Helse- og omsorgsdepartementet foreslår i proposisjonen
å flytte gjeldande regulering av epikriseutsending frå helse- og
omsorgstenesta frå pasientjournalforskrifta og inn i helsepersonellova.
Endringa er i all hovudsak regelteknisk og ei rettskjeldemessig
forsterking ved at føresegna blir flytta frå forskriftsnivå til
lovnivå.
Vidare blir det foreslått å endre helsepersonellova
slik at det blir opna for eit avgrensa høve til å utlevere teiepliktige
opplysningar til bruk i læringsarbeid og kvalitetssikring.
Departementet foreslår òg nokre omgrepsmessige
og tekniske endringar i helseberedskapslova, helseregisterlova og
folkehelselova.
Høyringsnotatet med forslag til lovendringar blei
sendt på høyring i november 2012 med høyringsfrist i januar 2013.
Helse- og omsorgsdepartementet har fått inn høyringsfråsegner frå
50 instansar.
Plikta til å sende ut epikrise er i dag regulert
i pasientjournalforskrifta. Helsepersonellova inneheld inga eksplisitt
regulering av dette, sjølv om slikt høve til utlevering til ein
viss grad kan tolkast inn i dei generelle reglane i helsepersonellova,
jf. for eksempel § 25 og § 45.
Departementet foreslår at det i helsepersonellova blir
teke inn ei ny føresegn som i all hovudsak vidarefører den reguleringa
av epikrisar som i dag er teken inn i pasientjournalforskrifta § 9.
Departementet foreslår at føresegna blir teken inn som ny § 45 a
i helsepersonellova.
Samanlikna med pasientjournalforskrifta § 9
blir det i ny § 45 a foreslått nokre språklege og redigeringsmessige
endringar som ikkje har noko å seie reint materielt, jf. mellom
anna at rekkjefølgja på dei ulike ledda i dei gjeldande reglane
i forskrifta blir foreslått endra i forslaget til lovregel.
Det blir òg foreslått nokre endringar som til
ein viss grad kan seiast å vere av materiell art. Etter departementet
si vurdering kan forholdet mellom første ledd og tredje ledd i § 9
i pasientjournalforskrifta framstå som uklart og dels overlappande.
Det blir derfor foreslått at det i første ledd andre punktum i føresegna
går fram at det ved utskriving frå helseinstitusjon skal «oversendes
epikrise til innleggende eller henvisende helsepersonell, til det
helsepersonellet som trenger opplysningene for å kunne gi pasienten
forsvarlig oppfølgning, og til pasientens faste lege». Det er nytt
i forslaget til ny lovregel at det blir tydeleg presisert at epikrisen skal sendast til dei tre nemnde personellkategoriane.
Departementet foreslår òg at det i § 45 a blir
teke inn ein forskriftsheimel i tredje ledd i føresegna.
Helse- og omsorgsdepartementet har fått fleire førespurnader
frå helsepersonell og personellorganisasjonar som meiner at det
er uheldig at læringsarbeid og kvalitetssikring blir gjort vanskeleg
på grunn av at reglane om teieplikt i helsepersonellova i dag er
snevre når det gjeld utlevering av opplysningar.
Eit eksempel på situasjonar der det ut frå ein lærings-
og kvalitetssikringstankegang kan vere ønskjeleg med utlevering
av teiepliktige opplysningar, er når ambulansepersonell har frakta ein
pasient til sjukehus og etterpå ønskjer å få stadfesta om dei helsefaglege
undersøkingane, vurderingane og behandlingstiltaka dei gjorde, var
korrekte. Etter gjeldande lovregulering har sjukehuset berre i avgrensa
grad høve til å utlevere slike opplysningar.
Eit anna eksempel som illustrerer denne problemstillinga,
gjeld personell ved akuttmottaka ved sjukehusa. Ut frå ein lærings-
eller kvalitetssikringstankegang vil helsepersonell i akuttmottaket
ha behov for å få stadfesta om dei helsefaglege undersøkingane,
vurderingane og behandlingstiltaka som blei gjorde, var korrekte.
