Samandrag

Det blir i dokumentet fremja følgjande forslag:

  • «1. Stortinget ber regjeringa sørgje for at vesentlege endringar i sjukehusstruktur og sjukehusoppgåver– spesielt endringar i eksisterande føde- og akuttberedskap – blir avgjort av Stortinget i nasjonal helse- og sjukehusplan.

  • 2. Stortinget ber regjeringa sørgje for at store sjukehusinvesteringar blir avgjort av Stortinget i nasjonal helse- og sjukehusplan.»

Forslagsstillarane understrekar at det er eit offentleg ansvar å gje alle eit likeverdig tilbod av helsetenester uavhengig av diagnose, bustad eller personleg økonomi. Dei meiner at forankring av sjukehuspolitikken i Stortinget, tydeleggjering av regjeringa sitt ansvar og styrking av den lokale, politiske innflytelsen er vesentleg for å skape openheit, debatt, aksept og demokratisk forankring av dei avgjersler som blir gjort, og dei helsetenestene som blir tilbydd. Det blir uttala at det er viktig at sjukehusutbygging og funksjonsfordeling mellom sjukehus skjer etter ein overordna plan, der nasjonale myndigheiter gjev klare retningsliner for kva oppgåver dei ulike sjukehusa skal ha.

Forslagsstillarane ser fram til framlegging av nasjonal helse- og sjukehusplan og meiner at denne planen må rullerast kvart fjerde år. Dei meiner sjukehusplanen må avklare sjukehusstruktur, geografisk plassering, gjere greie for nasjonale, regionale og lokale funksjonar ved dei einskilde sjukehusa og tydeleggjere oppgåvefordelinga mellom dei ulike nivåa i helsetenesta. Dei meiner vidare at planen må gje ei oversikt over økonomiske verkemiddel, organisering og investeringsbehov i sjukehussektoren og i tillegg omhandle krav til beredskap, kva basisfunksjonar alle sjukehus skal ha, og ein overordna fagleg-politisk analyse av stordriftsfordeler/ulemper ved investering i nye sjukehus og ved sjukehusfusjonar.

Forslagsstillarane meiner at viktige saker som til dømes endringar i fødetilbod og akuttberedskap ikkje skal kunne vedtakast av helseføretaka, men av Stortinget i den komande nasjonale helse- og sjukehusplanen.

Forslagsstillarane viser til at mange føretak har på høyring strategiplanar med sikte på endeleg vedtak innan relativt kort tid, og dei meiner det er svært uheldig om store struktur- og oppgåveendringar skjer samstundes som Helse- og omsorgsdepartementet utarbeider ein styrande nasjonal helse- og sjukehusplan. Forslagsstillarane meiner at pågåande og planlagde omstillingar av vesentleg karakter skal bli behandla av Stortinget i den varsla helse- og sjukehusplanen.