Brev fra Miljøverndepartementet v/statsråden til energi- og miljøkomiteen, datert 7. november 2012

Dokument 8:128 S (2011-2012) frå stortingsrepresentane Jan-Henrik Fredriksen, Per-Willy Amundsen, Oskar J. Grimstad, Torgeir Trældal og Tone Liljeroth om krav til russiske styresmakter om reinsing av Norilsk Nikel

Eg viser til brev datert 9. oktober d.å. med oversending av representantskapsforslag 128 S (2011-2012) om krav til russiske styresmakter om reinsing av Norilsk Nikel.

Representantskapsforslaget gjeld same problemstilling som interpellasjonen frå representanten Jan-Henrik Fredriksen som eg svarte på i Stortinget 17. april i år. Sidan da har Energi- og miljøkomiteen vore på reise til Murmansk 9.-12. oktober, og møtt med representantar for bedrifta Petsjenganikel. Komitémedlemma har dermed fått førstehands kjennskap til planane til bedrifta og orienteringar frå ansvarlege medarbeidarar i Miljøverndepartementet, hos fylkesmannen i Finnmark og generalkonsulatet i Murmansk. Eg skal derfor her nøye meg med å trekke fram enkelte moment i svaret mitt på interpellasjonen og gje ei oppdatering av status og ei vurdering av kva vi bør gjere vidare.

Problemet med dei grenseoverskridande forureiningane frå nikkelproduksjonen på russisk side av grensa i nord, er ei særs vanskeleg sak i miljøvernsamarbeidet med Russland og ei belastning i det gode naboforholdet. Eg vil understreke at dette er ei sak der alle norske regjeringar har følgt ei klar og konsistent linje, basert på brei politisk semje. For regjeringa er det ei høgt prioritert sak å finne ei løysing som tek vare på omsynet til helse og miljø i grenseområdet.

Framleis er utsleppa av svoveldioksid og tungmetall frå Nikel uakseptabelt høge. Den moderniseringa som vart avtalt på regjeringsnivå, er ikkje blitt gjennomført. SO2 –utsleppa er om lag fem gonger så store som dei samla utsleppa i Noreg, og konsentrasjonen og nedfallet av tungmetall på norsk side viser aukande verdiar sidan 2004. Eit område som svarer til heile Sør-Varanger kommune må reknast som alvorleg forureina av tungmetall, noko som ifølge norske fagfolk er eit større miljøproblem enn SO2. Regjeringa er skuffa over at ein på russisk side så langt har vist liten vilje til reell handling i ei sak som tyder mykje for befolkninga i grenseområdet og for eit godt naboforhold mellom Noreg og Russland.

Likevel har det skjedd faktiske forbetringar. Utsleppa av svoveldioksid har blitt redusert mykje sidan dette var på sitt høgste på 1980-talet. Og sjølv om dette i stor grad heng saman med overgang til meir svovelfattig malm, har bedrifta tross alt gjennomført ei rekke tiltak for å redusere utsleppa. Dette heng saman med at vi frå norsk side har greidd å skape eit vedvarande press på politisk nivå, slik at russiske styresmakter etter kvart har begynt å vie utslippsproblema ved grensa større merksemd. Regjeringa har systematisk tatt opp saka på ein tydeleg måte overfor sine russiske motpartar, og saka har vore eit fast punkt på dagsordenen i møter på ministernivå og i den norsk- russiske miljøvernkommisjonen.

Som kjent vart saka også reist av statsministeren under besøket til president Medvedjev i Noreg i april 2010. Felleserklæringa frå dette møtet slår fast at utsleppa frå nikkelproduksjonen ved grensa gir grunn til bekymring og må ned til eit nivå som ikkje skader helse og miljø i grenseområdet, og at ein frå russisk side vil medverke til å setje i verk nødvendige tiltak for å redusere utsleppa. Vidare er det semje om å innhente objektiv informasjon om utsleppsnivået og styrke kontrollen og miljøovervakinga i grenseområdet. Erklæringa er viktig, fordi ho er eit uttrykk for at høgste politiske hald i Russland erkjenner at dette er eit problem dei må gjere noko med.

Som ei oppfølging av felleserklæringa arrangerte Miljøverndepartementet 3. og 4. juli i år eit møte med brei oppslutning frå norske og russiske styresmakter og frå Norilsk Nikel. Det blei klart at begge partar er på det rene med at vi står overfor eit miljøproblem som det må gjerast noko med, men at det er ulik oppfatning av kor alvorleg problemet er. Mens ein på russisk side er mest opptatt av utsleppa av SO2, meiner norske fagfolk at tungmetall er eit større problem enn SO2. Men fordi utsleppa av tungmetall ligg innanfor dei russiske grenseverdiane, får dette mindre merksemd i Russland.