Også tilsette på ein sjukeheim som medverkar
til at ein bebuar blir innlagd på sjukehus, eller sjukepleiarar
som arbeider ved ei kommunal legevakt, kan ha interesse av å få
tilbakemelding frå sjukehuset om dei vurderingane, undersøkingane
og behandlingstiltaka som er gjorde, var korrekte.
Det kan òg tenkjast situasjonar innanfor den kommunale
helse- og omsorgstenesta der det kan vere ønskjeleg med utlevering
av opplysningar til bruk i læringsarbeid og kvalitetssikring, for
eksempel når ambulansepersonell vel å frakte ein pasient til ei
kommunal legevakt i staden for til akuttmottaket ved eit sjukehus,
og etterpå ønskjer å få stadfesta om den vurderinga dei gjorde ved
ikkje å frakte pasienten direkte til sjukehus, var korrekt.
Ein kan òg tenkje seg situasjonar der pasientar etter
undersøking ved akuttmottaket ved sjukehuset får melding om at vidare
undersøking og behandling kan skje ved den kommunale legevakta.
I desse situasjonane kan personell i akuttmottaket ha behov for
opplysningar frå den kommunale legevakta for å få stadfesta at dette var
ei helsefagleg korrekt vurdering.
Departementet foreslår å endre helsepersonellova
slik at det blir innført eit avgrensa høve til å utlevere teiepliktige
opplysningar i samband med læring og kvalitetssikring. Ei slik regulering blir
foreslått i form av ein ny § 29 c i helsepersonellova.
Det blir vist til at eit slikt høve til å utlevere
opplysningar kan innebere ei viss svekking av personvernet til den
enkelte pasienten. Det blir derfor foreslått at høvet til å utlevere
opplysningar skal avgrensast slik at inngrepet i personvernet til
den enkelte blir minst mogleg. Mellom anna blir det foreslått at
opplysningar berre skulle kunne utleverast dersom det kan grunngivast
ut frå lærings- og kvalitetssikringsomsyn, og at opplysningar berre
skal kunne utleverast til helsepersonell som har teke del i den
totale ytinga av helsehjelp til pasienten før anna personell eller
behandlingsnivå har teke over behandlingsansvaret for pasienten.
Det blir vidare foreslått at det ikkje skal
vere høve til å utlevere opplysningar dersom den det gjeld, motset
seg dette. Departementet meiner imidlertid at det ikkje skal vere
eit vilkår for utlevering at ein har innhenta eksplisitt samtykke frå
pasienten.
Departementet foreslår at det i forslaget til
ny § 29 c andre ledd blir teke inn ei presisering om at det i pasientjournalen
skal dokumenterast kven som har fått utlevert opplysningar, og kva for
opplysningar som i så fall er utleverte.
Det blir foreslått presisert i lovregelen at
det uansett ikkje skal utleverast fleire opplysningar enn det som
er nødvendig og relevant for formålet.
Departementet peiker på at i dei tilfella som
den foreslåtte § 29 c skal regulere, er ikkje helsehjelp til den
enkelte pasienten formålet med utleveringa av opplysningar. Formålet
er læring og kvalitetssikring for helsepersonell som ikkje skal medverke
i den vidare helsehjelpa til pasienten. Slik departementet vurderer
det, vil derfor ikkje helsepersonellova § 40 gi heimel for mottakaren av
opplysningane til å behandle opplysningar om pasienten og helsehjelpa.
Dette tilseier at opplysningane ikkje kan lagrast i personidentifiserbar
form, og at mottekne opplysningar i personidentifiserbar form må
slettast fortløpande. Departementet legg vidare til grunn at mottekne
opplysningar ikkje skal kunne danne grunnlag for eit register der
det inngår opplysningar om fleire pasientar vedkomande helsepersonell
tidlegare har ytt helsehjelp til.
Departementet legg til grunn at både førespurnaden
om å få utlevert opplysningar og sjølve utleveringa av opplysningar
skal kunne skje anten munnleg eller skriftleg.
