Innstilling fra justiskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2011 under Justis- og politidepartementet

Innhold

Til Stortinget

Sammendrag

Justisdepartementet legger i denne proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2011.

Kap. 400 Justisdepartementet

Post 1 Driftsutgifter

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 400 post 1 med 8,2 mill. kroner.

Bakgrunnen for dette er eit ytterligare meirbehov som følgje av angrepene 22. juli 2011.

Kap. 413 Jordskiftedomstolane

Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast

Jordskifteretten har heimel til å kreve inn sideutgifter i visse saker. Sideutgiftene skal dekke det tekniske arbeidet i desse sakene. Utgiftene vert ført i eigne saksrekneskap, og utgifter og inntekter skal balansere når saka er avslutta.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 413 post 21 foreslått auka med 2,5 mill. kroner.

Kap. 3413 Jordskiftedomstolane

Post 2 Sideutgifter

Løyvinga på posten samsvarar med tilsvarande utgifter under kap. 413 post 21.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 3413 post 2 foreslått auka med 2,5 mill. kroner.

Kap. 414 Forliksråd og andre domsutgifter

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker godtgjering og tapt arbeidsforteneste til meddommarar, lagrettemedlemer, vitne, rettsvitne og reiseutgifter til desse. Løyvinga på posten dekker også utgifter til vitne som møter eller på anna måte gir forklaring for Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker samt naudsynte blodprøver og DNA-testar i arbeidet til kommisjonen.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert løyvinga under kap. 414 post 1 foreslått auka med 10 mill. kroner.

Kap. 430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker ordinære driftsutgifter i kriminalomsorga.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 3. Inntektene er venta å verte lågare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2011.

Samla vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 430 post 1 med 3,453 mill. kroner.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Posten omfattar m.a. utgifter arbeidsdrifta har til materiale og vanleg utskifting av mindre maskiner og utstyr. I løyvinga inngår også arbeidspengar til dei innsette.

Samla foreslår Justisdepartementet på bakgrunn av nye tal å auke løyvinga under post 21 med 8,79 mill. kroner.

Post 60 Refusjonar til kommunane, forvaringsdømte o.a., kan overførast

Løyvinga på posten dekker refusjonar til kommunale omsorgstiltak for personar som er sette fri frå forvaring, psykisk utviklingshemma med sikringsdom og varetektssurrogat.

I 2011 er det venta ein auke i utgiftene under kap. 430 post 60. Aukinga skuldast høgare utbetalingar til dei kommunale tiltaka, og at fleire av sakene har fått heilårseffekt i 2011. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap. 430 post 60 med 6,343 mill. kroner.

Kap. 3430 Kriminalomsorga si sentrale forvaltning

Post 2 Inntekter frå arbeidsdrifta

Løyvinga på posten dekker inntekter frå sal av arbeidsdrifta si produksjon og drifts- og vedlikehaldsoppgåver som vert gjort på bestilling frå Statsbygg.

Inntektene under kap. 3430 post 2 er venta å verte høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2011. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 21 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 2. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga under kap. 3430 post 2 med 6,437 mill. kroner mot ein tilsvarande auke i løyvinga under kap. 430 post 21.

Post 3 Andre inntekter

Løyvinga på posten dekker m.a. leigeinntekter for teneste- og leigebustad, refundert kost og husleige samt klientavhengige driftstilskot til overgangsbustadane.

Inntektene under kap. 3430 post 3 er venta å verte lågare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2011. Dette skuldast bortfall av inntekter frå Husbanken til bustadkonsulentar ved fleire regionar i 2011, bortfall av eingongstilskot og midlar til prosjekt frå eksterne verksemder og lågare inntekter frå overgangsbustadane.

Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 3. Justisdepartementet foreslår derfor å redusere løyvinga under kap. 3430 post 3 med 2 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon i løyvinga under kap. 430 post 1.

Post 4 Tilskot

Løyvinga på posten dekker tilskot til deltaking i internasjonalt fengselssamarbeid.

