Regjeringa la i juni 2008 fram ei stortingsmelding
om språk, St.meld. nr. 35 (2007–2008) Mål og meining – Ein heilskapleg
norsk språkpolitikk. Meldinga strekar under at det er naudsynt å sikre
ei god utvikling for nynorsk, særleg fordi nynorsk har vanskelegare
vilkår enn bokmål. Bruken av nynorsk i kommunesektoren skal kartleggjast
som ledd i arbeidet med å følgje opp meldinga.