I proposisjonen gjer Justis- og beredskapsdepartementet
framlegg om diverse endringar i straffeloven, straffeprosessloven
og straffegjennomføringsloven. Framlegga er dels ledd i det laupande
arbeidet med revisjon av lovverket for straffegjennomføring, men
òg ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 37 (2007–2008) Straff som
virker – mindre kriminalitet – tryggere samfunn (kriminalomsorgsmelding).
Proposisjonen inneheld mellom anna framlegg om
nye heimlar for direkte innsetjing i overgangsbustad og overføring
mellom gjennomføringsformer. Einskilde føresegner er berre av språkleg
art.
Departementet legg elles til grunn at lovframlegga
ikkje vil gjeve særskilte administrative eller økonomiske konsekvensar.
Eventuelle meirutgifter som følgje av framlegga kan verte dekka innanfor
gjeldande budsjettrammer.
Det følgjer av straffeprosessloven § 163 fyrste ledd
at det er «vedkommende lokale kontor for kriminalomsorg i frihet»
som peikar ut ein skikka person til å gjennomføre personundersøking, om
ikkje retten har oppnemnd ein særskild person til å utføre undersøkinga.
Departementet meinte i høyringsnotatet at det
er ei upraktisk løysing at berre «det lokale kontor for kriminalomsorg
i frihet» kan peike ut kven som skal utføre personundersøking. Det
vart difor foreslått å endre straffeprosessloven § 163 fyrste ledd,
slik at kompetansen til å peike ut personundersøkarar vert lagd
til kriminalomsorga. Dette vil innebere ei meir fleksibel nytting
av ressursane. Nærmare om retten til å peike ut personundersøkarar,
samt kven som skal utføre undersøkinga, vart foreslått regulert
i forskrift.
Departementet foreslår at kriminalomsorga –
og ikkje som i dag spesifisert til kriminalomsorga i fridom – skal
peike ut personundersøkarar. Regionkontora vil kunne fange opp tilfelle
kor det vil vere meir formålstenleg om andre enn det lokale friomsorgskontoret
gjennomfører personundersøkinga. Departementet kan heller ikkje sjå
at dette skulle vere problematisk for påtalemakta.
Etter gjeldande rett skal vedtak om fullføring
av subsidiær fengselsstraff etter straffeloven § 28 b fyrste ledd
bokstav a og fengselsstraff etter straffeloven § 54 nr. 2, treffast
av regionalt nivå i kriminalomsorga. Dette følgjer av straffeprosessloven
§ 455 fyrste ledd fjerde setning, jf. straffegjennomføringsloven
§ 58 andre ledd.
Endringsframlegget går ut på å leggje inn «reststraff
etter prøveløslatelse etter straffegjennomføringsloven § 44» i ordlyden,
da visinga til § 44 ved ein inkurie ikkje er teke med i lovføresegna. Ingen
av høyringsinstansane har innvendingar mot framlegget. Departementet
ynskjer difor å endre lova i samsvar med framlegget, slik at òg innsetjing
for soning av reststraff vert avgjort av regionalt nivå i kriminalomsorga.
Ekomloven § 2-9 pålegg både tilbydarar av elektronisk
kommunikasjonsnett eller kommunikasjonsteneste, og personar som
utfører arbeid eller teneste for ein slik tilbydar, teieplikt om
bruk av elektronisk kommunikasjon. Teieplikta omfattar innhaldet
i kommunikasjonen og andre personar sin bruk av elektronisk kommunikasjon. Omgrepet
«bruk» omfattar alle sider av eit abonnement av elektronisk kommunikasjon.
Dette medfører at mellom anna trafikkdata, lokaliseringsdata (opplysingar
om tilknyting til ein basestasjon), tidspunkt for logging av og
på Internett – eller e-postteneste, samt abonnement- og brukardata,
er underlagt teieplikt.
Politiet og påtalemakta har, etter ekomloven
§ 2-9 fyrste ledd tredje punktum, tilgjenge til avtalebasert hemmeleg
telefonnummer og andre abonnementopplysingar, medrekna elektronisk kommunikasjonsadresse.