Forslaget om lovregulering av høve til utlevering
av teiepliktige opplysningar til bruk i læringsarbeid og kvalitetssikring
kan ha visse personvernmessige konsekvensar. Det som er nytt med
forslaget, er at slike opplysningar skal kunne utleverast til helsepersonell
som har avslutta sitt bidrag til helsehjelpa.
Departementet legg til grunn at dei personvernmessige
konsekvensane må seiast å vere små og at det her er snakk om utlevering
av opplysningar med eit legitimt og svært viktig formål. Departementet
viser òg til at det i forslaget til ny § 29 c i helsepersonellova
blir foreslått ei presisering av at det i pasientjournalen skal
dokumenterast kven som har fått utlevert opplysningar, og kva for
opplysningar som er utleverte. Departementet legg til grunn at dei
personvernmessige konsekvensane av forslaget må seiast å vere så små
at dei fordelane ein kan oppnå ved forslaget i form av læring og
kvalitetssikring, veg klart tyngre.
Etter departementet si vurdering vil forslaga
i proposisjonen samla sett ha avgrensa administrative og økonomiske
konsekvensar.
Departementet foreslår at § 2-2 første ledd
blir endra slik at kommunen sitt ansvar for planlegging og krav
til beredskapsførebuingar innanfor miljøretta helsevern går fram
av helseberedskapslova direkte.
Departementetforeslår
at omgrepet «sertifisering» blir teke inn i det som etter endring
22. juni 2012 er helseregisterlova § 16 femte ledd. Helseregisterlova
§ 6 tredje ledd viser til § 16 fjerde ledd. Som følgje av at § 16
fjerde ledd ved Stortingets lovvedtak 72 (2011–2012) blei flytta til
§ 16 femte ledd, foreslår departementet at tilvisinga i § 6 tredje
ledd blir endra til § 16 femte ledd.
Departementet foreslår at § 13 andre ledd om gransking
blir endra slik at ordlyden blir tilsvarande det som sto i den tidlegare
kommunehelsetenestelova § 4 a-7, dvs. at setninga om at «kommunen
kan videre pålegge virksomhet å innhente ny vurdering som nevnt
i § 10 annet ledd», blir teken inn som nytt tredje punktum.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Håkon Haugli, Are Helseth, Tove Karoline Knutsen, Thor Lillehovde,
Sonja Mandt og Wenche Olsen, fra Fremskrittspartiet, Jon Jæger Gåsvatn, Kari
Kjønaas Kjos og Per Arne Olsen, fra Høyre, lederen Bent Høie, Sonja Irene
Sjøli og Erna Solberg, fra Sosialistisk Venstreparti, Audun Lysbakken,
fra Senterpartiet, Kjersti Toppe, og fra Kristelig Folkeparti, Line
Henriette Hjemdal, viser til at proposisjonen omhandler
flytting av regulering av epikriseutsendelse fra forskrift til lov
om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven), endring av helsepersonelloven
slik at det blir begrenset adgang til å utlevere taushetsbelagte
opplysninger til bruk i læringsarbeid og kvalitetssikring, og forslag
om enkelte tekniske og begrepsmessige endringer i helseberedskapsloven,
helseregisterloven og folkehelseloven. Komiteen merker seg
at forslagene til endring i helsepersonelloven har vært på høring,
mens det ikke er gjennomført høring knyttet til de tekniske og begrepsmessige endringer
i øvrige lover omtalt i proposisjonen.
Komiteen støtter at
regulering av epikriseutsending flyttes fra forskrift og inn i helsepersonelloven,
og komiteen merker seg at flertallet av høringsinstansene
som har kommentert denne delen av høringsnotatet, støtter forslaget
fra departementet.
