Den 10. november 2010 blei ein overeinskomst mellom
Kongeriket Noreg og Republikken Liberia om opplysningar i skattesaker
underskriven i Paris. Samtykke til underskriving blei gitt ved kongeleg
resolusjon av 29. oktober 2010. Overeinskomsten ble på vegner av
Noreg underskriven av ambassadør Tarald O. Brautaset og på vegner
av Republikken Liberia av finansminister Ugustine Ngafuan. Overeinskomsten
vil tre i kraft 30 dagar etter at begge partane har gitt kvarandre
melding om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i
kraft. Avtala får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og
for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter
1. januar i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala
trer i kraft.
Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling,
OECD, vedtok den 9. april 1998 ei tilråding om tiltak mot skadeleg skattekonkurranse.
Tiltaket tok i hovudsak sikte på å avvikle skadelege skatteregime
i medlemslanda, men peikte også på behovet for å treffe sameinte
mottiltak mot tilsvarande skatteregime i dei såkalla skatteparadisa.
Innan utløpet av 2005 var samtlege skatteregime i
medlemslanda som var definerte som skadelege etter dei vedtekne
kriteria, endra eller under avvikling som føresett. I mellomtida
blei det teke kontakt med samtlege jurisdiksjonar som ein meinte
var omfatta av kriteria for å utgjere eit skatteparadis. Det blei
her gjort greie for prosjektet til OECD og invitert til dialog.
Dersom eit definert skatteparadis var villig til å opne for innsyn
og effektiv informasjonsutveksling med medlemslanda til OECD, ville
det ikkje bli ført opp på lista over ikkje-samarbeidsvillige skatteparadis
som ville bli utsette for mottiltak.
Alle dei 38 jurisdiksjonane som blei definerte som
skatteparadis har nå gitt ei slik politisk bindande erklæring om
innsyn og informasjonsutveksling til generalsekretæren i OECD. I samarbeid
med dei første 11 av dei jurisdiksjonane som gav slik erklæring
har OECD utarbeidd ei modellavtale for effektiv informasjonsutveksling
i skattesaker. Ho forpliktar avtalepartane til å utveksle alle relevante opplysningar
som blir vurdert naudsynte om eigarskap og transaksjonar, også frå
bankar, finansinstitusjonar og advokatar og andre rådgjevarar.
For å etablere det juridiske grunnlaget for
effektiv informasjonsutveksling, må det inngåast bilaterale overeinskomstar
bygd på denne modellen med kvar einskild jurisdiksjon. Dei politiske
erklæringane er i seg sjølv ikkje nok.
For å framskynde prosessen og for å gi dei nordiske
landa større tyngd i forhandlingane vedtok Nordisk Ministerråd i
juni 2006 å etablere eit felles nordisk prosjekt for den tekniske
gjennomføringa av forhandlingar om slike avtaler. Det er nå gjennomført
slike felles forhandlingar med ei rekkje jurisdiksjonar. I alle
tilfelle skal forhandlingane resultere i utkast til bilaterale avtaler
mellom vedkommande jurisdiksjon og kvart av dei sju nordiske landa,
herunder Færøyane og Grønland. Ei rekke avtaler er nå underskrivne.
Frå norsk side har arbeidet vore leia av avdelingsdirektør Per Olav
Gjesti, Finansdepartementet. Han har også leia styringsgruppa for
prosjektet.
Eit utkast til avtale om opplysningar i skattesaker
med Republikken Liberia blir nå lagt fram for underskriving. Utkastet
følgjer i det alt vesentlige OECD sin modell.
Avtala skal inngåast på engelsk. Som vedlegg
til proposisjonen følgjer utkastet til den engelske teksten og ei
norsk oversetting.
Til dei enkelte materielle føresegnene i avtaleutkasta
blir nemnt:
Artikkel 1 har reglar om overeinskomsten sitt verkeområde.
På same vis som i artikkel 26 i OECD si mønsteravtale for skatteavtaler
fastslår ein her plikta til å hente inn og utveksle alle opplysningar
som er overskueleg relevante for fastsetting, likning, innkrevjing
og inndriving av dei skattane som overeinskomsten omfattar, så vel som
rettsforfølging både i sivile saker og i straffesaker.
Artikkel 2 har på same vis som OECD sin modell
ein regel som slår fast at ein part ikkje pliktar å skaffe og oversende
opplysningar som er utanfor jurisdiksjonen.