Unntaket frå teieplikta er ikkje avgrensa til arbeid med etterforsking
av straffesaker. Denne typen opplysingar kunne dermed nyttast av
politiet i samband med innkalling av straffedømde til soning, før
denne oppgåva ved lov vart overført frå politiet til kriminalomsorga.
Einskilde andre myndigheiter har òg, på særskilde
vilkår, tilgjenge til denne typen opplysingar med heimel i merverdiavgiftsloven,
tolloven og ligningsloven. Desse unntaksheimlane er grunngjevne
i kontrollomsyn, og dei er eit middel for å fremje varetaking av
myndigheitene sine lovpålagte kontrolloppgåver.
Høvet til å ha hemmeleg telefonnummer mv. er grunngjeve
i omsynet til sjølve å ha kontroll over sitt eige privatliv og sine
kontaktopplysingar. Ynskje om å kontrollere kven som har tilgjenge til
opplysingane er likevel ikkje tungtvegande i alle samanhengar. Høvet
til å ha hemmeleg kontaktinformasjon bør ikkje kunne nyttast som
eit middel for å unndra seg fullbyrding av straff.
Departementet ynskjer på bakgrunn av dette ein noko
snevrare ordlyd, som av omsyn til personvernet ikkje er meir omfattande
enn kva som er naudsynt for varetaking av formålet med føresegna.
Departementet ynskjer difor ikkje å ta med uttrykket «elektronisk
kommunikasjonsadresse» i lovframlegget, og heimelen vil etter dette
omfatte «avtalebasert hemmelig telefonnummer eller andre abonnementsopplysninger». Å
utelate «elektroniske kommunikasjonsadresser» frå ordlyden vil ikkje
vere til hinder for seinare å vurdere bruk av e-post ved innkalling
til soning.
Departementet meiner at lovframlegget om tilgjenge
til opplysingane er i samsvar med EMK artikkel 8, og går inn for
at lovframlegget vert teke inn i straffegjennomføringsloven § 7
a.
Hovudregelen ved innsetjing i fengsel er at
kriminalomsorga skal setje domfelte direkte inn i fengsel med høgt
tryggleiksnivå. Dersom det er idømd fengselsstraff på inntil 2 år,
skal kriminalomsorga vurdere om domfelte kan setjast direkte inn
i fengsel med lågare tryggleiksnivå. Slik innsetjing skal ikkje
finne stad dersom formålet med straffa eller omsynet til tryggleiken
talar mot det, eller dersom det er grunn til å anta at domfelte
vil unndra seg straffegjennomføringa. I særlege tilfelle kan domfelte
setjast direkte inn i fengsel med lågare tryggleiksnivå.
Når delar av straffa er gjennomført, kan innsette overførast
frå fengsel med høgt eller lågare tryggleiksnivå til fortsatt straffegjennomføring
i overgangsbustad. Overføring skal ikkje finne stad dersom formålet
med straffa eller omsynet til tryggleiken talar mot det, eller dersom
det er grunn til å anta at innsette vil unndra seg straffegjennomføringa.
Departementet ynskjer å auke bruken av straffegjennomføring
i fengsel med lågare tryggleiksnivå. Høve til direkte innsetjing
i overgangsbustad vil skape ytterlegare moglegheiter for at domfelte
kan gjennomføre straff i fengsel med lågare tryggleiksnivå, i tråd
med prinsippa i St.meld. nr. 37 (2007–2008) Straff som virker. Departementet
vidarefører difor framlegget i høyringsnotatet om at føresegn om
direkte innsetjing i overgangsbustad vert teke inn i straffegjennomføringsloven
§ 11.
Normalitetsprinsippet er sentralt under soning
i overgangsbustad. Dei innsette får moglegheit til butrening, utvikling
av sosiale eigenskapar og varetaking av forholdet til familie og
pårørande, samstundes som dei er under straffegjennomføring og må
rette seg etter dei rammer kriminalomsorga set for soninga. Soning
i overgangsbustad gjev òg betre moglegheiter for å oppretthalde
kontakt med anna sosialt nettverk, som skule og arbeidsplass, under
soninga.
Nærmare føresegner om ordninga, medrekna utveljing
av kandidatar og organisering av aktivitetstilbod, vert gjevne i
forskrift og retningslinjer.
