7. Innføring av elektronisk skattekort

7.1 Sammendrag

Departementet legg fram forslag om innføring av elektronisk skattekort. Forslaget inneber endringar i skattebetalingslova og likningslova. Forslaget er meint å skape forenklingar for arbeidsgivar, skattytar og skatteetaten, og er eit ledd i regjeringa si satsing på forenklingar for næringslivet og digitalt førsteval. Departementet foreslår endringar i måten skattekorta blir distribuert og handsama på, ved gjennomføring av forskotstrekk for personlege skattytarar. Forslaget inneber ikkje endringar i sjølve forskotsskattesystemet.

Departementet foreslår at arbeidsgivar får ei plikt til å innhente skattekort for sine tilsette direkte frå skatteetaten. Det foreslåast at skattekontora si plikt til å skrive ut og sende skattekort og frikort til skatt-ytarar, endrast slik at skattekontora etter den nye ordninga utstedar skattekort og gjer desse tilgjengelege for arbeidsgivarane elektronisk. Departementet foreslår at skattytar si plikt til å levere skattekort til arbeidsgivar blir oppheva, og at skattytar får innsynsrett i eigne skattekortopplysningar. I tillegg foreslår departementet fleire omgrepsendringar for å tilpasse regelverket til den nye ordninga.

Departementet foreslår at ordninga blir ei frivillig prøveordning i 2013, med full iverksetjing frå 2014.

Elektronisk skattekort kan på sikt gi vesentlege innsparingar for skatteetaten i form av reduserte kostnader til trykking og distribusjon som ei følgje av at ein legg til rette for elektronisk distribusjon til skattytar i staden for distribusjon på papir. Etaten sine samla kostnader til trykking og utsending av skattekort er i dag om lag 22,5 mill. kroner årleg. Med dagens del eAktørar (20 pst.) vil ordninga frå 2014 kunne gi ei årleg innsparing på om lag 4,5 mill. kroner, dersom ein føreset at skattetrekksmelding blir sendt elektronisk. Dersom den delen som er eAktørar aukar, vil innsparingane auke tilsvarande.

Ordninga medfører investeringskostnader på i underkant av 20 mill. kroner og om lag 10 mill. kroner til informasjonstiltak ved innføringa. I tillegg kjem driftsutgifter på i overkant av 3 mill. kroner årleg. Kostnadsramma til prosjektet er 30,4 mill. kroner for perioden 2012–2014. I statsbudsjettet for 2012 er det løyvt 15 mill. kroner til utviklingsarbeidet.

Departementet merker seg at dei fleste av høyringsinstansane støttar forslaget om ei frivillig prøveordning i 2013 og iverksetjing i 2014. Departementet foreslår at reglar for prøveåret blir gitt i eigen forskrift, og at endringane som er foreslått i skattebetalingslova og likningslova tek til å gjelde straks, med verknad frå og med inntektsåret 2014.

7.2 Komiteens merknader

Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.