Departementet foreslår ei mindre justering i
vedtakskompetansen i skattelova § 5-50 om skattefrie gevinstar mv.
Etter skattelova § 5-50 blir tilfeldige gevinstar frå
konkurransar, spel, lotteri o.l. rekna som skattepliktig inntekt.
I § 5-50 andre ledd er det gitt enkelte unntak frå skatteplikta.
Etter andre ledd bokstav e er det skattefritak for gevinst frå «offentlig
tilgjengelige tiltak arrangert av massemedier.» I same føresegn
er Finansdepartementet gitt kompetanse til i tvilstilfelle å «vedta
at et tiltak skal anses som arrangert av massemedier.» Departementet
har òg kompetanse til å gi utfyllande reglar i forskrift, men denne
forskriftskompetansen er ikkje nytta. Departementet tek berre stilling
til om tiltaket kan reknast som arrangert av massemedia. Det er
skatteetaten som avgjer om vilkåret om å vere offentleg tilgjengeleg
er oppfylt.
Departementet foreslår å oppheve vedtakskompetansen
til departementet slik at skatteetaten vil ta stilling til om alle
vilkåra for fritak er oppfylt.
Det gjeldande skattefritaket for gevinstar vunne ved
tiltak i massemedia blei innført i 1990. Tidlegare var det berre
skattefritak for gevinstar frå offentlege pengespel, tiltak etter
lotterilova og gevinstar vunne i kunnskaps- og ferdigheitskonkurransar.
Fritaket for kunnskaps- og ferdigheitskonkurransar kunne nyttast
på nokre gevinstar frå konkurransar i massemedia. Men dei fleste
gevinstar frå tiltak i massemedia var skattepliktige. Avgrensinga
mellom ulike typar konkurransar kunne vere vanskeleg, og i nokre tilfelle
kunne skilnaden gi mindre rimelege resultat. Ein valde derfor eit
vidare fritak for å få meir lik skattlegging av gevinstar frå tiltak
i massemedia. Ved innføringa av det gjeldande fritaket såg ein likevel
at det kunne bli behov for å presisere grensene for fritaket. Departementet fekk
derfor kompetanse til å gi utfyllande reglar i forskrift, og til
i tvilstilfelle å kunne vedta om eit tiltak skal reknast som arrangert
av massemedia. Vedtakskompetansen blei gitt som ei sikring for tilfelle
der det kunne vere vanskeleg å avgjere om tiltaket skulle reknast
som arrangert av massemedia eller ikkje. Denne vedtakskompetansen
inneber likevel ikkje at departementet kan treffe endeleg vedtak
om gevinsten vil vere skattefri for mottakaren eller ikkje. Etter
ordlyden er det to sjølvstendige vilkår som må vere oppfylte for
at gevinsten er skattefri. Det eine er at tiltaket må vere arrangert
av eit massemedium, og det andre er at tiltaket må vere offentleg tilgjengeleg
for deltaking. Skatteetaten tek stilling til om det siste vilkåret
er oppfylt.
Departementet har motteke særs få oppmodingar om
å treffe vedtak etter føresegna. Ein meiner derfor at det ikkje
lenger er behov for at departementet har slik vedtakskompetanse.
Det er upraktisk at departementet tek stilling til om det eine vilkåret
for skattefritak er oppfylt, når departementet ikkje tek stilling
til andre fritaksvilkår. Departementet meiner vidare at arrangørane
kan få tilstrekkeleg informasjon om skatteplikt for eit planlagt
tiltak gjennom den alminnelege rettleiingsplikta hos skatteetaten.
På denne bakgrunn foreslår departementet at vedtakskompetansen blir
oppheva. Dette inneber at vedtakskompetansen etter føresegna blir
samla hos skatteetaten. Skatteetaten vil ta stilling til alle vilkåra
for skattefridom som ledd i den vanlege likninga. Kompetansen til
å gi utfyllande reglar i forskrift blir halden oppe.
Forslaget vil ikkje ha økonomiske eller monalege
administrative følgjer.
Departementet foreslår at endringa tek til å
gjelde straks.
Departementet viser til forslag om endring i skattelova
§ 5-50 andre ledd bokstav e.
Komiteen slutter seg
til regjeringens forslag.