Dei ulike heimlane for tvungen overføring av innsette
til anna fengsel finst i § 14 fyrste ledd:
«Kriminalomsorgen kan overføre innsatte til et annet
fengsel dersom
a) det er
sannsynlig at innsatte har begått eller vil begå en straffbar handling,
b) det er grunn til å anta at innsatte
vil unndra seg gjennomføringen,
c) innsatte til tross for skriftlig advarsel
har særlig negativ innflytelse på miljøet i fengslet,
d) overføring er nødvendig for å opprettholde
ro, orden og sikkerhet i fengslet, eller
e) bygningsmessige eller bemanningsmessige forhold
eller plassmangel gjør det nødvendig.»
Overføring i samsvar med bokstavane a, b og
c er grunngjeve i omstende innsette kan lastast for, medan overføring
med heimel i bokstav e er grunngjeve i behov i kriminalomsorga.
Overføring med heimel i bokstav d kan vere grunngjeve i omstende
knytt til både den innsette og kriminalomsorga.
Framlegga om endring av § 14 har sin bakgrunn i
forslag frå kriminalomsorga. Det er gjort framlegg om endring av
reglane for overføring ved «særlig negativ innflytelse på miljøet
i fengselet», samt av omsyn til tilsette, av omsyn til fangesamansettinga
og for å vareta innsette sine behov.
Departementet meiner difor at omsynet til rettstryggleik
og likebehandling tilseier at føresegna burde endrast, og foreslår
på denne bakgrunnen å endre føresegna til «dette er nødvendig for
å hindre at innsatte, til tross for at adferdssamtale er gjennomført,
fortsetter å påvirke miljøet i fengslet på en særlig negativ måte».
Nærmare reglar for bruk av åtferdssamtale og åtferdsavtale vert
gjevne i retningslinjer til straffegjennomføringsloven.
Det er i dag ikkje nokon uttrykkeleg heimel
for overføring av ein innsett på bakgrunn av omsynet til ein konkret
tilsett. I einskilde tilfelle, til dømes ved vald og truslar mot
tilsette, kan det likevel vere grunnlag for å overføre med heimel i
straffegjennomføringsloven § 14 fyrste ledd bokstav d, for å oppretthalde
ro, orden og tryggleik i fengselet.
Departementet ynskjer difor heller at føresegna skal
gjelde «når særlige forhold foreligger som gjør overføring nødvendig
av hensyn til en tilsatt eller vedkommendes tjenesteutøvelse eller
omstendighetene for øvrig gjør det påkrevet». Føresegna vil da omfatte
eit vidare spekter av omstende ved forholdet mellom ein innsett
og ein tilsett, men likevel vere avgrensa til omstende som har påverknad
på den tilsette eller utøving av tenesta. Dette kan til dømes vere
i form av psykiske belastningar, at den tilsette sin habilitet og
tillita til kriminalomsorga vert svekka eller andre omstende som
kan hindre ei forsvarleg tenesteutøving. Framlegget vil òg gjeve heimel
for overføring når tilsette eller tilsette sine nærståande er fornærma
eller etterlatne i innsette si straffesak. For den tilsette vil
belastninga ved å måtte møte og omgåast den aktuelle innsette på
arbeidsplassen kunne vere like aktuell, trass i at den idømde straffa
er ferdig sona. Departementet meiner difor at òg tidlegare domfellingar,
kor den tilsette eller nokon av den tilsette sine nærståande er
fornærma eller etterlatne, vil kunne gjeve grunn til overføring
av innsette. Det same kan òg gjelde dersom den innsette er sikta
for eit straffbart forhold, til dømes vald eller truslar, kor den
tilsette sjølv eller tilsette sine nærståande er fornærma eller etterlatne.
Omstende rundt siktinga kan vere av ein slik belastande karakter
at innsette bør kunne overførast, trass i at straffesaka framleis
ikkje er rettskraftig avgjord.
Sentralforvaltninga for kriminalomsorga vil gjeve
nærmare retningslinjer for skjønsutøvinga ved overføring av innsette.
