryssubsidiering. Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen vurdere regelendringer som forhindrer at låntakere hos bankene må være med å finansiere banksikringsfondet som skal sikre innskyternes innskudd."

4.4 Utøvinga av pengepolitikken

4.4.1 Samandrag

Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank vere eit utøvande og rådgivande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gi ut setlar og myntar og fremje eit effektivt betalingssystem. Vidare skal Noregs Bank overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene.

Dei noverande retningslinjene for pengepolitikken vart fastsette i forskrift ved kronprinsregentens resolusjon av 29. mars 2001 med heimel i sentralbanklova § 2 tredje ledd og § 4 andre ledd, jf. boks 4.2 i meldinga. Nærare grunngiving og utdjuping av retningslinjene vart trekte opp i St.meld. nr. 29 (2000–2001) Retningslinjer for den økonomiske politikken, som vart lagd fram den same dagen.

I tråd med forskrifta skal pengepolitikken sikte mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona. Noregs Banks operative gjennomføring av pengepolitikken skal i samsvar med dette rettast inn mot låg og stabil inflasjon, definert som ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 pst. Av forskrifta følgjer det at pengepolitikken skal medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing og samstundes også medverke til stabile forventningar om valutakursutviklinga. I St.meld. nr. 29 (2000–2001) står det vidare at det er venta at konsumprisveksten som ein hovudregel vil liggje innanfor eit intervall på +/– prosenteining rundt målet for prisstiginga. Noregs Banks rentesetjing skal vere framoverretta i tid og ta tilbørleg omsyn til uvisse knytt til makroøkonomiske prognosar og vurderingar. Når hovudstyret i Noregs Banks fastset renta, skal det ta omsyn til at det kan ta tid før endringar i politikken får effekt, og sjå bort frå forstyrringar av mellombels karakter som ikkje blir vurderte til å påverke den underliggjande pris- og kostnadsveksten.

Den langsiktige oppgåva til pengepolitikken er å medverke til å gi økonomien eit nominelt ankerfeste. Låg og stabil inflasjon er ein viktig føresetnad for at økonomien over tid fungerer på ein måte som medverkar til vekst og velstand. Forskrifta etablerer fleksibel inflasjonsstyring som rettesnor for pengepolitikken. På kort og mellomlang sikt må pengepolitikken vege omsynet til låg og stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. I dei fleste situasjonar vil det vere samsvar mellom omsynet til å stabilisere prisstiginga og omsynet til ei stabil utvikling i produksjon og sysselsetjing. Dersom det oppstår konflikt, må ein gjennom skjønnsutøvinga i pengepolitikken vege desse to omsyna mot kvarandre.

I pkt 4.4.2 i meldinga er det ei nærmare omtale av utøvinga av pengepolitikken i 2008, og i pkt. 4.4.3 er det gjort greie for vurderingar av pengepolitikken frå Noregs Bank Watch, OECD, Statistisk sentralbyrå og Kredittilsynet.

Departementet sine vurderingar

Forskrifta for pengepolitikken, som vart fastsett 29. mars 2001, ligg fast. Det var brei semje i Stortinget om retningslinjene for pengepolitikken. Det synest å vere tillit til pengepolitikken, både blant marknadsaktørar, i dei akademiske miljøa og allment i opinionen. Departementet meiner at dei gjeldande retningslinjene for pengepolitikken utgjer eit godt rammeverk for Noregs Banks utøving av pengepolitikken. Rammeverket er godt i tråd med praksis i andre land med fleksibel inflasjonsstyring. Innanfor forskrifta skal Noregs Bank utøve eit sakleg avgrensa skjønn. Ansvarsdelinga mellom dei politiske styresmaktene og Noregs Bank er etter departementet si meining føremålstenleg.

I forskrifta heiter det at pengepolitikken skal sikte mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona. Pengepolitikken skal rettast inn mot å nå låg og stabil inflasjon. Det operative målet for pengepolitikken er ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 pst. Pengepolitikken skal samstundes støtte finanspolitikken ved å medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing og til stabile forventningar om valutakursutviklinga.

I årsmeldinga for 2008 skriv Noregs Bank mellom anna følgjande om fleksibel inflasjonsstyring:

"Noregs Bank legg til grunn at inflasjonsstyringa skal vere fleksibel, slik at både variasjon i inflasjon og variasjon i produksjon og sysselsetjing blir lagde vekt på når renta blir sett. Den fleksible inflasjonsstyringa byggjer ei bru mellom pengepolitikken si langsiktige oppgåve, som er å halde inflasjonen låg og stabil og forankre inflasjonsforventningane, og det meir kortsiktige omsynet til å jamne ut utviklinga i produksjonen."