Det var semje om at miljøovervakinga i grenseområdet bør styrkast med sikte på å gjere måleresultata meir samanliknbare og betre egna som grunnlag for kontroll, og at det må bli lagd større vekt på å informere folk om den faktiske miljøsituasjonen. Det at forureininga vekker bekymring hos lokalbefolkninga i grenseområdet, er i seg sjølv eit problem styresmaktene i dei to landa må ta på alvor.

Vi fekk opplyst at russiske miljøvernstyresmakter meiner utsleppa frå Petsjenganikel ligg innan gjeldande utsleppsløyve. Forklaringa på dette er at ei bedrift som ikkje klarar å halde dei ordinære utsleppskrava, jamfør russisk lov kan søkje om ei såkalla ”mellombels forhøgd utsleppsgrense”. Dette vil bedrifta normalt få, dersom det føreligg ein godkjent plan for trinnvis reduksjon av utsleppa ned til det nivået den ordinære utsleppsløyve fastset. I prinsippet skal eit slikt unntak berre kunne gjelde i 5‑ 7 år, og skal ikkje kunne fornyast. Det at Petsjenganikel har fått tildelt slike mellombels forhøgde utsleppsgrenser i år etter år, er for meg eit tankekors. Men det er regionale styresmakter som fastset fristen for når dei ordinære utslippskrava skal være oppnådd.

Frå bedrifta si side fekk vi opplyst at dei har sett seg som mål å tilfredsstille krava i den ordinære utsleppløyva i løpet av 2015, noko som tyder på utslepp i størrelsen 70.000 tonn svoveldioksid per år. Dette har dei håp om å oppnå med tiltak som alt de er i gang i Zapoljarnij, og ved å lukke inn smelteovnane i Nikel slik at ein blir kvitt det utsleppet som skjer på bakkenivå. Først når effekten av dette har blitt vurdert saman med norske ekspertar, vil ein eventuelt vurdere om det trengs ei meir omfattande modernisering.

Desse opplysningane er seinare blitt bekrefta både på miljøvernkommisjonsmøtet 17.–18. september og under besøket til Energi- og miljøkomiteens i Zapoljarnij 19. oktober. Russiske styresmakter seier rett ut at ein ikkje kan krevje raskare utsleppsreduksjonar enn det bedrifta, som er "det økonomiske lokomotivet" i regionen, toler. Norilsk Nikel bidreg med 40 prosent av bedriftsskatten til Murmansk fylke. Ein viser til at Petsjenganikel er ein hjørnesteinsbedrift med ansvar for to lokalsamfunn som er bygd opp kring gruve- og smelteverksindustrien. Ein stiller mellombels ikkje spørsmål ved eigarskapspolitikken til selskapet, som i dei seinare år har hatt særs store overskott, men som inntil nyleg har nedprioritert helse, arbeidsmiljø og ytre miljø på produksjonsstadene.

Det kan synest som om miljøvernstyresmaktene med lovgrunnlag og praksis med utslippskontroll av i dag ikkje f står sterkt nok til å påleggje et så mektig konsern som Norilsk Nikel å gjennomføre tiltak som ikkje ligg inne i konsernets egne strategiar. Det kan også synest som om ein legg mindre vekt på det grenseoverskridande aspektet enn det vi skulle ønske. Slik bildet ser ut, må ein nok ha eit nøkternt forhold til moglegheitene for å oppnå raske reduksjonar i utsleppa frå Petsjenganikel.

På litt lengre sikt kan det likevel være grunn til ein viss optimisme. Eg vil spesielt peike på fire moment:

Det eine er moderniseringa av russisk økonomi, som tvinger seg fram fordi det er eit skrikande behov for utskifting av ineffektivt og utdatert produksjonsutstyr. Dette gjeld i høg grad også for smelteverksindustrien, noko som vil være klart for alle som har sett anlegget i Nikel. Det er utarbeida handlingsplanar for ca 40 prosent reduksjon i energi- intensiteten i russisk økonomi innan år 2020.

