Justis- og politidepartementet legg fram forslag til
endringar i politilova (om politivedtekter, og om sakshandsaming
og kompetanse ved fiktiv identitet), ei endring i passlova (rett
til pass) og ei endring i utlendingslova (rettshjelp).
Forslaget om å endre politilova § 14 om politivedtekter
medfører at kommunane får heimel til å handheve føresegnene om reinhald
og vintervedlikehald. Tidlegare har det berre vore politiet som
har handheva desse føresegnene, men sidan høvesvis 2004, 2005 og
2007 har Oslo kommune, Trondheim kommune og Bergen kommune praktisert
slik handheving med heimel i forsøkslova. Ordninga er frivillig,
slik at kvar einskild kommune kan velje å nytte ordninga eller ikkje.
Vidare vert det føreslått ei endring i politilova § 14b
om sakshandsaming og kompetanse ved fiktiv identitet. Endringa vil
medføre at Politidirektoratet får ein klar heimel til å delegere
politifaglege og administrative oppgåver til Kripos.
I tillegg vert det føreslått ei endring i passlova § 1
tredje ledd om rett til pass slik at det også omfattar reisebevis
for flyktningar. Vidare vert tilvisinga til ny utlendingslov justert
slik at ho viser til den fullstendige tittelen på lova.
Endeleg vert det føreslått ei endring i utlendingslova
§ 92 om rettshjelp. Endringa inneber at det ikkje blir gitt rett
til fritt rettsråd utan behovsprøving i saker om utvising etter
§ 122.
Oslo kommune, Trondheim kommune og Bergen kommune
har frå høvesvis 1. januar 2004, 1. september 2005 og 1. mars 2007
gjennomført ei prøveordning med kommunal handheving av dei lokale
politivedtektene knytte til reinhald og vintervedlikehald av fortau.
Formålet med forsøket var å få ei meir effektiv handheving av politivedtektene
knytte til reinhald og vintervedlikehald. Brot på vedtektene har
vorte sanksjonerte med gebyr. Alle dei tre kommunane ønskjer at
prøveordninga skal bli ei permanent ordning.
Basert på tilbakemeldingane frå forsøkskommunane
må ordninga seiast å vere vellukka. Departementet føreslo derfor
i eit høyringsnotat frå august 2009 at ordninga skulle gjerast permanent
gjennom ei endring i politilova. Dette inneber at endringa vil omfatte
alle kommunar som vil nytte seg av ordninga. Departementet opprettheld
forslaget etter høyringa.
Den føreslåtte endringa inneber ikkje at dei
kommunalt utpeika får utferda politimynde. Ho inneber heller ikkje
at kommunane får eit eige ordenspoliti. Det er berre føreslått at
dei kommunalt utpeika personane kan handheve visse føresegner i
politivedtektene om reinhald på offentleg stad og vintervedlikehald
av fortau. Dette inneber ikkje at politiet vert fråteke sin kompetanse
til sjølv å handheve denne delen av politivedtektene. For å klargjere
kva kompetanse kommunane har på dette feltet, føreslår departementet
derfor ein forskriftsheimel der det blir gitt ei nærare omtale av
kva kompetanse som tilkjem kommunane.
Departementet har kome til at det bør gjevast sentrale
retningsliner, og at dette vert gjort i form av ei forskrift. Dette
vil sikre ei einsarta praktisering av regelverket i alle kommunar
i landet. Sentrale forskrifter vil vidare vere ressurssparande ved
at den einskilde kommune ikkje treng utarbeide eigne retningsliner.
Departementet vil dessutan i forskrifta opne for lokale tilpassingar
for den einskilde kommune, under dette mellom anna om kommunane
vil nytte seg av parkeringsvakter som er tilsette i kommunen, eller
av eigne tilsette som berre skal utføre denne oppgåva. Forskrifta
må på denne bakgrunn utformast slik at ein tek høgd for lokale skilnader.
