Den 19. mai 2010 blei ein overeinskomst mellom
Kongeriket Noreg og Antigua og Barbuda om opplysningar i skattesaker
underskriven i Paris. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg
resolusjon av 23. april 2010. Overenskomsten ble på vegne av Noreg
underskriven av ambassadør Tarald O. Brautaset og på vegne av Antigua
og Barbuda av høgkommissær Dr. Carl Roberts. Overeinskomsten vil
tre i kraft 30 dager etter at begge partane har gitt kvarandre melding om
at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Avtala
får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og for andre
saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter 1. januar
i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala trer i kraft.
Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling,
OECD, vedtok den 9. april 1998 ei tilråding om tiltak mot skadeleg skattekonkurranse.
Tiltaket tok i hovudsak sikte på å avvikle skadelege skatteregime
i medlemslanda, men peikte også på behovet for å treffe sameinte
mottiltak mot tilsvarande skatteregime i dei såkalla skatteparadisa.
Innan utløpet av 2005 var samtlege skatteregime i
medlemslanda som var definerte som skadelege etter dei vedtekne
kriteria endra eller under avvikling som føresett. I mellomtida
blei det teke kontakt med samtlege jurisdiksjonar som ein meinte
var omfatta av kriteria for å utgjere eit skatteparadis. Det blei
her gjort greie for prosjektet til OECD og invitert til dialog.
Dersom eit definert skatteparadis var villig til å opne for innsyn
og effektiv informasjonsutveksling med medlemslanda til OECD, ville
det ikkje bli ført opp på lista over ikkje-samarbeidsvillige skatteparadis
som ville bli utsette for mottiltak.
Alle dei 38 jurisdiksjonane som blei definerte som
skatteparadis har nå gitt ei slik politisk bindande erklæring om
innsyn og informasjonsutveksling til generalsekretæren i OECD. I samarbeid
med dei første 11 av dei jurisdiksjonane som gav slik erklæring
har OECD utarbeidd ei modellavtale for effektiv informasjonsutveksling
i skattesaker. Ho forpliktar avtalepartane til å utveksle alle relevante opplysningar
som vurderast naudsynte om eigarskap og transaksjonar, også frå
banker, finansinstitusjonar og advokatar og andre rådgjevarar.
For å etablere det juridiske grunnlaget for
effektiv informasjonsutveksling, må det inngåast bilaterale overeinskomstar
bygd på denne modellen med kvar einskild jurisdiksjon. Dei politiske
erklæringane er i seg sjølv ikkje nok.
For å framskynde prosessen og for å gi dei nordiske
landa større tyngd i forhandlingane vedtok Nordisk Ministerråd i
juni 2006 å etablere eit felles nordisk prosjekt for den tekniske
gjennomføringa av forhandlingar om slike avtaler. Det er nå gjennomført
slike felles forhandlingar med ei rekkje jurisdiksjonar. I alle
tilfelle skal forhandlingane resultere i utkast til bilaterale avtaler
mellom vedkommande jurisdiksjon og kvart av dei sju nordiske landa,
herunder Færøyane og Grønland. Fleire avtaler er nå underskrivne.
Frå norsk side har arbeidet vore leia av avdelingsdirektør Per Olav
Gjesti, Finansdepartementet. Han har også leia styringsgruppa for
prosjektet.
Eit utkast til avtale om opplysningar i skattesaker
med Antigua og Barbuda blir nå lagt fram for underskriving. Utkastet
følgjer i det alt vesentlege OECD sin modell.
Avtala skal inngåast på engelsk. Som vedlegg
til proposisjonen følgjer utkastet til den engelske teksten og ei
norsk oversetting.
Dei enkelte materielle føresegnene i avtaleutkasta
er kommentert i proposisjonen.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Thomas Breen, Gerd Janne Kristoffersen, Stein Erik Lauvås, lederen
Torgeir Micaelsen, Torfinn Opheim, Anita Orlund og Dag Ole Teigen,
fra Fremskrittspartiet, Ida Marie Holen, Ulf Leirstein, Kenneth
Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen,
Arve Kambe og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Inga
Marte Thorkildsen, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig
Folkeparti, Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Abid Q. Raja, slutter
seg til regjeringens forslag om å sette i kraft en overenskomst
mellom Norge og Antigua og Barbuda om opplysninger i skattesaker.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykker til å sette i kraft
en overenskomst mellom Norge og Antigua og Barbuda om opplysninger
i skattesaker, underskrevet i Paris 19. mai 2010.
Oslo, i finanskomiteen, den 26. oktober 2010
Torgeir Micaelsen |
Torfinn Opheim |
leder |
ordfører |