Retningslinjene for den økonomiske politikken inneber at pengepolitikken har ei klar rolle i stabiliseringspolitikken. Verkemidla i pengepolitikken kan raskt endrast dersom utsiktene for økonomien blir endra. Tilliten blant aktørane til inflasjonsmålet legg til rette for at pengepolitikken kan vere førstelinjeforsvaret ved endringar i den økonomiske situasjonen.

Pengepolitikken skal vere framoverretta. Noregs Bank set renta med sikte på å stabilisere inflasjonen nær 2,5 pst. på mellomlang sikt. Ifølgje det som vart sagt i samband med rentemøta, har Noregs Banks hovudstyre i utøvinga av pengepolitikken i 2008 vege omsynet til stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing på kort til mellomlang sikt.

Utviklinga i konsumprisane i Noreg varierer mykje frå eitt år til det neste, særleg som følgje av store variasjonar i elektrisitetsprisane. I gjennomsnitt auka konsumprisane (KPI) med 3,8 pst. i 2008. Ein må tilbake til 1990 for å finne ein like høg prisvekst. Utviklinga i straumprisane åleine drog veksten i KPI opp med om lag 1 prosenteining frå 2007 til 2008. Også den underliggjande inflasjonen tiltok frå hausten 2006 til hausten 2008, før han fall noko tilbake igjen mot slutten av 2008, mellom anna som følgje av lågare energiprisar, redusert kapasitetsutnytting i norsk økonomi og lågare prisvekst internasjonalt. Veksten i konsumprisane justert for avgiftsendringar og rekna utanom energivarer (KPI-JAE) var 2,6 pst. i 2008. Veksten i den nye indikatoren for underliggjande inflasjon, KPIXE, er av Noregs Bank rekna til 3,1 pst. i 2008.

Noregs Bank får eit breiare grunnlag for å vurdere utviklinga i den underliggjande inflasjonen ved å nytte fleire metodar for å måle prisutviklinga. Samstundes er det etter departementet si meining viktig at dei enkelte metodane som blir nytta, er transparente og mogelege å etterprøve også for utanforståande miljø.

Pengepolitikken skal også medverke til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. Etter fleire år med høg vekst vart det rundt årsskiftet 2007-2008 klart at fastlandsøkonomien var i ferd med å passere ein konjunkturtopp. Auka renter medverka til nedgang i hushalda sitt forbruk og bustadinvesteringar. Også fastlandsverksemdene sine investeringar fall gjennom året. Den svake utviklinga internasjonalt førte til markert nedgang i etterspurnad og prisar for norske eksportprodukt. Då problema i dei internasjonale finansmarknadene og tilbakeslaget i verdsøkonomien tiltok utover hausten i fjor, såg ein at denne utviklinga ville forsterke tilbakeslaget også i norsk økonomi. Korttidsstatistikk viser at aktiviteten både innanfor industri, varehandel og byggeverksemd gjekk ned mot slutten av 2008. Den svake utviklinga gir seg også utslag i arbeidsmarknaden, der den sterke veksten i sysselsetjinga stoppa opp mot slutten av fjoråret, samstundes som arbeidsløysa auka.

I tiltaksproposisjonen frå januar i år vart det anslått om lag nullvekst i BNP for Fastlands-Noreg i 2009, nær 2 prosenteiningar lågare enn anslått i Nasjonalbudsjettet 2009. Noregs Banks rentereduksjonar bidreg til å dempe verknaden frå finanskrisa og tilbakeslaget i internasjonal økonomi på norsk økonomi. Dei varsla og gjennomførte rentenedsetjingane kan innebere nær 35 mrd. kroner i auka inntekter for hushalda, dersom dei får fullt utslag i bankanes innskots- og utlånsrenter.

Det går føre seg faglege drøftingar og mykje økonomisk forsking internasjonalt om pengepolitikken kunne gjort meir for å hindre oppbygginga av bobler i bustad- og aksjemarknadene dei siste åra. Utviklinga i gjeld, formuesprisar og låntakarars evne til å betale gjelda er med i grunnlaget for Noregs Bank si rentesetjing, slik det mellom anna kjem til uttrykk i kriteria som Noregs Bank nyttar for å vurdere om den framtidige utviklinga i renta er god. I årstala i februar 2009 uttala sentralbanksjefen:

"Utviklingen her hjemme, og i enda større grad i andre land, viser at virkemidlene i den økonomiske politikken ikke er fullgode. Det er særlig samspillet mellom kreditt og bolig- og eiendomspriser som skaper utfordringer.

