7.1 Sammendrag

7.1.1 Behov for regionalt differensiert nærings- og innovasjonspolitikk

Regjeringa legg vekt på behovet for ein aktiv innsats retta mot område der føresetnadene for næringsutvikling og etablering av nye arbeidsplassar er svake. Denne innsatsen må stimulere og byggje opp under vekstkraft nedanfrå, for å medverke til ny varig næringsverksemd eller vidareutvikling av den eksisterande verksemda. Dette er naudsynt også for å møte auka internasjonal konkurranse. Det er òg viktig at norske bedrifter vert merksame på og stimulerte til å etablere seg i internasjonale marknader.

Regjeringa vil leggje til rette for auka innovasjon ved å stimulere skapande bedrifter som utviklar lønnsame innovasjonar. Styresmaktene skal lage rammer som gjer det enklare for verksemdene å innovere, og skal medverke med støtte og reguleringar der marknaden ikkje strekk til.

Den næringsretta distrikts- og regionalpolitiske innsatsen omfattar ei rekkje ulike verkemiddel for utvikling av næringsmiljø og nettverk mellom bedrifter og kompetansemiljø, tilgang på kapital og stimulering til kommersialisering og entreprenørskap. Det er viktig at dei nasjonale verkemiddelaktørane, regional stat og fylkeskommunane samarbeider seg imellom og med kommunane for å best mogleg tilpasse innsatsen mot regionale og lokale verdiskapingsutfordringar, mellom anna ved å vurdere fleire verkemiddel i samanheng.

7.1.2 Nærare vurdering av utfordringar i næringslivet

Næringslivet i Noreg står overfor stadig tøffare internasjonal konkurranse, kamp om kompetent arbeidskraft og nye krav om berekraftig utvikling. Dette må næringslivet møte gjennom stadig nyskaping og utvikling av innovative løysingar. Å ta i bruk nye teknologiar, produksjonsprosessar og forretningsmodellar og skape nye varer og tenester opnar også for nye kommersielle moglegheiter.

Noreg har ein liten, open og internasjonalt orientert økonomi med stor omstillingsevne i alle sektorar. Ein aktiv konkurransepolitikk har medverka til å skape effektive marknader som over tid har gjeve eit sunt innovasjonspress. Noreg har utvikla eit næringsliv som evnar å vere i kontinuerleg endring, med eit høgt produktivitetsnivå. Desse sterke sidene ved det norske innovasjonssystemet gjev gode føresetnader for å vidareutvikle og forsterke innovasjonsevna i næringslivet i ein global konkurransesituasjon.

Ei undersøking frå Telemarksforsking syner at det på føretaksnivå ser ut til å vere ein klar samanheng mellom innovasjon og vekst. Særleg føretak som er retta mot eksport er tilbøyelege til å introdusere innovasjonar.

Når ein ser på dei enkelte regionane, ser ein at regionar med høg innovasjonsgrad har ein tendens til å ha ein høgare del vekstføretak. Det kan tyde på at mange innovative føretak i ein region skaper positive ringverknader som også kjem andre føretak i regionen til gode. Innovative næringsmiljø er positivt for å skape vekstkraftige føretak.

Entreprenørskap og etablering av nye bedrifter er svært viktig for kontinuerleg omstilling og fornying av næringslivet, og for etablering av nye arbeidsplassar.

Finansuroa har på kort tid endra i det minste dei kortsiktige utfordringane for næringslivet kraftig. Kor lenge finansuroa varer, vil i stor grad påverke kor alvorlege verknadene på den økonomiske utviklinga vert framover, men også tiltaka til styresmaktene er viktige for å betre tilhøva.

7.1.3 Utvikle næringsmiljø, verdikjeder og innovasjonssystem

Noreg har fleire innovasjonsmiljø som er verdsleiande på sine spesifikke område. Det gjeld særleg innanfor energi, maritim verksemd og marin sektor.