Tilskot til internasjonalt fengselssamarbeid er venta å verte høgare enn det som var lagt til grunn for løyvinga i 2011. Justisdepartementet har fått fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 430 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3430 post 4. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 430 post 1 og kap. 3430 post 4 med 0,9 mill. kroner.

Kap. 440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

Post 1 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 441 post 1

Løyvinga dekker alle ordinære driftsutgifter ved Politidirektoratet, politidistrikta (ikkje Oslo politidistrikt), politireserven og politiet sine særorgan (ikkje Politihøgskulen).

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 1 med 9,475 mill. kroner.

Bakgrunnen er meirarbeid pga. flaum og naturskadetakstar og auka innsats for retur og soningsoverføring av personar uten lovleg opphald.

Bestillingsfullmakt

Justisdepartementet har for 2011 fått fullmakt til å bestille varer for inntil 40 mill. kroner utover den gitte løyvinga under kap. 440 post 1. På bakgrunn av auka bemanning i livvakttenesta og slitasje på utstyr og materiell ved denne tenesta, treng departementet fullmakt i 2011 til at Politiets tryggingsteneste kan foreta bestillingar av nytt materiell og utstyr for 30,4 mill. kroner som kjem til utbetaling neste år. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke bestillingsfullmakta under kap. 440 post 1 med 30,4 mill. kroner i 2011, til 70,4 mill. kroner.

Oppgradering av Trandum utlendingsinternat

Tilstrekkeleg kapasitet ved Trandum er ein av føresetnadane for at personar som ikkje oppfyller vilkåra for opphald i landet skal returnere raskt. I tråd med Prop. 12 S (2010–2011) er det sett i gang eit arbeid med å oppgradere sikkerheita ved Trandum, samtidig som kapasiteten ved Trandum vert utvida ved bruk av modulbygg. Statsbygg skal stå som eigar av modulbygga. Arbeidet er i rute, og det er venta at ein kan ta i bruk dei nye plassane i løpet av januar 2012. Auka kapasitet ved utlendingsinternatet vil legge til rette for at satsinga på retur kan halde fram.

Post 21 Særskilde driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker sideutgifter som politi- og lensmannsetaten har i samband med asylsaker, medrekna utgifter til uttransportering i asylsaker og andre utlendingssaker.

For å kunne auke talet på uttransporteringar (av bortviste/utviste) med 100 i 2011, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 21 med 2 mill. kroner.

Post 23 Sideutgifter i samband med sivile gjeremål

Løyvinga på posten dekker sideutgifter i samband med dei sivile gjeremåla. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 440 post 23 med 8,5 mill. kroner.

Kap. 3440 Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

Post 1 Gebyr – pass og våpen

Løyvinga på posten dekker inntekter frå gebyr for pass og våpenløyve. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440 post 1 med 15 mill. kroner.

Post 6 Gebyr – utlendingssaker

Løyvinga på posten dekker gebyr i samband med søknader om statsborgarskap, familieinnvandring og løyve for arbeid, busetting og utdanning.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 3440 post 6 med 0,192 mill. kroner.

Post 7 Gebyr – sivile gjeremål

Løyvinga på posten dekker gebyrinntekter i samband med den sivile rettspleia på grunnplanet – dvs. gebyr for tvangsforretning og forliksrådshandsaming. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3440 post 7 med 35 mill. kroner.

Kap. 441 Oslo politidistrikt

Post 1 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 440 post 1

Posten dekker alle ordinære driftsutgifter ved Oslo politidistrikt.

I samband med den auka innsatsen retta mot returarbeidet i 2011, og at Oslo politidistrikt også skal auke innsatsen retta mot det opne rusmiljøet, særleg på nedre Grünerløkka, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 441 post 1 med 0,625 mill. kroner.

Kap. 442 Politihøgskulen

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker lønsutgifter og andre driftsutgifter ved Politihøgskulen.