Departementet meiner at forskrifta bør regulere forhold
som har noko å seie for om lovbrotsgebyr skal ileggjast eller ikkje,
under dette tydinga av force majeure og liknande. Vidare kan det
i forskrifta gjevast nærare føresegner om storleiken på lovbrotsgebyret,
under dette om det skal vere differensierte satsar og eventuelle
moment som har innverknad på ilegging av lovbrotsgebyr av dei ulike
satsane, klageordningar, kva subjekt lovbrotsgebyr skal utferdast
til, kven lovbrotsgebyret fell på og tilhøvet mellom politi og kommune.
Prøveordninga med kommunal handheving av politivedtektene
knytte til reinhald og vintervedlikehald har vist seg å medføre
auka utgifter for kommunane. Det er grunn til å tru at utgiftene
i stor grad vil samsvare med i kva omfang kommunane nyttar seg av
ordninga, og korleis ein vel å administrere ordninga.
Inntektene per gebyr er på kr 500, men gebyra har
vist seg å vere mindre enn utgiftene. Utgiftene knyter seg til kontrollørar
og administrasjon. Administrasjon omfattar m.a. førebyggjande arbeid,
rettleiing, kontakt med huseigar, tilretteleggingsoppgåver, handsaming av
tips, identifisering av huseigarar og klagehandsaming.
Ordninga vil på det nemnde grunnlaget ikkje medføre
auka utgifter for staten. Kommunane hevdar i evalueringsskjema at
politiet ikkje har nedlagt store ressursar ved handheving av dei aktuelle
føresegnene, men ordninga vil likevel kunne medføre sparte ressursar
ved at det ikkje er nødvendig for politiet å gripe inn der dette tidlegare
har vore nødvendig. Dette gjeld sjølv om myndet til handheving ikkje
vert overført frå politi til kommune.
Politilova kapittel II a (reglar om fiktiv identitet) vart
lagt til ved lov 20. desember 2002 nr. 107. Kapittel II a legg både
avgjerdsmyndet og ansvaret for den praktiske oppfølginga av saker
knytte til fiktiv identitet til «Politidirektoratet».
§ 14i gir heimel for Kongen til å gi nærare
forskrifter til utfylling og gjennomføring av føresegnene i kapitlet.
Slike forskrifter er ikkje gitt. Nærare føresegner om gjennomføring
av fiktiv identitet som vernetiltak følgjer likevel av Nasjonale
retningsliner for vitnevern, gitt ved Politidirektoratets instruks.
Vitnevern blir utført på to nivå: Eit lokalt
nivå, som det einskilde politidistriktet har ansvar for, og eit
nasjonalt nivå med vitnevernprogram, som Politidirektoratet og Kripos
har ansvaret for. Hovudregelen er at alt vitnevern skal handterast
av politidistriktet. I dei mest alvorlege tilfella kan det søkjast
opptak i det nasjonale vitnevernprogrammet, der fiktiv identitet
er det mest omfattande vernetiltaket. I tråd med Europarådet sine
tilrådingar omfattar det nasjonale vitnevernprogrammet både aktørar
i rettssystemet, informantar for politiet og personar som er utsette
for vald i nære relasjonar. Programmet omfattar i praksis alle med
behov for fiktiv identitet.
Struktureringa av det nasjonale vitnevernprogrammet
og raffineringa av Kripos som ekspertorgan har gjort det nødvendig
med ein gjennomgang av om den konsekvente kompetansetildelinga til
Politidirektoratet i lova hemmar ei rasjonell organisering av saksfeltet. Delegering
av oppgåver knytte til førebuing og hjelp kan reknast som omfatta
av politiet sitt ordinære høve til å delegere, medan delegering
av andre oppgåver som ved lov er lagde til direktoratet, har reist
rettslege problemstillingar som bør avklarast.
Departementet har ingen innvendingar mot å rydde
slike uklårleikar av vegen gjennom å endre regelverket i samsvar
med Politidirektoratet sitt forslag. Delegasjonshøvet omfattar etter
forslaget berre dei politifaglege og administrative oppgåvene knytte
til saksførebuing og etterfølgjande bistand overfor den som har
fått løyve til å nytte fingerte opplysningar.