Regjeringa legg vekt på at det offentlege verkemiddelapparatet i aukande grad medverkar til å få til eit godt samspel om utviklingsarbeid mellom bedrifter og mellom bedrifter og kompetansemiljø og til å utvikle sterke næringsmiljø. I åra framover bør dette arbeidet i større grad også fokusere på internasjonalisering, involvering av bedrifter som er lokaliserte utanfor sentra i klyngjene, og på samspel mellom dei ulike næringsmiljøa i landet.

Klyngje- og nettverksprogramma til dei nasjonale verkemiddelaktørane Innovasjon Noreg, Selskapet for industrivekst (SIVA) og Forskingsrådet har alle som ambisjon å knyte næringslivet i større grad opp mot sterke internasjonale FoU- og næringsmiljø. Det skjer i samarbeid med utdannings- og forskingsmiljø, fylkeskommunar, regional stat og kommunar.

Fylkeskommunen får ei sterkare rolle i forskings- og innovasjonspolitikken etter implementeringa av forvaltningsreforma i 2010, mellom anna gjennom opprettinga av regionale forskingsfond og deleigarskap til Innovasjon Noreg.

Kommunal- og regionaldepartementet legg opp til å setje i gang eit nytt næringshageprogram frå 2011. Departementet legg vekt på at det nye programmet må rettast inn mot å stimulere til vidare utvikling av dei næringshagane som vert tekne opp i programmet, både som dynamiske næringsmiljø og som knutepunkt for kontakt mot FoU-institusjonar og anna næringsliv. Departementet ønskjer på lengre sikt at fylkeskommunane i større grad får ansvaret for den vidare utviklinga av næringshagane.

Område med einsidig næringsstruktur er særleg sårbare for raske endringar i nærings- og arbeidslivet. Eit langsiktig utviklings- og nyskapingsarbeid lokalt og regionalt kan leggje grunnlag for å redusere eller unngå kriser som kan følgje av raske endringar i arbeidsmarknaden. Det vil likevel oppstå spesielle situasjonar i kommunar og regionar som krev ekstra innsats for omstilling i nærings- og arbeidslivet. Staten bidreg i dag til lokalt omstillingsarbeid mellom anna med økonomiske midlar gjennom dei distrikts- og regionalpolitiske utviklingsmidlane frå Kommunal- og regionaldepartementet til fylka. Innovasjon Noreg har fått ansvaret som nasjonalt kompetansesenter for lokalt omstillingsarbeid.

7.1.4 Sikre vekst og omstilling i eksisterande bedrifter og næringsliv

Kommunal- og regionaldepartementet meiner at særskilde offentlege verkemiddel er tenlege for å fremje vekst i område der omstilling og nyskaping er viktige føresetnader for å nå distrikts- og regionalpolitiske mål. Dei distriktsretta offentlege verkemidla skal likevel ikkje kompensere for svak lønnsemd i enkeltbedrifter eller næringar, men vere supplerande og utløysande i høve til den private kapitalmarknaden. Innovasjon Noreg har ei svært viktig rolle i den distrikts- og regionalpolitiske innsatsen for å sikre finansieringa av innovasjon og investeringar i næringslivet utanfor dei største byområda.

Det er behov for å fokusere på omstilling og nyskaping i det distriktspolitiske virkeområdet, der mange bedrifter er i konkurranseutsett sektor. Målet med innsatsen er å skape betre grobotn for næringsmiljø med vekstkraft og varige arbeidsplassar på lengre sikt. Den viktigaste grobotnen ligg i dei mange bedrifts- og næringsmiljøa som alt finst.

7.1.5 Styrkje arbeidet med entreprenørskap

Kommunal- og regionaldepartementet legg vekt på å auke omfanget av lønnsame etableringar. Verkemiddel for entreprenørskap må leggje til rette for stimulering og realisering av nye idear i kommersiell verksemd, og leggje til rette for at fleire bedrifter overlever dei første åra. Departementet meiner at arbeidet med entreprenørskap bør skje gjennom innsats på fire hovudområde:

  • kultur for entreprenørskap

  • rettleiing og auka kompetanse

  • finansieringsordningar for bedrifter i tidleg fase

  • infrastruktur, tilrettelegging og nettverksarbeid.

