I 2011 vart det avdekka eit omfattande underslag i
Kystverket. Det er anslått eit tap knytt til Kystverket si løyving
til navigasjonsinnretningar på om lag 19 mill. kroner. Ein eigedom
i Thailand er no seld for 2,9 mill. kroner. Det vert foreslått at
desse inntektene vert brukt til å dekkje utgifter til inndriving
av krav og for å redusere tapet som kjem av underslaget. Fiskeri-
og kystdepartementet foreslår derfor at løyvinga på kap. 1062, post
1 vert auka med 2,9 mill. kroner, samtidig som inntektsløyvinga
på kap. 4062, post 2, vert auka tilsvarande.
For å kunne overføre mindreforbruk på posten foreslår
Fiskeri- og kystdepartementet at kap. 1062, post 21 vert tilføydd
stikkordet «kan overførast» i 2013.
Løyvinga på kap. 4062, post 2 vert foreslått
auka med 2,9 mill. kroner, jf. kap. 1062, post 1.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Ingvild Kjerkol, Tor Arne Bell Ljunggren, Sverre Myrli, Magne Rommetveit
og Eirin Sund, fra Høyre, Torill Eidsheim, lederen Linda C. Hofstad
Helleland, Nils Aage Jegstad og Helge Orten, fra Fremskrittspartiet, Ingebjørg
Godskesen, Åse Michaelsen og Roy Steffensen, fra Kristelig Folkeparti,
Hans Fredrik Grøvan, fra Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og
fra Venstre, Abid Q. Raja, viser til proposisjonen og har
ingen merknader.
Komiteen rår Stortinget
til å gjøre følgende
vedtak
I
I statsbudsjettet for 2013 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter |
1062 | | Kystverket | |
| 1 | Driftsutgifter, blir auka | 2 900 000 |
| | Frå 1 644 075 000 til 1 646 975 000 | |
| | | |
Inntekter |
4062 | | Kystverket | |
| 2 | Andre inntekter, blir auka | 2 900 000 |
| | frå 12 884 000 til 15 784 000 | |
II
Tilføying av stikkord
Stortinget samtykkjer i at stikkordet «kan overførast»
vert tilføydd under kap. 1062 Kystverket, post 21 Spesielle driftsutgifter
i statsbudsjettet for 2013.
Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 11. desember 2013
Linda C. Hofstad Helleland
|
leder og ordfører
|