På bakgrunn av endra inntektsanslag under kap. 3442 post 2 og post 3, vert det samla foreslått å auke løyvinga under kap. 442 post 1 med 9 mill. kroner.

Kap. 3442 Politihøgskulen

Post 2 Diverse inntekter

Løyvinga på posten dekker inntekter frå Politihøgskulen si kursverksemd, utleige, kantinesalg m.m. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3442 post 2 med 1 mill. kroner.

Post 3 Inntekter frå Justissektorens kurs- og øvingssenter

Løyvinga på posten dekker inntekter frå drifta av Justissektorens kurs- og øvingssenter i Stavern. På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3442 post 3 med 8 mill. kroner.

Kap. 445 Den høgare påtalemakta

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker alle ordinære driftsutgifter ved Den høgare påtalemakta og statsadvokatembeta.

Hovudforhandlingane etter terroranslaga 22. juli er planlagt gjennomført på eit tidlegare tidspunkt enn først venta. For å sikre ei god førebuing av saka er det derfor naudsynt å auke arbeidsinnsatsen allereie frå november i år. Dei ekstraordinære meirutgiftene i 2011 er anslått til 0,75 mill. kroner. På den bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 445 post 1 med 0,75 mill. kroner.

Kap. 450 Sivile vernepliktige

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker alle mannskapsrelaterte utgifter som dagpengar, dimisjonsgodtgjering, forsørgjartillegg, butillegg, påklednad, kost og andre stønader til sivile vernepliktige mannskap.

Det er fremma eit erstatningskrav frå eit mannskap som tidlegare har vore inne til avtening av sivil verneplikt (1991). Kravet er fremma etter yrkesskadeforsikringslova med tilhøyrande forskrift om standardisert erstatning. På bakgrunn av konklusjonane til trygdemyndigheten, vil det no kunne settas sluttstrek for erstatningssaka ved fastsetting av ein eingongserstatning for tap i framtidig erverv. Siviltenesta som rett vedtaksorgan har akseptert kravet på om lag 2,5 mill. kroner. Meirutgifter på 1,5 mill. kroner dekkast innanfor budsjettet. På den bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 450 post 1 med 1 mill. kroner.

Kap. 3450 Sivile vernepliktige, driftsinntekter

Post 1 Inntekter av arbeid

Oppdragsgivarar må betale for bruk av sivile vernepliktige mannskap. Inntektene av arbeidet vert ført under denne posten.

Prognose for dei samla inntektene under posten tilseier at løyvinga for 2011 bør oppjusterast. Det var ved årsskiftet 2010/2011 eit særs høgt mannskapstal. Dette utløyste ei meirinntekt. Det har i tillegg vore avsett færre betalingsfrie mannskap til VOKT-tenesta. Normalt vil Siviltenesta i regnskapsavslutninga ha uteståande inntekter hos oppdragsgivarar. Som følgje av forslaget om avvikling av Siviltenesta, vil ein søke å få inn alle inntekter i 2011, slik at det ikkje skal vere uteståande beløp hos oppdragsgivarar etter dette tidspunkt. På denne bakgrunn vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3450 post 1 med 2 mill. kroner.

Kap. 451 Samfunnstryggleik og beredskap

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga skal dekke alle ordinære driftsutgifter og investeringar for Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap med underliggande driftseiningar.

Samla vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 451 post 1 med 4,25 mill. kroner på grunn av angrepene 22. juli.

Kap. 466 Særskilde straffesaksutgifter m.m.

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker utgifter til salær og reise- og kostgodtgjering til forsvararar, bistandsadvokatar, tolkar og sakkunnige som er oppnemnd av retten i den einskilde saka eller av Kommisjonen for gjenopptaking av straffesaker. Løyvinga dekker også tapt arbeidsforteneste til tolkar og sakkunnige som ikkje har krav på salær i straffesaker. Løyvinga dekker vidare visse utgifter til Den rettsmedisinske kommisjon, som honorar/godtgjering og reise- og kursutgifter. Løyvinga dekker dessutan salær og reise- og opphaldsutgifter til aktor i militære straffesaker, visse utgifter i sivile saker og utgifter i Justisdepartementet til omsetting i rettsoppmodings- og utleveringssaker.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 466 post 1 med 40 mill. kroner.

