Sammendrag

Det Antigua Barbuda-registrerte containerskipet «Godafoss» grunnstøytte om lag klokka 20.00, torsdag 17. februar 2011, på Kvernskjær, mellom Asmaløy og Kirkøy i Hvaler i Østfold. Skipet hadde truleg rundt 800 tonn tungolje om bord ved grunnstøytinga. Det vart registrert lekkasje i to tankar midtskips, kvar med 265 tonn olje.

Som følgje av omfanget av hendinga vart det i løpet av kvelden same døgn sett i verk ein statleg aksjon i regi av Kystverket.

Etter forurensningsloven er det forureinar som er ansvarleg for kostnadene knytt til avgrensing og opprensking etter oljesøl. Det vil derfor bli kravd refusjon for dei samla kostnadene ved oljevernaksjonen overfor ansvarleg forureinar. Etter føresegnene i sjøloven kan likevel ansvaret avgrensast. Kystverket sine førebelse utrekningar viser at ansvarsavgrensingsbeløpet for «Godafoss» er om lag 430 mill. kroner.

Statsbudsjettet kap. 1062 post 21 Spesielle driftsutgifter skal dekkje utgifter til mindre aksjonar knytt til akutt forureining. Løyvinga er i saldert budsjett 2011 sett til 194,35 mill. kroner.

Dei årlege budsjetta tek ikkje høgd for kostnader til større oljevernaksjonar som den som vi har hatt i Hvaler.

I kongeleg resolusjon av 25. februar 2011 fekk Fiskeri- og kystdepartementet fullmakt til å overskride løyvinga for 2011 under kap. 1062 post 21 med inntil 110 mill. kroner. Det vart lagt til grunn at Kystverket dermed fekk dei nødvendige midlane til å dekkje aksjonskostnadene fram til det var mogleg å få ei oversikt over omfanget av aksjonen. Det vart vidare lagt til grunn at når ei slik vurdering låg føre, skulle saka fremmast for Stortinget.

Basert på siste prognose frå midten av mars 2011 står det att rundt 33 mill. kroner av overskridingsfullmakta på 110 mill. kroner gitt i kongeleg resolusjon av 25. februar 2011. Basert på Kystverket si nåverande vurdering av situasjonen ser det ut til at midlane som er igjen er tilstrekkelege for å sluttføre operasjonen. Dersom det seinare skulle vise seg å bli behov for ytterlegare løyvingar til aksjonen, vil regjeringa komme tilbake til Stortinget med dette på eigna måte.

Med bakgrunn i dette vert det foreslått å auke kap. 1062 post 21 med 110 mill. kroner i 2011 knytt til dekning av utgifter til aksjonen etter Godafoss-grunnstøytinga.