Plassering og flytting av tilsette internt i dei ulike einingane
ligg innafor arbeidsgjevar sin styringsrett.
Kriminalomsorga har i dag ikkje høve til å overføre
innsette til anna fengsel aleine på bakgrunn av omsynet til fangesamansetjinga.
Fangesamansetjinga kan likevel vere eit av momenta som er relevante
å vurdere ved ei overføring på bakgrunn av omsynet til ro, orden
og tryggleik. Departementet meiner at det er behov for ein heimel
for overføring av innsette til ei anna avdeling når det er naudsynt
av omsyn til fangesamansetjinga. Heimelsgrunnlaget kan til dømes vere
aktuelt dersom fleire innsette som er dømde i same straffesak, sonar
på same avdeling, eller dersom fleire innsette i ei bestemd avdeling
er med i same kriminelle nettverk. Departementet foreslår ordlyden
«dersom det er nødvendig for å unngå en uheldig sammensetning av
innsatte».
Gjeldande rett gjev ikkje rom for å overføre innsette
til anna fengsel aleine på bakgrunn av at det vil vere formålstenleg
for den innsette sjølve. Departementet gjer framlegg om ein ny heimel for
overføring av innsette til anna fengsel, når dette oppfyller den
innsette sine behov på ein formålstenleg måte.
Heimlane for utelating av innsette frå fellesskapet
i førebyggjande hensikt går fram av straffegjennomføringsloven § 37.
Bokstav a i føresegna regulerer høve til utelating frå fellesskapet
«dersom det er nødvendig for å hindre at innsatte til tross for
skriftlig advarsel fortsetter å påvirke miljøet i fengslet på en
særlig negativ måte».
Uttrykket «skriftlig advarsel» er noko uklårt,
og departementet er kjent med at vilkåret vert praktisert ulikt.
Omsynet til systematikk og samanheng i straffegjennomføringsloven
tilseier at uttrykket «skriftlig advarsel» vert fjerna frå § 37, da
departementet òg ynskjer å ta bort uttrykket frå § 14. Ordlyden
i føresenga vert da «hindre at innsatte fortsetter å påvirke miljøet
i fengslet på en særlig negativ måte».
Det følgjer av straffeprosessloven at kriminalomsorga
skal gjeve domfelte som er på frifot, pålegg om å møte til fastsett
tid og stad for fullbyrding av fridomsstraff eller samfunnsstraff. Forsettleg
eller grov aktlaus unnlating av å følgje pålegg som nemnt, vert
straffa med bøter eller fengsel i inntil 3 månader. Føresegna gjeld
altså, etter ordlyden, både for fengselsstraff og samfunnsstraff.
Departementet greia i høyringsnotatet ut om
at unnlating av oppmøte til samfunnsstraff i praksis ikkje vert
meld til politiet, men i staden vert rekna som brot i straffegjennomføringa
som gjer grunnlag for reaksjon etter straffegjennomføringsloven
§ 58. For å bringe lova i samsvar med gjeldande praksis, gjorde
departementet framlegg om å ta bort unnlating av oppmøte til samfunnsstraff
frå straffegjennomføringsloven § 40 sjuande ledd.
Departementet vidarefører framlegget i høyringsnotatet.
Etter straffegjennomføringsloven § 42 sjette ledd
kan kriminalomsorga setje som vilkår for prøvelauslating frå fengsel
at vedtak om utvising vert sett i verk. Dersom det er sett eit slikt
vilkår for prøvelauslatinga, og det viser seg at uttransporteringa
ikkje kan gjennomførast, kan den domfelte setjast attende i fengsel.
Føresegna opnar for at utanlandske innsette
med utvisingsvedtak kan haldast fengsla utover to tredjedels tid,
eventuelt til heile straffa er gjennomført, dersom utvisingsvedtaket
ikkje let seg setja i verk ved tidspunktet for forventa prøvelauslating.
Føresegna er grunngjeve i omsynet til at vedtak om utvising skal
effektuerast på ein formålstenleg måte, og ikkje omstende knytt
til dommen eller straffegjennomføringa.
