Departementet viser til at ein del av dei kontraktfesta
prosjektinntektene til Havforskingsinstituttet blir innbetalte etterskotsvis,
slik at nokre av inntektene knytte til prosjektutgifter i budsjettåret
blir innbetalte året etter. Det kan difor bli for lite kontante
inntekter til å dekkje meirutgifter i oppdragsverksemda i 2012.
Departementet foreslår difor at Stortinget gir fullmakt til å overskride
løyvinga på post 21 med eit beløp som svarer til kontraktfesta innbetalingar
i 2013.
Departementet opplyser at det er inngått eit
forlik som inneber at staten v/Fiskeri- og kystdepartementet skal
betale ei erstatning til kreditorfellesskapet etter konkursen i
Nærøysund AS. Avtalt utbetaling i 2012 er 10 mill. kroner. Departementet
foreslår difor ei løyving på 10 mill. kroner på post 70 i 2012 mot
ei tilsvarande reduksjon av post 1.
Departementet viser til grunngjevinga under
kap. 1020 ovanfor om at ein del av dei kontraktfesta prosjektinntektene
til Havforskingsinstituttet blir innbetalte etterskotsvis, slik
at nokre av inntektene knytte til prosjektutgifter i budsjettåret
kjem året etter. Departementet foreslår difor at Stortinget gir
fullmakt til å overskride løyvinga på post 21 med eit beløp som
svarar til kontraktfesta innbetalingar i 2013.
Departementet viser til at ein del av dei kontraktfesta
prosjektinntektene til Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking
(NIFES) blir innbetalte etterskotsvis, slik at nokre av inntektene
knytte til prosjektutgifter i budsjettåret kjem året etter. Det
kan difor bli for lite kontante inntekter til å dekkje meirutgifter
i oppdragsverksemda i 2012. Departementet foreslår difor at Stortinget
gir fullmakt til å overskride løyvinga på post 21 med eit beløp
som svarer til kontraktfesta innbetalingar i 2013.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet,
Tor Bremer, Svein Gjelseth, Stine Renate Håheim, Truls Wickholm, Karin
Yrvin og leiaren Marianne Aasen, frå Framstegspartiet, Mette Hanekamhaug,
Tord Lien og Bente Thorsen, frå Høgre, Elisabeth Aspaker, Svein Harberg
og Eivind Nævdal-Bolstad, frå Sosialistisk Venstreparti, Heidi Sørensen,
frå Senterpartiet, Anne Tingelstad Wøien, frå Kristeleg Folkeparti,
Dagrun Eriksen, og frå Venstre, Trine Skei Grande, viser
til proposisjonen.
Komiteen sluttar seg til framlegga.
Komiteen viser til proposisjonen
og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2012 blir
det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
| | | |
| | Utgifter: | |
1020 | | Havforskingsinstituttet | |
| 1 | Driftsutgifter, blir
redusert med | 10 000 000 |
| | frå 355 623 000 til 345 623 000 | |
| 70 | (Ny) Erstatningsutbetalingar, blir løyvd med | 10 000 000 |
II
Fullmakt til overskriding mot etterfølgjande inntekter
Stortinget samtykker i at Fiskeri-
og kystdepartementet i 2012 kan overskride løyvinga under kap. 1020 post
21, kap. 1021 post 21 og kap. 1022 post 21 i samband med gjennomføringa
av bestemte oppdragsprosjekt, mot tilsvarande kontraktfesta innbetalingar
til desse prosjekta i 2013 under høvesvis kap. 4020 post 3, kap. 4021
post 1 og kap. 4022 post 1. Ved berekning av beløp som kan overførast
til 2013 under dei nemnte utgiftsløyvingane, skal det reknast med
alle ubrukte meirinntekter og mindreinntekter, samt eventuell inndekning
av tidlegare års overskriding på posten.
Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 29. november 2012
Marianne Aasen |
Svein Gjelseth |
leiar |
ordførar |