Det andre er at der er i gang ein full revisjon av den russiske miljølovgivinga, som når han blir satt ut i livet, vil kunne gje Russland eit miljølovverk av internasjonal standard. Blant anna legg ein opp til ei fullstendig omlegging av praksis når det gjeld regulering av industriutslepp, ei styrking av tilsynsstyresmaktene og overgang til best tilgjengeleg teknologi. Både desse lovforslaga ligg til handsaming i den russiske nasjonalforsamlinga. Vidare er det vedteke ein ny miljøstrategi fram til år 2013 basert på moderne prinsipp, og ein er i gang med å utarbeide eit program for implementering av strategien. Sjølv om vi ikkje veit nøyaktig korleis lovene og handlingsplanen vil bli, eller når dei vert vedtekne, representerer dei skritt i riktig retning som ganske sikkert også vil få innverknad på korleis industrien må innrette si verksemd.

Det tredje er Russlands tilnærming til OECD. Russland er alt blitt medlem av Verdens handelsorganisasjon WTO. Ein russisk OECD- medlemskap vil bety at Russland må akseptera dei grunnleggjande prinsippa og retningslinene som gjeld på miljøområdet for OECD.OECD har tidlegare vist seg å være sterkt normgivande for medlemslanda, og har også tydd mykje for å gjere næringslivet meir ressurseffektivt. Ikkje minst følgjer OECD med på at landa faktisk lever opp til organisasjonen sine normer, lover og regler på miljøområdet. Det skjer no ei vurdering i OECD om Russland er i stand til og klar for å etterleve OECD sine standardar. Noreg er aktivt med i denne prosessen, og har her lagt særskild vekt på spørsmålet om russisk praksis med omsyn til regulering av utslepp frå industrien og grenseoverskridande forureining. Vi vil halde fram med å medvirke aktivt i dette arbeidet. Som lite naboland trur eg Noreg ville ha klare miljømessige føremoner av at Russland kom med i OECD, sjølv om vi nok måtte rekne med ein ganske lang overgangsperiode.

Det fjerde momentet eg vil peike på, er arbeidet med å få Russland til å slutte seg til relevante internasjonale konvensjonar og avtalar på miljøområdet. Dette gjeld i fyrste rekke Espoo- konvensjonen om konsekvensvurderingar for tiltak med grenseoverskridande effektar, Gøteborg- protokollen om reduksjon av fleire slag luftforureinande utslepp og Århus- konvensjonen om tilgang på miljøinformasjon. Dette tyder at Russland etter kvart tek på seg dei same forpliktingane som vestlege land på viktige miljøområde. Eg trur betre informasjon, større openheit og styrka kontakt mellom lokalsamfunna på både sider av grensa vil over tid krevje handling. Frå vår side legger vi etter evne press på Russland for at nasjonen skal slutte seg til desse avtalane.

Nikkelsaken er ei tung og vanskeleg sak som har vore som et gnagsår i naboskapen med Russland i lang tid. Tross årelang og målretta innsats frå norske styresmakter har vi framleis ikkje nådd målet, sjølv om situasjonen er betre enn da arbeidet starta i byrjinga på 1990-talet. Eg har freista å peike på nokre av grunnane til dette. Her finst ingen sesam- sesam- løysning. Eg meiner at styrka miljøovervaking og ein aktiv dialog med russiske styresmakter og konsernet, og oppfyljing av arbeidet med tiltak for å redusera utsleppa gjennom den blanda norsk- russiske økonomiske kommisjonen, vil være dei viktigaste konkrete tiltak vi kan setja i verk for å løyse problema knytt til utsleppa frå Nikel. Som eg understreka i interpellasjonsdebatten 17. april, er den einaste farbare vegen politisk dialog. Vi har sjølvsagt ikkje nokon moglegheit for å sette makt bak kravet til reinsing, og eg trur ikkje vi vil være tente med å forsøke å sette denne saka opp mot anna samarbeid mellom Noreg og Russland.

Men fordi ein vedgår på øvste politiske nivå i Russland at det må gjerast noko med utsleppa, og fordi sjølv Norilsk Nikel over tid er naudsynt til å høyre på sine eigne styresmakter, skal vi halde fram med å ta opp saka gjennom politiske kanalar og innanfor miljøvernsamarbeidet. I tillegg får vi håpe vi får draghjelp ved at Russland blir med i OECD og ved at Russland sluttar seg til internasjonale avtaler og konvensjonar. Målet må være å finne ei løysing på nikkelsaka som tener helse og miljø i grenseområdet, som fremjer ein god naboskap og som bidreg til å skape eit best mulig klima for eit fruktbart samarbeid i nord.

Eg vil til slutt enda ein gong understreke at det er Norilsk Nikel- konsernet og russiske styresmakter som har ansvaret for at utsleppa kjem på eit nivå som ikkje skadar helse og miljø i grenseområdet. Og sjølv om det skulle krevjast at vi held fram med å vise tålmod, så kjenner eg meg trygg på at tida tross alt arbeider for oss i denne saka.