Kap. 469 Verjemålordninga

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten dekker utgifter til eit prosjekt som forbereder omorganiseringa som er naudsynt for at ny verjemålslov kan tre i kraft.

På bakgrunn av at venta forbruk i 2011 vil vere mindre enn opphavleg lagt til grunn, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 469 post 1 med 12,5 mill. kroner.

Kap. 470 Fri rettshjelp

Post 1 Driftsutgifter

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til sakkunnige og meddommarar m.m. i saker der det er gitt fri sakføring. Grunna ordninga si karakter er det vanskeleg å anslå utgiftene.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 470 post 1 med 1 mill. kroner.

Post 70 Fri sakførsel

Løyvinga på posten skal dekke utgifter til advokat m.m. i saker der det er gitt heil eller delvis fri sakførsel.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 470 post 70 med 15 mill. kroner.

Post 71 Fritt rettsråd

Løyvinga på posten dekker utgifter til advokatar og rettshjelparar i saker der det er gitt fritt rettsråd.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å redusere løyvinga under kap. 470 post 71 med 35 mill. kroner.

Kap. 3470 Fri rettshjelp

Post 1 Tilkjende sakskostnader m.m.

Sakskostnader tilkjend staten i benefiserte saker vert ført under denne posten.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 3470 post 1 med 2 mill. kroner.

Kap. 471 Staten sitt erstatningsansvar

Post 71 Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving

Utbetalingar som følgjer av at staten er erstatningsansvarleg etter dei alminnelege erstatningsreglane eller har inngått forlik utan å vedgå ansvar, vert belasta denne posten. Unnateke er utbetalingar som følgjer av staten sitt ansvar i kontrakttilhøve og ansvar i samband med staten si forretningsdrift.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 471 post 71 med 30 mill. kroner.

Kap. 472 Valdsoffererstatning og rådgiving til offer for kriminalitet

Post 70 Erstatning til offer for vald, overslagsløyving

Posten er ei regelstyrt overslagsløyving og skal gå til erstatning i saker etter valdsoffererstatningslova, m.a. sakskostnader i samband med søknaden og klagehandsaminga.

På bakgrunn av rekneskapstal og venta utvikling, vert det foreslått å auke løyvinga under kap. 472 post 70 med 30 mill. kroner.

Komiteens merknader

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jan Bøhler, Tore Hagebakken, Sigvald Oppebøen Hansen, Anna Ljunggren og Tove-Lise Torve, fra Fremskrittspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Ulf Leirstein, Åse Michaelsen og lederen Per Sandberg, fra Høyre, André Oktay Dahl og Anders B. Werp, fra Sosialistisk Venstreparti, Akhtar Chaudhry, og fra Senterpartiet, Jenny Klinge, viser til proposisjonen fremlagt av regjeringen. Komiteen tar de fleste endringer regjeringen foreslår til følge.

Etter komiteens oppfatning er det bekymringsfullt å se at det allerede er 4 mill. kroner mindre enn budsjettert i brukerbetaling knyttet til det nye nødnettet. Komiteen er svært interessert i å finne ut hva dette skyldes. Dersom mangelen på inntekter begrunnes i at aktører innen redningsetatene ikke finner det formålstjenestelig å gå over til bruk av det nye nettet, kan det være dramatisk for resten av prosjektet. Komiteen vil da også påpeke at dette er innvendinger som har kommet mot det nye nødnettet og modellen med brukerbetaling tidligere.