Komiteen merker seg høringsuttalelsen
fra Universitetssykehuset i Nord-Norge HF (UNN) som foreslår å lovfeste
at også pasienten skal motta kopi av egne epikriser, og at UNN har høstet
gode erfaringer med å praktisere dette. Norsk Manuellterapeutforening
støtter også dette. Komiteen er enig med departementet
i at gjeldende krav til muntlig og skriftlig informasjon til pasienter
er omfattende og helt forenlig med at helseinstitusjoner velger
å bruke epikrisen som del av et samlet informasjonsopplegg. KS og
Trondheim kommune påpeker at epikrise bør utsendes samtidig med
utskriving og ellers så raskt som mulig, og KS ønsker dette tydeliggjort
i lovteksten. Komiteen gir tilslutning til teksten
i proposisjonen hvor det tydelig står at epikrisen skal sendes så
raskt som mulig og som hovedregel ved utskriving. Komiteen vil
bemerke at fastlege og andre som overtar et behandlingsansvar for
pasienten, raskt vil ha behov for informasjonsgrunnlaget som foreligger
ved utskriving, slik at venting på prøvesvar som kommer sent, ikke
alene kan begrunne sen utsendelse av epikrise. Komiteen noterer
seg at Datatilsynet ikke har noen kommentarer til dette forslaget. Komiteen noterer
seg at Norsk Psykologforening er kritisk til en ordning der epikrise
skal sendes til innleggende instans, til helsepersonell som skal
delta i oppfølgingen og til fastlegen. Komiteen viser
til at de foreslåtte endringer i det vesentlige viderefører gjeldende rett. Komiteen finner
samlet sett at når epikrisen skal ivareta både informasjon og kvalitetssikring,
bør den gå til helsepersonell som har hatt behandlingsoppgaver både
før og etter opphold i helseinstitusjon.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Høyre og Kristelig Folkeparti mener det er avgjørende med
et felles IKT-system for hele helsesektoren. Et slikt IKT- system ville
gitt mulighet til å sende informasjon elektronisk på tidspunktet
for utskriving til hele helsetjenesten, på tvers av nivåene og på
tvers av regionene. Disse medlemmer mener dette er avgjørende
dersom man skal lykkes med målsettingen om at epikrise normalt skal
sendes ved utskriving. Ved å ha et slikt felles nasjonalt system
trenger man heller ikke å vente på nye opplysninger som ikke er
kjent på utskrivningstidspunktet, da disse enkelt kan ettersendes
i det samme systemet. Disse medlemmer mener det er
passivt å beskrive dagens utfordringer i en situasjon der helsetjenesten mangler
nødvendige teknologiske hjelpemidler, uten at man også skisserer
en ny løsning.
Proposisjonen fremmer videre forslag
om endringer i helsepersonelloven for å åpne for avgrenset utlevering
av taushetsbelagt informasjon til bruk i læringsarbeid og kvalitetssikring. Komiteen minner
om at taushetsplikten i helsepersonelloven setter strenge vilkår
for helsepersonell når det gjelder utlevering av taushetsbelagte
opplysninger.
Komiteen merker seg at dagens
regelverk begrenser muligheten for læring og kvalitetsutvikling,
eksempelvis for ambulansepersonell etter avsluttet oppdrag, for
personell i akuttmottak etter at pasienten er flyttet til avdeling,
og for personell på sykehjem som forbereder en innleggelse til sykehus. Komiteen finner
det derfor riktig å gjøre visse endringer i helsepersonelloven slik
at det blir begrenset mulighet til å utlevere taushetsbelagt informasjon
i forbindelse med læring og kvalitetssikring.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser
til Dokument 15:570 (2011–2012) der stortingsrepresentant Per Arne
Olsen tok opp akkurat denne problemstillingen med statsråden for
mer enn et år siden. Disse medlemmer mener det er
grunn til å gi ros til regjeringen som har tatt tak i denne problemstillingen,
slik den ble oppfordret til av Fremskrittspartiet.