Mangfald bidreg til meir verdiskaping. Dei menneskelege ressursane er dei viktigaste ressursane landet har. For å sikre måla om busetjing og verdiskaping i distrikts- og regionalpolitikken er det viktig at alle får høve til å medverke med sine ressursar. I dag er kvinner underrepresenterte som deltakarar i næringslivet. Regjeringa har som mål at minst 40 pst. av entreprenørane skal vere kvinner innan 2013. Mange unge har gode og nyskapande idear som dei ønskjer å setje i verk, men dei manglar ofte kompetanse, gode nettverk og tilgjengeleg kapital. Kommunal- og regionaldepartementet ønskjer å redusere barrierane for unge slik at dei får høve til å realisere ideane sine der dei bur. Regjeringa ønskjer også å vurdere korleis innvandrarar og eldre kan få nytta ressursane sine betre, gjennom å få betre kunnskap om korleis ein kan leggje til rette for etableringsverksemd blant innvandrar, og korleis ein betre kan leggje til rette for grått entreprenørskap.

7.1.6 Bransjespesifikk innsats for næringsutvikling

Meldinga peiker på at fleire målretta innsatsar retta mot ulike bransjar og næringar som utnyttar stadbundne ressursar eller er dominerande i lokale arbeidsmarknader, er viktige for å fremje dei distrikts- og regionalpolitiske måla.

7.1.6.1 Reiseliv

Regjeringa la i desember 2007 fram ein nasjonal reiselivsstrategi, med innsatsen retta inn mot visjonen om verdifulle opplevingar. Norsk reiselivsnæring skal vere verdifull for gjestene, men også for bedriftene, dei tilsette, lokalsamfunnet og miljøet.

Reiselivsstrategien er følgd opp gjennom ei auka satsing på reiseliv. I statsbudsjettet for 2009 er det løyvd om lag 300 mill. kroner til reiselivsformål. Mesteparten av midlane vert løyvde gjennom Innovasjon Noreg, til mellom anna marknadsføring av Noreg som reisemål, eit eventuelt Norwegian Centre of Expertise (NCE) i reiselivet og særskild marknadsføring av Nord-Noreg. I tillegg er reiseliv eit viktig satsingsområde for fleire fylkeskommunar. Regjeringa har formalisert samarbeidet mellom reiselivsnæringa og styresmaktene gjennom å opprette eit Strategisk råd for reiseliv.

7.1.6.2 Kultur og næring

Kulturnæringane og kulturbasert næringsutvikling er gode døme på område i økonomien som kan medverke til meir kreativitet og innovasjon i heile samfunnet. Derfor ønskjer Regjeringa å leggje til rette for vidare utvikling av dei store moglegheitene som ligg i skjeringsfeltet mellom kultur og næring. Regjeringa la sommaren 2007 fram ein handlingsplan om kultur og næring.

Nærings- og handelsdepartementet vil i 2009 setje i gang med å vurdere korleis dei eksisterande verkemidla under Innovasjon Noreg og Norsk kulturråd fangar opp behova og utfordringane som kulturnæringane står overfor.

7.1.6.3 Verdiskapingsprogrammet på kulturminneområdet

Miljøverndepartementet etablerte i 2006 eit verdiskapingsprogram med grunnlag i kulturminne og kulturmiljø for å stimulere til meir aktiv bruk av potensialet i kulturarven. To forskingsmiljø evaluerer og gjev rettleiing i programmet i perioden 2007-2010. Programmet skal leggje grunnlaget for at kulturminne og kulturmiljø vert tekne i bruk i utviklinga av lokalsamfunn og næringsliv.

7.1.6.4 Maritime næringar

Regjeringa la i oktober 2007 fram ein strategi for dei maritime næringane der målet er miljøvennleg vekst. Strategien inneheld 54 konkrete tiltak som også er følgde opp med ekstra offentlege satsingar på 100 mill. kroner i statsbudsjetta for både 2008 og 2009.

Tiltaka og midlane i strategien er særleg retta inn mot å fremje maritim forsking og innovasjon som kan ha ein positiv miljøverknad. Denne satsinga skjer gjennom å auke løyvingane til Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd.