Komiteen har også merket seg økt bevilgning på 40 mill. kroner til særskilte straffesaksutgifter under kap. 466 og er opptatt av å finne ut hva den markante økningen skyldes. Det er bekymringsfullt at man trenger å bevilge så vidt mye utover det budsjetterte mot slutten av året med mindre noe spesielt har skjedd. Komiteen vil i denne sammenheng påpeke at dersom ekstrautgiftene har sammenheng med prosessen etter 22. juli, er dette noe som er forståelig. I motsatt fall vil det være av betydning å vurdere finansieringssystemet og finne ut om dette er treffsikkert nok i forhold til de utfordringer som ligger på straffesaksområdet.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at Justisdepartementet foreslår å redusere bevilgningen på kap. 3456 Direktoratet for nødkommunikasjon, post 1 med 6 mill. kroner. Flertallet er kjent med at denne reduksjonen skyldes at færre brukere enn forventet innen brann- og helsetjenesten har tatt i bruk det nye nødnettet. Bevilgningen til brukerbetaling er derfor redusert. Flertallet er også kjent med at brukerne i all hovedsak er fornøyd med det nye nødnettet, men registrerer at flere brukere enn forventet har valgt å utsette å ta leveransen i bruk.

Flertallet viser til at bevilgningen under kap. 466, Særskilte straffesaksutgifter m.m., post 1 er økt med 40 mill. kroner. Flertallet viser til at forbruket på denne posten er styrt av lovbestemte rettigheter, og skal dekke utgifter til salær og reise- og kostgodtgjørelse for forsvarere, bistandsadvokater, tolker og sakkyndige. Da utgiftene på dette området kan variere fra år til år er det vanskelig å anslå størrelsen på bevilgningen. Flertallet viser også til at det i forbindelse med rettsprosessen i etterkant av terrorangrepene 22. juli 2011 er oppnevnt et høyt antall bistandsadvokater, og at dette kan ha innvirkning på bevilgningene under den omtalte posten.

Flertallet viser til den foreslåtte reduksjonen under kap. 430 Kriminalomsorgens sentrale forvaltning, post 1 på 3,453 mill. kroner. Flertallet vil understreke at 2,353 mill. kroner av reduksjonen er en teknisk overføring av midler fra post 1 til post 21, og derfor ikke kan betraktes som et kutt i kriminalomsorgens budsjettrammer. Flertallet viser videre til at den resterende reduksjonen på post 1 på 1,1 mill. kroner er et resultat av budsjettekniske endringer som følge av en merinntektsfullmakt på kap. 3430 post 3, og at lavere inntekter enn forutsatt må innebære en tilsvarende reduksjon av utgiftsrammen.

Flertallet påpeker at et svært høyt antall av nyutdannede polititjenestemenn har fått jobb i politi- og lensmannsetaten, og at dette har vært en vedvarende tendens i flere år. Fra 2006 og til 2010 har om lag 95 pst. av de nyutdannede fått jobb i etaten innen ett år etter endt utdannelse. Det rapporteres også om at 95 pst. av studentene som ble uteksaminert i 2010 pr. i dag har lønnet stilling i etaten. Av de 383 studentene fra 2011-kullet som pr. 15. november har bestått eksamen, er 329 registrert som lønnsmottakere i politiet. Flertallet vil derfor understreke at de aller fleste nyutdannede polititjenestemenn får arbeid innenfor politi- og lensmannsetaten, og finner ikke grunn til å tro at denne situasjonen vil endre seg de kommende årene.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at bevilgningen til kriminalomsorgen kuttes med nesten 3,5 mill. kroner. Disse medlemmer viser til statsbudsjettet for 2012 hvor kriminalomsorgen fikk en realnedgang i sine bevilgninger. Dette kan føre til dårligere sikkerhet for både innsatte og ansatte, samt dårligere rehabilitering i tilbakeføringsarbeidet. Når det i tillegg kuttes i inneværende års budsjett finner disse medlemmer det kritisk for etaten. Disse medlemmer viser til at fengselsbetjenter ved Oslo fengsel gjennomfører en streik for å vise betydningen av lave budsjetter. Ifølge fagforeningslederen er de villige til å ta i bruk sterkere virkemidler dersom myndighetene ikke innser alvoret i situasjonen. På denne bakgrunn foreslår disse medlemmer at reduksjonen i bevilgningen under post 430 ikke vedtas.

