1. Sammendrag

I Prop. 28 S (2023–2024) Under programområde 02 Utanriksforvaltning blir det gjort framlegg om å auke løyvingane med om lag 1,4 mrd. kroner. Auken har i hovudsak samanheng med høgare utgifter under EØS-finansieringsordningane (kap. 117) i år.

Under programområde 03 Internasjonal bistand blir det gjort framlegg om auka støtte til Gaza og dei palestinske sjølvstyremyndigheitene. Det er store behov for bistand grunna krisa i Midtausten. Det blir difor gjort framlegg om å flytte 160,5 mill. kroner frå andre tilskuddsposter på bistandsbudsjettet til naudhjelp og humanitær bistand til Gaza. I tillegg aukar støtta til dei palestinske sjølvstyremyndigheitene med 100 mill. kroner og støtta til Gaza med 100 mill. kroner. Nye overslag tilseier at flyktningutgiftene i Noreg som kan godkjennast som internasjonal bistand (ODA) blir lågare i år enn budsjettert etter revidert nasjonalbudsjett for 2023 (RNB) og det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga.

I Prop. 19 S (2023–2024) foreslår regjeringa å auke løyvinga på kap. 480 (Svalbardbudsjettet) post 50, med 35,8 mill. kroner. For sjølve svalbardbudsjettet foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 3 post 50 Tilskudd til Longyearbyen lokalstyre, med 50,0 mill. kroner, til støtte til reduserte strømprisar i Longyearbyen. Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 18 post 1 Navigasjonsinnretninger, med 795 000 kroner som følgje av at mindreutgifta frå 2022 er løyvd på nytt.

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 3030 post 70 Skatter m.m., med 15,0 mill. kroner som følgje av høgare rekna skatteinntekter for 2023. Tilskotet til svalbardbudsjettet blir redusert tilsvarande, som ei parallelljustering.