7.1.6.5 Utvikling av nye næringar i landbruket

Landbruks- og matdepartementet har store ambisjonar for utvikling av ny næringsverksemd og auka verdiskaping med utgangspunkt i ressursane i landbruket. Det er behov for eit taktskifte for etablering av ny næringsverksemd med utgangspunkt i mangfaldet av dei menneskelege og materielle ressursane i landbruket. Målet med eit slikt taktskifte er å skape fleire arbeidsplassar innan ny næringsverksemd for å kompensere for reduksjonen i arbeidsplassar i landbruket. I den samanhengen er det viktig å byggje på gode erfaringar og samarbeidsmodellar for entreprenørskap og innovasjon lokalt og regionalt.

Landbruks- og matdepartementet er dessutan oppteke av samspelet mellom næringsliv, forsking og forvaltning på regionalt nivå.

Dei fylkesvise bygdeutviklingsmidlane har sidan tidleg på 1990-talet vore dei viktigaste økonomiske verkemidla for næringsutvikling innan og i tilknyting til landbruket.

7.1.6.6 Verdiskapingsprogram for næringskombinasjonar i samiske område

I St.meld. nr. 28 (2007–2008) Samepolitikken la Regjeringa fram forslag om å etablere eit verdiskapingsprogram for næringskombinasjonar. Dette vart følgt opp i budsjettet for 2008. Programmet skal også ta opp i seg mål i Soria Moria-erklæringa om å satse på samisk reiselivsutvikling som skal sikre og styrkje næringslivet i samiske område. Hovudmålet for verdiskapingsprogrammet er å fremje levedyktige bedrifter og medverke til ei berekraftig utvikling i samiske samfunn.

Sidan reindriftsavtalen 2001/2002 er det også sette av midlar til eit eige verdiskapingsprogram for reindrift, med hovudmål å auke verdiskapinga i næringa slik at det kjem reineigarane til gode.

7.1.6.7 Det marine verdiskapingsprogrammet

For mange av sjømatprodusentane, særleg dei små og mellomstore selskapa, er det ei utfordring å byggje relasjonar og tilby logistikk og tilleggstenester som gjer dei til prioriterte leverandørar hos dei større marknadskjedene og likeins i godt betalande nisjemarknader. For prioriterte leverandørar, aukar forhandlingsmakta og høvet til å hente ut meirverdiar.

Dette er bakgrunnen for opprettinga av Det marine verdiskapingsprogrammet (MVP), som har som mål å hjelpe til og styrkje marknadsorienteringa i alle ledd i verdikjeda i sjømatnæringa. Programmet vert forvalta av Innovasjon Noreg på oppdrag frå Fiskeri- og kystdepartementet, og har dei seinare åra hatt ei årleg ramme på 75 mill. kroner. Ein vesentleg del av MVP er retta inn mot bedrifter i fiskerikommunar med omstillingsbehov. Til dømes er samarbeid mellom fiskeribedrifter og reiselivsnæring eit aktuelt utviklingsområde.

7.1.6.8 Marin bioprospektering

Bioteknologi og bioprosepektering er viktige framtidsretta aktivitetar som kan gje opphav til ny verksemd langs kysten. Marin bioprospektering er leiting etter verdifulle, biologisk aktive komponentar frå organismar i havet.

Funn og utnytting av genetisk materiale kan gje grunnlag for næringsutvikling i kystområda. Aktiviteten har potensial til å generere store gevinstar baserte på ressursar som tilhøyrer fellesskapet. Derfor har Regjeringa i den nye havressursslova innført ein heimel for å kunne gje reglar om at staten kan sikre seg ei økonomisk godtgjersle ved utnytting av norsk marint genetisk materiale, eller få del i andre fordelar frå marin bioprospektering.

Regjeringa vil i 2009 leggje fram ein nasjonal strategi for marin bioprospektering, som eit ledd i innovasjonspolitikken.

7.1.6.9 Alternative energiformer

Utvikling av alternative energiformer som vindkraft, bioenergi og små vasskraftverk utgjer eit stort potensial for økonomisk aktivitet og verdiskaping. Dette er aktivitetar som vil treffe alle delar av landet, men som særleg er viktige for område med små arbeidsmarknader. Gjennom desse aktivitetane vert det utvikla økonomisk aktivitet og attraktive arbeidsplassar som er baserte på lokale ressursar.

