Ny IT-løysing
Presidentskapet viser til at
ein arbeider med ei ny IT-løysing for komitéane og partigruppene
som skal gje eit meir brukarvennleg verktøy for representantane mellom
anna ved innlevering av merknader til komitéinnstillingar, spørsmål
og forslag. I samband med dette er det aktuelt å innføra ei ordning
der ein kan senda inn spørsmål og forslag elektronisk frå representantane
eller rådgjevarane sine PC-ar, nettbrett eller telefonar på ein
enklare måte enn i dag. Løysinga vil dermed leggja til rette for
ei meir fleksibel arbeidsform som presidentskapet meiner vil
vera betre tilpassa representantane sine behov. Endringa fører til
at gjeldande krav om underskrift på eit fysisk dokument fell bort.
Presidentskapet peikar på at
med auka bruk av mobilt utstyr, aukar òg behovet for løysingar som
høver til slik bruk. Samstundes er det nødvendig å sikra at spørsmål
og forslag berre vert sende frå nokon som har rett til å setja fram
slike, eller handlar på vegne av desse, det vil si representantane
sjølve eller tilsette i partigruppene.
I den nye løysinga
skal ein erstatte underskrift med ei form for elektronisk autentisering.
For å stille spørsmål eller levere forslag gjennom den nye løysinga,
må ein i utgangspunktet ha tilgang til intranettet i Stortinget.
Det vil i ettertid vera mogleg å spora kor spørsmåla/forslaga er
sende frå dersom det skulle oppstå spørsmål om avsendaren er korrekt.
Ein vurderer dessutan å leggja opp til at den som set fram spørsmål/forslag,
får ei automatisk «kvittering» for mottaket. Dette vil fungere både
som ein kontroll overfor den som set fram spørsmålet/forslaget,
av at det er vedkomande som har stilt/fremma spørsmålet/forslaget,
og som ei stadfesting av at spørsmålet/forslaget er kome fram.
Presidentskapet vil peika på
at det å fjerna kravet om underskrift i fo ikkje i seg sjølv føreset
andre endringar i gjeldande rutinar. Føremålet med endringa gjer
det likevel naturleg at føresetnaden om fysisk oppmøte for innlevering
av spørsmål og forslag vert avgrensa i høve til dagens ordning.
Når det gjeld spørjetimespørsmål, spørsmål med skriftleg svar og
interpellasjonar, tar ein sikte på at desse i all hovudsak vil bli
leverte elektronisk. Etter formalkontroll i administrasjonen vert
dei sende vidare til vedkomande statsråd. Ved innlevering av representantforslag
og grunnlovsforslag må som regel fleire spørsmål knytte til framsetjinga
av forslaga i plenum klårleggjast med den/dei som set fram forslaget.
Med dei fristane som gjeld i dag for innlevering, må dette gjerast
på kort varsel. Førebels vil ein derfor vidareføre rutinen med at
slike forslag også vert leverte inn fysisk, men det vil ikkje lenger
vera nødvendig å henta inn underskrifter frå dei som står bak forslaget. Løysinga
vil òg leggja til rette for ei enklare framsending av den elektroniske
versjonen av forslaget.
Etter dagens praksis
kan både representantane sjølve og deira medarbeidarar i partigruppene
levera inn forslag og spørsmål. Når kravet om underskrift vert teke bort,
kan ein spørja om det bør innførast ei ordning der det berre er
representantane sjølve som kan levere spørsmålet/forslaget. Presidentskapet peikar
på at det berre er representantane som har rett til å setja fram spørsmål
eller fremma forslag. Dette følgjer av vervet som representant og
er oppgåver som ikkje kan delegerast til tilsette i partigruppene. Presidentskapet meiner
likevel at den tekniske løysinga ikkje i utgangspunktet bør stenga
for at andre kan bistå praktisk med at spørsmål eller forslag blir
sende inn, slik at løysinga legg til rette for fleire alternative
framgangsmåtar. Det er ønskjeleg med ein grad av fleksibilitet rundt
dei praktiske rutinane knytte til representantane sitt arbeid. Presidentskapet går
derfor ikkje inn for at det skal stillast krav i fo om at representantane
sjølve må senda inn spørsmål eller forslag.