I samanheng med revidert nasjonalbudsjett 2010 foreslår
regjeringa følgjande skatte- og avgiftsendringar som har provenyverknader
for 2010:
Avgifta på forbrenning av avfall blir fjerna
frå 1. oktober 2010. Forslaget vil gi eit provenytap på om lag 24
mill. kroner påløpt og om lag 16 mill. kroner bokført i 2010.
Det blir innført ei CO2-avgift
på LPG og naturgass frå 1. juli 2010. Satsen blir sett tilsvarande den
generelle satsen for CO2-avgift på mineralolje.
Forslaget vil gi eit provenytap på om lag 15 mill. kroner påløpt
og bokført i 2010, samanlikna med statsbudsjettet for 2010. Provenytapet
i 2010 heng saman med at avgifta blir foreslått innført frå 1. juli,
og ikkje frå 1. april slik det blei rekna med i saldert budsjett.
Tang- og taretrålarar blir friteke for grunnavgifta på
fyringsolje frå 1. juli 2010. Forslaget vil gi eit provenytap på
om lag 1/2 mill. kroner påløpt og bokført i 2010.
I tillegg har regjeringa fremma ein særskilt proposisjon
om utvida avgiftsplikt på kultur- og idrettsområdet frå 1. juli
2010, sjå Prop. 119 LS (2009–2010) Endringer i merverdiavgiftsloven mv.
og Stortingets vedtak om merverdiavgift (utvidet avgiftsplikt på
kultur- og idrettsområdet). Forslaget i proposisjonen blir anslått
å gi eit årleg provenytap på om lag 335 mill. kroner. Forslaget
gir ein auke i provenyet for 2010 på om lag 80 mill. kroner påløpt
og om lag 58 mill. kroner bokført, samanlikna med statsbudsjettet for
2010. Auken i provenyet heng hovudsakleg saman med at det ikkje
blir foreslått ei frivillig registreringsordning for idrettslag,
slik det vart skissert som ei mogeleg løysing i budsjettet for 2010.
Dei foreslåtte endringane i skatte- og avgiftsopplegget
inneber ei samla auke i provenyet på om lag 41 mill. kroner påløpt
og om lag 27 mill. kroner bokført i 2010, samanlikna med statsbudsjettet
for 2010.
Regjeringa foreslår også enkelte andre endringar på
skatte- og avgiftsområdet:
Forslag til endringar
i reiarlagskatteordninga - frivillig ordning for oppgjer av dei
latente skatteskyldnadene som er opparbeidd innanfor reiarlagskatteordninga
før 2007, innføring av nye rekkjefølgjereglar for utbytte mv., avvikling
av miljøfondsordninga, endringar i forbodet mot å yte lån og stille
sikkerheit for selskap som har latente skatteskyldnader frå før
2007 og innføring av eit krav om minste andel realkapital for selskap
som har latente skatteskyldnader frå før 2007.
Forslag til innføring av ein regel som
pålegg oljeselskapa å gi likningsstellet opplysningar om sal av
gass utvunne på norsk kontinentalsokkel.
Forslag til oppheving av retten til å levere meirverdiavgiftskompensasjonsoppgåver
på papir.
Forslag til endringar for å skattemessig
likestille attlevande sambuar i uskifte med attlevande ektefelle
i uskifte.
Forslag til oppjustering av satsen i produktavgifta
på førstehandsomsetning av fisk.
Forslag til presiseringar og opprettingar
i lovtekst
Komiteen viser til
de respektive merknader nedenfor og i Innst. 351 L (2009–2010).