Regjeringa legg opp til ei langsiktig og sterk satsing på fornybar energi og energiomlegging. I 2007 vart Grunnfondet for fornybar energi og energieffektivisering skipa. Avkastninga frå Grunnfondet vert overført til Energifondet, som finansierer satsinga på fornybar energi og energieffektivisering. Som ein del av tiltakspakka, har Regjeringa styrkt Energifondet gjennom ei ekstraordninær løyving på nær 1,2 mrd. kroner i 2009. Dei samla inntektene til Energifondet i 2009 vil vere på om lag 2,6 mrd. kroner.

Enova SF har fått ansvaret for å forvalte midlane frå Energifondet. Vindkraft og bioenergi er viktige arbeidsområde for Enova.

7.2 Komiteens merknader

Komiteen er enig med Regjeringen i at det er spesielt behov for en aktiv innsats overfor områder der forutsetningene for næringsutvikling og etablering av nye arbeidsplasser er svake. Denne innsatsen må stimulere og bygge opp vekstkraft nedenfra, eller videreutvikle eksisterende virksomheter. Videre mener komiteen at forholdene bør legges til rette for at større og kapitalsterke bedrifter eller konsern oppretter virksomhet i næringssvake områder.

Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti mener i denne sammenheng at bruk av en distriktsskatt i form av differensiert selskapsskatt kan vurderes innført.

Komiteen viser til at Regjeringen legger vekt på at det offentlige virkemiddelapparatet i økende grad skal medvike til å få til et godt samspill om utviklingsarbeidet mellom bedrifter og mellom bedrifter og kompetansemiljø, og til å utvikle sterke næringsmiljø. Komiteen vil understreke behovet for koordinering og samkjøring av virkemidler. Komiteen viser til at de enkelte departementer hvert år oppretter et antall nye prosjekter og nye virkemiddelprogram.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre vil påpeke at mange av disse overlapper hverandre helt eller delvis i forhold til formål, målgrupper og geografi. Disse medlemmer mener det er grunnlag for å få koordinert og samkjørt en del av disse prosjektene og programmene. En koordinering og samkjøring av overlappende prosjekter vil legge grunnlag for bedre ressursutnyttelse og bedre måloppnåelse for hvert prosjekt. Det totale antall prosjekter og virkemiddelprogram er så vidt stort og omfattende at det bør iverksettes et bredere utredningsarbeid i sammenheng med dette.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, gir sin tilslutning til departementets vurdering om at offentlige virkemidler er tjenlige for å fremme vekst i områder der omstilling og nyskaping er viktige forutsetninger for å nå distrikts- og regionalpolitiske mål.

Flertallet støtter et styrket arbeid med entreprenørskap. Det er også særlig viktig å sette fokus på hvordan innvandrere og eldre bedre kan utnytte sine ressurser.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener kombinasjonen av lavere skatter og avgifter samt investeringer i veier og bredbånd, er langt mer fremtidsrettet enn Regjeringens subsidiepolitikk når det gjelder å skape gode rammebetingelser for næringsutvikling, innovasjon og entreprenørskap i distriktene.

Disse medlemmer er videre av den oppfatning at kommunene bør ha ansvaret for førstelinjeoppgaver innenfor nærings- og bygdeutvikling rettet mot nyetablerere og småbedrifter.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre viser til at ved opprettelsen av Innovasjon Norge skulle det bli enklere for bedrifter som trengte hjelp og veiledning. Det skulle være nok å henvende seg ett sted for å få veiledning. Opprettelsen av Innovasjon Norge var et fremskritt for å få forenklet virkemiddelapparatet for brukerne. Brukerne skal stå i sentrum for de tjenestene virkemiddelapparatet skal tilby. Det skal være en lav terskel for å motta støtte, men dette må ikke gå på bekostning av kvalitetskontrollen. Det er viktig at de riktige prosjektene får støtte.