Prøvelauslatingsreglane har vore vurderte av Sivilombodsmannen,
og han ga uttrykk for tvil knytt til om prøvelauslatingsreglane
let seg forene med EMK artikkel 5 om retten til fridom. Den europeiske
menneskerettsdomstolen (EMD) legg til grunn at EMK artikkel 5 set
krav om tilstrekkeleg årsakssamanheng mellom domfellinga og eit
eventuelt seinare grunnlag for fridomstap. Ombodsmannen stilte spørsmål
ved om det ligg føre tilstrekkeleg årsakssamanheng når fortsatt
fridomstap eine og åleine er grunngjeve i ei manglande iverksetjing
av utvisingsvedtaket.
Departementet foreslår å oppheve straffegjennomføringsloven
§ 42 sjette ledd. Opphevinga vil bringe lova i samsvar med gjeldande
praksis. Ei oppheving av § 42 sjette ledd vil eliminere tvil rundt
forholdet mellom prøvelauslatingsreglane i straffegjennomføringslova
og EMK artikkel 5.
Dersom dei alminnelege vilkåra for prøvelauslating
er oppfylte, skal innsette etter framlegget prøvelauslatast, med
mindre det er grunnlag for fengsling etter utlendingsloven eller
lauslating kan seiast å vere utilrådeleg.
Straffegjennomføringsloven kapittel 4 har særreglar
for gjennomføring av «Varetekt og andre reaksjonar når det er særskilt
bestemt i lov». Det er likevel naturleg at òg einskilde andre føresegn i
lova vert nytta når det gjeld desse gruppene innsette. Straffegjennomføringsloven
§ 52 gjev ein uttømmande oversikt over kva for føresegn dette gjeld.
Departementet drøfta i høyringsnotatet om det
er straffbart å unndra seg varetekt eller andre reaksjonar særskild
bestemd ved lov.
Departementet vil ikkje innføre straff for unndraging
frå varetekt. Unndraging frå varetekt vil likevel ikkje vere utan
betyding for eventuell seinare straffegjennomføring, men kunne vere
ei omstende det er relevant å leggje vekt på ved vurdering av behov
for tryggingstiltak.
I samband med at kriminalomsorga 1. april 2010 tok
over ansvaret for å kalle domfelte inn til soning, er myndigheita
til å avgjere utsetjing av soning i inntil seks månader lagt til
lokalt nivå i kriminalomsorga. Regionalt nivå i kriminalomsorga
behandlar saker om utsetjing av soninga i meir enn seks månader.
Ifølgje straffegjennomføringsloven er det regionalt
nivå i kriminalomsorga som avgjer søknad om soningsutsetjing når
søknaden gjeld soning av subsidiær fengselsstraff etter brot på vilkåra
for samfunnsstraff. Departementet gikk i høyringsnotatet difor inn
for å endre føresegna, slik at ho samsvarar med ovannemnde praksis
på området.
Fleirtalet av høyringsinstansane som har valt
å kommentere framlegget, meiner det er positivt at lova vert endra,
slik at ho speglar noverande praksis. Departementet fører vidare
framlegget.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Jan Bøhler, Tore Hagebakken, Sigvald Oppebøen Hansen, Anna Ljunggren
og Tove-Lise Torve, fra Fremskrittspartiet, Hans Frode Kielland
Asmyhr, Ulf Leirstein, Åse Michaelsen og lederen Per Sandberg, fra Høyre,
André Oktay Dahl og Anders B. Werp, fra Sosialistisk Venstreparti, Akhtar
Chaudhry, og fra Senterpartiet, Jenny Klinge, viser til
at det i proposisjonen foreslås at kriminalomsorgen – og ikke som
i dag spesifisert til kriminalomsorgen i frihet – skal peke ut personundersøkere.
Videre foreslås det at kriminalomsorgen skal få tilsvarende unntak for
taushetsplikt som politi og påtalemyndighet har, knyttet til å få
vite hvilket avtalebasert hemmelig telefonnummer en person har,
i den hensikt å få innkalt vedkommende til soning. Slik rett hadde
politiet inntil 2010 da det var politiet, ikke kriminalomsorgen
selv, som innkalte til soning. Komiteen ser dette
som helt nødvendige endringer som kan effektivisere kriminalomsorgens
arbeid. Komiteen er også tilfreds med at departementet
har tatt tilbørlige personvernhensyn, basert på innspill i høringsrunden.