Disse medlemmer viser til opptaket på Politihøgskolen som av regjeringen omtales som rekordhøyt. Dette hjelper imidlertid ikke for større trygghet i landet så lenge mange av de nyutdannede studentene ikke får jobb. Disse medlemmer viser til forslaget fra Fremskrittspartiet i budsjettinstillingen som lyder slik:

«Stortinget ber regjeringen innføre en garanti for arbeid til alle politistudenter som består den treårige politiutdanningen slik at de får rett til jobb. Garantien skal gjelde frem til målet om 2 tjenestemenn pr. 1 000 innbyggere er oppnådd.»

Disse medlemmer viser videre til at dette forslaget også ble fremmet i fjorårets statsbudsjett, men dessverre ikke bifalt av regjeringen. Resultatet er at over 120 nyutdannede polititjenestemenn nå står uten jobb. 30 av disse ble utdannet i 2010 og har således vært uten jobb i politiet i over ett år. I tillegg til disse nyutdannede som står uten jobb, har mange av de som er kommet i jobb kun fått kortere vikariater. Disse medlemmer mener man kommer til å se en faktisk nedbemanning også i 2012, som vi så i 2010 og 2011, dersom denne trenden ikke snur. Etter disse medlemmers oppfatning er dette uhørt all den tid landet har et så vidt stort behov for mer politi som det vi har sett i det siste.

På denne bakgrunn fremmer disse medlemmer forslag om å bevilge 110 mill. kroner ekstra for å oppnå rask ansettelse av de nyutdannede polititjenestemenn som fortsatt står uten jobb.

Disse medlemmer foreslår å øke bevilgningene på kap. 440 post 1 med 110 mill. kroner i forhold til regjeringens forslag, noe som innebærer en økning på 119,5 mill. kroner i forhold til tidligere vedtatt budsjett. Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

«I statsbudsjettet for 2011 gjøres følgende endring:

Kap.

Post

Formål

Kroner

440

Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten:

1

Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 441 post 1, økes med

119 475 000

fra kr 9 482 431 000 til kr 9 601 906 000»

Forslag fra mindretall

Forslag fra Fremskrittspartiet:

Forslag 1

I statsbudsjettet for 2011 gjøres følgende endring

Kap.

Post

Formål

Kroner

440

Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten:

1

Driftsutgifter, kan nyttes under kap. 441 post 1, økes med

119 475 000

fra kr 9 482 431 000 til kr 9 601 906 000»

Komiteens tilråding

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2011 vert det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