Disse medlemmer mener det er viktig med godt samarbeid mellom det statlige næringspolitiske virkemiddelapparatet og kommunene. Kommunene har en viktig rolle som tilrettelegger og medspiller for lokal næringsutvikling.

Disse medlemmers utgangspunkt er at sysselsetting er grunnlaget for bosetting uansett landsdel eller distrikt, og at all privat næringsvirksomhet er profittdrevet. Det er generelt behov for et godt og forutsigbart virkemiddelapparat over hele landet. Virkemiddelapparatet må være oversiktlig og serviceinnstilt. Virkemiddelapparatet må være offensivt i å markedsføre sine tjenester.

Derfor mener disse medlemmer at fylkeskommunens strategiske midler til næringsutvikling må overtas av kommunene, mens alle bedriftsrettede virkemidler forvaltes av Innovasjon Norge. SIVAs organisering opprettholdes som i dag. Det må etableres gode samarbeidsløsninger lokalt for at Innovasjon Norges bruk av bedriftsrettede tiltak henger sammen med kommunenes regionale næringsplaner og prioriteringer. Fylkeskommunens eierskap i næringshager og innovasjonsselskaper overtas av kommunene.

På denne bakgrunn fremmes følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen utrede og fremme forslag om å overføre fylkeskommunenes strategiske midler til næringsutvikling til kommunene."

Disse medlemmer vil understreke at fordeling av midler til forskning må skje etter relevans og faglig kvalitet, ikke på bakgrunn av geografi. Disse medlemmer mener videre det er viktig å ivareta nasjonale satsinger og strategier innenfor forskningsfeltet, og ønsker dermed ikke å etablere regionale forskningsfond fordi disse vil pulverisere ansvaret for finansiering og prioritering av forskningen. Det er også grunn til å peke på at i et lite land er forskningsmiljøene allerede små. Ved en regional oppsplitting vil de bli enda mindre, noe som bl.a. vil føre til en forsterkning av habilitetsproblemer, fordi forskere i større grad vil oppleve å sitte på begge sider av bordet i en tildelingsprosess.

Disse medlemmer viser til at det er viktig med godt samarbeid mellom det statlige næringspolitiske virkemiddelapparatet og kommunene. Kommunene har en viktig rolle som tilrettelegger og medspiller for lokal næringsutvikling.

Disse medlemmers utgangspunkt er at sysselsetting er grunnlaget for bosetting uansett landsdel eller distrikt og at det er generelt behov for et godt og forutsigbart virkemiddelapparat over hele landet. Virkemiddelapparatet må være oversiktlig og serviceinnstilt, og det må være offensiv i å markedsføre sine tjenester.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen foreta en helhetlig evaluering av det offentlige virkemiddelapparatet for bedriftsrelatert støtte. Det bes om at det legges spesiell vekt på resultatoppnåelse og om systemene er tilpasset brukerne."

Disse medlemmer vil peke på mulighetene av å få mer ut av de pengene som allerede brukes. Eksempelvis kan dette bety en mer helhetlig planlegging og utbygging ved bruk av samarbeidsløsninger der private bidrar til drift og bygging av veier (OPS). Disse medlemmer er forundret over at Regjeringen er negativ til dette virkemidlet.

Disse medlemmer viser til at for få år siden kunne ikke en bedrift som var avhengig av å kommunisere med resten av verden via Internett, ligge utenfor større byer fordi man manglet tilgang til bredbånd. De fleste steder er dette ikke lenger en aktuell problemstilling. Disse medlemmer vil fremheve at konkurranse mellom tilbyderne har bidratt sterkt til at bredbåndsutbyggingen har skutt fart rundt om i landet, også i mindre tettbygde strøk.

Disse medlemmer mener differensiert arbeidsgiveravgift er det beste distriktspolitiske virkemiddelet. Hele det politiske Norge er enig om at dette er den mest treffsikre distriktspolitiske ordningen vi har. Både den forrige og den nåværende regjering har hatt som målsetting å få aksept for et regelverk som må gi grunnlag for en ordning med regional differensiert arbeidsgiveravgift. Norge fikk under regjeringen Bondevik II i stor grad gjennomslag i EU-kommisjonen hvilket dannet grunnlaget for en gjeninnføring av ordningen.