Komiteen legger vekt
på at slik utlevering skal avgrenses slik at inngrepet i personvernet
blir minst mulig. Komiteen merker seg at et flertall av
høringsinstansene støtter denne delen av høringsnotatet, og at noen
høringsinstanser har gitt utdypende kommentarer eller forslag til
justeringer. Komiteen merker seg at Psykologforeningen
uttaler seg prinsipielt imot høringsutkastet og blant annet uttaler
«Innen psykisk helse og rus er vår oppfatning at mange pasienter
allerede i dag utsettes for uhensiktsmessig informasjonsflyt hvor
personsensitive opplysninger distribueres ukritisk». Komiteen mener
Psykologforeningen reiser en viktig problemstilling, og komiteen vil
understreke at det skal være strenge vilkår for utlevering av taushetsbelagte
opplysninger. Komiteen forutsetter at helsepersonell
ikke utleverer opplysninger i strid med taushetspliktregelverket,
herunder at utlevering av taushetsbelagte opplysninger innenfor
regelverkets rammer uansett begrenses til de opplysninger som er
relevante og nødvendige for formålet. Komiteen er
i den forbindelse også kjent med at det i regi av Helse- og omsorgsdepartementet
og Justis- og beredskapsdepartementet er nedsatt to arbeidsgrupper
som skal se nærmere på taushetsplikt, opplysningsplikt og -rett
og kommunikasjon mellom samarbeidende offentlige etater/instanser.
Den arbeidsgruppen som ledes av Helse- og omsorgsdepartementet,
skal blant annet gjennomføre en kartlegging av praktiseringen av regelverket,
og dette skal inngå i dokumentasjonsgrunnlaget til et pågående lovrevisjonsarbeid
under ledelse av Justis- og beredskapsdepartementet. Komiteen merker seg
at Datatilsynet mener forslaget har et legitimt og viktig formål.
Datatilsynet foreslår at det skal begrunnes hvorfor det utleveres
personidentifiserbare opplysninger til kvalitetssikringsformål.
Helsedirektoratet uttaler også at dokumentasjon i pasientens journal
bør presiseres i lovteksten. Komiteen er enig i at
dette nå blir presisert i forslaget til ny § 29 c andre ledd.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet,
Høyre og Kristelig Folkeparti peker på at man ved å innføre
et moderne IKT-system for helsesektoren vil få anledning til å spore
hvem som har vært inne og hentet ut informasjon fra pasientenes
journal. Disse medlemmer mener dette vil gi grunnlag
for å hindre journalsnoking og journaler på avveie.
Disse medlemmer ser at ny § 29 c
i helsepersonelloven kan være med på å svekke pasientenes personvern
ved at det åpnes opp for å utlevere nåværende taushetsbelagte pasientopplysninger
i et lærings- og kvalitetssikringsarbeid. Disse medlemmer er
opptatt av at pasientens personvern blir minst mulig svekket, og
har en klar forventning om at de avgrensningene som departementet
legger opp til gjennom at personvernopplysninger bare skal gis ut
fra lærings- og kvalitetshensyn, at det bare er helsepersonell som
direkte har gitt helsehjelp, som skal se opplysningene, og at kvalitets-
og læringsarbeidet ikke er mulig hvis pasientene motsetter seg dette,
blir etterfulgt når ny § 29 c trår i kraft. Disse medlemmer har
en klar forventning til departementet om at det lages etterprøvbare
systemer hvor det kan ses hvem som får personopplysninger, og hvilke
personopplysninger som blir utlevert.
Disse medlemmer mener også at
helsepersonell kan forbedre sitt arbeid gjennom å lære av de «gode
hendelsene» som skjer hver dag, slik at flere pasienter kan nyte
godt av bedre helsehjelp når de trenger det. Dette kan skje uten
at ny § 29 c må brukes.
Tilrådinga frå komiteen vert fremja av ein samla komité.
Komiteen viser til
proposisjonen og merknadene og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak til lov
om endringar i helsepersonelloven m.m. (utsending av
epikrisar og utlevering av teiepliktige opplysningar til bruk i
læringsarbeid og kvalitetssikring m.m.)
I
I lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. skal
det gjerast følgjande endringar:
Ny § 29 c skal lyde:
§ 29 c Opplysninger til bruk
i læringsarbeid og
kvalitetssikring
Med mindre pasienten motsetter seg det, kan taushetsbelagte
opplysninger etter særskilt anmodning gis til annet helsepersonell
som tidligere har ytt helsehjelp til pasienten i et konkret behandlingsforløp,
dersom utleveringen er begrunnet i lærings- og kvalitetssikringshensyn.