Rentesettingen påvirker dette samspillet bare indirekte. Renten går opp i gode tider når vi venter at inflasjonen vil tilta og ned når vekst og inflasjon avtar. Renten er et grovt virkemiddel, som vi kan bruke til å holde inflasjonen i sjakk over tid og slik bidra noe til å jevne ut svingninger i produksjon og sysselsetting. Virkemiddelet må ikke bli lesset over med oppgaver."

Det er viktig for hushalda og andre aktørar i økonomien si tilpassing i mellom anna bustadmarknaden at kommunikasjonen frå Noregs Bank si side om vurderingane som ligg til grunn for renteavgjerdene og om den framtidige renteutviklinga, er klar. Praksisen Noregs Bank har følgt sidan hausten 2005 med å gjere offentleg sin eigen renteprognose, bidreg positivt i denne samanhengen.

Forventningane til framtidig inflasjon nokre år fram i tid ser ut til å vere godt forankra i inflasjonsmålet. Etter departementet si oppfatning tyder inflasjonsforventningane på at det er brei tillit til at pengepolitikken over tid vil gi ei prisstiging i samsvar med inflasjonsmålet, jf. pkt. 4.4.2 i meldinga.

Med utgangspunkt i forskrifta skal pengepolitikken medverke til å stabilisere forventningane om valutakursutviklinga. Det operative målet for pengepolitikken er låg og stabil inflasjon. I samsvar med dette er det ikkje fastsett noko bestemt mål for nivået på kronekursen. Utviklinga i kronekursen har likevel vesentleg innverknad på rentesetjinga fordi ho påverkar inflasjon og produksjon, særleg i ein liten, open økonomi som den norske. Det har vore store endringar i verdien av den norske krona i samband med uroa i finansmarknadene. Krona svekte seg markert gjennom andre halvår 2008. Kronesvekkinga må sjåast i samband med at etterspurnaden etter små valutaer som den norske gjerne fell i urolege tider. Det kraftige fallet i oljeprisen bidrog truleg til å forsterke svekkinga av krona. I Noregs Banks pressemelding om renteavgjerda 17. desember peikar banken på at den svake krona verka til å dempe utslaga for konkurranseutsett sektor av konjunkturnedgangen ute. Banken understreka at dersom krona skulle halde seg svak lenge, kunne det ha innverknad på inflasjonsforventningane og etter kvart få følgjer for rentesetjinga. Hittil i 2009 har krona styrkt seg att, men ho er framleis noko svakare enn gjennomsnittleg kurs for åra 2004–2008.

Publiseringa av Noregs Bank sin eigen bane for renta framover medverkar etter departementet sitt syn også til å stabilisere forventningane om valutakursutviklinga. Gjennom 2008 har Noregs Bank dessutan tydeleg kommunisert intensjonane bak innrettinga av pengepolitikken. Utslaga i rente- og valutamarknadene i samband med rentemøta har gjennomgåande vorte lågare dei siste åra. I 2008 var utslaga små ved rentemøta i perioden januar-august, men noko større utover hausten.

Situasjonen i penge- og kredittmarknaden vart særs pressa hausten 2008, og bankane sin tilgang til finansiering vart vanskeleg. Noregs Bank gjennomførte då ei rekkje likviditetspolitiske tiltak for å betre situasjonen. Banken tilførte mellom anna langt meir likviditet enn normalt og utvida lånetilgangen og løpetida på låna, jf. nærare omtale i kapittel 2 i meldinga.

Ingen prognosemiljø såg ved inngangen til 2008 føre seg at verda skulle bli ramma av ei finans- og realøkonomisk krise av ein slik styrke og eit slikt omfang som det vi no ser. Etter departementet si meining har Noregs Bank gjennom året raskt justert si oppfatning av den økonomiske utviklinga etter kvart som ny informasjon har indikert svakare utsikter for norsk og internasjonal økonomi. Noregs Bank auka renta frå 5,25 til 5,75 pst. gjennom første halvår 2008, men sette ho ned frå 5,75 til 3,00 pst. i fjerde kvartal etter at utsiktene for utviklinga i inflasjon, produksjon og sysselsetjing forverra seg. Hittil i 2009 er renta sett ytterlegare ned, til 2,00 pst. Noregs Bank har anslått at banken i løpet av året vil setje renta vidare ned til om lag 1 pst. Medan rentereduksjonane medverkar vesentleg til å stimulere den økonomiske aktiviteten og gjere situasjonen lettare for føretak og hushald med gjeld, har Noregs Banks likviditetspolitiske tiltak vore viktige for å betre situasjonen i penge- og kredittmarknadene. Noregs Banks rentesetjing og likviditetspolitikk supplerer Regjeringa sine budsjettpolitiske tiltak og tiltaka retta mot bankane og kredittmarknaden for å motverke verknadene frå finanskrisa på norsk økonomi.