Disse medlemmer vil ikke bygge ned gode tiltak eller avvikle virkemiddelapparatet. Disse medlemmer mener det er nødvendig med offentlig innsats der markedet ikke fungerer godt nok. Men de offentlige virkemidlene må ikke benyttes der det private kan og vil gjøre jobben uten offentlig innblanding. Disse medlemmer mener virkemidler skal prioriteres og rettes mot ideenes tidlige fase. Våre virkemidler må bidra til at flere gode ideer blir kommersialisert. Disse medlemmer vil bruke pengene for å utvikle koblingspunkter mellom forskning, utdanningsinstitusjoner, gode rådgivere og den private kapitalen, slik at mer av kunnskapen vår skaper grunnlag for nye bedrifter og lønnsomme arbeidsplasser. Disse medlemmer mener det er riktig å bidra med tilskudd, egenkapital og lån i de mest kritiske og risikopregede utviklings- og oppstartsfasene. Det er imidlertid viktig å unngå at statlige midler brukes til å fastlåse gammeldags næringsstruktur. Statlige virkemidler skal støtte opp under nødvendig nyskaping, utvikling og forandring.

Disse medlemmer vil fremheve at det er den generelle økonomiske politikken og skattepolitikken som er bærebjelker i virkemiddelapparatet. Disse medlemmer ønsker ikke å videreføre en selektiv næringspolitikk som premierer bedrifter som går dårlig i stedet for å satse på bedrifter som vil kunne utvikle seg. Landet vårt er avhengig av at næringslivet evner å foreta nødvendige omstillinger. Med den endringstakten vi har i dagens samfunn er det viktigere enn noen gang. Disse medlemmer mener at virkemiddelapparatet skal bidra med service til rent praktiske ting ved opprettelse av selskaper, patentsøknader, markedsundersøkelser, bidra til bygging av infrastruktur og så videre. Det skal bevilges penger til forskning, innovasjon og omstilling samt internasjonalisering og forenkling. Disse medlemmer vil fremheve at Innovasjon Norge gjennom sine virkemidler skal stimulere bl.a. innovasjon, bedriftsutvikling, internasjonalisering, forsknings- og utviklingskontrakter, maritim utvikling og økt entreprenørskap.

Disse medlemmer viser til at Innovasjon Norge, SIVA og Norges forskningsråd til sammen utgjør spydspissen av det statlige næringspolitiske virkemiddelapparatet. De har forskjellige oppgaver, og er ment å utfylle hverandre for å kunne tilby et kompetent og sterkt virkemiddelapparat. Disse medlemmer mener dette er en fornuftig organisering som må videreutvikles. Disse medlemmer vil presisere at det er viktig med godt samarbeid mellom det statlige næringspolitiske virkemiddelapparatet og kommunene. Kommunene har en viktig rolle som tilrettelegger og medspiller for lokal næringsutvikling. Disse medlemmer viser til at det over tid er bygget opp en betydelig virkemiddelstruktur i fylkeskommunene. Disse medlemmer er skeptiske til om dette er en riktig bruk av midler og mener det er grunn til å advare mot at det bygges opp mange parallelle tjenester.

Disse medlemmer vil fremheve at det er positivt at private satser sine egne penger og investerer i verdiskaping. Slik skapes det beste næringslivet over tid. Disse medlemmer mener det er viktig å stimulere til at private investerer sparepengene sine i verdiskapende ideer. Kommersialisering av forskningsideer og andre gode prosjekter bør stimuleres sterkere enn i dag.

Disse medlemmer vil peke på at det blant annet innen havbruksnæringen gjenstår noen utfordringer i forhold til å håndtere både avfall og miljø. Mange tiltak er iverksatt, og disse medlemmer mener det er viktig at eksisterende tiltak evalueres før eventuelt nytt vern innføres.

Disse medlemmer er av den oppfatning at reiselivsnæringen møter mange nasjonale utfordringer som i den globale konkurransesituasjonen vil utgjøre en konkurranseulempe.

