Departementet foreslår nye reglar for sakshandsaming
i saker om eigedomsskatt, i tillegg til ei lovteknisk endring av
takseringsreglane. Gjeldande sakshandsamingsreglar for eigedomsskatt er
særs mangelfulle, og difor trengst det nye slike reglar. I Ot.prp.
nr. 77 (2005–2006) varsla Finansdepartementet ein gjennomgang av reglane
om sakshandsaming og klage i eigedomsskattesaker. Eit forslag om
nye reglar for sakshandsaming blei sendt på høyring 15. november
2010, med frist for merknader den 12. februar 2011. Departementet
foreslo at forvaltningslova stort sett skal gjelde i eigedomsskattesaker,
men med nokre unntak.
Departementet foreslår som eit utgangspunkt
at forvaltningslova skal gjelde for handsaming av eigedomsskattesaker.
Dette gjeld mellom anna reglane om habilitet, dei generelle reglane
for sakshand-saming i forvaltningslova kapittel 3 (rettleiing, utgreiing,
rett til å bruke advokat mv.), varsel og innsyn mv.
Departementet har vurdert kva for unntak som bør
gjelde frå forvaltningslova. Departementet foreslår at teieplikta
skal følgje reglane i likningslova istadenfor reglane i forvaltningslova. Retten
til å få dekka sakskostnader skal òg følgje reglane i likningslova.
For vedtak om takst og overtakst foreslår departementet at kravet
til innhaldet i grunngjevinga i forvaltningslova § 25 blir erstatta
av eit krav om «stutt grunngjeving». Departementet foreslår òg eit
unntak frå kravet om grunngjeving for den årlege utskrivinga av eigedomsskatt.
Departementet foreslår å innføre ein særskild habilitetsregel som
inneber at medlem i formannsskapet ikkje kan delta i eigedomsskattenemnder.
Departementet foreslår òg eit unntak frå forvaltningslova § 11 d
andre ledd, om å skrive ned observasjonar tenestemenn gjer når dei
er med på synfaring i samband med taksering av eigedomen. Departementet
foreslår særskilde klagereglar for eigedomsskattesaker. Ei kommunal
klagenemnd skal avgjere alle eigedomsskatteklager, med mindre eigedomsskattekontoret
rettar vedtaket. Klagefristen skal vere seks veker frå utsending
av skattesetelen, etter mønster frå reglane i likningslova. Departementet
foreslår at klage over taksten kan bli fremja kvart år i samband
med utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlaget
tidlegare år.
Departementet foreslår å endre dei gjeldande reglane
om retting i eigedomsskattelova. Departementet foreslår at retting
til ugunst for skattytar som hovudregel må skje innan 1. mars året
etter utskrivinga av eigedomsskatt. For feil som følgje av at skattytar
har brote plikten til å gi opplysningar eller medverke til takseringa,
og for retting til gunst for skattytar, foreslår departementet at fristen
for omgjering er tre år frå utgangen av skatteåret. Dette svarar
til den allmenne foreldingsfristen på tre år. Departementet foreslår
at reglane i likningslova skal gjelde for omgjering av skattetakstane
for kraftanlegg. Departementet foreslår ei særskild regulering av
omgjering av takstvedtak framover i tid.
Ifølgje eigedomsskattelova § 23 gjeld likningslova
§ 11-1 nr. 4 og 5 og skattebetalingslova § 17-1 fjerde og femte
ledd på tilsvarande vis for søksmål og tvistar for tingretten i
sak om tvangsfullføring og mellombels sikring av eigedomsskatt.
Departementet foreslår ingen endringar i desse reglane for skattytar,
men foreslår ei tilsvarande søksmålsfrist for kommunen. Søksmålet
skal då bli retta mot leiaren av klagenemnda.
Departementet foreslår å innføre ei plikt for
eigar av fast eigedom til å gi opplysningar og medverke ved taksering
i samband med utskriving av eigedomsskatt, samt at skattytar ikkje
kan motsetje seg nødvendig fotografering av eigedomen i samband
med takseringa.
