Den 17. desember 2010 blei ein overeinskomst mellom
Kongeriket Noreg og Fyrstedømmet Liechtenstein om opplysningar i
skattesaker underskriven i Paris. Samtykke til underskriving blei
gitt ved kongeleg resolusjon av 10. desember 2010. Overeinskomsten
ble på vegne av Noreg underskriven av ambassadør Tarald O. Brautaset
og på vegne av Fyrstedømmet Liechtenstein av koordinator for internasjonale
skatteforhandlingar, Dr. Katja Gey. Overeinskomsten vil tre i kraft
30 dagar etter at begge partane har gitt kvarandre melding om at nødvendige
skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft. Etter at avtala har
trådd i kraft vil ho få verknad for alle saker frå og med skatteåret 2011.
Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling,
OECD, vedtok den 9. april 1998 ei tilråding om tiltak mot skadeleg skattekonkurranse.
Tiltaket tok i hovudsak sikte på å avvikle skadelege skatteregime
i medlemslanda, men peikte også på behovet for å treffe sameinte
mottiltak mot tilsvarande skatteregime i dei såkalla skatteparadisa.
Innan utløpet av 2005 var samtlege skatteregime i
medlemslanda som var definerte som skadelege etter dei vedtekne
kriteria, endra eller under avvikling som føresett. I mellomtida
blei det teke kontakt med samtlege jurisdiksjonar som ein meinte
var omfatta av kriteria for å utgjere eit skatteparadis. Det blei
her gjort greie for prosjektet til OECD og invitert til dialog.
Dersom eit definert skatteparadis var villig til å opne for innsyn
og effektiv informasjonsutveksling med medlemslanda til OECD, ville
det ikkje bli ført opp på lista over ikkje-samarbeidsvillige skatteparadis
som ville bli utsette for mottiltak.
Alle dei 38 jurisdiksjonane som blei definerte som
skatteparadis har nå gitt ei slik politisk bindande erklæring om
innsyn og informasjonsutveksling til generalsekretæren i OECD. I samarbeid
med dei første 11 av dei jurisdiksjonane som gav slik erklæring
har OECD utarbeidd ei modellavtale for effektiv informasjonsutveksling
i skattesaker. Ho forpliktar avtalepartane til å utveksle alle relevante opplysningar
som vurderast naudsynte om eigarskap og transaksjonar, også frå
banker, finansinstitusjonar og advokatar og andre rådgjevarar.
For å etablere det juridiske grunnlaget for
effektiv informasjonsutveksling, må det inngåast bilaterale overeinskomstar
bygd på denne modellen med kvar einskild jurisdiksjon. Dei politiske
erklæringane er i seg sjølv ikkje nok.
For å framskynde prosessen og for å gi dei nordiske
landa større tyngd i forhandlingane vedtok Nordisk Ministerråd i
juni 2006 å etablere eit felles nordisk prosjekt for den tekniske
gjennomføringa av forhandlingar om slike avtaler. Det er nå gjennomført
slike felles forhandlingar med ei rekkje jurisdiksjonar. I alle
tilfelle skal forhandlingane resultere i utkast til bilaterale avtaler
mellom vedkommande jurisdiksjon og kvart av dei sju nordiske landa,
herunder Færøyane og Grønland. Ei rekke avtaler er nå underskrivne.
Frå norsk side har arbeidet vore leia av avdelingsdirektør Per Olav
Gjesti, Finansdepartementet. Han har også leia styringsgruppa for
prosjektet.
Eit utkast til avtale om opplysningar i skattesaker
med Liechtenstein blir nå lagt fram for underskriving. Utkastet
følgjer i det alt vesentlige OECD sin modell.
Avtala skal inngåast på engelsk. Som vedlegg
til proposisjonen følgjer utkastet til den engelske teksten og ei
norsk oversetting.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Farahnaz Bahrami, Gunvor Eldegard, Kjell Børre Hansen, Irene Johansen,
Gerd Janne Kristoffersen, Torfinn Opheim og Dag Ole Teigen, fra Fremskrittspartiet,
fung. leder Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Kenneth Svendsen og Christian
Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore
Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, fra
Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti, Hans
Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, slutter
seg til regjeringens forslag om samtykke til å sette i kraft en
overenskomst mellom Norge og Liechtenstein om opplysninger i skattesaker.
Komiteen viser til
proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykker til å sette i kraft
en overenskomst mellom Norge og Liechtenstein om opplysninger i
skattesaker underskrevet i Paris 17. desember 2010.
Oslo, i finanskomiteen, den 24. februar 2011
Ulf Leirstein |
Torfinn Opheim |
fung. leder |
ordfører |