I tillegg viser komiteen til
at det foreslås endringer i regelverket knyttet til bruk av overgangsbolig.
Hovedregelen ved innsetting i fengsel er at kriminalomsorgen skal
sette domfelte direkte inn i fengsel med høyt sikkerhetsnivå, jf.
straffegjennomføringsloven § 11 første ledd. Dersom det er idømt
fengselsstraff på inntil 2 år, skal kriminalomsorgen vurdere om
domfelte kan settes direkte inn i fengsel med lavere sikkerhetsnivå.
Dette skal etter gjeldende rett ikke finne sted dersom formålet
med straffen eller hensynet til tryggheten taler mot det, eller dersom
det er grunn til å anta at domfelte vil unndra seg straffegjennomføringen.
I særlige tilfelle kan domfelte settes direkte inn i fengsel med
lavere sikkerhetsnivå.
Komiteen viser til at innsatte
kan overføres fra fengsel med høyt eller lavere sikkerhetsnivå til fortsatt
straffegjennomføring i overgangsbolig etter § 15 tredje ledd, når
deler av straffen er gjennomført. Overføring skal ikke finne sted dersom
formålet med straffen eller hensynet til samfunnets trygghet taler
mot det, eller dersom det er grunn til å anta at innsatte vil unndra
seg straffegjennomføringen. Komiteen viser til at det
foreslås å øke bruken av straffegjennomføring i fengsel med lavere
sikkerhetsnivå. Økt mulighet til direkte overføring til overgangsbolig
vil ifølge forslaget skape ytterligere muligheter for at domfelte
kan gjennomføre straff i fengsel med lavere sikkerhetsnivå. Komiteen har
merket seg at regjeringen derfor foreslår at forutsetningen om direkte
innsetting i overgangsbolig tas inn i straffegjennomføringsloven § 11. Komiteen støtter
forslaget og begrunnelsene gitt for dette.
Komiteen peker avslutningsvis
på at forutsetningene for hva som skal til for at innsatte ved tvang
skal kunne overføres til et annet fengsel, praktiseres ulikt fra
fengsel til fengsel. Departementet foreslår derfor at det skal settes
som vilkår at det gjennomføres en «adferdssamtale» før dette skjer.
Dette er et tiltak som komiteen støtter for å øke
forutberegneligheten for den enkelte innsatte og en mer ensartet
praksis.
For øvrig viser komiteen til
proposisjonen og begrunnelsen gitt for de ulike forslagene.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet
og Høyre vil motsette seg opphevelse av straffegjennomføringsloven
§ 42, sjette ledd. Disse medlemmer vil understreke
viktigheten av at utenlandske kriminelle som soner straff i Norge,
umiddelbart blir utvist fra landet når soningen er gjennomført.
Dersom en utenlandsk statsborger skal prøveløslates før hele dommen
er ferdig sonet, må det etter disse medlemmers oppfatning
fortsatt stilles som vilkår at vedkommende skal utvises fra landet. Disse
medlemmer mener i utgangspunktet at innsatte med utenlandsk
statsborgerskap ikke skal løslates før hele dommen er sonet, såfremt dette
ikke er en del av en soningsoverføringsavtale med et annet land. Disse
medlemmer vil påpeke at det i dag er tusenvis av utenlandske kriminelle
som er ute i samfunnet uten at myndighetene har kontroll på hvor
de er, hvor de bor, hva de gjør, eller om de i det hele tatt fortsatt befinner
seg i landet. Det er grunn til å anta at mange av disse fortsetter
sin kriminelle karriere når de er løslatt. Dette er personer som
ikke skal integreres i det norske samfunnet, og de må derfor sone
hele den idømte straffen helt ut uten permisjoner og prøveløslatelse.
Innsatte med en slik bakgrunn skal sone i egne enheter innen kriminalomsorgen
som kun har innsatte med utenlandsk bakgrunn og som skal utvises
etter endt soning. Å slippe denne gruppen innsatte ut i det norske
samfunnet på prøveløslatelse er et risikoprosjekt som vil føre til
mer kriminalitet. Norske myndigheter må i den perioden vedkommende soner
gjennomføre et grundig arbeid mot hjemlandet for å få på plass avtale
om mottak når staffen er ferdig sonet.
