Regjeringa har fremma ein særskilt proposisjon om
utvida avgiftsplikt på kultur- og idrettsområdet frå 1. juli 2010,
sjå Prop. 119 LS (2009–2010) Endringer i merverdiavgiftsloven mv.
og Stortingets vedtak om merverdiavgift (utvidet avgiftsplikt på
kultur- og idrettsområdet). Forslaget i proposisjonen blir anslått
å gi eit årleg provenytap på om lag 335 mill. kroner. Forslaget
gir ein auke i provenyet for 2010 på om lag 80 mill. kroner påløpt
og om lag 58 mill. kroner bokført, samanlikna med statsbudsjettet for
2010. Auken i provenyet heng hovudsakleg saman med at det ikkje
blir foreslått ei frivillig registreringsordning for idrettslag,
slik det vart skissert som ei mogeleg løysing i budsjettet for 2010.
Komiteen slutter seg
til regjeringens forslag, jf. forslag til vedtak XXVII under kapittel
23 Komiteens tilråding, og viser for øvrig til merknader under kap.
5521 post 70 nedenfor.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser
til behandlingen av Prop. 119 LS om å innlemme kultur og idrett
i merverdiavgiftssystemet der disse medlemmer foreslo fritak
fra merverdiavgift (nullsats) kultur, idrett og frivillighet, men
fradrag for inngående merverdiavgift.