Den underliggjande prisstiginga var i 2008 sett under eitt nær inflasjonsmålet. Det er sannsynleg at prisstiginga ein periode vil kunne vere noko lågare enn inflasjonsmålet som følgje av redusert prispress og svekte vekstutsikter for norsk og internasjonal økonomi, men det er utsikter til at ho vil nærme seg inflasjonsmålet att etter kvart som den økonomiske situasjonen blir meir normal. Det synest å vere brei tillit til inflasjonsmålet. I utøvinga av pengepolitikken i 2008 har Noregs Banks hovudstyre på kort til mellomlang sikt vege omsynet til stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. Etter ei samla vurdering finn ikkje departementet grunnlag for vesentlege merknader til Noregs Banks utøving av pengepolitikken i 2008.

4.4.2 Merknader frå komiteen

Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Venstre, vil understreke at forskrifta om pengepolitikken, som blei fastsett 29. mars 2001, ligg fast. Fleirtalet meiner at gjeldande retningslinjer for pengepolitikken utgjer eit godt rammeverk for Noregs Banks utøving av pengepolitikken. Sentralbanken si operative gjennomføring av pengepolitikken skal rettast inn mot låg og stabil inflasjon, definert som ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 pst. Den langsiktige oppgåva til pengepolitikken er å medverke til å gi økonomien eit nominelt ankerfeste. Fleirtalet er einig i at det synest å vere tillit til pengepolitikken mellom marknadsaktørane, i dei akademiske miljøa og allment i opinionen. Denne tilliten er viktig for at pengepolitikken skal kunne verke effektivt. Tilliten mellom aktørane til inflasjonsmålet legg til rette for at pengepolitikken kan vere førstelinjeforsvaret ved endringar i den økonomiske situasjonen. Dette støttar opp under den rolle pengepolitikken skal ha i stabiliseringspolitikken. Hovudstyret i Noregs Bank har uttalt at ein i utøvinga av pengepolitikken i 2008 har balansert omsynet til stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing på kort og mellomlang sikt. Fleirtalet er tilfreds med at Noregs Bank på denne måten følgjer opp retningslinjene om at pengepolitikken også skal leggje vekt på stabilitet og sysselsetjing. Fleirtalet vil peike på at Noregs Bank, ved å setje ned styringsrenta med 4,25 prosenteiningar sidan oktober 2008, har medverka til å dempe verknadene av finanskrisa på norsk økonomi. Fleirtalet viser til at dei gjennomførte og varsla rentenedsetjingane vil styrkje økonomien til hushalda med nær 35 mrd. kroner dersom dei får fullt gjennomslag i bankane sine renter.

Komiteens medlem fra Venstre er enig i at den langsiktige oppgaven til pengepolitikken er å medvirke til å gi økonomien et stabilt nominelt ankerfeste. Dette medlem vil derfor utvide Norges Banks pengepolitiske mandat på en slik måte at Norges Bank gis et større ansvar for å styre penge- og kredittveksten i samfunnet på en mer relevant måte – sammenliknet med dagens situasjon.

Etter dette medlems syn holder det ikke lenger å operere med relativt snevre inflasjonsmål målt i utviklingen av konsumprisindeksen, når de mest alvorlige penge- og kredittekspansjonene viser seg å bli kanalisert inn i rente- og kredittsensitive områder som boliger, eiendommer og verdipapirer. Vi står i fare for å lure oss selv med falsk trygghet hvis vi stirrer for snevert på konsumprisindeksen, slik som nylig i USA og slik vi selv gjorde i opptakten til den såkalte bankkrisen på 80- og 90-tallet.

Dette medlem viser til at det også er erkjent av stadig flere økonomer internasjonalt at en slik endring er vesentlig også for å sikre at ikke Norges Banks mandat om å fremme prisstabilitet skal komme i konflikt med Norges Banks mandat om å fremme finansiell stabilitet. Slik situasjonen er i dag mener dette medlem at det er en betydelig risiko for målkonflikt mellom de to mandatene.

4.5 Rekneskap og budsjett

4.5.1 Samandrag

I pkt. 4.5 i stortingsmeldinga er det gjort greie for Noregs Bank sin rekneskap for 2008.

4.5.2 Merknader frå komiteen

Komiteen tek omtalen til orientering.