Lov 16. desember 2011 nr. 60 om pensjonsordning
for stortingsrepresentanter og regjeringsmedlemmer (stortings- og regjeringspensjonsloven)
blei sett i kraft 1. januar 2012. Frå same tidspunktet blei lov 14. desember
1951 nr. 11 om pensjonsordning for statsråder og lov 12. juni 1981
nr. 61 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter oppheva.
I samsvar med lovens § 8-1 legg Arbeids- og
sosialdepartementet fram ei melding om utviklinga i pensjonsordninga
for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer i 2014. Meldinga
inneheld ei oversikt over dei viktigaste ytingane i pensjonsordninga
etter nye og gamle oppteningsreglar og ei oversikt over utviklinga
i ordninga i 2014.
I kapittel 2 i meldinga er det gjort greie for
pensjonsordninga.
Totalt 386 personar fekk ved utgangen av 2014 ein
pensjon frå stortingspensjonsordninga.
Det er i kapittel 3 i meldinga gjort nærare
greie for gjennomsnittleg månadleg utbetaling, fordeling på kvinner
og menn, samt gjennomsnittleg pensjonsalder.
Ved inngangen til 2014 var det 245 alderspensjonistar
i ordninga mot 257 personar per 31. desember 2014. Det har vore
ein avgang på 23 personar og ein tilgang på 35 personar. I føregåande
stortingsmelding blei det rapportert at talet på alderspensjonistar
per 31. desember 2013 utgjorde 242 personar. Avviket kjem av at enkelte
pensjonar er innvilga med verknad tilbake i tid. Tala i årsmeldinga
for 2014 kan derfor ikkje direkte jamførast med tilsvarande tal
i årsmeldinga for 2013.
Ved inngangen til 2014 var det sju uførepensjonistar
i ordninga mot fire personar per 31. desember 2014. I løpet av året
har det vore ein avgang på fire personar. Ein person har fått innvilga
uførepensjon med tilbakeverkande kraft.
Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake
i tid. Det kan framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for
2014.
Ved inngangen til 2014 var det 121 ektefellepensjonistar
i ordninga mot 122 personar per 31. desember 2014. I løpet av året
var det fem avgangar og fem tilgangar. I tillegg har ein person
i løpet av året fått innvilga ektefellepensjon med verknad tilbake
i tid.
Ved inngangen til 2014 tok tre personar imot barnepensjon.
Det har ikkje vore nokon tilgang eller avgang av personar med barnepensjon
i 2014.
Pensjonane blir dekte over kap. 41 Stortinget.
I statsrekneskapen blei det utgiftsført 67 445 351 kroner til pensjonar
og 1 588 755 kroner til administrasjonskostnader.
Ved utgangen av 2014 fekk totalt 101 personar ein
pensjon frå pensjonsordninga.
Det er i kapittel 4 i meldinga gjort nærare
greie for gjennomsnittleg månadleg utbetaling, fordeling på kvinner
og menn, samt gjennomsnittleg pensjonsalder.
Ved inngangen til 2014 var det 67 alderspensjonistar
i ordninga mot 70 personar per 31. desember 2014. Det har vore ein
avgang på fire personar og ein tilgang på sju personar. I føregåande
stortingsmelding blei det rapportert at talet på alderspensjonistar
per 31. desember 2013 utgjorde 65 personar. Avviket kjem av forseinka
registrering av to medlemer som skulle vore med i talet for 2013.
Tala i årsmeldinga for 2014 kan derfor ikkje direkte jamførast med
tilsvarande tal i årsmeldinga for 2013.
Ved inngangen til 2014 var det to uførepensjonistar
i ordninga. Det har ikkje vore nokon tilgang eller avgang av uførepensjonistar
i 2014.
Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake
i tid. Det kan framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for
2014.
Ved inngangen til 2014 var det 21 ektefellepensjonistar
i ordninga mot 24 personar per 31. desember 2014. Det har ikkje
vore nokon avgang, men ein tilgang på tre ektefellepensjonistar
i løpet av 2014. I føregåande stortingsmelding blei det rapportert
at talet på ektefellepensjonistar per 31. desember 2013 utgjorde
19 personar. Avviket kjem av at enkelte pensjonar er innvilga med
verknad tilbake i tid. Tala i årsmeldinga for 2014 kan derfor ikkje direkte
jamførast med tilsvarande tal i årsmeldinga for 2013.
Ved inngangen til 2014 tok tre personar imot barnepensjon.
Det har ikkje vore nokon tilgang eller avgang av personar med barnepensjon
i 2014.
Pensjonsordninga for regjeringsmedlemer blir løyvd
under kap. 612 «Tilskudd til Statens pensjonskasse». I statsrekneskapen
blei det utgiftsført 13 040 739 kroner til pensjonar og 315 790 kroner
til administrasjonskostnader.
Ved lov 7. mars 2014
nr. 5 blei reglane om uførepensjon for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer
endra med verknad frå 1. januar 2015 og tilpassa nye reglar som
samstundes blei vedtekne for Statens pensjonskasse. Det er i kapittel
5 i meldinga gjort nærare greie for desse endringane. I samband
med omlegginga av uførepensjonen blei det i 2014 sendt ut eit generelt
informasjonsbrev til mottakarar av uførepensjon. Desse fekk òg brev
med ei nærmare orientering om den nye ytinga før nye reglar tok
til å gjelde.
Det er utført inntektskontroll på alle
som tek imot pensjon etter 75-årsregelen. Denne regelen gir moglegheit
til å ta ut pensjon før 65 år for stortingsrepresentantar som har
oppteningstid i den tidlegare pensjonsordninga for stortingsrepresentantar.
Breva om dette blei sende ut i byrjinga av 2014 og gjaldt kontroll
for inntektsåret 2012. Alle som blei kontrollert var innanfor gjeldande
inntektsgrense.
I 2014 blei det sendt informasjonsbrev
til alle som blei melde inn og ut av pensjonsordninga etter valet
i 2013.
Alle som er fødde før 1949, og som kan
ha opparbeidd seg ein oppsett rett til pensjon frå pensjonsordninga
for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer, fekk brev med
informasjon om mogleg pensjonsrett.
Det blei òg laga eit nytt søknadsskjema
for dei som skal søkje om pensjon frå pensjonsordninga for stortingsrepresentantar
og regjeringsmedlemer.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Dag Terje Andersen, Fredric Holen Bjørdal, Lise Christoffersen og Anette
Trettebergstuen, fra Høyre, Stefan Heggelund, lederen Arve Kambe,
Bente Stein Mathisen og Bengt Morten Wenstøb, fra Fremskrittspartiet,
Tor André Johnsen og Erlend Wiborg, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen,
fra Venstre, Sveinung Rotevatn, og fra Sosialistisk Venstreparti,
Kirsti Bergstø, viser til årsmeldinga for 2014 for pensjonsordninga
for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer og har ingen merknader.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre
slikt
vedtak:
Meld. St. 23 (2014–2015) – om årsmelding
2014 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer
– vedlegges protokollen.
Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den
12. mai 2015
Arve Kambe |
leder og ordfører |