3. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Lise Christoffersen, Roald Aga Haug, Håkon Haugli, Ingalill Olsen og Eirik Sivertsen, frå Framstegspartiet, Morten Ørsal Johansen, Gjermund Hagesæter og Åge Starheim, frå Høgre, Trond Helleland og Michael Tetzschner, frå Sosialistisk Venstreparti, leiaren Heikki Holmås, frå Senterpartiet, Heidi Greni, og frå Kristeleg Folkeparti, Geir Jørgen Bekkevold, viser til Prop. 136 L (2010–2011) Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg.

Komiteen viser til at vass- og avløpsanlegga i Noreg mange stader er av svært dårleg forfatning. Enkelte stader er alderen på røyranlegga meir enn 100 år. Komiteen vil også minne om at fornyingstakta på vass- og avløpsrøyr er på om lag 0,7 pst. og 0,5 pst. Noko som betyr at det med dagens tempo vil gå nærare 200 år før ein får skifta ut alle vass- og avløpsrøyr. Komiteen vil også understreke at det enorme vedlikehaldsetterslepet gir uheldige miljømessige konsekvensar som truleg vil auke i åra som kjem. Kanskje så mykje som 30 pst. av vatnet som renn gjennom vassanlegga lek ut før det kjem fram. Også avløpsanlegga lek mange stader og risikoen for at avløp kan trekke inn og blande seg med drikkevatnet er tilstades.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti meiner at denne situasjonen er uakseptabel og uhaldbar.

Komiteen merkar seg at Prop. 136 L (2010–2011) Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg, legg opp til eit reint kommunalt eigarskap, med nokre få unntak for næringsanlegg og private partslag. Komiteen meiner at omsynet til samfunnstryggleiken og omsynet til framtidig tryggleik i vassforsyning og avløpshandtering er avgjerande.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at omsynet til offentlig tryggleik og folkehelsa er omsyn som omfattas av unntaksbestemming i EØS-avtalen.

Fleirtalet viser til at det ikkje ligg avgrensingar på kommunanes moglegheit til å nytta private leveransar i drifta av anlegget, men at eigarskapet til anlegget skal vera kommunalt. Etter fleirtalet si meining vil ikkje det administrative meirarbeidet for kommunane vera av vesentleg omfang.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti konstaterer at forslaget i liten grad viser korleis leverings- og driftstryggleiken av vatn og avløp, kvalitet på tenestene og beredskap skal ivaretakast. Forslaget legg derimot avgrensingar på kommunane sin fridom, og dermed svekker lokaldemokratiet sine moglegheiter til sjølv å velje gode lokale løysingar og eventuelle samarbeid med private aktørar. I tillegg vil lova truleg medføre eit auka byråkrati for å handsame eventuelle søknader om unnatak frå lova.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at det i all hovudsak er kommunane som tek hand om vass- og avløpstenestene i dag, sjølv om det ikkje er ei lovpålagd oppgåve. Vass- og avløpssektoren er også eit naturlig monopol.

Medlemene i komiteen frå Fram-stegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti viser til at vass- og avløpsanlegga i Noreg stort sett er eigde og drifta av kommunane, dette til tross for at lovverket pr. i dag ikkje stiller krav til offentleg eigarskap.

Desse medlemene peiker på at det altså ikkje er private aktørar som er skuldne i den uakseptable standarden som vass- og avløpsanlegga i dag har. Desse medlemene vil også understreke at dette lovforslaget openbart er ei svekking av den lokale sjølvråderetten, og desse medlemene kan ikkje sjå at ei innsnevring av moglegheita for samarbeid med private aktørar kan føra noko godt med seg. Desse medlemene fryktar at dette lovforslaget, dersom det blir vedteke, tvert imot vil kunne forsterke dei vedlikehaldsutfordringane denne infrastrukturen har.

Desse medlemene vil på bakgrunn av dette stemme mot heile lovforslaget.

Komiteen viser også til Dokument nr. 8:91 (2006–2007) og merknadene i Innst. S. nr. 181 (2007–2008) som vektlegg punkt i NOU 2006:6 om behov for ein gjennomgang av eksisterande lovverk om tryggleik, ansvarsforhold, kvalitet og kriseberedskap.

Fleirtalet i komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, meiner det er viktig at kommunalt eigarskap til vass- og avløpsanlegg no lovfestas, i tråd med fleirtalet sin merknad i Innst. S. nr. 181 (2007–2008) om at lovfesting av offentleg eigarskap skal tas som ei eiga sak. Fleirtalet ber om at behovet for ei meir heilskapleg vass- og avløpslovgiving vert vurdert i samband med regjeringas arbeid med ei stortingsmelding om tilpassing til klimaendringane.

Fleirtalet viser til sitt forslag til lovvedtak.

Medlemene i komiteen frå Framstegspartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti vil vidare vise til at det over lengre tid, frå ulikt hald og gjennom fleire høyringar, vert etterlyst ei heilskapleg sektorlov og at regjeringa gjennom Innst. S. nr. 181 (2007–2008) vart beden om å vurdere dette. Dei faglege vurderingane som kom fram i NOU 2006:6 gav også slike føringar, utan at dette synest å vere særskild vurdert.

Desse medlemene meiner at det er behov for ei slik heilskapleg sektorlov som tydelig regulerer ansvarsforhold og rammene mellom tenestetilbydarane og abonnentane.

Desse medlemene fremmer følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa kome attende til Stortinget med ei heilskapleg norsk vass- og avløpslov.»