Disse medlemmer viser til at reiselivsnæringen er en bransje i sterk internasjonal vekst og en næring der Norge har en rekke naturgitte fortrinn som bør utnyttes i tråd med en aktiv næringspolitikk.

Komiteen mener at næringshagene er et viktig instrument som lokale, regionale og nasjonale kraftsentra for innovasjon og nyskaping lokalisert i distriktene.

Komiteen er positiv til at Kommunal- og regionaldepartementet legger opp til å sette i gang et nytt næringshageprogram fra 2011. I den pågående finanskrisen er det svært viktig å opprettholde og forsterke utviklingsmiljøer som tilrettelegger for fornying og vekst i små og mellomstore kompetansebedrifter – som tar hele landet i bruk. Næringshagene har beredskap for omstillingsarbeid og er en pådriver for innovasjon, og har derfor en viktig rolle overfor næringslivet i distriktene. Dette i tillegg til mobilisering og utvikling av gründerbedrifter.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, har merket seg at fylkeskommunene som regionale utviklingsaktører skal få en forsterket rolle i forhold til næringshagene.

Flertallet ser behovet for at næringshagene har sterk tilknytning til det nasjonale nettverk av utviklingsaktører, noe som bør innebære at SIVA har en sentral rolle i et framtidig nasjonalt næringshageprogram.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Høyre ser behovet for at næringshagene har sterk tilknytning til det nasjonale nettverk av utviklingsaktører, noe som innebærer at SIVA bør være operatør også for det nye næringshageprogrammet.

Komiteen vil peke på at det nye programmet må rettes inn mot å stimulere til videre utvikling av de næringshagene som blir tatt opp i programmet, både som dynamiske næringsmiljø og som knutepunkt for kontakt mot FoU-institusjoner og annet næringsliv.

Komiteen mener de eksisterende næringshagene som tilfredsstiler kravene i det nye programmet, blir gitt mulighet for videre utvikling og vekst. Det vil være en fordel å ha et spisset fokus for å styrke næringshagene og distriktene til økt verdiskaping og sysselsetting, basert på lokale fortrinn. En form for fokusgrupper innen ulike næringer – eksempler på dette kan være kulturnæringer/reiseliv, energi og miljø, internasjonalisering/globalisering. Videre mener komiteen at en ytterligere satsing på ungdom sett i sammenheng med ønsket om økt tilflytting og/eller tilbakeflytting til distriktene, også er en oppgave for næringshagene framover.

Komiteen mener derfor at næringshagene er viktige for innovasjon, utvikling og vekst i sine områder.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet vil understreke at det er viktig å bistå arbeidet i næringshagene med statlig risikokapital for å utløse nye prosjekter. Disse medlemmer vil vise til Fremskrittspartiets forslag i Innst. S. nr. 170 (2008–2009) Et nytt og bærekraftig Norge, der Fremskrittspartiet foreslo etablering av et presåkornfond for SIVAs næringshager på 300 mill. kroner.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti, Senterpartiet og Venstre, viser til at det er satt av midler til et eget verdiskapingsprogram for reindrift, med hovedmål å øke verdiskapingen i næringen slik at det kommer reineierne til gode. Flertallet mener at intensjonene i "rovdyrforliket" må oppfylles, noe som innebærer en styrket dialog mellom lokale og sentrale myndigheter i rovdyrpolitikken.

Flertallet erkjenner at reindriftsnæringen er viktig for å bevare den sørsamiske kulturen og ber Regjeringen vurdere tiltak for å støtte opp reindriften i Sør-Norge og den sørsamiske kulturen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre mener at erstatningsordningene må presiseres slik at de dekker alle utgifter påført av rovdyrskader. Forvaltningen må være i samsvar med politiske vedtak. Reglene for nødverge og lisensfelling må forbedres.

Komiteens medlemmer fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre mener at reindriftsnæringen med et tapstall på kalver fra 50 til 80 pst. er spesielt utsett. Her står hele den sørsamiske kulturen i fare, og det må derfor settes i verk spesielle tiltak for å avhjelpe denne situasjonen.