400

Justisdepartementet

1

Driftsutgifter, vert auka med

8 200 000

frå kr 352 101 000 til kr 360 301 000

413

Jordskiftedomstolene

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast, vert auka med

2 500 000

frå kr 5 431 000 til kr 7 931 000

414

Forliksråd og andre domsutgifter

1

Driftsutgifter, vert auka med

10 000 000

frå kr 125 807 000 til kr 135 807 000

430

Kriminalomsorga si sentrale forvaltning

1

Driftsutgifter, vert redusert med

3 453 000

frå kr 3 368 867 000 til kr 3 365 414 000

21

Spesielle driftsutgifter, kan nyttast under kap. 430 post 1, vert auka med

8 790 000

frå kr 64 210 000 til kr 73 000 000

60

Refusjonar til kommunane, forvaringsdømte mv., kan overførast, vert auka med

6 343 000

frå kr 64 375 000 til kr 70 718 000

440

Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

1

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 441 post 1, vert auka med

9 475 000

frå kr 9 482 431 000 til kr 9 491 906 000

21

Spesielle driftsutgifter, vert auka med

2 000 000

frå kr 173 489 000 til kr 175 489 000

23

Sideutgifter i samband med sivile gjøremål, vert auka med

8 500 000

frå kr 60 193 000 til kr 68 693 000

441

Oslo politidistrikt

1

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 440 post 1, vert auka med

625 000

frå kr 1 995 457 000 til kr 1 996 082 000

442

Politihøgskulen

1

Driftsutgifter, vert auka med

9 000 000

frå kr 465 140 000 til kr 474 140 000

445

Den høgare påtalemakta

1

Driftsutgifter, vert auka med

750 000

frå kr 138 478 000 til kr 139 228 000

450

Sivile vernepliktige

1

Driftsutgifter, vert auka med

1 000 000

frå kr 41 266 000 til kr 42 266 000

451

Samfunnstryggleik og beredskap

1

Driftsutgifter, vert auka med

4 250 000

frå kr 617 539 000 til kr 621 789 000

466

Særskilde straffesaksutgifter m.m.

1

Driftsutgifter, vert auka med

40 000 000

frå kr 916 796 000 til kr 956 796 000

469

Verjemålsordninga

1

Driftsutgifter, vert redusert med

12 500 000

frå kr 20 073 000 til kr 7 573 000

470

Fri rettshjelp

1

Driftsutgifter, vert auka med

1 000 000

frå kr 6 149 000 til kr 7 149 000

70

Fri sakførsel, vert auka med

15 000 000

frå kr 426 694 000 til kr 441 694 000

71

Fritt rettsråd, vert redusert med

35 000 000

frå kr 204 559 000 til kr 169 559 000

471

Staten sitt erstatningsansvar

71

Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving, vert auka med

30 000 000

frå kr 100 720 000 til kr 130 720 000

472

Valdsoffererstatning og rådgiving til offer for kriminalitet

70

Erstatning til valdsofre, overslagsløyving, vert auka med

30 000 000

frå kr 200 270 000 til kr 230 270 000

Inntekter

3413

Jordskiftedomstolene

2

Sideutgifter, vert auka med

2 500 000

frå kr 5 510 000 til kr 8 010 000

3430

Kriminalomsorgen si sentrale forvaltning

2

Inntekter frå arbeidsdrifta, vert auka med

6 437 000

frå kr 65 563 000 til kr 72 000 000

3

Andre inntekter, vert redusert med

2 000 000

frå kr 21 437 000 til kr 19 437 000

4

Tilskot, vert auka med

900 000

frå kr 2 000 000 til kr 2 900 000

3440

Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

1

Gebyr – pass og våpen, vert auka med

15 000 000

frå kr 241 600 000 til kr 256 600 000

6

Gebyr – utlendingssaker, vert redusert med

192 000

frå kr 83 138 000 til kr 82 946 000

7

Gebyr – sivile gjeremål, vert auka med

35 000 000

frå kr 610 021 000 til kr 645 021 000

3442

Politihøgskulen

2

Diverse inntekter, vert auka med

1 000 000

frå kr 11 243 000 til kr 12 243 000

3

Inntekter frå Justissektorens kurs- og øvingssenter, vert auka med

8 000 000

frå kr 9 787 000 til kr 17 787 000

3450

Sivile vernepliktige, driftsinntekter

1

Inntekter av arbeid, vert auka med

2 000 000

frå kr 14 219 000 til kr 16 219 000

3470

Fri rettshjelp

1

Tilkjende sakskostnadar m.m., vert auka med

2 000 000

frå kr 2 270 000 til kr 4 270 000

Fullmakt til å pådra staten forpliktingar utover gitte løyvingar

II

Bestillingsfullmakter

Stortinget samtykker i at Justis- og politidepartementet i 2011 kan bestille varer utover løyvinga som er under posten, men slik at samla ramme for nye bestillingar og gamalt ansvar ikkje overstig følgjande beløp:

Kap.

Post

Formål

Samla ramme

440

Politidirektoratet – politi- og lensmannsetaten

1

Driftsutgifter

70,4 mill. kroner

Oslo, i justiskomiteen, den 6. desember 2011

Per Sandberg

leder og ordfører