Artikkel 3 fastset at overeinskomsten omfattar alle
skattar som blir skrivne ut i Noreg og i Republikken Liberia.
Artikkel 4 inneheld definisjonar av ulike ord
og uttrykk som blir brukte i overeinskomsten. Overeinskomsten omfattar
uttrykkeleg norsk kontinentalsokkel. På same vis som i våre andre skatteavtaler
er det slått fast at avtalen ikkje gjeld for Svalbard, Jan Mayen
og dei norske bilanda. Dei andre definisjonane i artikkel 3 følgjar OECD-modellen
for informasjonsutvekslingsavtaler.
Artikkel 5 bestemmer kva som gjeld når ein ber om
opplysningar. Opplysningane skal innhentast etter prinsippa i artikkel
1, og skal utvekslast utan omsyn til om dei tilhøva som blir undersøkt ville
vore ei straffbar handling etter lovgivinga i den part som har bede
om opplysningane.
Etter punkta 2 og
3 skal den part som blir bede nytte alle relevante middel for å
innhente opplysningane, om ønskjeleg i form av vitneforklaringar
og bekrefta kopiar av originaldokumenta.
Etter punkt 4 pliktar partane å sørgje
for at dei naudsynte fullmaktene ligg føre til å innhente opplysningar
frå bankar, finansinstitusjonar, forvaltarar o.a., og om alle reelle
eigartilhøve i selskap, stiftingar og trustar o.a., også om stiftarar, styre
og kven som har rettar, og om alle ledd i ei kjede av eigarar. Slike
fullmakter ligg føre i norsk lovgiving. Republikken Liberia har
nyleg endra lovgivinga si slik at ho nå ikkje skal vere til hinder
for at Republikken Liberia kan oppfylle pliktene sine etter overeinskomsten.
Punkt 5 gir detaljerte reglar for kva ei
anmoding om opplysningar skal innehalde, og punkt 6 set stramme
tidsfristar for å sikre raskt svar på ei anmoding om opplysningar.
Artikkel 6 gir høve til at representantar for
ein part sine kompetente styresmakter er til stades ved skattundersøkingar
i den andre parten.
Artikkel 7 gir uttømmande reglar for når ein
part kan avslå ei anmoding om opplysningar, og motsvarer OECD si
modellavtale. Artikkelen fastslår at anmodinga må vere i samsvar
med overeinskomsten og at eigne høve til å innhente opplysningane
må vere uttømde, for å sikre mot såkalla «fisketurar». Yrkesmessig
teieplikt er sikra i punkt 3. Dette medfører at ein kan avslå å utlevere
konfidensiell kommunikasjon mellom ein advokat og klienten med sikte
på å innhente juridiske råd eller å vurdere rettstvist. Eit slikt avslag
vil måtte vurderast frå sak til sak og inneber ikkje noko forbod
for ein part mot å innhente og oversende slike opplysningar.
Artikkel 8 har føresegner om teieplikt i samsvar med
OECD-modellen. Det er bestemt at opplysningar innhenta i medhald
av overeinskomsten ikkje kan nyttast til andre formål enn fastsett i
overeinskomsten utan uttrykkeleg skriftleg samtykke frå den andre
parten.
I artiklane 9–12 er det reglar om kostnader,
gjensidige overeinskomstar og ikrafttreding og opphør. For straffbare
skattesaker vil avtala få verknad for skattekrav som ligg føre på
eller etter den dagen avtala trer i kraft. For sivile saker vil
ho få verknad for skattesaker som vedkjem skatteåret som følgjer
etter året ho trer i kraft.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Thomas Breen, Gunvor Eldegard, Kjell Børre Hansen, Irene Johansen,
Gerd Janne Kristoffersen, Torfinn Opheim og Dag Ole Teigen, fra Fremskrittspartiet,
fung. leder Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Kenneth Svendsen og Christian
Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore
Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, fra
Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti, Hans
Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, slutter
seg til regjeringens forslag om å sette i kraft en overenskomst
mellom Norge og Liberia om opplysninger i skattesaker.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykker til å sette i kraft
en overenskomst mellom Kongeriket Norge og Republikken Liberia om
opplysninger i skattesaker underskrevet i Paris 10. november 2010.
Oslo, i finanskomiteen, den 3. februar 2011
Ulf Leirstein |
Christian Tybring-Gjedde |
fung. leder |
ordfører |