Samferdselsdepartementet legg i proposisjon fram
forslag om utbygging og finansiering av fv 469 Hidra fastlandssamband,
som er ein undersjøisk tunnel mellom Kvellandstrand og Bukkestad
i Flekkefjord kommune.
Fastlandssambandet erstattar fylkesvegferjesambandet
Kvellandstrand–Launes og vil betra kommunikasjonen for dei fastbuande
og leggja tilhøva betre til rette for fritidsreiser.
Prosjektet omfattar bygging av om lag 3,5 km
ny tofelts veg med vegbreidde 8,5 m, inkl. ein undersjøisk tunnel
på 3,2 km. Tunnelen har maksimal stigning på 10 pst., og største
djupn er 125 m under havnivå. Bortfall av vente- og ombordstigningstid
vil korta ned reisetida frå om lag 20 til under fem minutt.
Omrekna til 2010-prisnivå er kostnadsoverslaget 345
mill. kroner. Samfunnsøkonomisk netto nytte (NN) for prosjektet
er rekna til om lag 97 mill. kroner og netto nytte over totale kostnader (NN/K)
til om lag 0,9.
Den lokalpolitiske behandlinga er nærare omtala i
pkt. 3 i proposisjonen.
Det er planlagt å starta anleggsarbeida våren 2011,
med fullføring hausten 2013. Finansieringsplanen byggjer m.a. på
følgjande element:
Det er lagt opp til etterskotsinnkrevjing av bompengar
i ein ubemanna bomstasjon på Kvellandstrand på fastlandet.
Gjennomsnittleg rabatt vil då vera om lag 40
pst. Det er lagt til grunn bompengeinnkrevjing i om lag 19 år, frå
hausten 2013 til 2032.
I tråd med det som har vore lagt til grunn for fleire
andre ferjeavløysingsprosjekt, går perioden med bompengeinnkrevjing
ut over 15 år, som normalt er den maksimale innkrevjingsperioden.
For ferjeavløysingsprosjekt er alternativet å betala ferjebillett
så lenge sambandet blir oppretthalde. Samferdselsdepartementet sluttar
seg til Statens vegvesen si tilråding om å akseptera om lag 19 års
bompengeinnkrevjing.
Finansieringa av Hidra fastlandssamband er følgjeleg
eit fylkeskommunalt ansvar, uavhengig av storleiken på framtidige
statlege overføringar til fylkeskommunen.
Det er rekna med at bompengeinntektene vil gje eit
samla finansieringsbidrag på 180 mill. 2010-kroner, fordelt med
99 mill. kroner til å dekkja delar av investeringskostnadene og
81 mill. kroner til å dekkja finansieringskostnader, inkl. kostnadene
ved forskotteringa. I tillegg kjem om lag 39 mill. kroner til å
dekkja innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet.
Finansieringsplanen som er lagt til grunn:
Finansieringsplan
Mill.
2010-kroner |
Forskottering – innspara fylkeskommunale tilskot til ferje
| 200 |
Ordinære fylkeskommunale midlar | 37 |
Bompengar1) | 99 |
Lokale tilskot | 7 |
Sum | 345 |
1) I tillegg kjem bompengar til dekking av finansierings-
og innkrevjingskostnader og drift av bompengeselskapet
Føresetnader for finansieringsplanen går fram
av pkt. 5.6 i proposisjonen.
Vest-Agder fylkeskommune fatta vedtak om garanti
for eit bompengelån på inntil 350 mill. kroner.