Disse medlemmer stemmer imot
at straffegjennomføringsloven § 42 sjette ledd oppheves.
Disse medlemmer viser til at
Riksadvokaten mener at forslaget om direkte overføring til overgangsbolig
går lengre enn det som var forutsatt i St.meld. nr. 37 (2007–2008)
Straff som virker, og at det til dels også innebærer noe annet.
Han mener at slik bruk av overgangsboligene bryter med de grunnleggende
prinsippene bak straff og de preventive hensynene. Flere av kriminalomsorgens
regioner påpeker at forslaget har konsekvenser for praktiseringen
av progresjon i soningen og muligheten for å sluse domfelte ut i samfunnet
etter et lengre opphold i fengsel. Disse medlemmer peker
på den grunnleggende tanken bak overgangsboligene, og at en endret
bruk av disse vil ta plasser fra langtidssonere. Disse medlemmer støtter
derfor ikke det fremlagte forslaget på dette punktet.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre slikt
vedtak til lov
om endringar i straffegjennomføringsloven mv.
I
I lov 22. mai 1902 nr. 10 Almindelig borgerlig straffelov
vert det gjort følgjande endringar:
§ 54 nr. 2 fyrste ledd skal lyde:
Dersom den domfelte alvorlig eller gjentatt bryter fastsatte
vilkår, kan retten bestemme ved dom at straff helt eller delvis
skal fullbyrdes. Ved vilkår om narkotikaprogram og program mot ruspåvirket
kjøring, kan kriminalomsorgen bringe saken inn for retten med begjæring
om slik dom. Dommen må være avsagt innen tre måneder etter at prøvetiden
gikk ut. Reglene om forsvarer og om pågripelse og fengsling i straffeprosessloven
§ 100 og kapittel 14 gjelder tilsvarende. Reglene
om varsling i straffeprosessloven § 243 gjelder tilsvarende for
rettsmøter om omgjøring. Kriminalomsorgen skal varsles etter samme
regler som påtalemyndigheten.
II
I lov 22. mai 1981 nr. 25 om rettergangsmåten i straffesaker
vert det gjort følgjande endringar:
§ 163 fyrste ledd skal lyde:
Personundersøkelse utføres av en skikket person som kriminalomsorgen utpeker,
om ikke retten oppnevner en bestemt person til å foreta undersøkelsen.
§ 455 fyrste ledd fjerde punktum skal lyde:
For dom som beslutter å fullbyrde subsidiær fengselsstraff
etter straffeloven § 28 b første ledd bokstav a, reststraff
etter prøveløslatelse etter straffegjennomføringsloven § 44 annet
ledd og fengselsstraff etter straffeloven § 54 nr. 2,
treffes vedtak om fullbyrding av regionalt nivå i kriminalomsorgen.
III
I lov 18. mai 2001 nr. 21 om gjennomføring av straff
mv. vert det gjort føljande endringar:
§ 7 bokstav i skal lyde:
i) Taushetsplikt er ikke til hinder for at kriminalomsorgen
gir opplysninger som nevnt i § 26 sjette ledd, § 20 annet ledd,
§ 36 tredje ledd, § 40 siste ledd, § 42 sjette og syvende ledd
og straffeloven § 39 g femte ledd, til den fornærmede i straffesaken
eller dennes etterlatte.
§ 7 a overskriften skal lyde:
Opplysningspliktoverfor
kriminalomsorgen
§ 7 a andre ledd ny bokstav d skal lyde:
d. Tilbyder av tilgang til elektronisk kommunikasjonsnett
eller kommunikasjonstjeneste; opplysninger om avtalebasert hemmelig
telefonnummer og andre abonnementsopplysninger.
§ 7 b fyrste ledd skal lyde:
For regler om varsling til fornærmede eller dennes etterlatte
om kriminalomsorgens avgjørelser, se § 16 sjette ledd, § 20 annet
ledd, § 36 tredje ledd, § 40 siste ledd, § 42 sjette og syvende ledd
og straffeloven § 39 g femte ledd.