Dette er oppgåver og ansvar som i dag fell naturleg
inn under kompetanseområdet til Kripos. Departementet finn det rasjonelt
både for politiet og for den trusselutsette at same instans har
ansvaret for å fastsetje fiktive opplysningar, for kontakten med
folkeregisteret og andre styresmakter, og for etterfølgjande bistand
i saka. Av omsyn til effektiviteten til ordninga som tiltak for
å verne personar som er utsette for truslar, er det svært viktig
at kretsen av personar som kjenner både den reelle og fiktive identiteten
til vedkomande, blir avgrensa til eit minimum. Å leggje alle operative
oppgåver til Kripos vil medverke til å redusere kretsen av personar
med slik kunnskap. Det heilskaplege ansvaret for politiet sitt arbeid
med vitnevern ligg framleis hos Politidirektoratet, som fastset
og vedlikeheld Nasjonale retningsliner for vitnevern ved instruks.
Det er vidare Politidirektoratet som avgjer
om ein trusselutsett person skal overførast til det nasjonale vitnevernprogrammet,
under dette om vedkomande skal få løyve til å nytte fingerte personopplysingar.
Det er semje om at avgjerdsmyndet skal liggje hos Politidirektoratet,
som også avgjer forlenging, opphøyr og tilbakekalling av slike løyve.
Justisdepartementet vil som før vere klageinstans.
På denne bakgrunn føreslår departementet at
det aktuelle delegasjonshøvet for Politidirektoratet blir nedfelt
i politilova § 14b nytt fjerde ledd. Departementet meiner at lovregulering
framfor forskriftsregulering er praktisk og lovteknisk ryddig, samstundes
som det gir den nødvendige oversikta over kva oppgåver som kan delegerast vidare
frå Politidirektoratet til Kripos.
Departementet legg til grunn at delegering av
dei administrative oppgåvene knytte til fiktiv identitet ikkje vil
medføre nemneverdige økonomiske og administrative konsekvensar.
Departementet meiner at det skuldast ein inkurie at
gjeldande passlov § 1 tredje ledd ikkje omfattar reisebevis for
flyktningar, og på denne bakgrunn føreslår departementet at reisebevis
for flyktningar blir teke inn i føresegna igjen.
Departementet føreslår i tillegg ei justering
i ordlyden i § 1 tredje ledd, slik at tilvisinga til utlendingslova
viser til den fullstendige tittelen på lova.
Lovendringa inneber ei tilbakeføring til rettstilstanden
før ny utlendingslov vart sett i kraft 1. januar 2010, og ein reknar
med at endringa ikkje vil ha økonomiske eller administrative konsekvensar
av noko omfang. Dei økonomiske konsekvensane som forslaget medfører,
vil bli dekte innanfor dei budsjettmessige rammene til departementet.
Reglane om rettshjelp i utlendingsloven § 92
utfyller føresegnene i lov om fri rettshjelp. Departementet ønskjer
med dette å rette opp ei utilsikta endring i utlendingslova § 92
første ledd andre punktum ved innføringa av ny utlendingslov.
Departementet legg til grunn at utelatinga av
ei tilvising til føresegna i utlendingslova om utvising av personar
som er omfatta av EØS-avtala eller EFTA-konvensjonen skuldast ein
feil. Det blir gjort forslag om å rette opp den utilsikta endringa
ved å ta inn ei tilvisning til utlendingslova § 122 i § 92 i same
lov, slik at retten til fritt rettsråd utan behovsprøving ikkje
gjeld personar som er omfatta av EØS-avtala eller EFTA-konvensjonen
og som blir vurdert utviste.
Lovendringa inneber ei tilbakeføring til rettstilstanden
før ikraftsetjing av ny utlendingslov 1. januar 2010, og vil ikkje
ha administrative eller økonomiske konsekvensar av noko omfang.