Departementet drøftar kvifor det ikkje blir foreslått
å gi kommunar rett til innsyn og klage ved fastsetjing av skattegrunnlaget
for kraftanlegg.
Departementet foreslår ei lovteknisk opprydding i
lovføresegner om fastsetjing av skattetakstane. Departementet meiner
det bør framgå av eigedomsskattelova at kommunal taksering er hovudregelen,
og at reglane om fastsetjing av skattegrunnlaget for kraftverk er
ein unntaksregel. Departementet foreslår difor å ta inn reglane i
byskattelova §§ 4 og 5 i eigedomsskattelova, utan at det skal skje
ei realitetsendring av gjeldande rett.
Departementet legg til grunn at dei økonomiske og
administrative følgjene av forslaget er små. Forslaget gjer at kommunane
og skattytarane vil få eit klårare regelverk å halde seg til når
det gjeld utskriving av eigedomsskatt. Både kommunar og skatt-ytarar
er vane med at forvaltningslova regulerer sakshandsaminga på ei
rekkje område. Mange av prinsippa i forvaltningslova har dessutan
vore gjeldande rett i eigedomsskattesaker på ulovfesta grunnlag.
Kommunen kan få meir arbeid og auka kostnader
som følgje av forslaget. Samstundes kan kommunen ha føremon av at
regelverket blir klårare og meir formålstenleg. Klageadgangen aukar, men
det er uklårt i kor stort mon den vil bli brukt. Dessutan har mange
kommunar allereie opna for klager i andre saker enn der klageretten
er lovfesta. Med bakgrunn i dette legg departementet til grunn at
overgangen til nye sakshandsamingsreglar i hovudsak, og i alle fall
etter ei tid, vil innebere eit enklare regelverk og lettare arbeid
for partane. Departementet legg til grunn at forslaget ikkje vil
gi utslag i provenyet frå eigedomsskatten.
Departementet føreset at kommunane skal få tid til
å områ seg før endringane blir sett i verk. Eigedomsskatten for
skatteåret 2012 er som hovudregel allereie skrive ut, jf. eigedomsskattelova
§ 14. Departementet foreslår difor at forslaget skal gjelde for
utskriving av eigedomsskatt frå og med eigedomsskatteåret 2013.
Komiteen slutter seg
til regjeringens forslag.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre merker seg at regjeringen
har foretatt en grundig gjennomgang av saksbehandlingsreglene i
eiendomsskattesaker, men uten at man har benyttet denne muligheten
til å komme tilbake til Stortinget med en gjennomgang av problematikken
rundt maskiner og lett flyttbart utstyr. Disse medlemmer viser
til Representantforslag 126 S (2010–2011) og behandlingen av dette.
Problemstillingen med at maskiner og lett flyttbart utstyr inkluderes
i eiendomsskattegrunnlaget brer om seg og påfører mange industribedrifter
en svært tung belastning. Eiendomsskatten forsterker dermed utfordringene
konkurranseutsatt industri må leve med og virker negativt inn på
bedriftenes evne til å investere for framtiden. Det er motsatt resept
av hva Norge må foreskrive for å kunne beholde slik virksomhet i
Norge. Disse medlemmer hadde forventet at regjeringen
kom med avklaring rundt disse spørsmålene når man allerede har brukt
mye ressurser på en gjennomgang av saksbehandlingsreglene for eiendomsskatter.
Disse medlemmer merker seg også
at departementet etter høringsutkastet ble presentert har svekket
skattyters sikkerhet når det gjelder dekning av sakskostnader og
klagebehandlingen (proposisjonens punkt 3.5.8 og 3.5.9). Disse medlemmer mener
at forvaltningsloven også burde vært gjort gjeldende for dekning
av saksomkostninger og tror at en ved klage ville være tjent med
noe annet enn et lokalt organ til å behandle klagen.