§ 11 overskriften skal lyde:
§ 11 Innsettelse i fengsel og overgangsbolig
§ 11 nytt femte ledd skal lyde:
Kriminalomsorgen skal vurdere om domfelte kan settes
direkte inn i overgangsbolig dersom det er idømt fengselsstraff
på inntil 1 år. Fjerde ledd annet punktum gjelder tilsvarende.
§ 11 gjeldande femte ledd vert nytt sjette ledd.
§ 14 fyrste og andre ledd skal lyde:
Kriminalomsorgen kan overføre innsatte til et annet fengsel
dersom
a) det er sannsynlig at innsatte har begått eller
vil begå en straffbar handling,
b) det er grunn til å anta at innsatte vil unndra seg gjennomføringen,
c) dette er nødvendig for å hindre at innsatte,
til tross for at adferdssamtale er gjennomført, fortsetter å påvirke
miljøet i fengslet på en særlig negativ måte,
d) overføring er nødvendig for å opprettholde ro, orden
og sikkerhet i fengslet,
e) bygningsmessige eller bemanningsmessige forhold eller
plassmangel gjør det nødvendig,
f) når særlige forhold foreligger som gjør overføring
nødvendig av hensyn til en tilsatt eller vedkommendes tjenesteutøvelse
eller omstendighetene for øvrig gjør det påkrevet, eller
g) det er nødvendig for å unngå en uheldig sammensetning
av innsatte.
Kriminalomsorgen kan også overføre innsatte til annet
fengsel dersom overføringen ivaretar innsattes behov på en hensiktsmessig
måte.
§ 14 gjeldande andre til sjuande ledd vert nye tredje til
åttande ledd.
§ 14 femte ledd skal lyde:
Domfelte som gjennomfører forvaring eller strafferettslig
særreaksjon i fengsel, kan overføres til avdeling tilrettelagt for
innsatte med særlige behov, jf. § 10 annet ledd, selv om vilkårene
i første ledd bokstavene a til geller
annet ledd ikke er oppfylt. Overføringen må være nødvendig
for å forebygge brudd på ro, orden og sikkerhet eller for å ivareta
domfeltes særlige behov.
§ 36 andre ledd andre punktum innledningen skal lyde:
Det kan blant annet bestemmes at innsatte
skal
§ 37 fyrste ledd bokstav a skal lyde:
a) hindre at innsatte fortsetter å
påvirke miljøet i fengslet på en særlig negativ måte,
§ 40 sjuande ledd tredje punktum skal lyde:
Første punktum gjelder ikke unnlatt oppmøte til samfunnsstraff
som behandles etter bestemmelsene om brudd, jf. § 58.
§ 42 sjette ledd vert oppheva.
Gjeldande sjuande til niande ledd vert nye sjette
til åttande ledd.
§ 44 andre ledd nytt tredje punktum skal lyde:
§ 58 annet ledd annet punktum gjelder tilsvarende.
§ 44 femte ledd skal lyde:
Kriminalomsorgen kan anmode politiet om å avhente prøveløslatte
etter straffeprosessloven § 461 annet ledd hvis
det er nødvendig for å iverksette reaksjon etter første ledd.
§ 52 andre punktum skal lyde:
§§ 12, 15, 16, 20, 33, 35, 36, 40 åttende ledd og 41
til 45 i loven her gjelder ikke.
§ 58 andre ledd andre punktum skal lyde:
Samme myndighet treffer i slike tilfeller også avgjørelse
om anke til lagmannsrett, fullbyrding etter straffeprosessloven
§ 455 og utsettelse av fullbyrdingen utover
seks måneder etter straffeprosessloven § 459.
§ 58 fjerde ledd skal lyde:
Kriminalomsorgen kan anmode politiet om å avhente den domfelte
etter straffeprosessloven § 461 annet ledd hvis
det er nødvendig for å få iverksatt en reaksjon etter første ledd.
IV
Ikraftsetjing
Oslo, i justiskomiteen, den 23. mai 2013
Per Sandberg |
André Oktay Dahl |
leder |
ordfører |