Utlevering etter første ledd skal begrenses til
de opplysninger som er nødvendige og relevante for formålet. I pasientens
journal skal det dokumenteres hvem opplysninger har blitt utlevert
til og hvilke opplysninger som har blitt utlevert, jf. § 40.
Ny § 45 a skal lyde:
§ 45 a Epikrise
Pasienten bør gis anledning til å opplyse hvem epikrise
skal sendes til. Med mindre pasienten motsetter seg det, skal det
ved utskrivning fra helseinstitusjon oversendes epikrise til innleggende
eller henvisende helsepersonell, til det helsepersonellet som trenger
opplysningene for å kunne gi pasienten forsvarlig oppfølging, og
til pasientens faste lege. Det skal også sendes epikrise ved poliklinisk
behandling eller behandling hos spesialist.
Dersom det ikke er mulig å sende epikrise samtidig
med utskrivning, skal epikrise uansett sendes innen forsvarlig tid
etter at helsehjelpen er avsluttet.
Med epikrise menes sammendrag av tilgjengelige journalopplysninger
i tilknytning til undersøkelse eller behandling av en pasient som
er nødvendige for at videre behandling eller oppfølging av pasienten innenfor
helse- og omsorgstjenesten kan skje på en forsvarlig måte. Departementet
kan i forskrift gi nærmere bestemmelser om plikten etter første
og andre ledd, herunder hvem epikrise skal sendes til, hvilke opplysninger
epikrisen skal inneholde, og når epikrisen skal være sendt.
II
I lov 23. juni 2000 nr. 56 om helsemessig og sosial
beredskap skal § 2-2 første ledd lyde:
Kommuner, fylkeskommuner, regionale
helseforetak og staten plikter å utarbeide en beredskapsplan for
de helse- og omsorgstjenester eller sosialtjenester de skal sørge
for et tilbud av eller er ansvarlige for. Kommuner skal
også utarbeide beredskapsplan for sine oppgaver etter folkehelseloven
kapittel 3. Beredskapsplanen skal også omfatte tjenester
som etter lov eller avtale tilbys av private virksomheter som en
del av de respektive tjenester. Det skal også i nødvendig utstrekning
utarbeides delplaner for aktuelle institusjoner og tjenesteområder.
III
I lov 18. mai 2001 nr. 24 om helseregistre og behandling
av helseopplysninger skal det gjerast følgjande endringar:
§ 6 tredje ledd skal lyde:
Kongen kan i forskrift gi nærmere bestemmelser om behandling
av helseopplysninger i behandlingsrettede helseregistre, herunder
om godkjenning av programvare og andre forhold som nevnt i § 16 femte ledd.
§ 16 femte ledd skal lyde:
Kongen kan gi forskrift om sikkerhet ved behandling av
helseopplysninger etter denne lov. Kongen kan herunder sette nærmere
krav til elektronisk signatur, kommunikasjon og langtidslagring,
om godkjenning (autorisasjon) av programvare, sertifisering og
om bruk av standarder, klassifikasjonssystemer og kodeverk, samt
hvilke nasjonale eller internasjonale standardsystemer som skal
følges.
IV
I lov 24. juni 2011 nr. 29 om folkehelsearbeid skal
§ 13 andre ledd lyde:
Den som utfører granskingen,
skal uhindret ha adgang til å inspisere eiendom og virksomhet og
til å ta nødvendige prøver uten godtgjøring. Det kan kreves fremlagt
dokumenter og materiale og kreves foretatt undersøkelser som kan
ha betydning for kommunens gjøremål etter dette kapittel. Kommunen kan
videre pålegge virksomhet å innhente ny vurdering som nevnt i §
10 annet ledd. Omkostninger forbundet med granskingen
betales av den ansvarlige for eiendommen eller virksomheten.
V
Lova tek til å gjelde frå det tidspunkt Kongen bestemmer.
Kongen kan setje i verk dei einskilde føresegnene til ulik tid.
Oslo, i helse- og omsorgskomiteen, den 14. mai 2013
Bent Høie |
Are Helseth |
leder |
ordfører |